31.05.2012

Baby-solhatt!

DSC_0244

Blogginga mi går i rykk og napp, og nå ligg det ein del i blogge-kø. Noko av det siste eg har sydd, er denne solhatten til minstejenta. Eg fann denne bomullspoplinen frå Hilco i stoffhylla mi, og tenkte at det måtte bli perfekt for ein solhatt. Og det blei veldig bra! Storesystera blei så begeistra, at ho tinga ein slik hatt ho også, og det får ho når ho vaknar i morgon tidleg. Men eg har ikkje fått tatt bilete av hennar hatt ennå.

DSC_0253kompr

DSC_0265k

DSC_0243

DSC_0246

DSC_0247

Mønster, str. 48: Sjølv-konstruert; fram med passar, Pytagoras-setning og kalkulator! Ein del repetisjon av tidlegare matematikk-ferdigheiter måtte til, men det var veldig moro når det blei bra resultat!

Stoff: Poplin frå Hilco. Eitt lag vanleg strykeinnlegg i bremmen. Inni hatten er det 20 mm breitt gjordeband frå Stoff og Stil. Knytebanda er av bendelband frå Stoff og Stil. Kvit tittekant frå Stoff og Stil ytterst på bremmen.

23.05.2012

Baby Blueprint Crochet

Denne jakka blei ferdig i går, og då den kom på jenta, minte jakka veldig om jakka til ein keisar, hehe… Klede forandrar seg av og til veldig i stilen når dei blir kledd på ein person!
DSC_0198k
Jakka er nr. to av fire parallelle hekleprosjekt eg har hatt siste månadene, veldig greitt å få den ferdig, for den passar nå framover, str. eitt år, jenta brukar str. 74. Men eg er igrunnen spent på kor mykje vi faktisk kjem til å bruke den, fordi den er hekla i heilt feil garn, og er tykk og stiv i “stoffet”. Men då dette gjekk opp for meg, hadde eg hekla så langt at eg tenkte at eg fekk gjere den ferdig... Garn er ikkje berre berre, har eg skjøna. 
DSC_0194k
DSC_0190
DSC_0200

Mønsteret er frå boka


“Baby blueprint crochet. Irresistible projects for little ones” av Robyn Chachula.
Boka har iflg innehaldslista 19 ulike hekleprosjekt for barn frå null til to år. Den er på engelsk med amerikansk heklespråk.


Innehald:
Ermelaus kjole (bilete nedanfor)
Genser med knepping i skulder (google “callum pullover” for bilete)
Jakka eg har hekla
Guttevest (bilete nedanfor)
Lang jentegenser med knepping (bilete)
Ein guttevest til (google “charlie vest” for bilete)
Jentejakke med oldemorruter (google “rosa car coat” for bilete)
Genser med selburosemønster
Tilbehør: Sokkar, slippers, boots, bleiebukse, caps
Til heimen: Vaskeklut, smekke, babyteppe/lappeteppe, elefant-uro, robot-leike, eit babyteppe til.


Oppbygging av eit mønster:
-Info om garntype, heklekrok, tilbehør, heklefastheit, ferdige mål på plagget.
-Skisser over dei ulike delane i plagget, med mål både i inch, cm og mønsterrepetisjonar (sjå bilete nedanfor)
-Mønster på prøvelapp; veldig greitt for å finne ut om ein skjønar mønsteret, kor raskt det er å hekle og slikt. Og sjølvsagt for å finne fram til rette garn og heklenål.
-Sjølve heklemønsteret, plaggdel for plaggdel, med både tekst og symbol (bilete nedanfor)
-Framgansmåte for montering og ferdiggjering av plagget


Kort vurdering av boka:
Boka er veldig grei å fylgje, og forståeleg også for ein fullstendig hekle-nybyrjar som meg. Den brukar både tekst og illustrasjonar/skisser/symbol for å vise korleis ein skal gjere det. Eg som er vant til å sy etter mønster likte veldig godt skissene. Då er det lett å justere når ein ikkje har garn med samme heklefastheit. Eg heklar venstre-hendt, og fekk derfor litt trøbbel med å lese skissene der det var forskjell på høgre og venstre side, men etter litt spekulering, fekk eg det til.

Den store minuset for min del, var at eg valte feil garn. Det skulle ha vore 100% akryl i jakka, og eg valte feil erstatningsgarn, mercerisert bomull (“sport” frå Spar Kjøp). Det passa i heklefastheiten, men blei altfor kompakt. Så då lærte eg ein heil del om garn, for eg går utifrå at jakka ville blitt annleis om ein hadde brukt ull eller akryl. (Men det veit eg jo strengt tatt ikkje, sidan eg har minimal erfaring med garn…)

Alt i alt likar eg denne boka godt, og kan gjerne råde andre til å prøve den. Om dei synest det er greitt med engelsk (amerikansk), vel å merke.

Bilete frå boka:

DSC_0203
DSC_0208

DSC_0206
DSC_0205
DSC_0204
DSC_0202
DSC_0201

22.05.2012

Med desse lærte eg å hekle

I dag fekk eg omsider  sydd i knappar til desse “booties’ane”, etter at dei har lege ferdighekla i fire månader…

DSC_0184

DSC_0186

Saman med ei lue, var vel desse det fyrste hekleprosjektet eg hadde, etter at eg fekk meg ei hekle-lærebok i jolegåve sist jol. Og med dette prosjektet lærte eg veldig, veldig mykje:

-Heklefastheit/gauge: Eg starta med for tykt garn, og byrja på nytt etter å ha kjøpt nytt garn…
-Sjølve maskene: Ho som har laga oppskrifta har lagt ut videoar på korleis ho heklar, steg for steg. Til uvurderleg hjelp for meg som ikkje visste kva ein stav var for noko!
-Fylgje ei oppskrift: Eg hekla og rekte opp, hekla og rekte opp, telte og telte… Etter kvart byrja eg å skjøne korleis ein skal lese hekleoppskrifter, og det var også med hjelp frå videoane til mønsterforfattaren. Men det var fyrst då eg kjøpte maskemarkørar, små plast-dingsar til å hekte på maskene for å markere til dømes fyrste maske på runden, at eg verkeleg byrja å få det til.
-Hekle tredimensjonale former: Hadde eg ikkje hekla desse skoa, hadde eg ikkje klart å hekle hunden etterpå…

Skoa passar til minstejenta nå framover, typisk nå når sommarvarmen akkurat har kome… Er eg heldig, passar dei litt i haust også. Alt i alt var ikkje dette det beste nybyrjar-prosjektet, kanskje, men det var veldig lærerikt.

Mønster: “Baby Garden Boots” frå The Lovely Crow på Etsy. Eg trur eg hekla i str. 6-12 mndr. Dei passar nå når ho er ca 10 månader, så det ideelle var nok om eg brukte litt tynnare garn (/heklenål).
Garn: Merino-ull frå Stoff og Stil

20.05.2012

T-skjorte med gøyale siffer

Det har vore ei pause i sying og blogging siste veka, for all tid har gått med til å innrede syrom og rydde alle sy-tinga ut av stova. Eg gler meg til å ha lagringsplass for alle tinga like ved arbeidsplassen, og dei stoffa eg brukar mest får plass i samme rom som maskinene!

Denne t-skjorta blei sydd før om-møbleringa, og var bursdagsgåve til ein gut i barnehagen.
DSC_0916
DSC_0917
Design (nitals-opning) og mønster: Eige
Stoff: Jersey med siffer designa av Johanna Ahlard. Einsfarga jersey frå JNYDesign, trur eg. Prikkete jersey frå Textart.no. Gul ribb frå Stoff og Stil.

11.05.2012

Mara

I dag har eg henta tre pakker med sytråd på Posten. Eg frydar meg over alle fargane! Herleg! Sytråden har eg kjøpt i nettbutikken til Willy.
DSC_0093
DSC_0088

10.05.2012

Velour-vestar med V-hals

Her om dagen sydde eg ein liten vest i str. 3 år til sonen til nokre venner. Dei var på tur heim til Norge og Kristiansand i samband med ei gravferd, og trong svarte klede. Så då var det hyggeleg å kunne hjelpe dei med denne svarte vesten:
DSC_0999
DSC_1003k
Eg hadde nemleg ein liten rest med svart velour som passa akkurat til ein liten vest. Eg kanta med ein tykk og spenstig interlock, i mangel av svart ribb som var god nok i fargen.

Eg hadde ikkje sydd V-hals før, men før eg hadde funne ut om det var vanskeleg eller ei, hadde eg klipt V-hals. Og eg hadde ikkje nok stoff til å klippe nytt forstykke, så eg fekk berre finne ut av det. Ba ei lita bønn om at dette måtte gå bra, og sette i gang, seint om kvelden. Og det blei veldig bra! “Dette var jo ikkje så vanskeleg”, tenkte eg, og viste stolt fram til mannen min.

Neste morgon blei vesten levert, og eg tenkte at eg må sy ein slik til min eigen gut også, det var så moro, og blei så bra! Eg sydde i veg utan å kikke så veldig etter for kvart steg, dette skulle jo gå så greitt. Og då sjølve V-halsen var ferdig, såg eg at saumen i V’en hadde sprekt opp så det var hol, og velouren hadde snurpa seg nedanfor V’en. Etter ein del nødhjelp med handsaum blei vesten brukande, men eg tenkte at eg vil finne ut av korleis eg syr ein fin V-hals!!

Så eg laga meg ein “V-hals-dummy”, og gjekk i gang. Spretta opp, nåla og sydde på nytt. Spretta opp, nåla og… omatt og omatt. Sukk, så vanskeleg!Heilt til eg fann ut at “AHA!”, eg må ha ein liten flekk strykeinnlegg bakpå velouren nedst i V’en! Og då gjekk det mykje betre (men framleis ikkje noko nybyrjarprosjekt, altså…). Her er vesten til min gut:

DSC_0018k
DSC_0017k
Og her er dummy’en min, eg synest den blei veldig fin til slutt:
DSC_0016

Her er ein kortversjon av prosessen (som hugseliste for meg sjølv, og for spesielt interesserte):
Skuldersaumar fyrst.

DSC_1013

Kvit knappenål markerer midt framme. Eg klipte 5 cm brei remse som var litt lengre enn det eg tenkte eg ville trenge. Klipte riktig vinkel på den eine enden:
DSC_1016
Eg målte deretter til ribb-legda etter liknande metode som når eg syr college-genser-ribb i denne tut’en. Ferdig ribb skulle bli 1,5 cm brei. Med 1 cm saummonn på velouren, målte eg derfor 0,5 cm frå velour-klippekanten.



DSC_1025
DSC_1028
DSC_1032
Strykeinnlegg og hakk nedst i V’en:
DSC_0010
Framsida av ribben syast på med 3-4 cm lang saum nedst i V’en:
DSC_0008
DSC_0006
Sjekk for symmetri i spissen før den andre sida syast:
DSC_0011
Når ribben er festa nede i V’en, brettast den over og monterast med overlock. Start og slutt nedst i V’en.
DSC_0012
DSC_0015
(Eg var så opptatt av ribb-prosessen, at eg gløymde å senke syfoten på overlocken. Derfor dobbeltsydd eine sida…)

Stoffbutikkar på Midt-Jylland



Dette kartet har lege upublisert ei stund, på tide å få det ut på web'en! Vi skal nemleg til Danmark i sommar, og   det er på Danmarksferiane våre at eg kjøper inn ein stor del av stoffet eg brukar. Eg ser ikkje bort ifrå at det kan kome linkar til andre område i kartet etterkvart, men eg kan dessverre ikkje love å halde kartet oppdatert i høve til nedlagde eller feriestengte butikkar.

SJEKK DERFOR INTERNETT, ELLER EVT. RING BUTIKKEN, FOR Å SJÅ OM BUTIKKEN FRAMLEIS EKSISTERER/HAR OPE FØR DU REISER TIL DEN, OM DU IKKJE HAR LYST PÅ BOMTUR!

Vis Stoffbutikkar/stofbutikker Midt-Jylland i et større kart




Tusen takk til alle som har kome/kjem med tips til stoffbutikkar som er verdt eit besøk på Midt-Jylland! (Tips gjerne også om du ser at nokon av butikkadressene i kartet ikkje stemmer lenger, på førehand tusen takk for hjelpa!)

Juli 2012: Sjå omtale av ein del av butikkane på Midt-Jylland her.

Velourgenserar, og litt om det å dele opp mønsteret

Dei eldste to, på 5 og 3,5 år trong genserar. Denne gongen har eg brukt samme gensermønsteret til jenta også, medan eg tidlegare berre har sydd guttegenserar av det. Men det skulle vel ikkje vere nokon grunn til at ikkje jenter kan gå med slik fasong, vel?

DSC_0984
DSC_0986
Jenta har i det siste gått og ønskt seg rosa tøy med gule striper, så det blei rosa genser med éi stor, gul stripe. Gutungen likar best det han har frå før, men han kjem nok til å like genseren sin etterkvart, berre han får litt tid på seg :-)

Om oppdelinga av mønstera (samme mønster, men i str. 4 og 6 år):


Mønsteret har eigentleg heil framside og bakside, men eg har delt det opp (også bak). Det vil seie, i praksis har eg berre bretta mønsteret til, og lagt til 1 cm saummonn utanfor brettekanten. Det som ikkje er lurt, om ein vil ha fleire stoff i staden for eitt, er å klippe opp etter at ein har klipt ut den store mønsterdelen i eitt stoff, for då får ein ikkje med saummonn!

Om ein synest det blir litt kjelkete med bretting, eller ein vil dele opp eit mønster i linjer som ikkje er rette, kan ein teikne av ein ekstra mønsterkopi, og klippe i veg! Berre hugs, at jo mindre rette kantane er, jo vanskelegare er det å sy etterpå! Det enklaste er å dele opp med rette linjer, og i litt avstand frå hjørner og slikt på mønsteret.

Her er nokre døme på tidlegare plagg med oppklipte/-delte mønster:



Mønster, genserane øvst i innlegget:

Eige, skal lure på om det var Armstrong si bok eg fekk hjelp av? Har i allefall gradert det til fleire storleikar med hjelp frå Aldrich.

Stoff:

Einsfarga, rosa og einsfarga gul velour frå Rainbow tekstil. Stripete rosa/raud velour frå Danmark ein stad (stofogstuff.dk?). All ribb, og limegrønn velour frå Stoff og Stil. Stjernevelour frå JNYDesign, trur eg. Den brune velouren er frå Stofstedet.dk.

Når ekstra dyrebare jersey-skattar skal gjennom vask før sying

Eg fekk ei stor pakke med stoffrestar i posten i fjor. Mange bitar var i full breidde, men berre 30-40 cm lange, og då er det så kjipt om masse stoff skal gå bort i innrulla kantar som er eit herk å klippe og sy i. Så eg sydde stoff saman til passeleg store “sylindrar”, utan å la overlocken skjere bort noko. Det var litt arbeid både å sy saman og klippe frå kvarandre etterpå, men i dei tilfella då omtrent kvar kvardrat-centimeter tel, så er det verdt det! Jerseyen rullar seg stskillig mindre. (Men eg gjer ikkje dette kvar gong eg har kjøpt jersey, altså, hehe).
I praksis har eg klipt laus stoffa ettersom eg skal bruke dei. Så innimellom får eg nokre overraskingar i stoffhylla, når eg tar fram og opnar ein stor “stoffklump” og tenkjer “oj, dette stoffet hadde eg heilt gløymt at eg hadde!” ;-)

Klikk påbileta for større versjonar:

unngå jerseykantar som rullar seg stoffa klippast ifrå kvarande

Dette er forresten ein opplæringspost for meg i html-redigering, noko som til nå har vore heilt gresk for meg. Men eg fann ein tutorial på nettet på korleis ein kan få bilete side om side, og der fekk eg gode tips. Tutorialen kan du finne her. I tillegg tipsa min html-kyndige mann om at det ikkje er lurt å definere både høgde og vidde på biletet, så har har eg berre definert vidda.

Sommarluer

I går posta eg tutorial der eg viste til “sopp-lua”, men sopplua var ikkje å finne nokon stad… Her kjem den!

DSC_0993k

DSC_0988k

Denne lua er sydd på samme måte som lua i tutorialen, bortsett frå at denne er i str. 52, og at bremmen er litt mindre kurva. Dette gjer at bremmen ikkje står så mykje ut. På mønsteret er innerkanten på bremmen midt framme 1,6 cm nedanfor ytterspissen av bremmen, den tilsvarande avstanden på den blå lua er 4,5 cm (den blå lua er str. 54). (Sjå teikninga nedanfor, det er den avstanden som der er teikna inn som “2-3 cm” det er snakk om.) Begge bremmane er 4 cm djupe midt framme, og har ein halv hovudomkrins som breidde.

DSC_0080k

DSC_0084

Biletet er henta frå tutorialen nemnt lenger oppe).

Stoff og tilbehør: Sopp-lua: Tynn jersey frå Stoff og Stil, ribb også derifrå. Eitt lag med ordinær ti-kroners-strykeinnlegg frå Stoff og Stil på begge stoff i bremmen, litt vliesofix i mellom.

Det samme gjeld den blå lua, bortsett frå at jerseyen er litt tykkare og kjem frå Jofotex.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...