21.11.2012

Veloursett str. 1,5 år

Når eg er vant til å sy mykje klede til barna, er det akkurat som eg ikkje hugsar korleis det er å gå i ein butikk og handle klede til dei. Eg kjem liksom ikkje på at det går an å kjøpe. Og om eg kjem på det, blir eg gåande i butikken og tenkje “men ein sånn genser med enkelt snitt kan eg jo heller sy sjølv, eg har jo masse stoff som passar akkurat”. Så blir eg lei av å gå i butikk med ein gong og går heim. Dette høyrest sikkert sært ut for dei som ikkje syr masse klede, men kanskje nokon av dei som syr til eigne barn kjenner seg att? (Eller så er det berre eg som er sær, hehe ;-)

Men, som eg veit at eg ikkje er aleine om; å finne tid til å sy alt ein har lyst til, er ikkje så enkelt det heller. Barna veks fortare enn eg klarer å hengje med. Men litt nytt får dei. Dette settet til minstejenta var ferdig for litt sidan, str. 86:

Buksa bak:

Mønster: Eige
Stoff: Velour med skyer frå JNYDesign, (kjøpt hjå tidlegare Cetho/CitronE). Prikkete velour frå Stofstedet.dk. Ribb frå Stoff og Stil.

Og så eit lite Photoshop-tips (eg kan lite om photoshop, men eg har lært dette på nett ein gong, og syntest det funka bra):

Buksa er fotografert mot kvit bordplate, men kompaktkameraet taklar veldig dårleg at det er lite ljos i rommet. For å lysne biletet på ein veldig kjapp måte, har eg gått inn på (Photohsop Elements 10) “Enhance” på menylinja øvst, vidare på “adjust lighting”, deretter “Levels”.

Då kjem det opp eit diagram, og eg lysnar bakgrunnen ved å dra den kvite markøren mot venstre (markert med raudt).

Korleis lysne kvit bakgrunn i photoshop elements 10

19.11.2012

Tør eg gje meg ut på dette?

Hekle jakke til fireåringen:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Då eg byrja å hekle for oppunder eit år sidan, kjøpte eg inn bomullsgarn på salg på Spar Kjøp. Herlege fargar som eg har kosa meg med å sjå på i hylla i stova, medan eg har spekulert på kva eg skal bruke det til. Tenkt og tenkt. Litt tykt og stivt garn, og eg har lyst til å hekle klede. Ikkje så lett kombinasjon.

Her om dagen meldte eg meg inn på Ravelry.com,  wow, der inne var det masse fint av hekla og strikka ting, og masse oppskrifter! Etter å ha surfa rundt der inne og samla inspirasjon, fekk eg ein idé om å hekle jakke/sommarkåpe til fireåringen. Vertikale striper i mange fargar. Skal prøve å bruke opp det garnet eg har. Men lurar veldig på om det blir veldig hippie-aktig, om eg i det heile tatt klarer å få ein ok fasong på plagget?Tynne striper, tykke striper? Kva for fargar saman? Det lurar eg på.

I forgårs laga eg ei skisse på jakka:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I tillegg kjem armar og krage. Kragen skal vere nokså stor,  slik at den brettar seg utover, tenkte eg. Eg skal byrje å hekle opp og ned frå sidesaum og innover mot midten. Fastmasker øvst og halvstavar nedover så det blir litt vifteform. Har eg tenkt, i allefall, men eg veit ikkje heilt korleis eg skal få jevn utviding av “skjørtet”. La overgangen mellom fastmasker og halvstavar på dei ulike radene kome i ulike nivå? Nokon som har tips?

Barnegenser med barnekunstverk

Kanskje de hugsar Ridder Mikkel-kjolen eg sydde for litt sidan? Mikkel skulle eigentleg få plass på ein marineblå genser. Men etter at genseren var ferdigklipt, takka mottakaren nei til Ridder Mikkel. Så eg sydde genseren og tenkte at den fekk få nokon annan dekor etterkvart. Og nå har den fått det! Eg diggar gutungens mange teikningar, og spurte om han ville ha ei av teikningane sine på den blå genseren. Det ville han gjerne, og denne teikninga har han laga for at eg skulle overføre den på genseren. Blei det ikkje tøft?!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

På lager hadde eg fargestifter/feittstifter for tekstilar, men det passa dårleg; uskarpt avgrensa, svakt metta strek. Så hadde eg tekstilmåling, men det eignar seg dårleg til strekteikningar. Til slutt var det denne “Pearl touch”-pennen, då, som eg hadde kjøpt på salg ein gong i tida. I praksis fungerer den som å dekorere ei kake med pynte-gele eller halv-tykk melis-glasur. Når det tørkar blir det som ein bittelitt klissete gummitråd på tøyet, og det er framleis litt “sticky” nå etter at eg har fiksert det med strykejern. Det blir spennande å sjå korleis det held seg i vask, eg har aldri prøvd dette før.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Gutungen teikna altså på eit papir, og så teikna eg det over på genseren etterpå. Deretter har det tørka i minst 12 timar, og til slutt fiksert med strykejern.

Stoff: Tynn isoli og ribb frå Stoff og Stil

14.11.2012

Å vrangsy

Å vrangsy er vanskeleg. Det typiske for min del er at dei gongene eg tenkjer meg fram til korleis det skal vere, går det galt, og eg må sprette opp att. Ergerleg... Men om eg brukar hendene til å finne ut kva for stoff-kantar og -sider som skal syast saman, går det mykje betre.

I dag sydde eg ferdig ein fôra genser, og då tok eg like godt nokre bilete av det siste trinnet i vrangsyinga, syinga av den nederste kanten. Om du skal sy ei jakke med fôr og du har montert både jakke og fôr, som så skal syast saman i erma, blir prinsippet det samme som på bileta her.

Utgangspunktet er gjerne eit halvvegs ferdig sydd plagg som ligg litt hulter til bulter før ein skal finne ut kva for kantar som syast saman. Start med å leggje plagget slik ytterstoff og fôr vil liggje når plagget er ferdig:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Finn fram vendeopninga du har spart i ein saum, typisk sidesaum i fôret:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Før handa di inn i vendeopninga, mellom ytterstoff og fôr:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ta tak i stoffkant på ytterstoff og fôr, og brett dei innover mot handa di, så dei blir liggande rette mot rette mellom fingrane dine:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Hald stoffa godt fast mellom fingrane dine medan du drar handa tilbake og ut gjennom vrengeopninga:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ikkje slepp taket før du har sett i ei knappenål!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Nå er det klart til å vrenge genseren til, slik at du får lettast mogleg tilgang til å sy.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Finn deretter fram plassen med knappenål. Så lenge du fortset å leggje stoffa mot kvarandre på samme måte som knappenåla viser, kontinuerleg rundt heile, er du trygg på at vrangsyinga skal gå bra. Så er det berre å sy, og deretter vrenge tilbake!

 

Den aktuelle genseren:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Fyrst av alt: Denne genseren er sydd med eit mellomlag, altså tilsaman tre lag. Tenk deg nøye om før du finn på noko slikt, det skal i allefall eg gjere! (tungvinte greier, og lett å leggje gale stoffsider mot kvarandre)

Det finst fleire måtar å vrangsy erme på. Ein kan enten sy ermane saman til sylindrar før ein monterer erme-enden på ytterfor saman med erme-enden på fôr, etter prinsippet over. Eller, som eg har gjort her, kan ein montere erme-endane til kvarandre fyrst, og sy det saman til ein kontinuerleg sylinder etterpå.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Slik monterte eg heile genseren (vi latar som eg berre har to stofflag, og ikkje dette mellomlaget):
1. Skuldersaumar på ytterstoff og skuldersaumar på fôr
2. Halsribb
3. Ribb på erma: Fyrst den eine ribb-langsida på fôret. Deretter fylgde eg samme prinsipp som over for å sy den andre ribb-langsida til ytterstoff: Leggje heile genseren slik den skal vere ferdigmontert, for så å brette til ytterstoff og ribb rette mot rette, halde godt tak, vrenge og sy.
4. Sydde så i eitt sidesaum ytterstoff, erme ytterstoff, erme fôr og sidesaum fôr på den eine sida
5. Vendeopning i den andre sidesaumen: Sydde ca nedre tredjedel av sidesaumen i fôret. Hoppa over ca midtre tredjedel, og sydde deretter øvre tredjedel av fôrets sidesaum, kontinuerleg vidare til erme på fôr og ytterstoff, og sidesaum ytterstoff, som på andre sida.
6. Nedre kant som forklart lenger oppe.
7: Lukka vendeopninga
(I tillegg til laga eg nokre festepunkt mellom fôr og ytterstoff her og der).

Mønster: Eige
Stoff: Jersey med ville dyr, designa av Johanna Ahlard (kjøpt av tidlegare Cetho/CitronE Design). Mellomlag av ullinterlock frå Kølkær i Herning*. Tynn bomullsinterlock med paraplyar, kjøpt på Etsy. Ribb frå Stof og Stil (halsen ser litt herja ut, den blei sydd på to gonger, hehe…)

*heile greia med desse tre laga var at ull-interlocken er altfor stikkete, sjølv om det stod på rullen at den var meint til undertøy. Så derfor tenkte eg at eg skulle pakke den inn…

08.11.2012

Hovudomkrins på norske barn

Hovudomkrinsen på barn varierer veldig, både mellom kjønn og mellom ulike individ av samme kjønn. Det gjer det ikkje så lett for oss som skal sy luer til barn vi veit alder på, men ikkje kjenner hovudomkrinsen til. Kva for ein storleik skal vi velje? Og motsett, når ein står i butikken og les av storleiken “50”, kva for alder svarar det eigentleg til? I dag har eg brukt masse tid på å lese percentilskjema, og tenkte at eg skulle lage nokre ryddige tabellar over storleikar i høve til alder. Men, eg fann ut at variasjonen er altfor stor, det blei ingen tabell som var god nok. I stadenfor har eg laga ein tabell over medianomkrins/50-percentil* og normalområde** for hovudomkrins for dei to kjønna.

HOVUDOMKRINS PÅ NORSKE BARN:
ALDER JENTER
50-percentil (normalområde i parantes). Alle mål i cm.
GUTAR
50-percentil (normalområde i parantes) Alle mål i cm.
Nyfødd 35,3 (32,9-37,7) 35,3 (32,8-37,9)
3 mnd 40,0 (37,6-42,4) 41,1 (38,7-43,5)
6 mnd 42,8 (40,6-45,1) 43,8 (41,6-46,1)
9 mnd 44,5 (42,3-46,7) 45,8 (43,7-48,0)
12 mnd 45,5 (43,5-47,7) 46,8 (44,7-49,0)
18 mnd 47,2 (45,0-49,5) 48,4 (46,2-50,5)
2 år 48,5 (46,2-50,7) 49,4 (47,2-51,6)
3 år 49,7 (47,3-52,0) 50,5 (48,2-52,1)
4 år 50,2 (47,8-52,6) 51,2 (48,8-53,6)
5 år 50,6 (48,2-53,0) 51,7 (49,2-53,9)
6 år 51,5 (48,8-54,2) 52,7 (50,2-55,7)
7 år 51,9 (49,5-54,5) 53,2 (50,6-55,7)
8 år 52,4 (49,8-54,8) 53,6 (50,8-56,6)
9 år 52,7 (50,0-55,3) 54,0 (51,2-56,9)
10 år 52,9 (50,2-55,7) 54,3 (51,3-57,2)

14 år

54,6 (51,6-57,2)

56,8 (52,8-58,8)
16 år 55,3 (52,0-57,6) 56,7 (53,8-59,2)

*Om 50-percentilen til treåringar er 49,7, tyder dette at halvparten av alle treåringar har hovudomkrins 49,7 cm eller mindre.
**Normalområde: Frå 3-percentil til 97-percentil, som cirka svarar til median +/- 2 standardavvik.

Kjelder:
Alder 0-5 år: Data frå vekststudien i Bergen 2007, kurvene er tilgjengelege her.
Alder 6 år og oppover: Helsestasjonskurver for Norge (“Percentilskjema-norske” på samme sida som det er linka til over)

Søkjeord: Hodeomkrets, huvudomkrets, head circumference children baby, infants, normal range, hovedomkreds børn

06.11.2012

Lue- og genser-testing

Å sy er å rekreasjon for meg i ein hektisk kvardag, så saumen er nokså høgt prioritert. Å teikne masse mønster slik eg gjorde i siste fødselspermisjon synest eg ikkje er verdt tidsbruken i forhold til det eine eksemplaret eg syr av mønsteret, men av og til klarer eg ikkje å la vere likevel. Denne gongen har det blitt eit par luemønster og ein lang genser/tunika.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA         OLYMPUS DIGITAL CAMERA         Ytterstoff: Nylon-poplin
Fôr: Ull-interlock

Fyrste lua blei for kort i nakken, og kanskje bittelitt trong, så eg laga ei nye med litt større vidde og høgde (mønstra lue). Lue nr. to sit fint på biletet, men er for lang i nakken, og dyttast derfor framover og ned i augene. Men den funkar om ein brettar den opp ein cm i panna.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA         OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

Tunikaen ho viser fram, er eit genser-mønster som er forlenga og ørlite grann utskrådd. Eg lurte på å lage jakke, men hadde ein del tykke, ikkje delbre glidelåsar eg tenkte eg kanskje kunne få brukt. Så eg forsøkte meg på å setje inn glidelås med opninga nedst i staden for øvst. Det blir ikkje noko rein jakke, men ein genser som blir litt lettare å få av og på. Det fungerer sånn passe, om glidelåsen er heilt att, får ho “glidelås-gravidmage” når ho set seg, så i praksis er glidelåsen tredjedels open heile tida.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

For spesielt interesserte i luemønster, og for meg sjølv, om eg skulle finne på å teikne endå eit luemønster:

Mønsteret er av samme type som mønsteret i dette innlegget.
Jentas hovudomkrins: 50 cm
Kvit lue: Både ytterstoff og fôr med vidde 52 cm. Fôret blei for slapt. Ytterstoffet eigentleg greitt, men ikkje så veldig mykje å gå på. Strikk sydd i bak, som tar inn att to cm i vidda på lua.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

På den neste lua er vidda på ytterstoffet 52,7 cm. I nakken tok eg inn ca 3 cm med strikk. Denne gongen laga eg litt mindre fôr (i microfleece), 49 cm i vidde, og 3 mm kortare i høgda enn ytterstoffet. Dette fungerte bra. Men største endringa frå lue nr. ein var at lue nr. to er litt høgare generelt sett, og at mønsteret baktil går rett bakover frå øyreflappen mot baksaumen, medan det fyrste mønsteret skrådde oppover frå øyreflapp til baksaum.

Neste gong då? Kva med: Vidde på ytterstoff 52,5 cm, høgde på mønster framme ved panna: 16,7 cm, ved øyret 21 cm, og bakerst 20,5 cm (alle mål loddrette frå nivå med spissane øvst på mønsteret). Fôr litt mindre, som på lue nr. 2.  Eg har eigentleg andre ting å gjere enn å sy fleire luer til ho som har to allereie. Nokon andre som har lyst til å prøve seg?

04.11.2012

Vottar utan tommel

OLYMPUS DIGITAL CAMERA         OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vottar til minstejenta! Eg klarte ikkje å tenkje ut ein enkel måte å lage vottar med tommel, så det blei vottar utan tommel (jenta er 15 mndr gamal, funkar det eigentleg utan tommel då? Eg får spørje barnehagen i morgon, ho har hatt vottane der ei veke eller to…). Saum-metoden eg har brukt, har eg lært hjå Little Svali.

Etterpå har Linda med denne bloggen vist korleis ho syr babyvottar, så om eg skal sy fleire vottar, skal eg prøve hennar metode :-)

Mønster: Eige
Materiale: Nylon-poplin og ull-interlock frå Stoff og Stil. Anorakk-snor frå Stoff og Stil. Merkelappen som er bretta rundt snora og sydd på, er interlock.

Fireårs-bursdag med vimpelrekkje i staden for ballongar

Det byrjar å bli ei stund sidan bursdagen til mellomste-jenta nå, det var til dette selskapet ho fekk Ridder Mikkel-kjolen. Etter selskapet har eg tenkt at eg skulle vise fram vimpelrekkja vi laga kvelden før selskapet, for den blei så frisk og fin:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det er moro å pynte litt til bursdagar, men eg er ikkje blant dei som brukar veldig mykje tid på det. Kvardagen er hektisk nok. Vimpelrekkja er laga på enklaste vis, og med rullekniv gjekk det radig.

Fyrst teikna eg eit vimpelmønster på ei papp-plate og skar den ut til ei mal:

vimpelmønster

Eg bretta stoffet dobbelt (med vranga inn) og la kortsida på vimpelmalen langs bretten. Kutta dei to langsidene. Sydde ein rettsaum parallelt med bretten, ein drøy cm ifrå. Pressa. Tredde vimplane inn på ei anorakksnor. Ferdig! I praksis hadde vi ein dugnad; medan eg sydde og pressa, klipte far ihuset trådar og tredde på snor. Sosialt også!

Mønster: Eige (ikkje veldig gjennomtenkt, altså, men fungerte bra)
Materiale: Diverse quiltestoff frå Etsy.com og Stoff og Stil. Tynnaste anorakksnor-typen frå Stoff og Stil.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...