Eg likar å pønske ut design på ammeklede. Denne toppen blei sydd medan eg var høggravid, og nå når barnet blei født, fekk eg prøvd toppen på.
Den funka ikkje i det heile tatt! Dumt igrunn, for eg synest designet elles blei veldig tøft…
Tanken var at innerstykket (stjernestoffet) er splitta i vertikal retning på midten. Den beige kanten langs det stripete stoffet er ikkje festa til stjernestoffet, utanom i ein planlagt knapp i overgangen til ermet. Men med ein splitt i stoffet, blei alt veldig ustabilt, stjernestoffet drog seg berre ut til sidene. Det stripete stoffet heldt seg heller ikkje inntil kroppen, slik eg hadde tenkt, og det blei ei open-ståande lomme i kvar side. Ja, ja. Jakta på det funksjonelt og estetisk gode ammedesignet fortset.
Toppen på vranga:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!