21.02.2013

Den grønne tunikaen som blei ein rosa tunika

DSC_1184 copy

DSC_1162

DSC_1161

DSC_1183kvit

Brukar du å ha detaljerte planar for kva du skal sy –ein eller annan gong i framtida? Eg brukar ikkje ha særleg mange slike, men denne tunikaen var ein slik plan. Ein grønn tunika i eit Knippie-blad kjøpt inn i 2010, saman med eit grønt stoff, det samme som i bladet. Grønn campan til å kante med, hadde eg også kjøpt, akkurat som i bladet. Nå skulle eg sy bursdagsgåve til eit fadderbarn, og eg  tenkte at “yes, nå skal den endeleg syast!”. Men, kvar var stoffet?? Hmmm, det byrja å demre, jo, stemmer vel det, eg gav opp det prosjektet i fjor ein gong. Stoffet har blitt til andre plagg… Men kanskje like greitt, då kunne eg helle bruke dette rosa stoffet, som er samme stoff berre eit annan fargesdesign. Det låg der og venta på det perfekte prosjektet. Her var det!

Mønster: Knippie. På tysk, ei skikkeleg utfordring, og eg var ikkje så reint lite fornøgd då eg var ferdig!
Stoff: Stretch-isoli, kanta med jersey, begge stoff frå Hilco, kjøpt hjå Mineti.de.

16.02.2013

Genserar med “pyntestolpe”

DSC_0012 DSC_0011

Eg har blitt meir og meir glad i tynne bomullsgenserar. Nå om vinteren kan ein ha dei utanpå ein ull-undertøysgenser med ein ermelaus kjole oppå. Eller innanfor ull-undertøyet, for det barnet som synest ulltrøya klør. Og så kan genseren brukast til våren og sommaren også. Supert! Forrige innlegg forklarar korleis eg sydde pyntestolpane.

DSC_1264k DSC_1268

Mønster: Eige. I begge genserane har eg brukt hovudstoffet rundt handledda i staden for ribb. Eg har klipt mansjetten 1,5-2 cm vidare enn ribb-mønsteret, sidan desse stoffa ikkje er like tøyelege som ribb (interlocken er nok det, men ikkje jerseyen)
Stoff og tilbehør: Rosa jersey frå ?? (JNY?). REtro-blomstra jersey frå Stofstedet.dk. Naturkvit ribb frå Stoff og Stil. Lilla bambusinterlock frå Strömming Design. Det mørkelilla stoffet i stolpe og kant er ribb frå Stoff og Stil. Lilla knapp frå Textart.no.

Korleis eg har sydd på “pyntestolpe”/decor patch

Eg dekorerte for litt sidan ein genser ved å klippe ein splitt i halsen og sy på ein lapp. Liknande slik ein syr ein knappestolpe, men enklare. Berre eitt lag stoff og altså berre for dekoren sin del. Eg synest det blei ein fin detalj, og fekk samme tilbakemelding frå fleire. Og så var det nokon som spurte om nærare forklaring på korleis eg har gjort det. Og det forklarar eg gjerne, det blei rett og slett eit fint høve til å sy tre plagg til med liknande pynt!

English: Recently I made a sweather with an “integrated decor patch” (I’m not sure what to call it…), and here I will excplain how I made it.  Short english comments under the pictures below.

Her er ein av dei tre pyntestolpane eg har sydd (kom gjerne med forslag til betre namn):

Korleis sy "pynteplitt"

DEN KJEMPEKORTE VERSJONEN (the very short version. Sorry, no english here):

OK, før eg forklarar korleis eg har sydd pyntestolpen: Måten eg har gjort det på er ganske omstendeleg, for å få eit finast mogleg resultat. Sånt passar meg. Men eg veit at det finst mange flotte menneske som får makk aldeles når linjer og vinklar skal vere rette, og heller vil bruke tida si på andre ting. Og for dei kjem det ein kort-versjon her :-)

-Strykeinnlegg bakpå genserstoff og bakpå pyntelapp
-Klippe nedover midt framme på genseren, men la det vere att saummonn innanfor sylinja (sjå bilete). Skrå hakk i saummonnen.
-Sy lappen på, sjølv sydde eg botnen fyrst, saum frå det eine “oppklipte hjørnet” til det andre. Sidene etterpå, kan godt hende omvendt rekkjefylgje går vel så greitt.
-Stikning langs kanten til slutt.

SÅ, HER KJEM DEN FULLSTENDIGE VERSJONEN:

Eg har teikna strykeinnleggslapp (sjå bilete under) både til genserstoff og pyntestoff. Eg endte opp med å lage maler i papp. Den midterste respresenterer pyntelappens ferdige storleik. Den smale malen er to cm smalare; 1 cm saummonn på kvar side. Den breie malen er to cm breiare enn pyntelappen; også her 1 cm på kvar side. Den mellomste malen er 3,5 cm, men du brukar den breidda du vil. Høgda har eg ikkje bestemt på førehand. Hugs å markere midten på lappen.

My patches are 3.5 cm wide, but you choose size yourself. Take a look at the picture below, and remember to mark center front.

Klipper ut lappane
(Cut around the patches)
Markerer midten med ein brett (marking center front with a fold)
Klippe til toppen før du stryker på. Pass på at lappen på genserstoffet ikkje blir lengre enn lappen på pyntestoffet. (Cutting top) Stryk lappen fast (samanlikn midt-merket på lappen med brette-kanten i stoffet).
(Ironing along center front)
Stryk strykeinnlegg på pyntelapp.
(Ironing patch)
Klipp til pyntelapp (bilete frå ein annan genser). Toppen treng ikkje klippast til ennå.
(Cutting around patch. No need to cut the top yet.)

Strykeinnlegg ferdig stryke på genserstoff og pyntelapp. (This is how it look at this point)

Klipp ut (cut) DSC_1258Klipp skrå hakk i saummonnen på genserstoffet
(diagonal cuts in seam allowance, down to corner)

DSC_1240strek

På mine pyntesplittar har eg sydd tverrsaumen nederst fyrst.
(Sew bottom seam)
Etterpå har eg nåla begge sidene (sjå dei neste bileta)
(Pin both sides, see pictures below)
Sjekke at lappen er nåla i rett høgde på begge sider (pil). Det er lettare å samanlikne sidene når lappen er i stripete stoff.
(Before you sew, check for symmetry at the top(arrow))
Sjekk nr to; hjørnet på pyntelappen dannar ein trekant. (Another check: decor patch should make a triangle)

Så er det berre å sy sidene langs strekane, og presse saumane. Deretter sy stikning og kutte toppen av pyntelappen:

Kutt til toppen av lappen. (trim top) Sewing av "integrated" decor patchStikning (top stitch)

Heilt til slutt har eg klipt ned saummonnen (med rullekniv). (Trimming seam allowances with troller knife)

Ferdig til kanting og montering av genser! Ein sniktitt på ferdige genserar:

DSC_0011 DSC_1268

Raudt og rosa til meg sjølv

Eg diggar denne fargekombinasjonen (sjåast betre på bileta lenger nede)!

DSC_1272kbak DSC_1270kvit

Toppen til venstre er sydd av eit Onion-mønster på ein topp som er heilt enkel i snittet, utan innsnitt. Grunnen til at eg sydde den med berestykke delt på midten var rett og slett at eg ikkje hadde nok stoff til å ha heile framstykket i eitt stykke.

DSC_0014bak DSC_0019bak
DSC_0017 DSC_0020

Knappestolpen på toppen til venstre er ikkje open i toppen, utringinga er allereie stor nok til å kome over hovudet til ein hest… Pyntestolpen på toppen til høgre kjem det forklaring på i neste innlegg.

Mønster:
Toppen til venstre: Onion 5022. Dette mønsteret er utgått, men om ein berre skal ha korte ermar som her, vil eg tru at ein enkelt kan endre frå eit mønster på ein vanleg topp.  Slik, til dømes:

DSC_0019strekar2

Om ein teiknar av dette på både framsida og baksida, kan ein leggje skulderdel på framstykke inntil skulderdel på bakside for å lage éin mønsterdel for skuldra. Etter at eg hadde sydd på ermane, som altså ikkje når heilt ned til armhola, klipte eg ned saummonnen nederst der det mangla erme, før eg kanta med ribb.

Mønsteret på toppen til høgre er eit klassisk mønster på ein jersey-topp, teikna etter boka til Aldrich. Men det er sydd i str. 36 i staden for 40, som eg vanlegvis brukar. Dette vil heilt sikkert fungere fint til interlock, men blei bittelitt smalt til jersey. Str. 38 neste gong… Eg har korta inn ermane litt, tenkte det ville gje liknande stil som raglan-toppen. Men det funka ikkje heilt slik, ermeavslutninga er for vertikal til å få slike skrå ermar som på raglan-toppen.

Konklusjonen er at raglantoppen er finast  når eg skal ha ein topp med korte ermar (til meg i allefall.) Men om eg derimot skal ha lange ermar, passar ikkje raglan-ermar meg så godt (skuldrene blir altfor runde), då vil eg heller ha vanlege ermar (“set-in sleeves”).

Stoff og tilbehør:
Den stripete jerseyen er enten frå Stoff og Stuff, eller så er det Campante frå Hilco. Eple-jerseyen er kjøpt i Danmark, finst hjå mange butikkar der, og i Sverige hjå Jofotex. Er det Jofotex som har fått det trykt opp, tru? Raud ribb frå Stoff og Stil. Knappar frå Textart.

08.02.2013

Endå ein prikkete kjole

DSC_1168kvit

Då eg sydde “Dansande solsikke”-kjolen, sa fireåringen “eg har lyst på kjole i dette stoffet, mamma!” og peika på den rosa varianten av stoffet ho har kjole i frå før (her). Mønsteret var uansett framme, så kvifor ikkje ein kjole til?

DSC_1169

Cirkus-jerseyen frå Gekko (i berestykket) har vist seg å vere eit stoff brukande til mykje. Eg vann gåvekort hjå Gekko ein gong, og då ho var utselt for stoffet eg eigentleg hadde lyst på, valte eg dette. Det er eg glad for. Dekoren midt på berestykket er eit pynteband som kom med i eit pakke pynteband eg vann ein annan gong, premien levert av leanne.no. Eg hadde lenge inga aning om kva eg kunne bruke bandet til, men plutseleg passa det perfekt, her på denne kjolen!DSC_1171b

Monteringsteknikken har potensiale for å bli betre, men alt i alt synest eg det blei ein artig detalj. Bandet er sydd på steg for steg med ein sylinder under bandet under påsying. Eg har ein veldig djup snorfot, men ein vanleg blyant som sylinderform var for tykk til å få under syfoten. Enden av ein målepensel var smal nok, og blei brukt, men den hadde ikkje jevn diameter. Blant anna derfor blei ikkje bølgene like, slik intensjonen var.

Mønster: Eige
Stoff: Prikkete jersey frå Textart.no. Jersey med ringar/prikkar frå Gekkoshop.no. Ribb frå Stoff og Stil til kanting. Band frå Leanne.no.

“Pillowcase-bukse”

Eg sydde ein “Pillowcase-kjole” etter eit Onion-mønster for litt sidan. I samme mappa var det også mønster på bukse i samme stil. Eg måtte prøve meg på det også:

DSC_1187kvit

DSC_1186kvit

Buksebeina blei altfor lange, så dei er sydd opp med faldar på innsida. Så er det berre å sprette opp ettersom barnet veks. Eg er redd stoffet ikkje tåler så høg belastning på knea, så eg sydde på lappar i velour. Velour tåler mykje slitasje, er erfaringa her i huset! Eg klipte buksa ei vekes tid før eg sydde den. Slike opphald mellom klipping/planlegging og sying alltid litt skummelt, og her gløymde eg å sy knapphol til knytebanda. Dermed blei det knyting på skuldrane i stadenfor. Men det funkar jo fint det også.

Mønster: Onion
Stoff: Vevd bomullsstoff kjøpt i ein liten stoffbutikk ganske langt sør på Jylland.

Når ein sender to gjester til samme bursdag…

…sender ein med to gåver også. Og barna har sjølv bestemt kva dei skulle gje; den eine ville gje bukse i racerbil-stoff, og den andre ville gje genser :-) Her er settet dei hadde med seg:

DSC_1206kbak

DSC_1207kvit

Kameraet mitt klarer ikkje gjengi turkis, men tøyet er altså i turkis og komgeblått. Eg prøva ut ein (for meg) ny måte å dekorere på; ved å sy på ein lapp i halsen. Eg teikna to like rektanglar på to strykeinnlegg-lappar, la til 1 cm saummonn på begge. Strauk på baksida av genseren og baksida av det stripete stoffet. Klipte skrå hakk i hjørna på saummonnen på genseren og sydde lappen på.

Mønster: Eige, str. 5 år
Stoff: Velour med racerbilar frå Fabelblå.no. Genseren er sydd av ribb frå Stoff og Stil, samme ribb som på buksa. Stripete ribb kjøpt i Danmark.

Blomstrete skjørt i jersey

Eg bladde gjennom nokre mønsterblad her om dagen, og fann dette skjørtet i eit Ottobre-blad. Det er laga av berre rektanglar. Veldig enkelt, og blei veldig fint!

DSC_1192kvit

-Dei to nederste kappene er sydd saman og rynka i éin operasjon, ved hjelp av gjennomsiktig strikk(om det var slik ein eigentleg skulle gjere det, veit eg ikkje, men dette funka i allefall fint). I livet er strikket sydd på på vranga med overlock fyrst, deretter bretta mot vranga og sydd over med coverstitch.

Mønster: Ottobre 1/2011, str. 110
Stoff: Ixat. 2,5 cm breitt strikk frå Stoff og Stil. Gjennomstiktig strikk frå Stoff og Stil.

Bursdagskjole

Til ei jente i barnehagen som fylte år her om dagen. Dette stoffet er så tøft, og eg diggar fargekombinasjonen rosa og raud. (Fotografert i kveldsmørket, så fargane på biletet er nok ikkje optimale). Denne kjolen er forresten kanta på overlocken, ikkje coverstitch-maskina.

DSC_1157kvit

Mønster: Eige
Stoff: Fabelblå.no, ribb frå Stoff og Stil.

DSC_1157

Tillegg 9/2: Eg legg ved eit bilete med høgare oppløysing av kantinga.

Romantisk retro?

DSC_1212kbak

Eg har eit Onion-mønster på ein topp som er meint å bli sydd i fast stoff, og som er som ei slags bondebluse med korsettaktig liv. Eg tenkte å prøve med på blusa i jerseystoff. Så mange romantiske stoff i jersey har eg ikkje, men retrostoff kan vel duge dei også?

Toppen er i heilt kvite stoff, noko eg ikkje klarte å få fram på kveldsfotografiet over her. Toppen fotografert i dagsljos:

DSC_1179

Mønster: Utgangspunkt i Onion 5018
Stoff: Kvit jersey frå Fabric.com, Cirkus-jersey frå Gekkoshop.no, ribbestrikka, nokså tykk jersey kjkøpt hjå Rainbow tekstil i Oslo. Kanta med interlock frå Fabric.com. Toppen er rynka i halsen, ermane og i empire-livet med gjennomsiktig strikk kjøpt hjå Stoff og Stil.

07.02.2013

På karneval med Svampebob

DSC_1200bk kvitFor lenge sidan fekk eg ei pakke i posten med eit format på pappesken som minte meg om Svampebob. Eg kommenterte til dei to eldste barna at “den kan vi bruke til å lage Svampebob-kostyme av ein gong!”. Tida gjekk, og mor gløymte det heile. Men barna gløymer ikkje slikt, veit du! Så Svampebob-kostyme har det blitt, og det har vore riktig gøy også. Det var to svært stolte barn som kom til barnehagen i dag tidleg, ja, du kan rekne med mor også i den stolte gjengen. Er ikkje jenta fin?

DSC_1202kvit

Slik er kostymet laga:

Etter å ha sydd gult trekk til pappesken med hol til armar og hovud, kledde eg på pappesken, bretta inn nedst og tapa fast stoffet på innsida. Eg har brukt vliesofix til å feste stofflappar til fjes og hol i svamen, men har ikkje sydd dei fast. Eg brukte sjølve pappesken som strykebrett. Teikna rundt med tusj til slutt.  I ein kvardag der ting i hovudsak blir gjort grundig og tinga skal vare lenge, er karnevalsprosjekta herleg frigjerande, med eit høve til å gjere ting “fort og gæli”. Utan å teikne nøyaktige mønster og feste alle trådendar. Kostymet skal jo berre brukast eit par gonger, og ikkje treng det tåle vaskemaskin! Då eg var ferdig oppdaga eg at eg hadde sett augene for tett inntil kvarandre, og perfeksjonisten i meg fekk blei freista til å setje dei på på nytt. Men eg lot vere. Kostymet var jo allereie godt nok i massevis!

Mønster: Leggje pappesken ned på stoffet og klippe i veg. Men fjeset teikna eg skisse av på eit papir før eg teikna på vliesofix-papiret… Buksa har eg forresten brukt eit mønster til, eit guttebuksemønster eg hadde liggande.

Stoff: Eg samla saman det gule stoffet eg hadde på lager. Toppen av svampebob er av ribb frå Stoff og Stil, medan ribben i opningane er frå Hilco. Sidene er av interlock. Tightsen er av jersey, JNY, kanskje? Bomull alt saman, i allefall. Alle påklistra lappar er av ribb frå Stoff og Stil eller Fabric.com. Takk til Lykkedragen.no for finfin pappeske!

06.02.2013

Dansande solsikke!

DSC_1174

DSC_1172kvit

Siste veka har eg fått masse sylyst, og overskot til å sy. Kva som er høna og kva som er egget, er ikkje godt å seie, men eg stortrivst med å sy, i allefall! Både fordi det er moro å skape noko, men også fordi saumen er rekreasjon for meg.

Eg fekk lyst til å prøve meg på ein ny type dekor, nemleg å sy på ein lapp med rysjekant rundt.  Og eg blei godt fornøgd. I korte trekk har eg gjort slik: Bretta ein strimmel av fast stoff dobbelt, og rynka den med gjennomsiktig strikk. Klipte ut ein sirkel av samme stoff som kjolestoffet, sydde på strimmelen langs kanten, rette mot rette. Bretta saummonnen mot vranga og sydde lappen på kjolen, etter at snora/”stilken” var sydd på kjolen. Det er riveinnlegg på baksida av kjolestoffet både bak blomst og stilk, elles strekker stoffet seg under påsying (elastisk stoff). Til slutt sydde eg på sløyfa av snor, oppå saumen eg sydde for å feste sirkelen. NB: Eg brukar snorfot, som har plass til snora under foten.

Mønster: Eige
Stoff og tilbehør: Prikkete isolo med stretch frå Hilco (Mineti.de). Blomstrete bomullsstoff og ribb frå Stoff og Stil. Anorakksnor og gjennomsiktig strikk frå Stoff og Stil.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...