Viser innlegg med etiketten Pynt med snor. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pynt med snor. Vis alle innlegg

06.02.2013

Dansande solsikke!

DSC_1174

DSC_1172kvit

Siste veka har eg fått masse sylyst, og overskot til å sy. Kva som er høna og kva som er egget, er ikkje godt å seie, men eg stortrivst med å sy, i allefall! Både fordi det er moro å skape noko, men også fordi saumen er rekreasjon for meg.

Eg fekk lyst til å prøve meg på ein ny type dekor, nemleg å sy på ein lapp med rysjekant rundt.  Og eg blei godt fornøgd. I korte trekk har eg gjort slik: Bretta ein strimmel av fast stoff dobbelt, og rynka den med gjennomsiktig strikk. Klipte ut ein sirkel av samme stoff som kjolestoffet, sydde på strimmelen langs kanten, rette mot rette. Bretta saummonnen mot vranga og sydde lappen på kjolen, etter at snora/”stilken” var sydd på kjolen. Det er riveinnlegg på baksida av kjolestoffet både bak blomst og stilk, elles strekker stoffet seg under påsying (elastisk stoff). Til slutt sydde eg på sløyfa av snor, oppå saumen eg sydde for å feste sirkelen. NB: Eg brukar snorfot, som har plass til snora under foten.

Mønster: Eige
Stoff og tilbehør: Prikkete isolo med stretch frå Hilco (Mineti.de). Blomstrete bomullsstoff og ribb frå Stoff og Stil. Anorakksnor og gjennomsiktig strikk frå Stoff og Stil.

20.08.2012

Å pynte med snor

Å sy på ei snor er veldig dekorativt, synest eg. Som kantstein mellom asfalt og grasplen, liksom. Og så kan ein lage strek-teikningar med snor. Eller pynte på andre måtar, berre fantasien set grenser, eignetleg. Eg likar godt å sy på anorakk-snor, men den er såpass tykk, at det blir trøblete å sy den på  med vanleg syfot. Men det finst mange syføttar som er laga for slikt. Til Pfaffen min har eg fleire, og eg har ein til overlocken også.
IMG_7419
Frå venstre på biletet:Perlefot (Pfaff) for store perler
Snorfot (Pfaff)
7/9-holsfot (Pfaff)
Perlefot (Huskylock)
IMG_7420
IMG_7421
Snorer eg har brukt:
-Tykk, lilla anorakksnor frå Stof2000, tykkare enn den tykkaste til Stoff og Stil. Går i begge perleføttene, men får ikkje plass i snorfoten.
-Naturkvit anorakksnor frå Stoff og Stil, tynnaste typen av dei to dei har. Passar fint i snorfoten.
-Moulinégarn: Passar fint i 7/9-holsfoten, men blir fort litt tynt om ein vil ha eit dekkande skikt av fleire trådar.
Her har eg prøvd meg:
IMG_7277 IMG_7283Her har eg brukt perlefoten til venstre på bileta over. Snora er sydd på med vanleg sikksakk.

IMG_7222
IMG_7226
Her har eg brukt snorfoten, den andre frå venstre på bileta. Sikksakk.
August 059 August 061Huskylockens perlefot (tretråds overlock-saum)
IMG_7394
IMG_7397
Huskylockens perlefot (tretråds overlock-saum)

Perlesnora er kjøpt hjå Panduro.no





7/9:holsfot: Denne prøvde eg med fleire moulinétrådar parallelt, og sydde i svingar. Blei ikkje bra, det sklei hit og dit. Ville kanskje blitt OK om saumen var rett og ikkje svingete?
Fleire døme på å pynte med snor:

DSC_0140
Bein på ein fugl… (Frå kjole i dette innlegget)
DSC_1062Her har eg sydd på moulinégarn i spiralen, eg trur ikkje eg brukte spesialfot for snor her, men heller open applikasjonsfot. Håret er også moulinégarn, som eg krølla saman litt og sydde over fram og tilbake, gjentok dette mange gonger. Fleire bilete her.
IMG_0021
Her har eg sydd på moulinégarn med sikksakk for å gje ein pyntekant (frå denne kjolen)
IMG_9031Snor kan bli stilken på ein blom… (Frå denne buksa)




08.08.2012

Onion 2035: Regnvêrskjole

Nå har eg sydd min fyrste 2035-kjole, etter det populære mønsteret Onion 2035! Og som fleire har sagt før meg: Dette mønsteret kjem eg til å sy av igjen (i skrivande stund har eg akkurat avslutta klippinga av ein topp etter mønsteret).

Fargane kjem dessverre ikkje fram godt nok, berestykket på kjolen er i ein intens, djup turkisfarge, men kameraet vil ha det til å bli enten blått eller “vanleg turkis”. Eg har stilt og stilt på kameraet, men ingenting funkar. I allefall, sånn cirka slik ser kjolen ut:

DSC_0271kb

Blåfargen i kjolen er også ein flott, djup nyanse. Under er det eit bilete av dekoren på brystet. Det pøsregnte då eg sydde kjolen, og dekoren blei inspirert av dét, hehe ;-)

DSC_0302

Skyene er ein lapp av frotté-stoff med skyer på, paraplyane kjem frå eit tynt interlock-stoff med trykte paraplyar på, og regndråpane var eg glad for å finne i pyntesaumutvalet på symaskina mi. Rundt lappen er det sydd på anorakksnor.

Endringar på mønsteret:

Mønsteret er kjent for at den horisontale saumen under bysta kjem for høgt opp, så eg forlenga berestykket bittelitt, 6-7 mm, (bortsett frå i sidene), sjølv om eg ikkje er spesielt barmfager av meg. Omtrent slik endra eg berestykket:onion2035bryststykke

Det nedre bakstykket er heilt, utan innsnitt, og vil garantert lage tverrgåande faldar over rumpa på meg, sidan eg har ein del svai i ryggen. Eg delte derfor bakstykket, tok vekk bittelitt frå midten heilt øverst, og la til litt mot midt bak på største delar av skjørtet. Litt faldar fekk eg likevel, men mykje mindre enn det ville blitt.onion2035

DSC_0275

Det eg skulle endra på, men oppdaga fyrst då kjolen var sydd, var at underermane var akkurat litt for tronge. Eg får bruke kjolen litt og sjå om dei er brukande likevel, elles får eg sy dei om på noko vis. Lengda på ermane er eg ikkje heilt sikker på om stemmer med mønsteret eller ei.

Mønster: Onion 2035

Stoff: Blå og turkis velour frå Jydsk stofflager. Sky-frotté frå JNYDesign (Cetho). Paraplystoffet er kjøpt frå USA eller Sør-Korea, enten Etsy eller Ebay. Naturkvit anorakksnor frå Atoff og Stil (den smalaste typen deira).

02.06.2012

Sommar i frotté

Dette er siste syprosjekt som har lege i blogg-kø i denne omgangen. Tusen takk for alle kommentarane, eg set stor pris på dei. I ny og ne tar eg meg ein bloggrunde og høyrer korleis de andre har det og lar meg inspirere av det flotte de lagar :-)

Eg hadde noko att av den deilege sommarfrottéen Hilco laga for to-tre år sidan. Og det blei til eit sommarsett til treåringen, noko ho blei veldig glad for!

DSC_0241k

DSC_0240k


Litt sånn cheerleader? Ikkje det at det var meininga det skulle bli det, hehe, sluttresultatet blir ikkje heilt sjeldant litt annleis enn eg har tenkt ut på førehand! Gong på gong har det blitt meir 70-tals og retro enn eg eigentleg hadde meint, men ofte er eg fornøgd likevel.

Singletten tenkte eg å sprite opp med ei liten runding/”dråpe” i halsutringinga, inspirert av ein modell som var i Ottobre ein gong. Men kurva blei altfor skarp for kantebandsapparatet, og bandet buka veldig nedst i svingen, så eg måtte sy ein stikning. Dermed blei det i stadenfor ein slags “V”. Greitt nok, det gjorde uansett singletten meir spennande.

Skjørtemønsteret er likt framme og bak. Biletet over viser at livet til eit barn ikkje ligg i horisontalplanet, og skjørtet blir derfor lengre framme enn bak. Dette kjem eg nok til å justere på seinare skjørt, men denne forskjellen er heldigvis ikkje like synleg når jenta spring rundt omkring.

Dei kvite stripene er laga av anorakksnor som er sydd på. Det krev stabilisering bak når ein syr anorakksnor på stretch, ellers strekk stoffet seg under påsyinga, og det blir bølgete. I dette tilfellet er heile den oransje stripa lima på med vliesofix. Eg var litt usikker på om det ville vere stabilisering nok berre av lim og dobbelt stofflag, men det funka.

I livet  på skjørtet sydde eg på ei 3 cm brei linning/løpegang av det rosa frottéstoffet og tredde med 2,5 cm breitt strikk. Lengda på linninga var litt kortare enn livvidda på barnet (85-90%, hugsar ikkje nøyaktig…) Strikket var ca 85% av livvidda, funka greitt.

 

Mønster: Eigne. Skjørtemønsteret er det samme som er brukt her (str. 5 år) og dei to her (str. 3 år).

Stoff: stretch-sommarfrotte frå Hilco. Anorakksnor frå Stoff og Stil, tynnaste varianten (3,5 mm?)

 

Og slik på tampen slenger eg med eit par bilete av genseren eg sydde i går kveld. Den blei eg ikkje veldig fornøgd med, blei altfor mykje mønster, og liksom ikkje heilt… …Det blei too much, liksom. Men varme kroppen til den vesle jenta, det kan den, så den kjem til å bli brukt Smilefjes. Genseren er i str. 80, og er meint å gå langt ned på hoftene. Sydd i jersey.

DSC_0273k

DSC_0272k

Den deilege buksa i isoli er sydd av svigerinna mi.

Ha ei god natt!

26.11.2011

Ullkjolar for kaldare dagar

Veka før jolemarknaden fann eg ut at eg skulle sy jentekjolar av raud ullfilt eg hadde liggande, og då eg reiste til Stoff og Stil for å kjøpe glidelåsar, kome eg like så godt heim med endå meir ullfilt. Til saman sju kjolar blei det. Pynta på litt ulike vis, men sjølve kjolane er sydd på samme måte, rette mot vrange. Litt liknande ei kåpe eg sydde for eit par år sidan (eit stykke nede i dette innlegget).

Kjole 1, Vågsbygd-kjole, str. 7 år (selt): Med tema frå Vågsbygd, deriblant kyrkja (bak til venstre på kjolen).

DSC_0135beskjart

DSC_0154

 

Kjole 2, str. 6 år: Med ein løgleg pippip på…

DSC_0138

DSC_0140

 

Kjole 3, str. 6 år, for den som er glad i hest… (selt)

DSC_0141

 

Kjole 4, str. 6 år, den hjartevarme:

DSC_0142

Hjartet er sydd med vanleg symaskin, men sikksakk-breidda er justert manuelt i midten av hjartet.

DSC_0143

Detalj frå nakken på kjolen:

DSC_0145

Og detaljbilete av glidelås-“renna”:

DSC_0146

 

Kjole 5, str. 4 år; mjauuu!

DSC_0148

 

Kjole 6, str. 3 år, titt hei, pus!

DSC_0149

DSC_0150

 

Kjole 7, str. 2 år; Bææææ! (Selt)

DSC_0153

DSC_0151

Om mønsteret:

Teikna med utgangspunkt i grunnmønster, teikna med med hjelp frå Aldrich si bok. Kjolane går i utgangspunktet til like under knea.

Om monteringa av kjolane:

Kjolane er i skuldersaumane og sidene sydd saman rette mot vrange, for å unngå tykke saumar. Éin cm saummonn blei lagt til på bakstykket, men ikkje på framstykket. Sidan ullfilten er eit strikka stoff, vil det ikkje frynse seg opp når ein har rå klippekantar. Glidelåsen er sydd på bakstykket heilt i starten, og splitten blei klipt opp etter (eigentleg mot slutten av) påsyinga av glidelåsen. Kantinga er gjort i kantebandsapparat på Coverproen. Alle kjolane er kanta med ribb (Stoff og Stil) rund hals og armar, og der eg hadde interlock i samme farge, har eg brukt dét nedst.

Om pynten med garn:

Strek-teikningane er gjort med det som i fylgje sy-leksikonet heiter “splitta kontursting”, sydd på for hand. Fyrst har eg tråkla teikninga med store sting med vanleg sytråd, deretter sydd med garn, på dei fleste kjolane brukte eg ullgarn.

Stoff og tilbehør:

-Raud ullfilt frå ein nå nedlagt butikk. Lilla og plommefarga ullfilt frå Stoff og Stil.
-Diverse ribb frå Stoff og Stil og interlock frå Cetho Designs.
-Fugl: Brent oransje velour, trykt bomull og oransje ribb (til nebb) frå Stoff og Stil. Anorakksnor frå Stoff og Stil.
-Hjarte: Lilla babycord og grønn, trykt bomull, båe frå Stoff og Stil, så vidt eg kan hugse.
-Knappar i nakken: KAM
-Glidelåsar frå Stoff og Stil.

12.09.2011

Ufrivillig klovn, bukse str. 5 år

Ut av boksen på kneet på denne buksa sprett det opp ein klovn. Problemet hans er berre at han ikkje kan fordra å vere klovn, for han skvett til og blir forskrekka kvar gong han sprett opp av boksen, stakkars. Men ein gut blir i allefall glad for å ha han der likevel!
DSC_1062
Buksa framme:
DSC_1060
Og bak:
DSC_1066
Om mønsteret:
Teikna med hjelp frå boka til Winifred Aldrich. Lommer og knelappar på slump storleiksmessig (men to og to like store). Lange buksebein som er lagt opp ein del centimeter, og som kan leggast ned igjen. Med strikk i livet også, kan buksa brukast lenge, –om stoffet held, då.  Tutorial på ribben i livet finn du her.
Stikningar:
Lommer og lappar er sydd på med naturkvit dongeritråd frå Stoff og Stil.
Klovnen:
Eg teikna masse forslag til klovnar, men endte med ein veldig enkel variant; laga omtrent berre av ellipser. Sidan eg er usikker på om dette stoffet held meir enn to dagar i sandkassa, brukte eg samme tråden overalt på klovnen for å spare tid. Fjæra er av moulinégarn. Det samme er håret; etter å ha festa enden av garnet, kveila eg opp garnet på ein pinsett heilt inntil syfoten, to-tre slynger om gongen, la slyngene ned framfor nåla (open applikasjonsfot), og sydde over. Deretter nye slynger, heilt til det blei passeleg mykje.  Pupillane er sydd med ein saum på maskina som lagar fylte sirklar, men transportøren var ikkje nøyaktig nok på det eine auget, og det blei ei ellipse…
Klikk på biletet for større versjon.
DSC_1064
Tag på baklomme:
Ein liten bit av eit vevd band…
DSC_1067
Denne buksa er også eit bidrag i septemberutfordringa i denne bloggen: http://sy-utfordring.blogspot.com/

Mønster: Eige
Stoff og tilbehør:
-Kraftig lin frå Stoff og Stil
-Ribb kjøpt i Danmark
 -Klovnen: Raudt bomullsstoff til hovud, Stoff og Stil-ribb til auger, munnen hugsar eg ikkje. Moulinégarn frå Stoff og Stil.
-Vevd band med borg, Leanne.no
-3,5 cm breitt strikk, Stoff og Stil

24.07.2011

Leiken kattunge på tunika

IMG_0408

Jentungen på 2,5 år ville ha katt på sin nye tunika. Eg fann eit fotografi på nettet, og gjorde den om til ein silhuett-applikasjon.

Framgangsmåten kan du finne her.

IMG_0391

Trådsnella er har fått ein tråd av mouliné-garn, garnenden forsvinn ned i saumen ved berestykket. Eg har ein eigen fot med ei renne under for å sy på snor med denne tjukkleiken, men det skal gå bra med vanleg fot eller applikasjonsfot også. På baksida stabiliserte eg med ei stripe strykeinnlegg før påsying av tråden.

IMG_0388

 

Mønster:

-Eigenteikna, med hjelp frå boka til Helen Joseph-Armstrong. Denne tunikaen har “bishop sleeves”, som gjev poseform, litt meir poseform på baksida enn framsida av handleddet. Slik ser mønsterdelen ut (fram til venstre):

IMG_0402

Før eg sydde i ribb, rynka eg ermeenden saman med transparent strikk, meir om dette her.

IMG_0403

Eg driv stadig å testar ut ulike innstillingar for sying av nitals-opninga. Hittil synest den å fungere best på plagg av litt tykkleik, til dømes isoli, og endå betre når barnet har på seg eit stabiliserande plagg (t.d. body) under, for at ikkje delane skal skli i høve til kvarandre. Ribb frå Stoff og Stil kan gjere at kanten rullar seg litt innomver nedst i halsutringinga framme, medan interlock ikkje har denne effekten.

 

Stoff og tilbehør:

-Nokså tykk isoli frå www.stofstedet.dk
-Kanta med lilla interlock frå www.cethodesigns.no
-Ribb i armane frå www.stoffogstil.no
-Lilla jersey i applikasjonane frå Cetho
-Lilla moulinégarn frå www.panduro.no
-Vliesofix og strykeinnlegg frå Stoff og Stil

DESIGN BY ANNWES liten versjon

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...