Viser innlegg med etiketten Babybukser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Babybukser. Vis alle innlegg

25.07.2012

Baby-velourbukse

Inspirert av ei bukse eg såg på  Sykroken for ei stund sidan, med oppdelte buksebein, utan at eg kunne hugse detaljane, sydde eg denne buksa her om dagen. Eg har ikkje klart å finne biletet av inspirasjonsbuksa att (og hugsar dessverre ikkje kven som hadde laga den fine buksa). Slik blei i allefall varianten min:

DSC_0210

DSC_0211

Forresten, innimellom blogginga gjorde eg eit siste søk, og fann buksa; her (men den er nok berre synleg for Sykroken-medlemmer)

Mønster på buksa mi er i str. 80, og teikna med utgangspunkt i “one piece trouser block, easy-fitting shape” i boka til Winifred Aldrich, men med 6 cm ledigheitsvidde rundt hoftene, i staden for “1/4 hip/seat measurement plus 5,5 cm”. Eg synest 22 cm i lediheitsvidde høyrest frykteleg mykje ut.

Stoff: Mørkekrosa velour frå Rainbow, ljoserosa velour frå Stoff og Stil. Army-grønn ribb frå Stoff og Stil.

08.07.2012

Utprøving av vaffelsaum

Eg har prøva vaffelsaum (rettsaum med tynt strikk som undertråd)  såvidt tidlegare, men det blei ingen slager. Eg synest å hugse at det snurpa seg aldeles for mykje. Men denne gongen tenkte eg at eg skulle prøve igjen, og nå med den enkle symaskina, sidan Pfaff’en er på reparasjon.

DSC_0493

Stilmessig blei eg kjempefornøgd med buksa! Vaffel-teknisk brukande, men ikkje heilt optimal (stramt). Buksa blei testa ut her om dagen, og den fungerer heilt greitt.

Om vaffelsaumen: Eg surra fyrst opp for hand utan å strekkje, men då hengte strikket seg opp i spolehuset under sying. Eg surra det derfor opp på nytt med litt strekk på. Så prøvde eg meg litt fram og tilbake med å justere trådspennings-skruen på spolehuset. Det blei litt for stramt, men neste gong skal eg ha litt lågare trådspenning, så blir det kanskje betre?

DSC_0496

Buksa elles: Biseband mellom dei to delane på buksebeina. Eg ville ha ei anna type snurping nedst i buksebeina, men tenkte det blei for trongt og plundrete med vaffelsaum her. I stadenfor sydde eg på raudt strikk utanpå, med sikksakk-saum. Neste gong skal strikket syast på på vranga, tenkjer eg.

DSC_0494

Mønster: Eige

Stoff og tilbehør: Dei to raude bomullsstoffa er frå Stoff og Stil, trur eg. Ferdig, kvitt biseband og raudt strikk også derifrå.

25.04.2012

Tid for babybukser

Minstejenta, snart 9 månader gamal, har fått to nye bukser. Og eg har fått teste babybukse-kapittelet i Aldrich-boka. Éi bukse i slim fit, og éi i loose fit. Begge buksene er fleksible i lengda både oppe og nede, så dei kan brukast lenge.

Slim fit-buksa:
DSC_0727kompr

Loose fit-buksa:
DSC_0718kompr

Fleire bilete:
DSC_0710duo
DSC_0712duo
DSC_0708duo

Stoff:
Mønstrete jersey frå Ixat på Etsy, nedst er det campan frå Hilco, ribb frå Stoff og Stil. I den andre buksa er det lilla velour (bileta lyg om fargen) frå enten Stofstedet.dk eller stofogstuff.dk. Lime velour frå Stoff og Stil. Detaljane er av eit mønstra, vevd bomullsstoff frå Stoff og Stil, kanta med foldover elastic frå Ebay. Ribb frå Stoff og Stil. Den søte bodyen er det ikkje eg som har sydd, men er ein ullbody frå Joha/Janus.

Ribben på båe buksene er 7,5 cm brei og 80% av livvidda (mål på ferdig ribb-kant)

Om mønsterkonstruksjonen, for spesielt interesserte (og for hugselapp for meg sjølv)…
Comments on the pattern drafting:
Both patterns are made with help from page 28 in Aldrich, 4th edition; “The ‘flat’ trouser blocks – babywear”; “The one-piece trouser block”.

First, I noted that body rise figures in Aldrich are quite a lot smaller than the swedish figures in “Søm” by Rigmor Haugsand. Body rise in Aldrich, size 72: 12,8 cm. Haugsand, size 74: 15,5 cm. The figures do not differ that much in the children’s sizes as in the babies’ sizes.

The leggings shape is body rise +1 cm, not much to include a nappie. The 7,5 cm wide rib waist band starts 3 cm below waist. It works, but I think a little bit more than +1 is needed. Alternatively, one could rise the top of the back crotch-seam a couple of cm, because I think it is to low. The picture above doesn’t show it very well. The ancle cuffs are made from single jersey fabric, and reaches down to about 1 cm above floor level, works well.

The easy-fitting shape is body rise + 4,5 cm. The waist band starts 4 cm below waist, except center back, where I elongated the crotch seam a little over 1 cm based on the slim fit trousers. Still, when looking at the photo, the back crotch seam is a little too short compared to the front. Seen with my amateur eyes…

I know, I’m a hairsplitter now, these are details that aren’t very important, the garments work, and… But, if there will be a next time…

By the way, the easy-fitiing trousers have full length plus cuffs, so that the child can use the trousers for a looong time. But I used cuff circumference 18 cm, and that turned out to be too wide, the cuff passes the ancle too easily. (My mistake, not Aldrich ;-)

03.11.2011

Tunika og bukser til nyfødte

DSC_0825kvit

DSC_0822kvit

Meir nyfødt-tøy! Tunikaen over er i str. 56/62, buksene under er av ein posete variant i str. 56, og buksene nedst i ein smal variant str. 50/56.

DSC_0827

DSC_0831

Mønster: Teikna med hjelp frå Aldrich si bok. Begge buksemodellane er testa ut på eiga dotter, og dei har fungert veldig greitt.

Stoff:
Tunika: Sky-velour frå Citrone. Stripete velour frå Danmark (Stof og Stuff, tru?) Ribb frå Stoff og Stil.
Posete bukser: Jersey frå Citrone og Cetho, ribb frå Stoff og Stil.
Smale bukser: Jersey og ribb frå Stoff og Stil.

17.08.2011

Cord-bukse til den nyfødte

DSC_0435
Denne buksa har, når ribb oppe og nede er bretta, like stor total lengde som jersey-buksa i dette innlegget. Men cord-buksa er generelt litt vidare, og botnen på skrittsaumen ligg litt lengre ned/nærare føttene enn på jerseybuksa. Ribben i livet er 35 cm lang (u/saummonn), og har fungert greitt nok på babyens omkrins-34 cm-mage, sidan brettinga gjer ribben litt trongare. Ribben rundt anklane er 15 cm lang. Dette passa også greitt sidan den er bretta to gonger (13 cm ribb bretta éin gong passa greitt på den andre buksa). (Båe lengdene utan saummonn.)

Mønster: Eigenteikna, med hjelp frå boka til Winifred Aldrich.
Storleik: Eigentleg meint å vere 56, men litt kort i beina.
Stoff: Babycord frå Stoff og Stil, ribb frå samme stad.

10.08.2011

Ei blogg-pause med gledeleg innehald

I forrige veke kom vi heim frå barsel med denne nydelege vesle jenta! Her iført tunikaen som er meir omtalt her. Litt i største laget ennå, men det er jo ikkje noko stort problem. Ved heimreise var jenta 51 cm lang og 3,6 kg tung.
IMG_0501kompr
Dessutan ei bukse, som passa mykje betre, str 50: DSC_0399kompr
Buksa er sydd i jersey, utan sidesaum. Nokre mål på mønsteret til buksa, om nokon skulle vere interessert:
-28 cm lang horisontal linje frå fremre til bakre spiss i skrittet, men den bakre spissen ligg ein halv cm lågare enn den horisontale linja.
-Framme og i sida er det 12 cm frå den horisontale linja til toppen av buksa inkl ribb, bakerst 14 cm.
-14 cm frå den horisontale linja til nedre kant på buksa, inkl ribb.
-Den fremre spissen i skrittet 2,5 cm djup, den bakre 6,5 cm. Slake bogar i skrittsaum.
-Vidde i beina ovanfor ribb 18-19 cm.
-Ribb: Både i liv og rundt ankel 3,5 cm brei (når ferdigsydd). I livet 33 cm lang. Dette var bittelitt langt, sidan livvidda til barnet viste seg å vere 34 cm. Ville 31 cm vore perfekt, tru? Lengda rundt ankel 13 cm, passa veldig bra (alle måla utan saummonn).
Stoff:
-Jersey frå Hilco/ www.mineti.de
-Ribb frå www.stoffogstil.no

17.07.2011

Endå ein tunika til babyen

IMG_0295

IMG_0296

Denne tunikaen er i stor grad lik forrige tunika, men eg testar ut ulike halsopningar. Og denne er eg veldig usikker på om er vellykka eller mislykka. Saka er at venstre skulder-“stropp” roterer lett i knappen, og det blir sjåande slik ut:IMG_0298

Så får vi sjå om den gjer det også når plagget kjem på.

Under: Buksa eg sydde her om dagen, som tunikaen er meint å matche (og eg trur kanskje også at dei to stoffa er designa til å matche kvarandre).

IMG_0299

Stoff og tilbehør:

-Blomstrete stretch-isoli frå Hilco/www.mineti.de
-Kanta med ribb frå Stoff og Stil
-Hjarteknapp frå KAM/fabricbuttonsupplies på Etsy
-Buksa er sydd i stripete jersey frå samme stad som isoli
-Ribb frå Stoff og Stil

Turkis til snart nyfødt jente

IMG_0281

Om eit par veker, om ikkje før,  får vi ein jentebaby i familien, og ho vil trenge tøy. Her om dagen sydde eg nokre enkle bukser i str. 56, og i dag fekk den eine buksa ein matchande tunika i str. 56/62:

IMG_0279

Om mønsteret:

Mønsteret er sjølvteikna etter grunnmønster for overdel, teikna ved hjelp av boka til Winifred Aldrich. På biletet kan ein skimte to horisontale linjer i plagget; den eine er fortsetjinga kanten på sky-stoffet, og litt lenger ned kan anast ein kant i armhole-nivå. For å halde på plass skystoffet, har eg nemleg sydd på/fôra med ein veldig tynn jersey nedanfor skystoffet. Dette fôret går heilt ned og er sydd saman med det turkise stoffet i kanten nedst. Så får vi teste ut korleis dette funkar når tunikaen blir tatt i bruk.

Om kantinga:

Tunikaen er kanta med ein tynn, mjuk bomullsjersey med mykje stretch, eit stoff som passar dårleg til kantebandsapparat. Derfor kanta eg manuelt, kantane sydd før montering av plagget:

1. Eg kutta remser 30 mm breie, som blei i smalaste laget (sjå bilete lenger nede), til kanten nedst auka eg derfor breidda til 32 mm.
2. Saummonnsbreidda på overlocken blei sett på max, 7 mm
3. Strimmel sydd på rette mot rette, med nesten ikkje noko drag
4. Strimmelen pressa vrange mot vrange
5. Til slutt sydde eg kantane frå rettsida med brei coverstitch-saum og fot med senterguide, overlock-saummonnen brukt som “bretteguide”

30 mm brei remse bli for smalt (armutringinga):IMG_0284

Medan 32 mm blei veldig bra (kanten nedst):IMG_0283

 

Og buksa: Også dette mønsteret er teikna ved hjelp av boka til Winifred Aldrich.IMG_0285

 

Stoff:
-Turkis isoli med ru bakside, ein rest kjøpt i Danmark ein stad
-Turkis stretch-frotté med skyer, Cetho Designs
-Blomstrete jersey, Stoff og Stil
-Kvit ribb frå Rainbow Tekstil (liknar Hilco sin, men fastare (og betre, synest eg)

27.06.2011

2009/-10: Ottobre baby-mønster

Eg abonnerte på mønster-tidsskriftet Ottobre Design i 2009 og 2010. Dei gjevast ut i barnemønster- og kvinnemønsterutgåve. Særleg i fyrstnemnte er det mange fine modellar, mykje inspirasjon å hente, og mykje å lære. På heimesidene deira, www.Ottobredesign.com kan ein bla gjennom tidlegare utgåver av bladet og kjøpe enkeltblad.
IMG_7855
IMG_7859
IMG_7920
IMG_7923
IMG_8316
(Kjolen er eige mønster)
IMG_7407
Juni 066
Juni 067

Januar 2010 300
Kanten rundt spplikasjonen er sydd med “frynsefot”/”fringefoot” som lagar lykkjer. Ulempen var at frynsene altfor lett kunne trekkast ut, og eg måtte feste dei med ein sikksakk. Dette gav ein flatare utsjånad, men greitt nok.

2009/-10: Stoff og Stil-mønster

Stoff og Stil sine mønster med har eg ikkje brukt så veldig mykje. Dels fordi eg ikkje har funne modellar som har passa, dels fordi dei berre kjem i éin storleik pr. mønster. Men ikkje minst fordi mønstera har inkludert saummonn utan at den er teikna på mønsteret, og det er vanskeleg og uoversiktleg å gjere endringar.
Oktober 028
Oktober 030
Ribb-applikasjon à la Annwes
Oktober 035
Denne kjolen er sydd etter samme mønster som øvste kjolen, men ein god del endra. Faldane framme er tekne bort, og front-mønsteret er klipt opp for å kombinere to stoff. Under: Pyntelapp kanta med skråband.
Oktober 038
IMG_7331
Dette mønsteret er mykje klipt opp før stoffklipping. Den lilla kanten er ribb-kant, av skråbandsaktig type. I den øvre saumen i ermet er det biseband, sydd med anorakksnor inni.
IMG_7327
Biletet under: Jakka bak. Mønsteret på dei beige områda er sydd på måfå med rettaum med raud dongeritråd frå Stoff og Stil. Hugs broderinål med stort nålauge om du syr med så tykk tråd.
IMG_7328
Januar 2010 174
Januar 2010 175
Her har eg også sydd med dongeritråd, men fyrst nåla på eit papir ( i dette tilfellet eit matpapir) med teikning på som syguide.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...