Viser innlegg med etiketten Pynt med KAM. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pynt med KAM. Vis alle innlegg

23.03.2013

Jungelkjole

Mellomstejenta var i bursdag i forgårs, og til gåve ønskte ho at eg skulle sy ein kjole i “jungelstoffet”. Dette stoffet har vore veldig populært, og det var ikkje nok igjen til ein heil kjole. Men det var ikkje så ille, for eg synest det blir endå finare å mikse fleire stoff! Kanskje det er fleire enn meg som har hatt stor glede av dette stoffet?

DSC_0110k copy

Baksida:

DSC_0112 copy

Som detalj framme har eg sydd på eit vevd band, og sett på to KAM-knappar:

DSC_0115

Mønster: Eige, str. 4 år

Stoff: Velour designa av Johanna Ahlard, grønn velour frå Stoff og Stil. Ribb frå Stoff og Stil. Vevd band frå Leanne.no, KAM-knappar frå Lykkedragen.no.

20.08.2012

KAM

Sidan eg omorganiserer bloggen litt for tida, kjem det nokre “basic-innlegg”, dvs., eg har ikkje sydd noko nytt eg vil vise fram,  men skriv om eitt eller anna tema som eg synest er interessant innanfor saum. Fyrste innlegget er om KAM-knappar.
Eg diggar KAM-knappar! Og då er det knappane av plast eg snakkar om, eg har ikkje prøvd metallknappane. Les meir om KAM-knappar her.

Mange fordelar, dei eg likar best er:-masse glade fargar
-sit godt fast i tøyet
-kan brukast som dekor på tøy
-garantert nikkelfrie

Nokre ulemper også:
-Knappen er tykk
-Av og til er dei harde å få opp, og kan dra nokon stoff heilt ut av form når ein skal opne knappen, om ein ikkje stabiliserer stoffet før isetjing av knapp.

DSC_0347

Nokon har ei stor knappe-presse til å setje i knappar med, hittil har eg greidd med med knappetang. Eg har den nyaste versjonen, som det står “HG” på. Og så er det forresten berre str. 20-knappar eg har brukt.
Trykk-knappar veit folk kva er til, så det eg heller tenkte å vise, er nokre bilete der eg har brukt KAM-knappane til pynt. Det vil seie at eg set på ein halv knapp. Ein heil knapp består av cap+socket og cap+stud. Sidan socket-delen har buttare kantar enn stud’en, brukar eg socket bak cap’en når eg berre set på ein halv knapp.

IMG_8498
IMG_8487

Kjøpe KAM-knappar:
-Lykkedragen
-Ebay (søk på “KAM snaps”, evt. “KAM plier” (knappetang)
-kamsnaps.com

08.07.2012

Blå kjole med sneglar på

Treåringen skulle i bursdagsselskap for litt sidan, og på spørsmål om kva bursdagsbarnet på fire skulle få, svarte ho “kjole av det blå stoffet med sneglar på!”

DSC_0513kk

DSC_0511kkvit

Det må vi jo få til, tenkte eg, men då må det ikkje bli natt-kjole, tenkte eg. Heller ein kjole som er litt sporty i stilen. Og eg prøvde meg på ein ny vri i opplegg nedst på armane, med oppbrett.

DSC_0516kb

Oppbretten på armane blei laga slik: Eg klipte ermane litt lengre enn mønsteret tilsa:

DSC_0500

Før montering på kjolen, rulla eg dei opp:

DSC_0501

Deretter sydde eg ein vertikal saum over bretten der bandet skulle kome. Det er med andre ord ikkje mogleg å brette ned ermane. Monterte deretter på band med ein (halv) KAM-knapp, den delen av knappen som har avrunda inner-del. Sydde ermet på kjolen, og sydde ermesaum og sidesaum i eitt til slutt.

DSC_0512kk

Mønster og design (nitals-opning): Eige

Stoff og tilbehør: Sneglestoff frå Znok Design/Johanna Ahlard, prikkete jersey kjøpt hjå Textart.no. Band frå stoff og Stil. Blå KAM-knappar frå Lykkedragen.no eller Ebay. Lappar frå Minanamnband.se.

Enkelte stoff held ein liv i så lenge ein kan

Og eitt av desse stoffa er dette bil-frotté-stoffet. Etter å ha sydd fleire genserar tidlegare av samme stoff-stykke, er det ikkje lenger nok til ein heil genser. Men det er likevel nok til å ha med stoffet i eit plagg!

DSC_0520

DSC_0517kk

Genseren blei sydd som bursdagsgåve til ein gut som nyleg feira seksårsdagen sin.  KAM-knappane er utelukkande pynt, bortsett frå den nederste. Eg oppdaga nemleg at eg hadde bretta den stripete stoffremsa feil veg då eg la opp genseren. Då kan ein enten sprette opp og sy på nytt, eller ein kan berre la det vere, og så ser det litt rart ut. Eller ein kan spele på lag med feilen, og prøve å få det til å sjå litt fint ut på trass av den. Dette var eit forsøk på sistnemnte.

DSC_0519

Genseren er forresten prikkete på baksida.

DSC_0518

Mønster: Eige

Stoff: Frotté med bilar kjøpt hjå Textart.no. Stretch-isoli frå Hilco. Stripete jersey (“Campan”) frå Hilco. KAM-knappar frå Lykkedragen.no eller Ebay. Lime-grønn ribb frå stoff og Stil.

02.06.2012

Posebukse og poseshorts

Fleire plagg som står i blogge-kø: Eg sydde eit par posebukser i str. 4 år for ei vekes tid sidan, og når varmen kom for fullt, tenkte eg at eg skulle prøve å lage ein shorts frå samme mønsteret. Og slik blei den sjåande ut:

DSC_0209

DSC_0211

Som ein vri, sydde eg inn to legg i kvar side med eit anna stoff, og pynta med hjarte-KAM-knappar. Nedst laga eg løpegang med maljer der snora kjem ut. Og så fekk eg det for meg at snora i løpegangen skulle utgjerast av strikk i store delar av løpegangen. Truleg ikkje noko poeng sidan buksebeinet er så vidt likevel. Men i allefall, det blei nå strikk inni. Eg konsentrerte meg så mykje om dette at eg sydde feil fleire gonger, spretta opp og sydde, spretta og sydde, og på eit tidspunkt hadde eg lyst til å kaste heile greia i søpla! Men eg er glad for at eg ikkje gjorde det, for det blei bra til slutt. Då eg hadde sydd i bandet nesten ferdig i på eine sida, oppdaga eg at det ikkje var nok til båe sider, derfor ulike band. Ikkje snakk om at eg gadd å sprette opp at endå ein gong!!

Og her er ei av posebuksene som blei sydd ein dag eller to i forvegen, (den andre, ikkje fotografert, er ganske lik, men i samme stoff som shortsen):

DSC_0187

Mønster: Eige

Stoff: Stripete babycord frå lokal quiltebutikk, rosa hjartestoff kjøpt i ein tysk nettbutikk som selte ut restar. Kvit ribb frå Rainbow tekstil. Hjarteknappar frå butikk på Etsy, Lykkedragen.no har også. Band frå Stoff og Stil. Kvit og grå babycord frå Stofstedet.dk. Stripete ribb frå Stof2000.

02.03.2012

Forvalte sitt pund

For litt sidan fylte det eldste fadderbarnet vårt sju år, og i gåve fekk ho ein pengepung. Mest fordi det er ein ting som sju år gamle jenter gjerne synest er stas. Men også ved å gje henne ein fargeglad og munter pengepung, håpar vi at ho vil forvalte sine pengar med kjærleik og omtanke :-).

DSC_0624

DSC_0628

DSC_0629

Stoff/tilbehør:
-Fugle- og blomsterstoff frå Stoff og Stil. Tynn stripe Anna Maria Horner-stoff (rosa og brunt), samme stoff i reima. Turkise retro-blomar frå Stoff og Stil. Prikkar frå Stoff og Stil (?). Fôr frå Etsy.
-“S” sydd av jersey
-Raude KAM-knappar, runde og hjarte-forma, frå Lykkedragen.no
-Kvitt band inni lommeboka, med teksten “name”, frå Etsy
-Vevd sommarfuglband i reima, frå Farbenmix.de/leanne.no
-Bit av rosa, vevd band på framsida av lommeboka, også Farbenmix, trur eg (fått i gåve)

28.06.2011

Barnekjolar

IMG_8797
Denne kjolen har lommer som er sydd på stoffet, etter kanting med ribb. KAM-knappar til pynt.
Samme kjolen bak:
IMG_8798
Sky-velourstoffet er sydd med trippel-coversaum sydd frå baksida. Lappen blei fyrst festa med Hi-fix, og det blei sydd ein saum langs velourkanten for å tene som guide for coversaumen på baksida av stoffet. (Eg hugsar ikkje kvar for saum eg brukte, mogleg det var tråklesting som eg fjerna etterpå for å ikkje hindre stretchen i stoffet)
IMG_8799IMG_8819
Denne lomma blei laga slik: øvre kanten på lomma bretta ned og sydd med opp-ned-trippelcoversaum. Vevde band festa med Hi-fix og sydd på. Deretter kanting med ribb. Ribb-endane bretta ned på baksida, lomma sydd på.
Baksida av samme kjole:
IMG_8820
IMG_8800
IMG_8801
IMG_8803
Slik er blomen sydd: Oransje stoff festa med Hi-fix, riveinnlegg på baksida. Deretter er det sydd på anorakksnor rundt (spesial-syfot).
IMG_8804
IMG_8802
IMG_8795
IMG_8821
Dei to kjolane over har alminnelege applikasjonar, sydd på med vanlege applikasjonssting (spikarmatte sett frå sida).
IMG_8822
IMG_8818
Ein bit av eit vevd band frå www.farbenmix.de på brystet.IMG_8810
IMG_8808IMG_8874
Tunika i bondeskjortestil med forklekjole. Kanta med alminneleg skråband.
IMG_8813
IMG_8814

27.06.2011

2009/-10: Optimistjollejakka m/bukse

Denne jakka synest eg fortener eit eige innlegg, sidan den blei så fargeglad og fin. Det er samme settet som det er bilete av til venstre i banneren.
IMG_85871
IMG_8584
Bylgjene er  sydd på som “jersey-applikasjon” (tutorial til høgre på bloggen). Liknande er også velourskyene, men desse er sydd på med sikksakk sidan velour flossar seg litt meir opp i kantane.
seilbåtjakke 005
seilbåtjakke 007
 Seglet på seilbåten er sydd separat og festa i enkelte punkt.  Fiskelappen er sydd på med dongeritråd for å få ein tydeleg saum.
seilbåtjakke 008
Dette var opprinneleg eit anorakkmønster som eg har gjort om til ei utskrådd jakke. Mønsteret er klipt opp både her og der før klipping av stoff…

IMG_8438
Buksa er pynta med KAM-knappar (NB: knappane held seg ikkje blanke lenge om dei blir ståande på ein stad med ikkje altfor mykje friksjon).
IMG_8498
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...