Viser innlegg med etiketten Baby-jakker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Baby-jakker. Vis alle innlegg

19.04.2016

SoulBaby-jakke

Eit vennepar av oss fekk ein gut. Sidan mammen til guten er dirigent i det likale SoulChildren-koret, blei det ei “SoulBaby”-jakke til junior Smile. Logoen gjekk lettare å lage i Silhouette studio-programmet enn frykta. Av “children” i opprinneleg soulChildren-logo, laga eg “b” ved å speglvende “d”. “a” fekk eg ved å rotere “e” 180°. “y” blei til ved å rotere “h” 180°. Og vips…

Jakka er sydd av ullfrotté frå Janus. Bomullsribb. Flocked vinyl heat transfer frå Silhouette.

23.05.2012

Baby Blueprint Crochet

Denne jakka blei ferdig i går, og då den kom på jenta, minte jakka veldig om jakka til ein keisar, hehe… Klede forandrar seg av og til veldig i stilen når dei blir kledd på ein person!
DSC_0198k
Jakka er nr. to av fire parallelle hekleprosjekt eg har hatt siste månadene, veldig greitt å få den ferdig, for den passar nå framover, str. eitt år, jenta brukar str. 74. Men eg er igrunnen spent på kor mykje vi faktisk kjem til å bruke den, fordi den er hekla i heilt feil garn, og er tykk og stiv i “stoffet”. Men då dette gjekk opp for meg, hadde eg hekla så langt at eg tenkte at eg fekk gjere den ferdig... Garn er ikkje berre berre, har eg skjøna. 
DSC_0194k
DSC_0190
DSC_0200

Mønsteret er frå boka


“Baby blueprint crochet. Irresistible projects for little ones” av Robyn Chachula.
Boka har iflg innehaldslista 19 ulike hekleprosjekt for barn frå null til to år. Den er på engelsk med amerikansk heklespråk.


Innehald:
Ermelaus kjole (bilete nedanfor)
Genser med knepping i skulder (google “callum pullover” for bilete)
Jakka eg har hekla
Guttevest (bilete nedanfor)
Lang jentegenser med knepping (bilete)
Ein guttevest til (google “charlie vest” for bilete)
Jentejakke med oldemorruter (google “rosa car coat” for bilete)
Genser med selburosemønster
Tilbehør: Sokkar, slippers, boots, bleiebukse, caps
Til heimen: Vaskeklut, smekke, babyteppe/lappeteppe, elefant-uro, robot-leike, eit babyteppe til.


Oppbygging av eit mønster:
-Info om garntype, heklekrok, tilbehør, heklefastheit, ferdige mål på plagget.
-Skisser over dei ulike delane i plagget, med mål både i inch, cm og mønsterrepetisjonar (sjå bilete nedanfor)
-Mønster på prøvelapp; veldig greitt for å finne ut om ein skjønar mønsteret, kor raskt det er å hekle og slikt. Og sjølvsagt for å finne fram til rette garn og heklenål.
-Sjølve heklemønsteret, plaggdel for plaggdel, med både tekst og symbol (bilete nedanfor)
-Framgansmåte for montering og ferdiggjering av plagget


Kort vurdering av boka:
Boka er veldig grei å fylgje, og forståeleg også for ein fullstendig hekle-nybyrjar som meg. Den brukar både tekst og illustrasjonar/skisser/symbol for å vise korleis ein skal gjere det. Eg som er vant til å sy etter mønster likte veldig godt skissene. Då er det lett å justere når ein ikkje har garn med samme heklefastheit. Eg heklar venstre-hendt, og fekk derfor litt trøbbel med å lese skissene der det var forskjell på høgre og venstre side, men etter litt spekulering, fekk eg det til.

Den store minuset for min del, var at eg valte feil garn. Det skulle ha vore 100% akryl i jakka, og eg valte feil erstatningsgarn, mercerisert bomull (“sport” frå Spar Kjøp). Det passa i heklefastheiten, men blei altfor kompakt. Så då lærte eg ein heil del om garn, for eg går utifrå at jakka ville blitt annleis om ein hadde brukt ull eller akryl. (Men det veit eg jo strengt tatt ikkje, sidan eg har minimal erfaring med garn…)

Alt i alt likar eg denne boka godt, og kan gjerne råde andre til å prøve den. Om dei synest det er greitt med engelsk (amerikansk), vel å merke.

Bilete frå boka:

DSC_0203
DSC_0208

DSC_0206
DSC_0205
DSC_0204
DSC_0202
DSC_0201

01.11.2011

Jakker for små menneske!

For nyfødte, faktisk, jakkene er sydd i str. 50/56. Nesten samme mønster som denne jakka, men denne gongen utan noko avrunding i ermeendar og nedst på sidesaumane. Den grønne jakka har fått applikert ei ugle på framme, men dei andre er såpass spennande i stoffa at det ikkje er applikasjonar på dei. Nr. 1 og 3 lukkast høgre over venstre (jente), medan 2 og 4 lukkast venstre over høgre (gut).

DSC_0813

 

DSC_0817

DSC_0819

DSC_0821

Mønster: Eigenteikna

Stoff og tilbehør:

Alle jakker er sydd i stretch-isoli frå Hilco, kjøpt hjå Mineti.de og Sydilla.no. Kanta med ulike interlock-stoff frå CethoDesigns.no. Knyteband frå Leanne.no.

30.08.2011

Omslagsjakke str. 56

Eg sydde nyleg ei omslagsjakke etter mønster frå Ottobre. Denne gongen har eg teikna eit mønster som er noko mindre i storleiken.

DSC_0817

DSC_0798

DSC_0816

Om mønsteret:

Teikna med hjelp frå Winifred Aldrich si bok i mønsterkonstruksjon. Som eit designmessig forsøk, teikna eg inn litt skrådde hjørne på mønsteret ytst på armane og nedst i sidesaumane, som små mini-mini-splittar, men effekten blei viska ut av kantebandsapparatet.

Knyteband:

DSC_0796

På innsida har eg brukt skulderband denne gongen også, fordi det er greitt med nokon band som ikkje er tykke her. Skulderbanda er litt for tynne, synest eg, men betre enn andre alternativ eg hadde tilgjengeleg.

DSC_0799

På utsida har eg brukt eit type A-kantebandsapparat  med klippebreidde 1” (2,5 cm). A-apparatet brettar to gonger; ein gong på framsida og ein gong til over stoffkanten. Baksida på saumen blei veldig markert, det beste hadde nok vore eit type B-apparat (som brettar stoffet på baksida også), og så sydd med kjedesaum/berre éi nål, slik som eitt av desse apparata.

Kantebandsapparatet i sving: 

DSC_0802

Til Coverproen min brukar eg eit type A-apparat som gjer 1 1/2” breie remser om til 14 mm brei kant. I svingar slik som i nedre kant på omslagsstykket blir kanten gjerne for stram med ribb, slik at ribb-kanten vrenger seg utover eller innover. Lågast mogleg diff hjelper noko. Trådspenning brukar eg ikkje å endre særleg på, men eg testa denne gongen ut om trykkfotpresset spela inn. Det var ikkje nokon veldig store forskjellar på max og min, synest eg, men det hjelpte kanskje litt å skru skruen i botnen. Det som spela størst rolle, var at eg drog jakke-stoffet til meg medan svingen på stoffet gjekk inn i apparatet, og etterpå pressa kanten med strykejernet (Spørs kor lenge sistnemnte tiltak varer…). Om nokon har andre gode tips, er det berre å leggje att ein kommentar :-)

Stoff og tilbehør:

-Hilco sin stretch-isoli, eit relativt tynt isoli-stoff med deileg, mjuk bakside. Kjøpt av www.mineti.de.
-Ribb frå Stoff og Stil.
-Skulderband frå Stoff og Stil.

DSC_0819

27.08.2011

Babyjakke med fargeglade kantar

Nyfødt barn = tida for å finne stoff i restekorga. Og der fann eg dette stripete interlockstoffet, kjøpt inn som restestoff ein gong i tida, og nå akkurat nok til ei babyjakke! Det er så deileg og ekstra tykt, må vere dobbelstrikka på nokon måte, trur eg. Stripene er mørke lilla, ikkje svarte.

DSC_0783

Kanting:

Interlocken “Soppverden” frå CeTho er så frisk i fargane, at eg måtte teste den ut som kant. Og eg blei veldig fornøgd med resultatet designmessig. Men sjølve stoffet er såpass laust at det eignar seg ikkje i kantebandsapparatet. To gonger sklei det ut av kurs i apparatet, sjølv om eg har eit apparat som i utgangspunktet taklar relativt vanskelege stoff.

DSC_0794

Applikasjon:

Soppen i hjørnet er sydd på som ein "jersey-applikasjon". Sidan eg brukte rettsting på to elastiske stoff, strauk eg på ein bit strykeinnlegg bak, så ikkje saumen skal ryke.

DSC_0779

Mønsteret:

Mønsteret er frå Ottobre 5/06, eit mønster eg hadde brukt før til ei barselgåve.  Storleik 56, men svarar nok meir til str. 62. (Jenta er ca 54 cm lang nå)

DSC_0792

Knyteband:

Dårleg tid, så man tager hva man haver… På innsida blei det skulderband frå Stoff og Stil, og på utsida strimlar av interlock. Klipt på langs av stoffretninga, der det er liten stretch, ikkje på tvers. Ikkje det stiligaste med rå klippekantar, men det fungerer!

DSC_0784

 

Om ein skal kante med interlock med motiv på, er det lurt å tenkje over kva for ende av remsa ein puttar inn i apparatet, slik at ikkje motivet blir opp-ned!

DSC_0787

 

Mønster:
-Ottobre 5/06

Stoff og tilbehør:
-Tykk, stripete interlock kjøpt i Hjørring
-Sopp-interlock frå CeTho Designs
-Vliesofix, Stoff og Stil
-Billigaste strykeinnlegg, Stoff og Stil

27.06.2011

2009/-10: Ottobre baby-mønster

Eg abonnerte på mønster-tidsskriftet Ottobre Design i 2009 og 2010. Dei gjevast ut i barnemønster- og kvinnemønsterutgåve. Særleg i fyrstnemnte er det mange fine modellar, mykje inspirasjon å hente, og mykje å lære. På heimesidene deira, www.Ottobredesign.com kan ein bla gjennom tidlegare utgåver av bladet og kjøpe enkeltblad.
IMG_7855
IMG_7859
IMG_7920
IMG_7923
IMG_8316
(Kjolen er eige mønster)
IMG_7407
Juni 066
Juni 067

Januar 2010 300
Kanten rundt spplikasjonen er sydd med “frynsefot”/”fringefoot” som lagar lykkjer. Ulempen var at frynsene altfor lett kunne trekkast ut, og eg måtte feste dei med ein sikksakk. Dette gav ein flatare utsjånad, men greitt nok.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...