Har du lyst til å sjå den største applikasjonen eg har laga nokon gong? Det har tatt si tid, og eg er veldig fornøgd :-) Her er den!
Det starta med at eg hadde klipt ein marineblå genser i isoli/joggestoff til eldstemann. Etter forslag frå far i huset, og med gutungen med på planen, klipte eg ut delar til Ridder Mikkel. Men guten ombestemte seg, og veslesyster på straks fire år sa kjapt ja til å take over applikasjons-råmaterialet. Så kjole blei det! Den skal på når ho skal feire bursdagen sin denne veka, kanskje blir det riddar-tema på heile festen?
Kjolen er i str. 5 år. Applikasjonen laga eg ved å finne eit passande bilete på nett, forstørre det til passeleg storleik før eg printa det ut. Deretter teikna eg av del for del på vliesofix. Bak har eg eitt lag med riveinnlegg. Speilrefleksen vår er på reparasjon etter at den datt i golvet her om dagen (eg gløymde kor mobil eittåringen har blitt, og… dunk…der låg kameraet) Men eg veit ikkje kor mykje det har å seie, for både kompaktkameraet og speilrefleksen har store problem med å gjengi turkisfargen i kjolen. Her ser den i grunn blå ut (eller er det PC-skjermen min som er problemet, kanskje?).
Mønster, str. 5 år: Eige
Stoff: Velour frå ulike stader, men hovudstoffa (kongeblått og turkis) er kjøpt hjå Jydsk stoflager.dk.
Du, så stilig den er!!! Ser at her har det vært mye jobb!! Dyktig du er!!! Lykke til med bursdagsfeiring, må jo være gøy å gå i denne kjolen!
SvarSlettSå flott applikasjon!
SvarSlettFor en flott applikasjon! Det lyste i øynene på 5årigen her i huset da jeg viste den til han. "Eg og vil ha en sånn på en genser, mamma!"
SvarSlettSpørs om det blir veldig aktuelt. Du er kjempe dyktig!!
Det er så flott applikasjon. Beundringsverdig. Kjempefin kjole og.
SvarSlettSå utrolig forseggjort, for et arbeid!
SvarSlettWow, den kjolen var bare knalltøff! Ridder Mikkel er populær for toåringen her i huset, men trur ikkje at eg skal vise denne til ho..Hehe!
SvarSlett