Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg

22.04.2018

Tid for takk!

I kyrkjelyden vi går i, er det ca 115 frivillige engasjert i gudstenestearbeidet, og når nokon sluttar, har eg ansvar for å takke dei. Våren 2016 sydde eg blomsterpottetrekk, eg hadde noko stoff (halvpanama?) frå Funky Doris eg syntest var stilig.

19.01.2015

Jolesokkar (med framgangsmåte)

Endeleg har eg kome til jol 2014 sånn bloggmessig, i mitt oppsamlingsheat på bloggfronten!

Eg har gode minne frå morgonane på 24. des frå eg var barn, då hadde mamma kjøpt inn godteri-sokk og gøymt på rommet vårt. Så eg hadde lyst til å lage jolesokkar til barna våre til å putte eitt eller anna etande i som dei kan kose seg med før dei vaksne vaknar morgonen den 24. Her er resultatet, sydd om kvelden den 23. des:
 

Bileta er tekne når sokkane er tomme. Nå medan eg skriv er sokkane pakka bort etter jol, men dei er vel sånn, hmm, tja, rundt 25 cm høge, kanskje. Sokkane er ikkje vrangsydde, men er lukka i toppen ved påsyinga av det kvite stoffet. Det kvite stoffet er deretter bretta over og skjuler sin eigen saum. Dermed er sokkane ganske enkle å sy.

Slik er dei oppbygde:
Stretch-velour ytterst
Bomullstoff i til dømes quiltekvalitet innerst
Eit stivt, tykt mellomlag, i praksis brukte eg “zorb”, som liknar på filt (er eigentleg eit absorberande materiale til å ha i bleier og bind og slikt, men som eg aldri fekk brukt til det…). Zorben er tykk, men litt mjukare enn dei filtplatene eg ser Stoff og Stil sel for tida.

Slik laga eg dei:

1. Klipte ut noko eg syntest likna på ein sånn derre amerikansk henge-på-peisen-christmas-stocking, stor nok til å inkludere saummonn og plass nok til å kunne putte noko oppi den til slutt og også rommeleg nok til å få ei hand nedi.
2. Brukte denne som mal til mellomlag og innerlag.
3. La innerlaga rette mot rett og mellomlag utanpå på kvar side, sydde rundt (unntatt i toppen)
4. Då denne var ferdigsydd, brukte eg den som mal for ytterstoffet, men la til saummonn rundt før eg klipte (i praksis medan eg klipte).
5. Eg lurar på om eg strauk på vinylmerka til slutt, men pynten er vel ideelt å setje på før ein syr ytterlaga saman.
6. Sydde ytterlaga saman rette mot rette unntatt i toppen. Vrengte.
7. Tredde yttersokken over inner-/mellomsokken.
8. Festa på hempe øverst i kanten ( i saummonnen øverst) slik av hempa blei hengande nedover inni sokken
8. Kvitt band øverst: Eg brukte microfleece, hadde vel eigentleg sett for meg å bruke velour men hadde ikkje kvit velour. Rektangel der breidda var dobbel av sokkens ytre breidde, la til saummonn på kvar side. Høgda var cirka dobbelt av det eg såg for meg som ferdig høgde på det kvite på sokken, dette inkluderte saummonn.
9. Sydde rektangelet saman til eit røyr, sydde det deretter på sokken, og her må ein halde tunga beint i munnen fann eg ut: Fleecerøyret la eg inni sokken med retta på fleecen mot retta på innerstoffet. Sydde rundt (fleecen blir litt breiare enn indre diameter på sokken, men det får ein jobbe til og jevne ut medan ein syr). Bretta fleecen ut, bretta nedre kanten innunder. Sidan verken fleece eller velour raknar, treng ein ikkje kante den frie enden.

Så var sokken ferdig! (I allefall ferdig til å fyllast :-) Eg blei riktig så fornøgd med desse sokkane!

Pynten er vinyl kjøpt hjå Sydilla, klipt ut på Silhouette Portrait, og deretter stryke på med strykejern. Motiv kjøpt på Silhouette America.

03.07.2014

Gode minne samla i eit teppe

Vi har ikkje baby i hus lenger, men “babyteppe” kan vi ha likevel! Dette teppet skal liggje framme i sofaen, og eg skal fryde meg med å sjå på det :-) Her er mange gode syminne samla, og fargar til å bli glad av. Etterkvart skal eg sy eit til, har eg tenkt, då av dei meir jentete stoffa. Gler meg!

Om laginga: Kvar rute er 15x15 cm. Eg prøvde meg med å sy ned saummonnen (dei vertikale saumane som såvidt kan skimtast), men det takla Coverproen dårleg, med masse dumme hoppesting som resultat. Neste teppe blir utan stikningar… På baksida av teppet er det velour (vanleg stretch-chenille frå Stoff og Stil), eg sydde dei to laga saman vrange mot vrange med overlocken før eg kanta med interlock i kantebandsapparatet på Coverproen. Stoffa er ulike bomulls-restar; jersey, interlock, velour og frotté.

Even though we don’t have babies in the house anymore, I enjoyed making this blanket for ourselves, for our sofa. The colours make me happy, and the fabrics bring good memories from five years of sewing! Each square is 15 x 15 cm, a mixture of single jersey, interlock, stretch terry and velour. (Stretch) velour at the back. I stitched the front and the back together wrong sides facing with the overlocker before binding with interlock, using the binder on the Coverpro. I plan to make ine more, then in girly colours!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...