Viser innlegg med etiketten Jolemarknad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jolemarknad. Vis alle innlegg

24.11.2014

Symessa 2014!

Då er årets symesse på Norges varemesse på Lillestrøm over for i år. Eg kosa meg tre timar på fredag og mange timar på laurdag, fyrst og fremst fordi eg fekk møte masse hyggelege menneske! Folk eg har møtt tidlegare, folk eg har kjent på nett men ikkje møtt face to face før nå, og folk eg møtte for fyrste gong. Kjempemoro! Tusen takk til alle som tok kontakt, og takk for tilbakemeldingar om at bloggen min kjem til nytte :-)

Som i fjor har eg knipsa på slutten av dagen, når dei fleste har gått heim. Så det har vore mykje meir folk her enn dette. I år var det eit kjempestort utval av trykte jerseystoff å få kjøpt, og det var litt meir tilbod enn i fjor, trur eg.

Og så var det sykonkurranse mellom seks av dei i alt åtte deltakarane i NRKs “Det store symesterskapet” som går på NRK1 på onsdagane framover. Oppgåva var å redesigne ein grå joggegenser frå H&M. Sidan eg  går i samme syforening som Anne og Solveig, var det ekstra moro og stas å heie og fylgje med!

Anne (http://www.topstitched.net/) Solveig (http://houseofhopen.blogspot.no/)

Sjølv om innspelinga er ferdig og resultatet eigentleg er klart (men ukjent for oss sjåarar), må eg berre seie heia, heia! til dykk i Det store symesterskapet, håpar at det er ein av dykk to som vinn! Eg er stolt av dykk, Anne og Solveig!

Her er eit bilete av Symesterskap-gjengen etter at dei har sydd og redesigna:

 

Til slutt: For min del slutta symessa på ein fantastisk måte i år; Ein Babylock Imagine blei med meg heim! Endeleg, eg som skulle kjøpe den på symessa i fjor, men då hadde dei den ikkje på lager då eg var der. Denne gongen skulle eg eigentleg ikkje ha maskin, sidan eg reiste kollektivt. Fredag ettermiddag var dei utselte. Men selgaren henta ei maskin til laurdag, i tilfelle eg skulle ville ha maskin likevel. Og JA! Vidunderlege lykke og glede, maskina blei mi!! (Og takk til dei i syforeninga som kom på den geniale idéen om å ha med seg trillekoffert på symessa, så fekk eg den med meg heim :-)

(Om du har lyst til å sjå bilete frå messa i fjor, er det å finne HER!)

24.11.2013

Bilete frå symessa/JuleExpo 2013 på Lillestrøm!

Og det er messe også i dag, hiv deg rundt om du kan!

Sydilla på Symessa, Lillestrøm

Kristin og Wenches svenske medarbeidar hjå Sydilla, som står som arrangør av Symessa på Juleexpo!

_____________________________________

Sydilla har byrja å forhandle Silhouette Cameo, noko eg ikkje har tenkt at eg skal ha. Men jammen klarte dei ikkje å få meg til å få lyst på dette også ;-)

____________________________________

Gekko på Symessa på Lillestrøm 2013

Guro bak firmaet “Gekko”, her saman med Kristin bak bloggen “Heilt Spesiell” og boka “Heilt spesiell og Jubel: Sy glade klær til glade barn”.

_______________________________________

Olivias på Symessa

Olivias på sørvestlandet starta nettbutikk for ikkje så lenge sidan, dei forhandlar flotte jerseystoff frå bl.a. Lillestoff.

____________________________________

Sigurd Hoel eftf.

Sigurd Hoels eftf. lagar vevde band og lappar. Og om litt skal det bli lappar på  meg også derifrå. Spennande og moro!

_________________________________

Kreativ

Tone bak nettbutikken “Kreativ”.

_________________________________________

*Ønskjer meg*

_____________________________________________

Det blei ikkje til at eg tok noko bilete av standen til “Symagasinet” med dei hyggelge folka der, det får bli ein annan gong…

_____________________________________________

 

Eg kosa meg veldig på symessa i går, fyrst og fremst med å treffe så mange hyggelege menneske! Og takk til dykk som tok kontakt og sa “hei, du må vere Annwes!” – kjempekoseleg!

 

____________________________________

26.11.2011

Og så var årets marknad over…

Moro var det! Og eg fekk selt ein del, kanskje ein tredjedel av det eg hadde med meg. Det var eigentleg ikkje noko som peika seg ut som bestselgarar, det gjekk litt luer, litt kjolar, litt genserar, litt posebukser og nokre forkle. Nyfødt-klede, derimot, var det ingen som kjøpte, det var nok litt for smått. Men dét gjer ingenting, eg vil gjerne ha det for å gje bort til venner som får barn. Her er nokre bilete frå marknaden:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det blir nok ein marknad til neste år også!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...