27.06.2011

Tutorial: Kantebandsfot/skråbandsfot for symaskin

Har du ein skråbandsfot som ser omtrent slik som dette ut, og som du slit med å bruke? Kanskje eg kan hjelpe deg. Sjølv har eg Pfaff, men har oppdaga at foten til Janome jubilee 85 er heilt lik, bortsett frå sjølve festet til maskina.
September 024
Stoff: Bomullslerret eller anna vevd stoff på samme eller mindre tykkelse. Tynn jersey kan gå, men er vanskeleg (sjå lenger nede). Tykkare jersey går dessverre ikkje (spar pengar til coverstitch-maskin med kantebandsapparat...)

 Klipp ei 24 mm brei remse. Klipp ein spiss i enden.
September 025

Før spissen på remsa inn i "den store renna", d.v.s. så langt til høgre på foten som det går an å tre eit stoff:
September 026

Bruk ei knappenål til å hjelpe remsa framover:
September 027

Slik ser det ut når remsa har kome gjennom foten:
September 028

Senk så trykkfoten. Sy nokre centimeter (til dømes fem-seks cm), til du ser at remsa brettar seg greitt, og saumen kjem på plass:
September 029

Legg stoffet inn i sporet/"den indre renna":September 030

Sy, medan du held stoffet inni sporet:September 031

Kanten blir 6 mm brei. På stinga til venstre på biletet har eg justert nåla nokre hakk til venstre, medan stinga til høgre på biletet er sydd med nåla i midtstilling (="default"):September 032

Jersey: Jersey må som sagt vere tynn for at det skal funke. Eg har sydd med to typar viskosejersey, der det gjekk fint med den tynnaste, medan eg sleit meir med den som var litt tykkare. Om du ikkje får det til, kan du prøve å brette den øvre delen av remsa bittelitt innover før du matar remsa inn i renna:
September 008

Slik fekk eg det ikkje til å fungere:
September 009


Søkjeord, bokmål: kantebåndsfot, skråbåndsfot

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...