Eg sydde nyleg ei omslagsjakke etter mønster frå Ottobre. Denne gongen har eg teikna eit mønster som er noko mindre i storleiken.
Om mønsteret:
Teikna med hjelp frå Winifred Aldrich si bok i mønsterkonstruksjon. Som eit designmessig forsøk, teikna eg inn litt skrådde hjørne på mønsteret ytst på armane og nedst i sidesaumane, som små mini-mini-splittar, men effekten blei viska ut av kantebandsapparatet.
Knyteband:
På innsida har eg brukt skulderband denne gongen også, fordi det er greitt med nokon band som ikkje er tykke her. Skulderbanda er litt for tynne, synest eg, men betre enn andre alternativ eg hadde tilgjengeleg.
På utsida har eg brukt eit type A-kantebandsapparat med klippebreidde 1” (2,5 cm). A-apparatet brettar to gonger; ein gong på framsida og ein gong til over stoffkanten. Baksida på saumen blei veldig markert, det beste hadde nok vore eit type B-apparat (som brettar stoffet på baksida også), og så sydd med kjedesaum/berre éi nål, slik som eitt av desse apparata.
Kantebandsapparatet i sving:
Til Coverproen min brukar eg eit type A-apparat som gjer 1 1/2” breie remser om til 14 mm brei kant. I svingar slik som i nedre kant på omslagsstykket blir kanten gjerne for stram med ribb, slik at ribb-kanten vrenger seg utover eller innover. Lågast mogleg diff hjelper noko. Trådspenning brukar eg ikkje å endre særleg på, men eg testa denne gongen ut om trykkfotpresset spela inn. Det var ikkje nokon veldig store forskjellar på max og min, synest eg, men det hjelpte kanskje litt å skru skruen i botnen. Det som spela størst rolle, var at eg drog jakke-stoffet til meg medan svingen på stoffet gjekk inn i apparatet, og etterpå pressa kanten med strykejernet (Spørs kor lenge sistnemnte tiltak varer…). Om nokon har andre gode tips, er det berre å leggje att ein kommentar :-)
Stoff og tilbehør:
-Hilco sin stretch-isoli, eit relativt tynt isoli-stoff med deileg, mjuk bakside. Kjøpt av www.mineti.de.
-Ribb frå Stoff og Stil.
-Skulderband frå Stoff og Stil.
Å herlighet så flott denne var. Den satt jo som et skudd! :)
SvarSlettOg det ser jo ut som om modellen ikke bryr seg katta om hva som skjer rundt henne. :)
Den var utrolig fin! Nydelig stoff og for en hjerteknuser av en modell og med så mye hår! :D
SvarSlettSo lovely!!!
SvarSlettBest wishes
Anne
Åhhh, så nyyydelig! Måtte bare inn her også å se,og jeg lurer veldig på hvor mye du har endret på mønsteret.... Holder på å lage en slik i str. 50 til mitt nye stebarnebarn:) ho blei fødd nu på tirsdag og var bare 2,5 kilo, så det bør jo være smått... Er jakken for bred? hvordan kan jeg isåfall endre mønsteret så den passer bedre? Mange spørsmål, men jeg har jo lyst til å lage noe som passer. Ho bor jo så langt unna, slik at jeg får ikke prøvd det på:)
SvarSlettEllers så har du utrolig mange flotte tips her, må vist finlese ganske nøye:)
Tusen takk for koselege kommentarar!
SvarSlettTonje Sara: Gratulerer med stebarnebarnet! Er det Ottobre 5/06 du syr etter, kanskje? Eg har dessverre ikkje tilgang til dette mønsteret for tida for samanlikning, men mønsteret eg har teikna er generelt smalare både over skuldre, mage/rygg og armar, og armane er kortare. Mønsteret mitt er omtrent like langt som Ottobre-mønsteret, det er det einaste. Mønsteret på jakka i dette innlegget her: Frå midten til sidesaum er det 11,2 cm både framme og bak.Lengda er 26 cm frå nakken. Ermet er 18 cm langt, og ermemønsteret er 20,3 cm breitt på det breiaste. Og denne jakka passar greitt nå, jenta er 4,6 kg. Lykke til med jakke-syinga!
Tusen takk for svar Annwes!
SvarSlettJeg bruker mønster fra 6/07 og det er andre mål på denne. Jeg har allerede klippet den ut og er igang med å sy den i str. 50:) Får sende den nedover til prøving, så får jeg se hva som bør endres, hvis det er noe.
Ha en fin søndag.
Hilsen Tonje Sara