Viser innlegg med etiketten Heildressar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Heildressar. Vis alle innlegg

18.11.2013

Pysj med føttar til store og små

“Eg vil ha samme pysj som veslesyster har, mamma! Sånn med føttar! Ein gul pysj!”

Mellomstejenta på 5 år

Det tok meg litt tid å kome i gang med dette prosjektet, motivasjonen for å lage mønster til ein pysj var ikkje så stor. Men så fann eg heildressmønster som går heilt opp til 128 i boka til Heilt Spesiell og Jubel, og eg klarte å samle motivasjon til å lage ein pysj. ein riktig restepysj, blei det, eg har brukt både velour, interlock, jersey og ribb :-) Det er så deileg å bli kvitt nokre småbunkar med restar!

11.10.2013

Pysj i velour

Mønster: Når ein sparkar av seg dyna om natta er det greitt å ha ein varm pysj. Tid for å teste pysjmønsteret frå boka til Heilt Spesiell og Jubel på velour! Eg har tidlegare testa det i interlock i ein litt modifisert variant med ribb rundt handledd og anklar, men denne gongen blir den som originalen. Bortsett frå at eg har brukt velour i staden for jersey. (Det er lurt å tenkje seg litt om før ein brukar velour på eit singel jersey-mønster, for velouren er gjerne ikkje like tøyeleg). Pysjen er sydd i str. 92, jenta har omtrent samme høgde. Bileta talar vel igrunnen for seg om passforma, eg er i allefall kjempefornøgd med den!

Detaljar: Kanskje har du allereie lagt merke til at det berre er sju knappar langs innerbein/skritt. Mønsteret tilrår litt fleire, og det er nok lurt (sjå biletet under). Men tar litt lengre tid å skifte bleie… Halsen er litt tettsitjande, meir enn det som eigentleg er meininga, vil eg tru. Dette har nok å gjere med at Stoff og Stil sin ribb er fastare i elastikken enn ribben mønstera er basert på. Om ein lar ribben vere litt smalare, til dømes 2 cm brei (når ferdigsydd), vil det funke betre med Stoff og Stil-ribb. (Ribb-kanten i mønsteret er 2,75 cm brei.)

Eg har forresten høyrd snakk om at Stoff og Stil har bytta produsent på ribben sin nyleg (etter at all min ribb blei kjøpt inn), så den ikkje er like fast lenger, kanskje den nye passar betre til HS&J-mønstera?? 

If you have browsed through my new blog posts recently, you will have got to know that there is a new sewing book on the market in Norway these days! This time I have made a pyjamas in velour, and I think the pattern from the book works excellent! Maybe some more buttons next time, and use a rib that is a little less firm, or use the same type of rib but 2 cm wide instead of  2.75 cm wide. But for now: Good night, sleep well, in velour pyjamas or not!

22.09.2013

Fôra pysj / pyjamas with lining

Toåringen trong ein varm pysj, og i mangel av eit tykkare ullstoff blei det ein fôra pysj. Og så fekk eg også testa ut heildress-mønsteret til Heilt spesiell og Jubel (heretter kalla Hs&J)!

The two year old needed a warm pyjamas. I didn’t have a suitable thick fabric, so I made a pyjamas with lining instead. And tested the pattern from the new sewing book of the bloggers “Heilt Spesiell” og “Jubel”!

Pysjamas sydd etter mønster på heildress i boka Sy glade klær til glade barn av Heilt spesiell og Jubel/ Kristin Thorsnes og Ane Sund 

Om mønsteret frå boka til Hs&J: Str 92. Jenta er ??cm lang, 90-92 cm? Mønsteret er meint for singel jersey, men var langt nok i ryggen til at det funkar med interlock (som ikkje har stretch i lengderetninga, derimot føyer det seg godt i breidda). Mønsteret er meint å vere utan ribb i ermar og bein, men “kantebandsapparat-ribb”, og med knepping på innsida av beina og i skrittet. Eg såg for meg at jenta kjem til å rive opp kneppinga i skrittet og kle av seg, og eg erstatta derfor kneppinga med usynleg glidelås.

The pattern is made for single jersey, but I have used interlock for shell and a thin, ribbed wool knit for lining. Instead of buttons at the leg inside, I have placed a zipper running from one ancle to the other (to prevent the girl from taking tha pyjamas off by herself when she’s not supposed to).

Slik var framgangsmåten for dress med fôr / this is the way I sewed the dress with lining:

-Sydde på kile på bakstykket på ytterstoff og fôrstoff
Stitched gusset on back shell piece and back lining piece

-Usynleg glidelås på ytterstoff, eine halvdelen på framstykket og den andre halvdelen på bakstykket
 Invisible zipper to shell; one half to  front piece and the other half to the back piece

Biletet under er tatt på eit seinare tidspunkt, men viser ei skisse av glidelåsen, “topp-punktet” på glidelåsen ligg rett ovanfor saummonnen. I andre enden er glidelåsen klipt av kant i kant med stoffkanten. Du treng altså ikkje ha eksakt glidelåslengde, så lenge den er for lang.

The picture below is taken at a later point in the process, but show a a sketch of the zipper. The “top point” of the zipper is placed just above the seam allowance. In the other end, the sipper is cut at the level of the fabric edge. You don’t need exact zipper length, as long as it is too long!

-Fôr-delane blei sydd på på andre sida av glidelås-delane
Lining pieces stitched to the opposide side of the zipper parts

-Sydde ribben i halsutringinga
Neckline rib

-Ermar på bakstykke og forstykke (men utan  å sy ermane til røyr)
 Sleeves to front- and back piece (but without stitching them to tubes)

-Ermesaum og sidesaum i eitt på ytterstoff
 Continous sleeve- and sideseam on the shell

-Det samme på fôret, men med vendeopning i sida
 Likewise on the lining, but leaving an opening in the side

Slik såg det ut nå (vendeopninga markert):
This is how it looked like at this point (opening at the side marked):

-Deretter sydde eg i ribb i ermane, dette kjem det eit eige innlegg om
 At this point I stitched the rib at the wrists, there will be a separate blog post about this

-Ankelribb; sydd på samme måte som eit ufôra plagg (saummonnen altså synleg på innsida av plagget)
 Ancle rib, stitched as I do when garments are not lined (i.e. visible seam allowance on the garment inside)

-Sydde igjen vendeopninga
Closed the opening in the lining side

Konklusjon: Nå har eg jo endra ein del på mønsteret mtp ribb og glidelås, og har sydd i anna stoff enn det mønsteret er meint til. Men alt i alt har eg fått eit godt inntrykk av mønsteret. Det er ganske mykje styr å sy fôra plagg, særleg med den der glidelåsen i tillegg, så det må gå litt tid mellom kvar slikt plagg…

EDIT 14.10.13: Jentungen har protestert på å ha på seg denne, og ho klarte etterkvart å formidle at det var vondt ved ankelen. Årsaka var at enden på den avklipte glidelåsen var spiss og stakk henne, stakkar. Så saummonnen med glidelåsenden i må altså dekkast til.

Conclusion: Sewing a lined garment is quite time consuming compared to a garment witout lining, especially when including a zipper. Not an everyday project for me, but ok once in a while…

EDIT: My daughter didn’t want to wear this pyjamas until I realized that the end of the cut zipper scratched her ancle, poor girl... Hence, the seam allowance with zipper end in it has to be covered.

10.04.2013

A cute little coverall

DSC_0076 copy

Some friends of ours got a little boy a few weeks ago, and I made this coverall suit. I thought that it could be a nice overgarment now at springtime and on cold summerdays. An d I was happy to get the chance to use the lovely isoli fabric (sweatshirt fabric/french terry fabric) that I bought in Denmark last year :-)

The pattern is fram the latest Ottobre  kids fashion magazine (1/2013). It is fully lined. I like the flexibility in the size by having folded sleeves. The overlap with buttons in front is easy to make, at leastwhen you have a binder/kantebandsapparat that can deal with thick layers of fabric. (You can bind manually with a twin needle too (tutorial in norwegian here)).

Sewing/joining: I did not follow the instructions exactly, because they told me to stitch the sleeve- and sideseams before binding the sleeves . But if I’d done that, I thought that it would be difficult to finish the sleeve edge using the binder (kantebandsapparat) on the coverstitch machine, because the binder usually demands free edges at the start and end of the sleeve-end. Therefore, when stitching the sleeve- and sideseam (one continous seam), I skipped a couple of centimetres  closest to the sleeve edges. After putting the lining into the shell, I finished the common sleeve edge using the binder (leaving excess binding in both ends as usual). Then closed the sleeve edge to a circle with a short seam in some sort of continuation of the sleeve-/side seam. Finally fastening the excess binding like I usually do  (fastening to one side by stitching close to the sleeve seam. Next, cut off the excess close to the last, short seam.).

I wonder, has anybody else made this suit? If so, how did you finished the sleeve edges? (Replies both in norwegian, swedish, danish og english is warmly welcome on this blog. You could try in german too, if it’s not written in a complicated way ;-)

DSC_0077 copy

DSC_0078

Pattern: Ottobre Kids 1/2013, design no. 4.

Fabric: Isoli from StofShop in Randers, Denmark. Lining: Single jersey bought somewhere on Jylland. Bindings: Center front/hood made of rib from Stoff og stil, sleeve bindings of interlock. Snaps from KAM/Lykkedragen.no. Size tag from Lykkedragen too?

31.10.2012

Ulldress til eittåringen

Eg har tidlegare (to år sidan, trur eg) sydd ulldressar til dei to eldste, og barnehagen har gitt veldig positive tilbakemeldingar. I år får den mellomste arve etter den eldste, men den eldste og yngste treng nye dressar. Sistnevne er fyrst ut!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mønster: Utgangspunkt i eit klovnekostyme frå Alt om håndarbeide, men mykje endra, både i vidde og lengde.
Stoff: Nokså tykk interlock som er to lag strikka saman, bomull innerst og ull ytterst (Stofstedet.dk). Ullribb frå ein lokal forhandlar av ullklede.

27.06.2011

2009/-10: Ottobre baby-mønster

Eg abonnerte på mønster-tidsskriftet Ottobre Design i 2009 og 2010. Dei gjevast ut i barnemønster- og kvinnemønsterutgåve. Særleg i fyrstnemnte er det mange fine modellar, mykje inspirasjon å hente, og mykje å lære. På heimesidene deira, www.Ottobredesign.com kan ein bla gjennom tidlegare utgåver av bladet og kjøpe enkeltblad.
IMG_7855
IMG_7859
IMG_7920
IMG_7923
IMG_8316
(Kjolen er eige mønster)
IMG_7407
Juni 066
Juni 067

Januar 2010 300
Kanten rundt spplikasjonen er sydd med “frynsefot”/”fringefoot” som lagar lykkjer. Ulempen var at frynsene altfor lett kunne trekkast ut, og eg måtte feste dei med ein sikksakk. Dette gav ein flatare utsjånad, men greitt nok.

2009; Sy Sejt børnetøj

Når ein er fersk ved symaskina, lønner det seg å bruke mønster, og aller helst bør dei vere gode. Eg starta med den danske boka "Sy sejt børnetøj", ei bok med enkle grunnmodellar. Eg brukte eitt av buksemønstera ein god del, men elles blei nok aldri denne boka nokon storfavoritt.
P3160029
April 007
April 009
Ribb-applikasjon à la Annwes
April 012
Gjenbruk av fars gamle stretch-dongeri-bukse
August 052
Oktober 132
Januar 2010 147
Januar 2010 097
Januar 2010 098
Fleecedress: Kroppen på denne pusekatten er vertikaltdelt, og blei sydd på (applikert på) på kvar rygghalvdel før montering. Intensjonen var todelt: Morosam dekor, og ekstra isolasjon i rumpa.
Januar 2010 169
Bukse i breistripa, brun cord: Lommeopningar med ribb-applikasjon à la Annwes. Kaninene er sydd med dongeritråd frå Stoff og Stil; eg teikna kanina på matpapir (tynnare mønstervlies, riveinnlegg o.l. kan også brukast), nåla papiret på stoffet og sydde langs strekane med rettsaum. (Reiv av papiret etterpå.) NB: Ein treng broderinål med stort auge når ein syr med såpass tykk tråd.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...