22.01.2012

Babykjole: Eg er så fornøgd!

DSC_0494komprimertbeskjart

Eg har funne ut at eg må sy litt klede til minstejenta, ho brukar str. 68 nå og vi har ikkje særleg med klede i str. 74. Eg klipte fyrst nokre bodyar, men sylysten lot vente på seg. Men så fann eg på at eg skulle sy ein ballongkjole med litt retropreg, etter å ha kjøpt dette prikkete stoffet på salg hjå Stoff og Stil. Og eg blei så glad av å få ferdig denne kjolen at nå har eg lyst til å sy meir! Jippi!

DSC_0502komprimert

Bisebandsfot var noko av det fyrste eg kjøpte til maskina mi, og brukte den ein del i starten. Men så har eg gløymt det bort litt, men fekk inspirasjon til å take den fram att etter å ha sett bloggen til http://groovybabyandmama.blogspot.com/. Ho er veldig god til å bruke biseband til å lage stilige effektar.  I kjolen her er dei raude stripene biseband. Sydd i babycord med skolisse frå Ica supermarked inni.

Då eg teikna mønsteret tenkte eg at eg skulle ha rynking langs heile skjørtet i livet, men etter å ha sydd dette, angra eg og tok det opp att. Det øydela liksom retro-stilen, syntest eg. Eg testa med større faldar, men då blei det kluss med stoff-fordelinga  for ballongeffekten nedst. Så eg endte opp med å samle”stoffoverskotet” i to buntar med små, små faldar. Godt fornøgd.DSC_0504

Likevel blei det ikkje liknande faldar på baksida, for då var tolmodet mitt slutt, hehe. Så her rynka eg det like mykje overalt:

DSC_0508

Som fôr i livet på kjolen er det babycord, medan det er jersey som fôr i skjørtet. Enkelt og greitt; ballongeffekt blei laga ved å strekkje jerseyen då den blei sydd saman med babycorden.

DSC_0506

Mønster:
-Sjølvteikna. Denne gongen hadde eg teikna ulike grunnformer frå Aldrich-boka “oppå kvarandre” på samme papir for å få ein feeling med dei ulike grunnformene, i staden for å velge éi grunnform. Og i staden for å bruke måla frå Aldrich, som brukar andre storleiksintervall enn vi er vant til (56, 64, 72, 80), brukte eg mål på str. 74 frå boka “Søm” av Rimor Haugsand (denne boka viser ikkje konstruksjon av barneklede, men inneheld ein svensk måltabell for barnestorleikar).

Stoff:
-Babycord frå Stoff og Stil. Brun jersey frå Cetho Design.

 

 

DESIGN BY ANNWES liten versjon

09.01.2012

Dametunika

Litt klede til meg sjølv, for ein gongs skuld! Eg ammar for tida, og tenkte eg skulle lage meg ein tunika som er lett å lyfte opp for amming, med andre ord ein som har litt vidde. Denne er ein slags test av mønsteret eg har teikna.
DSC_0363
Veldig enkel modell som er lett å få til å passe, sidan den ikkje tar omsyn til former, den berre heng ned over bryst og mage. Akkurat denne tunikaen er heilt lik framme og bak, bortsett frå sjølve halsutringinga. Det kjem nok til å fungere fint, trur eg, men eg kjem truleg til å justere litt neste gong, slik at øvre del av ryggen blir litt breiare, og samtidig flytte skuldersaumane litt lenger bakover.
Eg diggar “bishop sleeves”, så dét måtte tunikaen ha!
Bak blei rynkinga av velourstoff litt voldsom, synest eg, stoffet står utover (saumbysta er flat i ryggen, så det blir meir uttalt på meg), men dette vil heilt sikkert bli finare om ein syr tunikaen i viscose-jersey.
DSC_0366
DSC_0368
Halsen er teikna etter instruks i Aldrich-boka på krage som skal henge litt sånn laust og tilfeldig. Den blei ikkje akkurat slik eg tenkte, kanskje fordi stoffet er for tykt, men kragen fungerer uansett fint.
DSC_0364
Som eit lite eksperiment, har eg sett på to halve KAM-knappar til å feste eitt eller anna av pynt framme på brystet. Kva det skal bli, veit eg ikkje ennå… DSC_0365
Om mønsteret elles:
-Basert på Basic block for jersey wear (Aldrich)
Grunnmønsteret er omgjort etter liknande prinsipp som for denne tunikaen.
-Armane frå samme grunnform, men omgjort til bishop sleeves ved hjelp av Armstrong si bok.
 -Kragen er teikna etter instruks på “simple cowl collar”, Aldrich side 78.
Stoff og tilbehør:
-Velour frå Stof2000
-Ribb frå Stoff og Stil
-KAM-knappar frå Lykkedragen eller Ebay

06.01.2012

Om å lage luemønster

Nå har det vore stille på bloggen ei stund, det har vore lite sying i jola. Men eitt plagg blei sydd like før jol; lue til jolepresang til ein bror. Sidan han er prest, tenkte eg han skulle få ei lue med Ichtys-fisk på, og slik blei den sjåande ut:
DSC_0328
DSC_0326
Litt av greia med å lage lua, var å lage mønster. Eg laga eit nokså standard (trur eg) grunnmønster reint fasongmessig, men det vanskelege er å vite måla når ein berre har hovudomkrins å gå utifrå. Kor stor omkrins på lua i høve til hovudet, og i høve til stoffval? Og kor stor høgde på lua?
Lua blei bittelitt trang og bittelitt for høg. Eg får sjå om det blir meir luetesting etterkvart, med ulike mål.
Her er tips om du har lyst til å prøve deg fram sjølv på konstruksjon av ei lue som dette (innlegget er revidert i august 2012, etter at ein god del fleire luer er sydd etter denne)

Kor mykje ein skal leggje til i høgda og breidda vil variere utifrå materiale, og kva for eit design ein ønskjer seg.
 skisse ferdig lue

Tak mål:
Å måle hovudomkrins er nokså greitt, men når ein skal take mål på tvers av hovudet (heretter kalla tverrmål), lønner det seg å markere målepunktet med eit strikk. Set strikket i den høgda på hovudet du vil lua skal nå ned til. Mål frå side til side.
måltaking hovud2
Mønsterteikning:
1. Start med å teikne eit rektangel, delt vertikalt i tre like store delar, dette skal bli mønster på halve lua (lua klippast i eitt stykke mot brett til venstre):
skisse luemønster1
Grunnlinje: Halve hovudomkrinsen minus eller pluss X%.
X: Når ein syr i stoff som vidar seg mykje ut, som til dømes interlock, vil ein gjerne ha lua litt smalare enn hovudomkrinsen, og ein trekkjer ifrå litt på hovudomkrinsen, til dømes 10%. Dersom ein skal sy i eit stoff som ikkje vidar seg så mykje ut, og ein ikkje vil ha lua stram, er det nok lurt å leggje til litt i høve til hovudomkrinsen, kanskje ca 5% vil vere eit passande tal?

Høgde: Halve tverrmålet pluss Y.
Y: Eg synest å hugse at eg la til 2,5 cm på denne lua, og dette blei for mykje. Ca 1 cm er eit betre mål til ei slik lue. Om ein vil ha ein luetopp eit stykke ovanfor issa, kan ein godt leggje til meir, men då må ikkje lua vere for laus nede ved øyrene (med mindre ein skal brette lua opp... Her er det mange design-moglegheiter ;-) Til luer av tynn jersey kan Y også vere lik null.

Teikn inn vertikale hjelpelinjer midt i dei tre rektangla:
skisse luemønster1b
2. Teikn inn vinklar på 60° i toppen av kvart rektangel (liggande symmetrisk om hjelpelinjene). Sjå lenger nede korleis du kan lage ein mal i papir, om du ikkje har gradeskive)
3. Venstre side av mønsteret leggast mot brett ved klipping. Høgre side er bak på lua, rund av (grønn strek).
skisse luemønster4
Du kan teikne inn liknande avrunding framme og mellom “fjelltoppane” også, men eg synest det var like greitt å lage avrundingar under syinga, ikkje i klippinga (sjå lenger nede).
Mønsteret kan klippast på ulike måtar. Ein kan til dømes leggje til ein annan form nedst, slik som i lua eg sydde: (grønn strek under vassmerket på biletet):
skisse luemønster5
Ein kan klippe heilt fôr, eller berre eit panneband-fôr. Dersom ein ikkje ønskjer saum nedst på lua, kan ein speglvende mønsteret om grunnlinja og klippe fôr og ytterstoff i eitt.

Sying av taggane: Legg taggane/”fjelltoppane” mot kvarande rette mot rette, og sy “fjellsidene” etter tur, men vent med dei som vender midt for og midt bak (sjå figur under neste figur). Sy til slutt midt for og midt bak. (ulike måtar å gjere dette på, også avhengig av korleis lua er klipt).
sying lue1

babylue montering

Om du ikkje har laga kurve i mønsteret, syr du inn ei kurve på symaskina i etterkant:
sying lue3

Korleis lage ein 60°-vinkel i papir:
60gradersvinkel
Brett eit papir dobbelt. Brett det igjen, slik at du får ei brettelinje som er 90 grader på fyrste brett. Brett tilbake. Teikn eit punkt langs den siste brettelinja, til dømes 4 cm frå kanten. Teikn ein dobbelt så lang strek (altså 8 cm) frå dette punktet til kanten. Medan papiret framleis er bretta, klipper du langs streken, og når du nå brettar ut, har du ein 60°-vinkel. La bretten midt i vinkelen ligge langs hjelpelinja i mønsteret når du teiknar vinkel på mønsteret.

Toppen av lua kan delast inn i færre eller fleire “fjelltoppar”, la summen av vinklane vere 180° pr. halvt mønster.

Om den aktuelle lua: Sydd i interlock med ull på utsida og bomull innerst (Stofstedet.dk), med Teddystoff som panneband utanpå (kjøpt i Lyngdal, Marthas systue). Fisken er sydd med vanleg sikksakk etter stabilisering og merking av stoffet.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...