08.02.2013

Bursdagskjole

Til ei jente i barnehagen som fylte år her om dagen. Dette stoffet er så tøft, og eg diggar fargekombinasjonen rosa og raud. (Fotografert i kveldsmørket, så fargane på biletet er nok ikkje optimale). Denne kjolen er forresten kanta på overlocken, ikkje coverstitch-maskina.

DSC_1157kvit

Mønster: Eige
Stoff: Fabelblå.no, ribb frå Stoff og Stil.

DSC_1157

Tillegg 9/2: Eg legg ved eit bilete med høgare oppløysing av kantinga.

2 kommentarer:

  1. Du er altså så produktiv...inspirerende!
    Men - hvordan kanter du med overlocken? Nå ble jeg nysgjerrig.

    SvarSlett
  2. Så moro å vere til inspirasjon! Eg har rett og slett kanta halsen slik eg kantar t-skjorter på tradisjonell måte, men litt smalare kant (eg brukte remsene som var klipt for kantebandsapparatet, klippebreidde 38 mm). Måle til ei remse lengdemessig, sy endane saman til ein ring, brette på langs og sy rette mot rette, og så vidare. Grunnen til at eg gjorde det, var at eg gløymde meg og sydde begge skuldersaumane før eg kanta halsen med kantabandsapparatet. I staden for å sprette opp den eine skuldersaumen, sydde eg altså med overlocken i staden for. I halsen sydde eg ei stikning slik at kanten skulle ligge rett retning. Brukte då "elastisk rettsaum" på symaskina, den som ser ut som eit lyn. På ermane meiner eg at eg ikkje sydde remsa til ein sirkel fyrst, men bretta og sydde rette mot rette før eg sydde sidesaumane på kjolen. Det er enklare, og skøyten treng ikkje vere like fin i armhola som i nakken. Eg har brukt cover-maskina til å leggje opp nedst, så maskina stod ikkje heilt ubrukt. Men her finst det jo fleire alternativ med symaskin og overlock, om ein ikkje har cover :-)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...