Viser innlegg med etiketten Tekstiltrykk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tekstiltrykk. Vis alle innlegg

19.11.2012

Barnegenser med barnekunstverk

Kanskje de hugsar Ridder Mikkel-kjolen eg sydde for litt sidan? Mikkel skulle eigentleg få plass på ein marineblå genser. Men etter at genseren var ferdigklipt, takka mottakaren nei til Ridder Mikkel. Så eg sydde genseren og tenkte at den fekk få nokon annan dekor etterkvart. Og nå har den fått det! Eg diggar gutungens mange teikningar, og spurte om han ville ha ei av teikningane sine på den blå genseren. Det ville han gjerne, og denne teikninga har han laga for at eg skulle overføre den på genseren. Blei det ikkje tøft?!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

På lager hadde eg fargestifter/feittstifter for tekstilar, men det passa dårleg; uskarpt avgrensa, svakt metta strek. Så hadde eg tekstilmåling, men det eignar seg dårleg til strekteikningar. Til slutt var det denne “Pearl touch”-pennen, då, som eg hadde kjøpt på salg ein gong i tida. I praksis fungerer den som å dekorere ei kake med pynte-gele eller halv-tykk melis-glasur. Når det tørkar blir det som ein bittelitt klissete gummitråd på tøyet, og det er framleis litt “sticky” nå etter at eg har fiksert det med strykejern. Det blir spennande å sjå korleis det held seg i vask, eg har aldri prøvd dette før.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Gutungen teikna altså på eit papir, og så teikna eg det over på genseren etterpå. Deretter har det tørka i minst 12 timar, og til slutt fiksert med strykejern.

Stoff: Tynn isoli og ribb frå Stoff og Stil

30.06.2011

Bukse med ørnetrykk

IMG_9618

Gutungen på fire fekk lov å ønskje seg eit motiv på den nye buksa, og svaret var “hvithodehavørn, kongeørn og fiskeørn”. Puhh, litt av ei bestilling. Av desse tre er det kvithovudhavørna som er lettast å forenkle, så dét blei det.

Fjella teikna eg laust med ein blyant rett på stoffet og sydde deretter med rettsaum med tykk sytråd. Dessverre brukte eg bomullstråd (eigentleg meint til quilting), og den blei raskt slitt vekk på kneet.

IMG_9619

Ørna er måla på: Eg googla og fann eit passeleg bilete. Printa ut (kopipapir) og klipte ut ørna, men eg klipte ikkje ut yttarste fjørene på vingene og halefjørene. Deretter la eg sjablongen på stoffet og trykte på tekstilmålinga med ein liten svampbit frå kjøkkenskuffen. Fjørene på vinger og hale måla eg på med pensel etterpå. Strykefiksert til slutt etter instruks på pakka. Etter nokre vask har trykket blitt noko blassare, men held seg seg greitt nok.

IMG_9620

Buksemønsteret er sjølvteikna med hjelp frå Aldrich si bok “Metric Pattern Cutting for Children's Wear and Babywear: From Birth to 14 Years”

27.06.2011

2009/-10: Ottobre, større barn og vaksne

IMG_7785
Juni 130
September 069
September 070
September 072
Norgeskartet er applikert på (ribb frå Stoff og Stil. Sirklane (skisse av ei CT-maskin) er trykt med tekstilmåling, etter at teikninga på enkelt vis var klipt ut i kopipapir. (Kopipapir er nok langt ifrå det beste, men det funkar til eingongsbruk.)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...