Denne jakka synest eg fortener eit eige innlegg, sidan den blei så fargeglad og fin. Det er samme settet som det er bilete av til venstre i banneren.
Bylgjene er sydd på som “jersey-applikasjon” (tutorial til høgre på bloggen). Liknande er også velourskyene, men desse er sydd på med sikksakk sidan velour flossar seg litt meir opp i kantane.
Seglet på seilbåten er sydd separat og festa i enkelte punkt. Fiskelappen er sydd på med dongeritråd for å få ein tydeleg saum.
Dette var opprinneleg eit anorakkmønster som eg har gjort om til ei utskrådd jakke. Mønsteret er klipt opp både her og der før klipping av stoff…
Buksa er pynta med KAM-knappar (NB: knappane held seg ikkje blanke lenge om dei blir ståande på ein stad med ikkje altfor mykje friksjon).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!