Gravid/amme

Her har eg samla det meste mammatøyet og ammetøyet eg har laga, med korte kommenrar om korleis tøyet har fungert. Når denne sida opprettast (august 2012), har eg akkurat avslutta amminga, så eg kjem nok ikkje til å eksperimentere noko særleg med denne typen tøy i framtida. Men eg har rukke å prøve litt forskjellige design.

Nokon av innlegga har mønstertips inkludert, desse har blå tekst.

KLIKK PÅ BILETA for å kome til dei opprinnelege innlegga!

Denne tunikaen sydde eg tidleg i mi sykarriere, og den blei sydd for å gjevast bort. Den har både plass til gravidmage og opning i sidene for amming. Det blei aldri til at eg laga slik til meg sjølv seinare, sjølv om eg hadde veldig tru på konseptet. Grunnen var vel at det er nokså mykje arbeid å sy den når det skal vere glidelås i båe sidene, så eg orka liksom aldri å starte...

Forklaring på korleis tunikaen er laga i innlegget. Bildelinken går til tutorialen, for å sjå fleire bilete av tunikaen, kan du gå til innlegget om tunikaen rett nedanfor.




Denne tunikaen liknar den fyrste, også gitt bort.

Denne toppen var gull verdt då eg var høggravid sommarstid. Ulempen er at den ikkje passar når ein ikkje har stor mage, slik tunikaene over gjer. Inkl. forklaring på korleis eg teikna mønsteret utifrå mønsteret til ein vanleg topp.
Denne tightsen og ein til var veldig kjekke då eg hadde termin i august. Akkurat så god plass at det ikkje stramma over magen. Med tutorial på mønsterteikning og sying.
Denne er eigen, men ikkje så mykje brukt fordi kragen klør.










Denne kjolen har eg hatt stor glede av!

Denne har fungert greitt, men var litt formlaus rundt bysta (for vid under bysta).

Denne toppen har eg brukt mykje. Men den passar nok berre til folk som har relativ lita byste, for stoffet er ikkje så veldig tøyeleg, og dei overlappande bystestykka er flate.
Denne er ganske lik toppen over, men har fungert betre, sidan den er sydd i meir tøyeleg viscosejersey. Men passar nok likevel best til folk med lita byste.
Denne er lik toppen over. Gåve.

Denne blei, slik som toppen tre plassar opp, litt for stram, jerseyen var for lite tøyeleg. Men eg kjem til å fortsetje å bruke den etter eg har slutta å amme.


Toppen over er min klare favoritt ammemessig. Hadde den vore i fargar/mønster eg likte litt betre, hadde eg brukt den myyykje. (I innlegget til toppen over med grønne ermar, er det beskrive korleis eg har laga møsteret.) Stoff med god stretch, innsnitt under bysta slik at den er litt formsydd. I tillegg indre bryststykke som gjer at ein kan amme diskret. Toppen til venstre blei sydd som gåve. (Eg slit litt med å få teksten inntil rett bilete her...)





Denne toppen er sydd til ei venninne. 

Hmmm, framleis problem med å få teksten på rett plass... Dei to ermelause toppane over har begge fungert greitt. Mønster-skisser inkludert i innlegget om den nederste av dei to. Toppen til venstre, med sirklar på, fungerte dårleg. Viscosejersey er altfor mjukt til ein slik topp, stofflaga ligg ikkje på plass.






Den blå toppen/tunikaen er i og for seg ikkje noko ammetopp, men eg sydde den medan eg amma fordi den er såpass vid nederst at det er lett å lyfte nedre kant opp for å amme.
Denne toppen er sydd av velour, etter samme mønster som fleire av dei andre lenger oppe, utan innsnitt under bysta. Velour har altfor lite stretch, og den har ikkje blitt brukt. Kanskje eg skal take den fram att når eg er ferdig med å amme.




Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...