Viser innlegg med etiketten Tutorial. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tutorial. Vis alle innlegg

19.01.2015

Jolesokkar (med framgangsmåte)

Endeleg har eg kome til jol 2014 sånn bloggmessig, i mitt oppsamlingsheat på bloggfronten!

Eg har gode minne frå morgonane på 24. des frå eg var barn, då hadde mamma kjøpt inn godteri-sokk og gøymt på rommet vårt. Så eg hadde lyst til å lage jolesokkar til barna våre til å putte eitt eller anna etande i som dei kan kose seg med før dei vaksne vaknar morgonen den 24. Her er resultatet, sydd om kvelden den 23. des:
 

Bileta er tekne når sokkane er tomme. Nå medan eg skriv er sokkane pakka bort etter jol, men dei er vel sånn, hmm, tja, rundt 25 cm høge, kanskje. Sokkane er ikkje vrangsydde, men er lukka i toppen ved påsyinga av det kvite stoffet. Det kvite stoffet er deretter bretta over og skjuler sin eigen saum. Dermed er sokkane ganske enkle å sy.

Slik er dei oppbygde:
Stretch-velour ytterst
Bomullstoff i til dømes quiltekvalitet innerst
Eit stivt, tykt mellomlag, i praksis brukte eg “zorb”, som liknar på filt (er eigentleg eit absorberande materiale til å ha i bleier og bind og slikt, men som eg aldri fekk brukt til det…). Zorben er tykk, men litt mjukare enn dei filtplatene eg ser Stoff og Stil sel for tida.

Slik laga eg dei:

1. Klipte ut noko eg syntest likna på ein sånn derre amerikansk henge-på-peisen-christmas-stocking, stor nok til å inkludere saummonn og plass nok til å kunne putte noko oppi den til slutt og også rommeleg nok til å få ei hand nedi.
2. Brukte denne som mal til mellomlag og innerlag.
3. La innerlaga rette mot rett og mellomlag utanpå på kvar side, sydde rundt (unntatt i toppen)
4. Då denne var ferdigsydd, brukte eg den som mal for ytterstoffet, men la til saummonn rundt før eg klipte (i praksis medan eg klipte).
5. Eg lurar på om eg strauk på vinylmerka til slutt, men pynten er vel ideelt å setje på før ein syr ytterlaga saman.
6. Sydde ytterlaga saman rette mot rette unntatt i toppen. Vrengte.
7. Tredde yttersokken over inner-/mellomsokken.
8. Festa på hempe øverst i kanten ( i saummonnen øverst) slik av hempa blei hengande nedover inni sokken
8. Kvitt band øverst: Eg brukte microfleece, hadde vel eigentleg sett for meg å bruke velour men hadde ikkje kvit velour. Rektangel der breidda var dobbel av sokkens ytre breidde, la til saummonn på kvar side. Høgda var cirka dobbelt av det eg såg for meg som ferdig høgde på det kvite på sokken, dette inkluderte saummonn.
9. Sydde rektangelet saman til eit røyr, sydde det deretter på sokken, og her må ein halde tunga beint i munnen fann eg ut: Fleecerøyret la eg inni sokken med retta på fleecen mot retta på innerstoffet. Sydde rundt (fleecen blir litt breiare enn indre diameter på sokken, men det får ein jobbe til og jevne ut medan ein syr). Bretta fleecen ut, bretta nedre kanten innunder. Sidan verken fleece eller velour raknar, treng ein ikkje kante den frie enden.

Så var sokken ferdig! (I allefall ferdig til å fyllast :-) Eg blei riktig så fornøgd med desse sokkane!

Pynten er vinyl kjøpt hjå Sydilla, klipt ut på Silhouette Portrait, og deretter stryke på med strykejern. Motiv kjøpt på Silhouette America.

23.11.2014

Teikning i Silhouette Studio: Kran

Intro 1 : Då eg var barn, elska eg å teikne hestar, og av og til teikna eg dei ved å lage masse sirklar og ellipser oppå kvarandre og bygde hesten opp steg for steg. Blei magen litt tynn, var det berre å teikne endå ein sirkel oppå magen, men slik at  magen blei litt utvida. Litt det samme prinsippet ligg bak dette innlegget.

Intro 2: For nokre veker sidan kjøpte eg Silhouette Portrait, veslebror-modellen til Silhouette Cameo. På symessa på Lillestrøm i helga blei eg inspirert til å lære meg å teikne litt i programmet. Så nå har eg sett gjennom ein haug med videoar på Youtube med presentasjon av dei ulike funksjonane i Silhouette Studio-programmet. Som øvingsprosjekt har eg laga ei t-skjorte til mannen min, med ei kran av typen han er med på å lage.

Eg treng ikkje trøytte folk ut med å fortelje alt eg gjorde som ikkje funka så bra, så her er den redigerte versjonen ;-)

Eg fann eit bilete på nettet av den krana eg ville teikna av. Ein moglegheit som er mykje brukt, er å trace biletet; få programmet sjølv til å lage linjer rundt objektet. Kanskje eg lærer meg dette seinare, men nå skulle eg lære meg teikning.

Ikkje bry deg om dei svarte pilene. Dette er eit bilete frå slutten av prosessen. På eit motiv av denne typen, med mange rette linjer er det greitt å bruke polygon-verktøyet (tversoversløyfa som er aktiv på biletet over), dessutan teikna eg sirklar; når ein held inne shift-knappen medan ein teiknar, får ein sirkel i staden for ellipse. Nokon stader er det bua overgangar mellom dei rette linjene, då har eg brukt curve shape/”8-talet” nedanfor polygonverktøyet.

Korleis har eg å gått fram med desse verktøya? Eg teikna oppå biletet. Prinsippet er å lage strekteikningar som ikkje har nokon blindt-endande strekar, det er derfor eg teikna med polygon-verktøyet og ikkje linje-verktøyet. Når ein har to (eller mange) slutta figurar som overlappar kvarande, kan ein “smi” dei saman: Modify-vindauget oppe til høgre > weld. Så teikna eg ein ny del av krana, overlappande med den fyrste delen, smidde saman igjen, gjentok dette til krana voks større og større.

Til slutt teikna eg fisken på frihand, denne teikna eg “ferdig” før eg smidde delane saman. Her har eg berre brukt Curve shape-verktøyet. Ved hjelp av “edit points” (nest øverste verktøy til venstre) flytta eg strekane litt og finjusterte fisken til eg var fornøgd, før eg smidde den saman. Når ein er i select-modus (pila øverst til venstre) kan ein gå over til “edit points” ved å dobbeltklikke på figuren. Fiskesnøret er forresten laga med firkant-verktøy.

Dei svarte pilene er klippelinjer/”klipperamme” for at det skal bli litt lettare å dra av overskytande vinyl. Om ein googlar “weeding lines” finn ein tutorialar på korleis ein kan gjere Silhouette-livet enklare for seg når ein skal fjerne vinylen rundt motivet. Men det er vel fyrst og fremst når ein jobbar med klistremerkevinyl at det er spesielt nyttig.

Merke både bilete og ramme: Select-pil og klikke og dra over begge (evt. klikke på begge medan shift-knappen er inne). Feste dei saman til eitt bilete: “Make” under modify-menyen. Deretter endre storleik på både biletet og klipperamma. Og ikkje minst, til slutt, når motivet skal strykast på: SPEGELVENDE MOTIVET; Object-meny øverst > Miror > Flip horisontally. (Flytt biletet dit du vil ha det på arket.)

Kutte ein til ved sida, etterpå: Eg klipte fyrst ut i øvre, høgre hjørne. Sidan Portrait har variabel breidde mellom hjula som matar inn arket i maskina, vil eg få problem med å bruke opp den biten som er igjen til venstre for motivet. Så eg fann ut at eg like gjerne skulle kutte ut motivet ein gong til. Replicate-meny (blomsteraktig ikon oppe til høgre) > Duplicate left . Sidan biletet til høgre allereie er kutta ut, vil eg ikkje kutte dette ut ein gong til på samme plass. Om eg ikkje vil slette det, kan eg merke det og gå på Silhouette-menyen (øvst til venstre) > Cut settings (Ctrl+F2) > “No cut” (i menyen på høgre side).

Sånn. Eg har lett for å gløyme data-ting om det er lenge mellom kvar gong eg gjer tinga. Så når eg skriv ned kan eg slå opp i bloggen når eg treng ei oppfrisking. Kanskje kan det kome til nytte for andre også?

Materiale: Vinylen er dessverre dårleg vinyl frå Asia, sidan vinylen eg kjøpte hjå Sydilla på symessa ligg på lager hjå broren min (sånn går det når ein handlar for mykje på symessa til å få med seg alt heim på ein gong ;-) T-skjorta er sydd av bomullsjersey. Mønster frå Ottobre.

OG: Om du ser eg har gjort ting på ein tungvinn måte, er du velkommen til å komme med tips til måtar å gjere det betre på!

14.11.2013

Tutorial forkle med ribb / Apron with Rib

Tutorial apron with rib neckline

Tutorial barneforkle med ribb rundt halsen

Her kjem ein bilde-tutorial på forkle på ribb, str. 86-98.
Here is a apron-tutorial, size 86-98 cl (1,5-3T)

KLIPP/CUT:
Øvre del: Klipp 2 stk av ribb (type Stoff og Stil), jersey, interlock
Nedre del: Vevd stoff (eller det du måtte ville bruke)
Ribb-remse: 35 x 3 cm PLUSS saummonn, om saummonnen er 1 cm klipper du 37 cm (i stretchretninga) x 5 cm
Du vil også trenge skråband

Upper: 2 ex., elastic fabric
Lower part: Woven fabric or whatever you want to use…
Rib-binding: 35 x 3 cm PLUS seam allowances. 1 cm seam allowance: Cut 37 x 5 cm
You will also need bias tape

SY/STITCH:

Start med å kante nedre stykket med skråband:
Bias tape on the lower piece:

Sy øvre delane rette mot rette, og kutt bittesmå hakk for å markere midt framme:
Stitch upper parts right sides together, and make tiny cuts to mark center front:

 

Framleis med øvre del liggande rette mot rette: Tre inn det nedre stykket inn mellom dei to ribblaga og sy øvre og nedre del saman:
Still with upper part right sides facing, move the lower part in between the two layers of the upper part and stitch upper and lower part together:

Vreng øvre del. Klipp hakk i saummonnen på ribben. Klipp ribb-remse.
Turn upper part inside out. Cut tiny marks in seam allowance of upper part. Cut rib binding.

mønster forkle 86 til 98 vrengt2

Sy ribben til ein runding og press på langs vrange mot vrange. Kutt små hakk i saummonn for kvar fjerdedel. Sy ribbremsa på øvre delen rette mot rette så merka passar saman.
Stitch the rib to a circle, and press lengthwise wrong sides facing. Cut marks in the seam allowance for every quarter. Stitch the rib binding to the upper part right sides facing with marks corresponding.

 

Ferdig!
Finished!

 

----------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Om du vil ha tips til eit meir tradisjonelt forkle og for litt større barn, kan du sjå HER.
The link points to a post from 2011 with an apron for a little bit older children.

 

----------------------------------------------------------------------------------------------------------

05.11.2013

Fjerne ein coversaum / Removing a Coverstitch Seam

English version at the bottom of the post!

Har du sydd på coverstitch-maskin og tenkt “æsj, denne saumen blei ikkje bra, den bør takast opp att”? Det gjer eg nokså ofte, i allefall når eg øvar meg på å kante i krappe svingar etter at boka til Heilt Spesiell og Jubel kom ut. Og det er ikkje så komplisert å  fjerne saumen om ein klarer å finne den rette tråden å dra i!

I veldig korte trekk: Dra fram overtrådane på framsida slik at undertråden ikkje lenger er låst, og du kan rekke opp undertråden. Ein god ting å hugse: Ver generelt lett på labben når du drar i trådane, for om du drar til og det låser seg, så kan dei låse seg ordentleg…

Litt meir detaljert:

Finn enden der du avslutta saumen.

Enten kan du klippe ned trådane litt og lirke dei fram overtrådane frå framsida




Eller du kan klippe tvers over heile kanten før du lirkar fram overtrådane eit sting eller to

 

Snu remsa og dra lett i undertråden. Du merkar fort om den er laus eller om den låser seg. Om den låser seg, må du lirke litt, eller starte på nytt med å dra fram overtrådane.

Om du har dratt undertråden opp fleire sting, men så låser seg, prøvar du fyrst å dra i stoffet/saumen i lengderetninga, så løyser den seg ofte. Og om ikkje dette er nok, så går den som regel opp om du drar i overtrådane som ikkje lenger er festa av ein undertråd.

Og vips, så har du fjerna heile saumen!

 Nokre tilleggsmoment:

Om det ser slik ut på baksida etter at du har dratt fram overtrådane eit sting (venstre bilete), kan du pirke litt i undertråden, og kanskje kjem det fram ei løkke (høgre bilete). Då er det viktig at du drar i enden av undertråden, ikkje i sjølve løkka.

Kanskje skal du sprette opp midt i ein saum? Kutt over overtrådane og fisk opp eit sting eller to i retninga fra enden til starten av saumen. Sjå om ikkje du kan frigjere undertråden og starte og dra :-)

 

English version!

Coverstitch machine has become very popular by norwegian and swedish hobby seamstresses, and I suppose many of my fellow hobby seamstresses in non-Scandinavian countries have coverstitch machine too :-) From time to time it is useful to know how to remove a coverstitch seam, and I thought I could show a way to do it.

Briefly: Pull the needle threads out at the front side, so that the underthread is not locked any more. Then pull the underthread. Nice to remember: Be gentle, if you pull hard and the threads get locked, they tend to get really locked…

In more detail:

Find the end where you finished the seam.

Either you can trim the threads a little bit and then jiggle/pull the needle threads out a stitch at the front side




Or you can cut across the whole rib binding before you jiggle loose the needle threads a stitch or two

 

Turn and pull the underthread gently. You will soon know whether or not the thread is free. If it gets locked, you need to jiggle a bit, or start all over again by pulling the needle threads.

If you have pulled the underthread several stiches and then gets tangled, first try to pull the fabric/seam lengtwise. If this isn’t enough to loosen the thread, pull the needle threads that no longer have an underthread.

Ta-da, the seam is gone!

 In addition:

If it looks like this after you have pulled the needle threads a stitch (left photo), you can pick a little bit at the underthread, and maybe a loop appears (right photo). then it is important to pull the end of the thread, not the loop!

 

Perhaps you are going to remove just a part of a seam, not starting at the end? Cut the needle threads and pull up a stitch or two. Try to free the underthread and start pull it :-)

 

Did you find this english version useful?

Eit tidlegare innlegg om samme tematikk, med nærbilete av ein cover-saum finn du her.
An older post about this issue, whit close up photos of a coverstitch seam you can find here.

04.11.2013

Enkel rynking ved påsying av ribb / Shirring Easy as Pie!

Kanskje nokon hugsar at eg dreiv og eksperimenterte med å rynke med gjennomsiktig strikk? Det går an, men er tungvint, og blei ikkje nokon slager. Det finst ein atskillig enklare måte å rynke saman barnebuksebein som skal passe inn i ein mykje smalare ribb, og den tenkte eg at eg skulle vise fram. I korte trekk går det ut på å ha ribben øverst mot syfoten på overlocken (for ein må ha overlock for å kunne gjere dette). Når ein syr, løftar ein lett på ribben, slik at fremre del av syfoten også lettar bittelitt. Dermed får transportøren som drar stoffet fram betre tak i buksestoffet enn i ribben, og stoffet rynkast. Ein treng ikkje eingong strekkje veldig mykje i ribben!

Metoden passar godt til jersey og velour, sidan det er mjukt og lar seg lett rynke. Eg er usikker på andre stoff slik som isoli og faste stoff som denim. Om nokon testar det ut på andre stoff, må de gjerne rapportere om det funkar eller ei!

Maybe you have made velour children’s pants with wide legs and wondered how to shirr when the rib isn’t wide enough? Try this on your overlocker/serger: When you stitch the rib to the pant leg, make sure that the rib is placed on top, right under the sewing foot. Pull the rib slightly upwards while you sew, so the front of the sewing foot follows a little bit upwards too. When doing so, the feed dogs will move the velour fabric to a better degree than the rib, and the velour gets shirred. You don’t even need to pull very much in the rib to shirr! I have not tried this method on thick or stiff fabrics (like isoli or denim), if you try it out, you’re welcome to tell if it worked or not :-)

Eg klarte dessverre ikkje å take bilete av meg sjølv under rynkinga, men har teikna ein figur:

 

 

 

Her er litt generell info om korleis eg går fram når eg syr på ribb:

Her er utgangspunktet, begge stoff ligg med vranga ut:

Så klipper eg 3-4 mm djupe hakk i saummonn slik at buksebein og ribb delast i fire delar:

Ribben brettast vrange mot vrange (og pressast med strykejern). Leggast deretter inni det vrengte buksebeinet. Eg brukar å leggje “kl 3-merket” på ribben mot tilsvarande merke på buksebeinet, så slepp eg å starte med å sy over tykk saum. Før eg legg stoffet under syfoten med vranga på buksebeinet nederst mot syplata, drar eg i ribben frå merket og frå meg, for at dei fyrste “påsyings-centimetrane” også skal rynkast. Så syr eg meg såpass innpå at nålene akkurat har fått tak i stoffet, før eg  byrjar å trekkje ribben mot meg. (Sorry, klarte ikkje å take bilete av meg sjølv når eg gjer dette…) Deretter syr eg rundt slik at merka samsvarer. Om buksebeinet (eller ermet) berre er litt vidare enn ribben, strekkjer eg ribben utan å lyste syfoten. Men om buksebeinet/ermet er mykje vidare enn ribben, får ein altså rynka greitt ved å dra ribben bittelitt oppover som omtala ovanfor.

08.10.2013

To bukser frå HS&J-boka, med lomme-ribb DIY

Str. 6 år:

Str. 3 år:

Lommeribben på fyrste buksa blei for lang. Breidda er også for stor for Stoff og Stil-ribb. På den underste buksa, som eg sydde etterpå, målte eg opp ribblengda utifrå lommeopninga, lot ribben vere litt smalare (ca 2 cm brei utanom saummonn), og bruka ein lausare strikka ribb.

Om du også vil måle opp ribb slik eg gjorde:

Eg gjekk denne gongen utifrå ferdigklipt stoff, men ein kan naturlegvis også måle på mønsteret. Eg måler med eit måleband på høgkant avstanden frå A til B. Avstanden frå stoffkanten (heiltrukken, lilla linje) finn eg ved å gå utifrå breidda eg vil ferdig ribb skal ha, men trekkje frå saummonbreidda på buksestoffet. Om eg vil at ribben skal vere 2 cm brei, og eg har klipt 1 cm saummonn på buksestoffet, legg eg altså målebandet 1 cm frå stoffkanten.

Om du har klipt 0,5 cm saummonn på buksestoffet, og vil ha 2 cm brei kant, måler du frå punkt A til B 1,5 cm frå stoffkanten.

Nå har du målt kor lang ribb-strimmelen skal vere, og dette målet inkluderer saummonn i kvar ende. Legg så til saummonn på langsidene før du klipper strimmelen :-)

Frå boka:

DSC_0833

Om du likar å sy barneklede i elastiske stoff, er dette ei veldig inspirerande bok! Løp og kjøp!

Stoff eg har brukt på buksene: Mønstra velour fro Stoff og Stil (øverst) og prikkete stretch-isoli frå Hilco. Inni lommene er det ein tykk jersey i den øverste buksa, og vevd bomull i den nederste.

22.09.2013

Å vrengesy / Tips for Sewing Lined Garments

Då eg sydde pysjamasen i forrige innlegg, tok eg nokre bilete av korleis eg vrengesydde (vrangsy? vrengesy? vrengsy?…) ermeribbane. Kanskje det er fleire enn meg som synest det er vanskeleg å halde tunga beint i munnen når ein skal sy plagg med fôr, og som har lyst til å sjå nokre bilete.

I took som pictures when sewing the lined pyjamas in the formes post. I think it’s difficult to sew lined garments, and thought maybe somebody else wanted to see some pictures of the process ;-)

Utgangspunktet / At start:

Pysjen utgjerast av to dressar (ytterstoff og fôr) som heng saman i halsen og langs beina. Vendeopning i sida på fôret.

The pyjamas now consists of two dresses (shell and lining) joined at neckline and along the legs.

Hovudpoeng nr 1:
First clue:

Legg plagget slik det skal vere når det er ferdig, dvs med rettsida av ytterstoffet vendande ut osv.
Place the garment like it is supposed to be when finished. I.e. right side of the shell/outer fabric facing outwards, and so on.

Eg trur det er lettare å sjå neste poeng utan å take med ribben, som om du skulle sydd ei fôra vaksenjakke i vevd stoff:
I think the next clue is more easy to show witout the rib, like you would sew a women’s coat in woven fabrics:

Før handa inn gjennom vendeopning (her har eg fyrst gått inn i plagget via halsopninga og deretter funne vendeopninga), vidare ut til enden av ermet, sjå bilete.
Move your hand into the opening in the lining, and further to the end of the sleeve (picture)

Hovudpoeng nr. 2 / clue no. 2:

Tenk framleis på korleis plagget skal vere ferdig; jo, då skal stoffenden på ytterstoffet ligge bretta mot vranga, det samme skal fôrstoffet. Og naturlegvis ein saum som held dei to saman. Så vi brettar noko liknande:
Still, think about how it is supposed to look like finished; the fabric edges will be folded towards the wrong side, and with a seam to fix, them of course. So we fold something like it:

Her med ei hand teikna inn: Here with a hand drawn in:

Hovudpoeng nr 3 / Clue no. 3

Og nå, hald fast! Dra stoffet ut gjennom vendeopninga, ikkje slepp, før…….
And now: Hold tight! Pull the fabric out of the opening in the lining, and don’t let go until…..

…..du har festa ei knappenål!
…..you have placed a pin!

Nå kan du sy!
Off you go sewing!

Med ribb:
With rib:

Samme som sist; gjennom vendeopning, brett til, men nå skal ribben mellom ytterstoff og fôr.
Same procedure; going through the opening in the lining, fold fabric edges, but this time there will be rib between shell and lining.

Ikkje den beste teikninga, men… Not exactly the best drawing…

Dra ut, knappenål! Pull and pin!

Sydd / when stitched:

Resten er planke-køyring, det klarer du fint ;-)
From here it is piece of cake, you’ll do great ;-)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...