31.08.2011

Fargeglad jentegenser str. 3 år

Jenta på to og tre kvart år hadde lyst på lilla genser. Eg la til nokre fleire fargar, eg :-)

DSC_0813kompr

DSC_0814kompr

Mønster:

Sjølvteikna. Mønsteret er teikna som ein relativt slim fit-genser for at den kan brukast under anna tøy, til dømes ermelause kjolar. Fordelen med interlock, er at den vidar seg ut i i breidda og føyer seg til kroppen på ein god måte om gensermodellen er trong.  Nitals-opninga i halsen finn du tutorial på her.

Stoff:

-“Busbollar” interlock frå CeTho Designs, teikna av Johanna Ahlard
-Einsfargarosa og lime-grøn interlock frå CeTho
-Kanta i halsen med ribb frå Stoff og Stil
-Kanta på armane med interlock frå CeTho

 

DESIGN BY ANNWES liten versjon

30.08.2011

Bambus-genser str. 3 år

Storejenta på snart tre år er i ferd med å vekse ut av bodyane sine, sydd i str. tre år. Det er på høg tid å slutte med bodyar nå, men kva skal ho bruke som undertøy i staden for? Snart vinter, blir det berre ull, tru? Folk skryt så mykje av bambus-stoff, blant anna skal stoffet ha gode varmeregulerande eigenskaper, liknande ull. På tide å sy av bambus-stoffet som har lege uprøvd i stoffhylla ei stund! Dermed blei det ein relativt tettsitjande genser i bambus-interlock, som kan brukast både som undertøy og som vanleg genser.

DSC_0823k

Mønster:

Eg har brukt bodymønsteret i str. 3 år, men lagt til litt i lengda på armane. Interlock er nokså tøyeleg og føyer seg fint etter kroppen i breidda, så det er heller lengda på plagget, og ikkje breidda, som avgrensar kor lenge plagget kan brukast.

Halsutringinga:

Denne gongen sydde eg på halsribben som ei remse utan å sy den saman til ein ring fyrst, som eit forsøk på å spare tid. Eg sydde fyrst høgre skuldersaum, deretter sydde eg på halsremsa rette mot rette frå andre skuldra og rundt. Eg hadde på førehand målt opp og sett merke i ribben for høgre sidesaum, midt for og midt bak etter samme metode som her. Resultat: Skøyten i venstre skuldra blei litt for markert, og eg sparte i grunnen berre tida å sy remsa saman til ein ring, og det tar ikkje mykje tid. Tilbake til gamlemetoden heretter, tenkjer eg.

DSC_0824

Stoff:

-Bambusinterlock frå Strömming Design, kjøpt hjå CeTho. (70% bambus, 30% bomull)
-Ribb frå Stoff og Stil (bomull)

DSC_0822

Omslagsjakke str. 56

Eg sydde nyleg ei omslagsjakke etter mønster frå Ottobre. Denne gongen har eg teikna eit mønster som er noko mindre i storleiken.

DSC_0817

DSC_0798

DSC_0816

Om mønsteret:

Teikna med hjelp frå Winifred Aldrich si bok i mønsterkonstruksjon. Som eit designmessig forsøk, teikna eg inn litt skrådde hjørne på mønsteret ytst på armane og nedst i sidesaumane, som små mini-mini-splittar, men effekten blei viska ut av kantebandsapparatet.

Knyteband:

DSC_0796

På innsida har eg brukt skulderband denne gongen også, fordi det er greitt med nokon band som ikkje er tykke her. Skulderbanda er litt for tynne, synest eg, men betre enn andre alternativ eg hadde tilgjengeleg.

DSC_0799

På utsida har eg brukt eit type A-kantebandsapparat  med klippebreidde 1” (2,5 cm). A-apparatet brettar to gonger; ein gong på framsida og ein gong til over stoffkanten. Baksida på saumen blei veldig markert, det beste hadde nok vore eit type B-apparat (som brettar stoffet på baksida også), og så sydd med kjedesaum/berre éi nål, slik som eitt av desse apparata.

Kantebandsapparatet i sving: 

DSC_0802

Til Coverproen min brukar eg eit type A-apparat som gjer 1 1/2” breie remser om til 14 mm brei kant. I svingar slik som i nedre kant på omslagsstykket blir kanten gjerne for stram med ribb, slik at ribb-kanten vrenger seg utover eller innover. Lågast mogleg diff hjelper noko. Trådspenning brukar eg ikkje å endre særleg på, men eg testa denne gongen ut om trykkfotpresset spela inn. Det var ikkje nokon veldig store forskjellar på max og min, synest eg, men det hjelpte kanskje litt å skru skruen i botnen. Det som spela størst rolle, var at eg drog jakke-stoffet til meg medan svingen på stoffet gjekk inn i apparatet, og etterpå pressa kanten med strykejernet (Spørs kor lenge sistnemnte tiltak varer…). Om nokon har andre gode tips, er det berre å leggje att ein kommentar :-)

Stoff og tilbehør:

-Hilco sin stretch-isoli, eit relativt tynt isoli-stoff med deileg, mjuk bakside. Kjøpt av www.mineti.de.
-Ribb frå Stoff og Stil.
-Skulderband frå Stoff og Stil.

DSC_0819

27.08.2011

Babyjakke med fargeglade kantar

Nyfødt barn = tida for å finne stoff i restekorga. Og der fann eg dette stripete interlockstoffet, kjøpt inn som restestoff ein gong i tida, og nå akkurat nok til ei babyjakke! Det er så deileg og ekstra tykt, må vere dobbelstrikka på nokon måte, trur eg. Stripene er mørke lilla, ikkje svarte.

DSC_0783

Kanting:

Interlocken “Soppverden” frå CeTho er så frisk i fargane, at eg måtte teste den ut som kant. Og eg blei veldig fornøgd med resultatet designmessig. Men sjølve stoffet er såpass laust at det eignar seg ikkje i kantebandsapparatet. To gonger sklei det ut av kurs i apparatet, sjølv om eg har eit apparat som i utgangspunktet taklar relativt vanskelege stoff.

DSC_0794

Applikasjon:

Soppen i hjørnet er sydd på som ein "jersey-applikasjon". Sidan eg brukte rettsting på to elastiske stoff, strauk eg på ein bit strykeinnlegg bak, så ikkje saumen skal ryke.

DSC_0779

Mønsteret:

Mønsteret er frå Ottobre 5/06, eit mønster eg hadde brukt før til ei barselgåve.  Storleik 56, men svarar nok meir til str. 62. (Jenta er ca 54 cm lang nå)

DSC_0792

Knyteband:

Dårleg tid, så man tager hva man haver… På innsida blei det skulderband frå Stoff og Stil, og på utsida strimlar av interlock. Klipt på langs av stoffretninga, der det er liten stretch, ikkje på tvers. Ikkje det stiligaste med rå klippekantar, men det fungerer!

DSC_0784

 

Om ein skal kante med interlock med motiv på, er det lurt å tenkje over kva for ende av remsa ein puttar inn i apparatet, slik at ikkje motivet blir opp-ned!

DSC_0787

 

Mønster:
-Ottobre 5/06

Stoff og tilbehør:
-Tykk, stripete interlock kjøpt i Hjørring
-Sopp-interlock frå CeTho Designs
-Vliesofix, Stoff og Stil
-Billigaste strykeinnlegg, Stoff og Stil

22.08.2011

Nordisk stoff-design

Eg likar godt den nordiske, fyrst og fremst svenske, trenden innanfor stoff-design og saum av barneklede. Stikkord er strikka, trykte stoff oftast av bomull, med klare fargar, minimalistiske, retro-aktige figurar. Dessutan retro-inspirerte klesmodellar gjerne kanta med kantebandsapparat på coverstitch-maskin.
For kort tid sidan fekk eg kjøpe ein IKEA-flytteeske full av stoffrestar frå nettbutikken CitRonE Design, i desse dagar utskilt frå nettbutikken  CeTho Designs, som inntil omorganiseringa har vore stor i Norge på typen stoff omtala over. Her er det herlege innehaldet i pakka:

Jersey (trykk på biletet for å sjå større versjon):DSC_0742beskjært
Desse stoffa kjem frå JNY, Jofotex, Mjuka tyger, Znok.

Interlock:DSC_0744
Her er det stoff blant anna frå CeTho, Myllymuksut, Znok, JNY, Lilofant, Strömming Design (trur eg).

Velour og litt frotté: DSC_0746beskjært

Forbetra ammetopp-utgåve

DSC_0696

Hurra, denne fungerer veldig bra! Dei siste dagane har eg testa ut ulike variantar av dette designet, sjå innlegg om dei andre her.  Om du lurar på korleis toppen er laga, kan du lese om det lenger nede i innlegget.

Action-bilete med demo av ammeopninga (illustrasjonfoto, det er berre unntaksvis eg står og ammar, hehe):

DSC_0726kompr

Mønsteret:

Utgangspunktet er eit mønster på ein heilt enkel, relativt ettersitjande topp. Dei fyrste modellane (linken lenger oppe) har omslagsstykke som er kopiar av sjølve framstykket på toppen, bortsett frå halsutringinga (og at  dei er kutta nedanfor bysta). Det kan fungere dét, men på dei forrige var utringinga litt i grunnaste laget.  Denne gongen har eg gjort nokre endringar:

-Djupare halsutringing, så øvre kant på omslagsstykka passerer på eller like nedanfor brystvorta. Nedre kanten på omslagsstykka også flytta litt ned.
-Eg har lagt inn (nokre beskjedne) innsnitt under brysta, innsnittet er sydd inn på den breie sida av omslagsstykket, og integrert i mønsteret på den smale delen av omslagsstykket.
-Dessutan har eg brukt ein bomullsjersey med veldig mykje stretch.

Mønsteret forøvrig:

-Det nedre forstykket er lett vifteforma, fordi ein typisk ikkje har flat mage i tida etter svangerskap/fødsel…
-Eg har lagt inn eit indre forstykke. Dette har ein smal skuldersaum, som verken når ut til ermet eller til halsutringinga på innsida. Nedst er det sydd saman med  omslagsstykka og nedre forstykke.  Så på vranga ser toppen slik ut:

DSC_0702

Dei blindt endande sidene på innerstykket er kanta berre med ein vanleg firetråds overlock-saum, der eg løsna litt på trådspenninga på trådane til venstre og høgre nål, for å få ein elastisk saum. Diff’en stod på 1,5, etter ein del prøving og feiling. (Eg løsna også litt på spenninga til øvre gripar, men er usikker på kor naudsynt dette var). Forstørring av skulderområde på biletet over:

DSC_0702 (2)

Toppen er kanta med ribb og ikkje interlock, då interlock har for dårleg evne til å trekkje seg saman etter å ha bli strekt ut.

Stoff:

-Blomstrete bomullsjersey frå Stofstedet.dk. Stoffet sin kvalitet liknar på dei mjuke bomullsjerseyane som Stoff og Stil har hatt ein del av. Prikkete bomullsjersey frå Textart.no. Kanta med ribb frå Stoff og Stil.

17.08.2011

Nabojenta eitt år!

Ho fekk ein body i bursdagsgåve:

DSC_0569

Eg diggar dette stoffet frå Ixat på Etsy, eg kunne tenkt meg meir av det, men nå er ho dessverre utselt (får ho inn meir seinare, tru?). Bodyen er kanta med ribb, bortsett frå nedst, der den er kanta med interlock så kanten ikkje skal krølle seg så mykje. (Men det gjer kanskje ikkje noko om bodykanten mellom beina krøllar seg litt, den blir jo strekt når bodyen er på??).

Knepping i skuldra, sydd etter denne metoden.

DSC_0561

 

Og så fekk eg meg trykte satenglappar med vaskesymbol for litt sidan, desse er frå labelman.no, men eg kjøpte samtidig liknande lappar hjå carelabels.co.uk på Ebay her til ein mykje billigare penge, og med fleire moglegheiter i design/fontar o.l.  Båe firma leverte lynkjapt!

DSC_0568

 

Mønster: Eige
Stoff: Jersey frå Ixat på Etsy.com. Ribb frå Stoff og Stil. Knappar frå KAM (Lykkedragen.no, Etsy eller Ebay). Satenglappar frå labelman.no

Jakta på den optimale ammetoppen

Testing av design, mønster og stoff til ammetopp fortset. I forgårs blei denne ammetoppen til:
DSC_0579
DSC_0578
Den er sydd i jersey med middels stretch. Overlappande øvre forstykke, som båe er festa til nedre forstykke, samme type design som denne og desse, men eit anna grunnmønster. Toppen er med vilje kanta med ribb og ikkje interlock, fordi interlocken ikkje får tilbake fasongen bra nok etter å ha blitt strekt (erfaring med toppen i fyrste linken).
Under toppen er det ein eigen topp:
DSC_0577
Denne er sydd i jersey, kanta med foldover elastic (FOE), sydd på med eige apparat på Coverproen:
DSC_0584

Etter å ha prøvd ammetoppen på, er dommen at den nok kjem til å funke, men er litt for stram for ammeopning.
Så, neste dag laga eg ein til, denne gongen i velour med god stretch. Også denne kanta med ribb:
DSC_0576
Denne var igrunn lik den andre i passform; kjem nok til å funke, men er litt stram å opne for amming. Så problemet er nok mønsteret og ikkje stretchen i stoffet. Neste topp skal få djupare utringing på omslagsstykka (og stoff med masse stretch…).
Mønster: Eige
Stoff og utstyr:
Lilla, mønstra topp: Jersey frå Ixat på Etsy. Ribb frå Stoff og Stil.
Lilla innertopp: Jersey frå Cetho Designs. 5/8” FOE kjøpt hjå hobovian på Ebay. Sydd på med 5/8” single fold binder (utgått) frå sharpsewing på Ebay.
Velourtopp: Velour og ribb frå Stoff og Stil.

Storleiken på ein nyfødt baby

Winifred Aldrich si bok om mønsterkonstruksjon av barneklede inneheld detaljert måletabell av barn med storleik 56 cm og oppover. Måletabellane kan du finne på nett hjå forlaget. Men heilt nyfødte babyar er ikkje med. Då minstejenta var nyfødt, nytta eg sjansen til å take nokre mål av henne, for bruk til saum av klede til henne og andre nyfødte:

Lengde: 51 cm
Vekt: 3,6 kg


Brystvidde: 35,5 cm
Livvidde: 34 cm
Hoftevidde utan bleie: 32 cm
Hoftevidde, med bleie: 35 cm
Skulder-handledd: ca 15 cm
”Across back” (mellom skulkdrene, men litt nede på ryggen): ca 13 cm
Liv-kne: ca 12,5 cm
Liv-fotsåle: 23,5 cm
Innerbeinlengd til fotsåle, utan bleie: ca 19 cm
Innerbeinlengd til fotsåle, med bleie: ca 15 cm
Omkrins handledd: ca 8 cm
Omkrins ankel: ca 9 cm
Ankel-fotsåle: 2,5 cm
Fotlengd: 8,5 cm
Hovudomkrins: 35,5 cm
Midt panne-nakke: ca 23 cm
F.o.m. øyre-over-t.o.m. øyre: ca 25 cm

Cord-bukse til den nyfødte

DSC_0435
Denne buksa har, når ribb oppe og nede er bretta, like stor total lengde som jersey-buksa i dette innlegget. Men cord-buksa er generelt litt vidare, og botnen på skrittsaumen ligg litt lengre ned/nærare føttene enn på jerseybuksa. Ribben i livet er 35 cm lang (u/saummonn), og har fungert greitt nok på babyens omkrins-34 cm-mage, sidan brettinga gjer ribben litt trongare. Ribben rundt anklane er 15 cm lang. Dette passa også greitt sidan den er bretta to gonger (13 cm ribb bretta éin gong passa greitt på den andre buksa). (Båe lengdene utan saummonn.)

Mønster: Eigenteikna, med hjelp frå boka til Winifred Aldrich.
Storleik: Eigentleg meint å vere 56, men litt kort i beina.
Stoff: Babycord frå Stoff og Stil, ribb frå samme stad.

11.08.2011

Tutorial: Ribb av collegegenser-type når knepping i skulder

DSC_0400
Dette er ein grei metode for kanting om du ikkje har tvillingnål eller coverstitch-maskin med kantebandsapparat. (tutorial for knepping i skulder og kanting med coverstitch her.) Det finst ulike måtar å gjere det på:
-Ein hurtigmetode
-Ein meir nøye metode
Felles for metodane er at ein har klipt bodyen med ekstra stoff for kneppinga i den eine skukldra, og forsterka overlappande delar med eit lite- eller ikkje-elastisk stoff. Sjå bileta under, og evt. også nærare forklaring her.
DSC_0539
På bakstykket er det berre det ytterste feltet som skal forsterkast.
DSC_0469
Under: Framstykket til venstre før reinklipping, bakstykket til høgre etter reinklipping.
DSC_0470
Saummonn: Ikkje klipp ekstra saummonn i halsutringinga på nokon av metodane, då dét ein tar av stoffet til saummonn kjem tilbake i form av ein like brei ribb-kant (1 cm saummonn, 1 cm ribbkant).

Hurtigmetoden:
Denne metoden inneber at du syr på ei remse utan å måle den til på førehand. Ein må dra i remsa undervegs, og det er ikkje så lett å vite kor mykje ein skal dra for at det blir jevnt og fint resultat. Men ein sparer tid…
-Klipp ei 4,0-4,2 cm brei remse av ribb (evt. jersey).
-Press den om midten på langs, vrange mot vrange.
-Press “flappane” til kneppinga mot vranga, på bakstykket berre det ytterste feltet.
-Sy skuldersaumen på den sida det ikkje er knepping på.
-Med flappane bretta mot vranga, legg du remsa rette mot rette i den eine enden, la remsa starte eit par-tre cm utanfor flappen.
 -Sy mens du drar i remsa; berre såvidt på rette strekningar, nokså mykje i svingen mellom skulder og nakke, og middels mykje framme i halsutringinga.
-La det også vere eit par-tre cm remse til overs i andre enden.
 -Press saummonnen utover/nedover.
-Brett remse-endane mot baksida av flappane og sy dei fast med ein stikning slik biletet under viser, klipp remsa av rett etter stikninga.
DSC_0471
DSC_0472beskjært
På denne bodyen kunne remsa vore strekt litt meir i halsutringinga framme, men den har funka grett i bruk (sidan ein nyfødt baby har kort hals)

Ein meir nøye metode:
Denne metoden går ut på å sy på ei tilmålt remse som på førehand er sydd saman i endane.
-Også her 4,0-4,2 cm brei, rett remse
 -Tak mål av mønsterkanten/stoffkanten frå der den eine flappen brettast til der den andre flappen brettast. Overfør til mønsterpapir (evt. rett på remsa) etter liknande metode som er vist i dette innlegget (berre at denne gongen skal du måle heilt inntil mønsterkanten). Set merke ved skuldersaumar, midt framme og midt bak. ( Lag også merke midt framme og midt bak på bodyen). Legg til saummonn i kvar ende.
-Brett remsa rette mot rette på langs og sy ein stikning i kvar ende for å lukke remsa. Trim ned hjørna.
-Vreng remsa og press den langs midten på langs.

Påsying:
-
Sy skuldersaumen på motsett side

-Legg remsa rette mot rette mot bodyen, start ved brettestaden for “flapp”, pass på at det er rett ende av remsa i høve til oppmerkinga av skuldersaum osv.
-Nå kan du enten brette “flappen” fram og ned så den omfamnar remseenden, rette mot rette (slik eg har gjort på bodyen under). Sy, og la avmerkingar passe mot kvarandre. Samme bretting av flapp i motsett ende. Trim hjørna, vreng, og du skal få dette resultatet (biletet er teke på ferdigsydd body, ermane og knappane skal monterast etter at halsribben er sydd):
DSC_0401
-Eller, som eg ser nokre kjøpebodyar er sydd: Ein kan starte å sy (overlock) med flappen ubretta, og heller brette den mot baksida etterpå (dei har då festa flappen med coverstitch-stikning langs ribbkanten).

Bodyen er kanta nedst og på armane etter samme prinsipp som “hurtigmetoden” over. Med berre to lag ribb har eg ikkje våga å bruke plastknappar frå KAM (med eitt sentralt festepunkt), av frykt for at dei kan falle ut (eg har opplevd dette ein gong med ein type ribb som var nokså laus i strikkinga).
DSC_0402
DSC_0405
Stoff, elefant-body:
-Bomullsjersey frå Stoff og Stil
-Ribb, Stoff og Stil

Bodymønster, str. 50

Dette mønsteret teikna nå etter at jentungen blei født, utifrå kva som passar henne nå. Ho er 51 cm lang, og veg ca 3,6 kg. Bodyen er nokså rommeleg i breidda. Sjå bilete av ferdig body lenger nede i innlegget.
DSC_0540
Figuren er merka med tal i vertikal retning, bokstavar horisontalt. Under er det forstørringar av biletet over, for å sjå tal og bokstavar litt betre.
DSC_0505
DSC_0506
1-2: 1,0 cm
1-3: 1,5 cm
1-4: 4,8 cm
1-5: 9,9 cm
1-6: 25,5 cm
1-7: 30,0 cm
1-8: 34,0 cm
1-A: 4,1 cm
2-B: 8,3 cm
5-C: 10,0 cm
To knappar: Midtlinje-sentrum knapp: 1,8 cm (denne avstanden bør ikkje bli særleg lengre)
Linja frå C og nedover er heilt loddrett/parallell med midtlinja.
Skuldersaumen (A-B) fortset 4 mm utanfor B.
Når du har teikna mønsteret, spegelvender du det om midten slik at du får heil front og heilt bakstykke. Halsen er ikkje stor nok til å kome rundt hovudet til barnet, og du må leggje inn nokon form for opning. Om du vil ha knepping i skuldra, teiknar du dette inn på mønsteret slik:
DSC_0539
Erme:
To variantar; eitt nokså smalt erme, og éin vidare variant. Dersom du vel det smale ermet, bør du sørge for at det ikkje strammast noko særleg inn ved påsying av ribb i kanten.
1-2: 3,1 cm
1-3: 16,3 cm
2-A: 8,8 cm (vinkelrett på 1-2)
3-B: 5,4 cm (vinkelrett på 1-3)
3-C: 6,0 cm
DSC_0509
Om designet og storleiken:
Bodyen går eit stykke ned på hoftene, dvs avstanden mellom 6 og 7/8 er relativt kort. Dette går bra sidan beina til nyfødde er nokså tynne, men ønskjer du større plass til låra, flyttar du talet 6 oppover (kortare sidesaumar). Bodyen er såpass vid over magen og skuldrene at den truleg passar fint til str. 56 også, om ein aukar litt i lengda på magen/ryggen og ermane (pass på at erme-endane ikkje blir smalare enn i str. 50, heller bittelitt vidare). Om du skalerer opp, bør du også gjere opninga til beina større ved å gjere sidesaumane kortare.

Kanting, ulike alternativ:
-Ribb med kantebandsapparat på coverstitch-maskin
-Ribb etter samme type som over, men med tvillingnål, utan coverstitch-maskin 
-Dobbelbretta ribb (evt. jersey) sydd på etter mål, (håpar på å leggje ut meir info seinare)
-Hurtigvariant av metoden over; sy ei remse på fortløpande
Ved alle desse metodane klipper eg utan å leggje til noko for saummonn der det skal kantast. Dette forutset at dobbelbretta ribb er like brei som saummonnen (ytterste centimeteren på stoffet går med til saummonn, men så er ferdig kant til gjengjeld 1 cm (klipp 4 cm brei remse).

Her er ein body sydd etter mønsteret:
DSC_0472
DSC_0473
Bodyen har smale armar. Alle kantar er sydd på med overlock etter hurtigmetoden (remse sydd på under varierande av drag, ikkje ferdig-oppmålt på førehand). Eg kunne ha drege litt meir i halsutringinga, men den fungerer greitt likevel. Eg sette i tre knappar i skrittet, og det blei litt for breitt, synest eg.

Stoff og tilbehør:
-Jersey kjøpt hjå Marthas frisør- og idéstue i Lyngdal.
-Trykknappar frå Stoff og Stil (for å bruke dei opp, kjøp heller knappar ein annan stad)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...