Viser innlegg med etiketten Dametunikaer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dametunikaer. Vis alle innlegg

10.02.2014

Viskose-jersey-tunika og eit PREVIEW!

Viscosejersey er ein spennande t ype stoff å sy av, særleg fordi stoffet har veldig fint fall. Flott til bluser/ toppar! Er ikkje så aller verst å sy av (når ein har overlock-maskin), samanlikna med til dømes sateng. Men er nok ikkje noko vinterstoff, oppdaga eg her om dagen, ved sortering av ferdigtromla tøy som etterpå hadde lege i eit kaldt rom. Polyester-fleece: “varmt” å take på, trass i at stoffet var kaldt. Bomulls-isoli: Ganske lunt. Viscosejersey: Kaldt, brrr! Men så blir det sikkert tilsvarande svalt og godt om sommaren, vil eg tru!

PREVIEW?? Av kva? Jo, nå skal du høyre: Mønsteret eg brukte som utgangspunkt då eg sydde denne tunikaen, vil du kunne kjøpe i marsutgåva av den norske utgåva av Symagasinet :-) Akkurat her har eg endra ein god del, sidan eg hadde lyst til å teste ut ulike måtar å veriere mønsteret på.

Sjølve mønsteret er ein omslagstopp. Med i mønsteret er det tre ulike byste-storleikar, tre ulike variantar av nederste del på toppen og to ulike typer ermer. I tillegg fylgjer det med eit indre forstykke som er tilpassa amming. Storleik S – XL.

Av alle kominasjonane ein då vil kunne få, er dette to av dei:

03.08.2012

Onion 2041 - Kjolen som blei til tunika

Onion-mønstera er danske, og i siste syshopping-liten på Danmarksturen, raska eg med meg nokre Onion-mønster. Det er litt så som så kor bra Onion-mønster har passa til min kropp tidlegare, men eg tenkte eg skulle gje dei ei ny sjanse med mønster for strikka stoff.

'Fyrste plagg ut, blei ein kjole etter mønster nr. 2041. Historia i korte trekk: Då mannen min skulle fotografere den på meg, og eg såg biletet, tenkte eg “oj, den blei rar!”. Og etter å ha tenkt på det ein dag eller to, klipte eg av skjørtet og gjorde det om til ein tunika. Slik blei den:

Tunika av Onion 2041

Men slik var den i fyrste omgang:

DSC_0228kb

Tingen var nemleg den, at eg berre hadde éin meter av den mørkaste velouren, og det var ikkje nok til heile skjørtet. Eg planla derfor å ha ei stripe nedst. Men undervegs gløymde eg dette, så då kanten nedst til slutt skulle på, fann eg ut at eg ikkje hadde nok stoff. Så det blei ei nødløysing med kanten de ser på biletet over. Eg hadde heller ikkje nok stoff til ermane, viste det seg undervegs, dermed blei det to fargar også der.

Om mønsteret og syinga: Eg sydde kjolen med 2 cm saummonn for å kunne justere. Eg brukte justeringsmoglegheitane litt, blant anna  la eg eit legg midt bak på skjørtet fordi det ikkje blei så fint med heilt nedre bakstykke. Eg heisa også det nedre bakstykket på midten, utan at eg veit kor lurt dét var… Neste gong blir det nok heller enten vertikal-delt bakstykke frå starten av, eller eitt innsnitt på kvar side. Armholene på kjolen er nokså djupe, så eg sydde saumen frå armen og ned sida på kjolen ein gong til akkurat i armhola, litt lenger inne på stoffet. Eg synest kjolen blei veldig vid i halsen, så eg laga løpegang med strikk i. Det gjorde nok at det blei litt puff-ermar der det eigentleg ikkje skulle vere det, men pytt. Elles synest eg det var veldig vanskeleg å sy med to cm saummonn i velour, det sklei og det var vanskeleg å halde oversikt over kor brei saummonnen reelt blei. Så beltet, til dømes, er nokså varierande i breidde. Eg har forresten løpegang rundt handledda, men handledda mine er ikkje så glad i strikk rundt seg, så det spørs om eg ikkje må bytte ut med ribb etterkvart.

DSC_0234

Kjem eg til å sy av mønsteret igjen? Njaa, eg trur eigentleg ikkje det.

Eg har kjøpt Onion 2035 også, den store hit’en på Sykroken, så får vi sjå då, om eg får meg ny kjole likevel :-)

Mønster: Onion 2041

Stoff: Mørkelilla (eigentleg litt meir plomme eller aubergine enn det biletet viser) frå Jydsk Stoflager i Ikast, ljos velour frå Stoff og Stil.

09.01.2012

Dametunika

Litt klede til meg sjølv, for ein gongs skuld! Eg ammar for tida, og tenkte eg skulle lage meg ein tunika som er lett å lyfte opp for amming, med andre ord ein som har litt vidde. Denne er ein slags test av mønsteret eg har teikna.
DSC_0363
Veldig enkel modell som er lett å få til å passe, sidan den ikkje tar omsyn til former, den berre heng ned over bryst og mage. Akkurat denne tunikaen er heilt lik framme og bak, bortsett frå sjølve halsutringinga. Det kjem nok til å fungere fint, trur eg, men eg kjem truleg til å justere litt neste gong, slik at øvre del av ryggen blir litt breiare, og samtidig flytte skuldersaumane litt lenger bakover.
Eg diggar “bishop sleeves”, så dét måtte tunikaen ha!
Bak blei rynkinga av velourstoff litt voldsom, synest eg, stoffet står utover (saumbysta er flat i ryggen, så det blir meir uttalt på meg), men dette vil heilt sikkert bli finare om ein syr tunikaen i viscose-jersey.
DSC_0366
DSC_0368
Halsen er teikna etter instruks i Aldrich-boka på krage som skal henge litt sånn laust og tilfeldig. Den blei ikkje akkurat slik eg tenkte, kanskje fordi stoffet er for tykt, men kragen fungerer uansett fint.
DSC_0364
Som eit lite eksperiment, har eg sett på to halve KAM-knappar til å feste eitt eller anna av pynt framme på brystet. Kva det skal bli, veit eg ikkje ennå… DSC_0365
Om mønsteret elles:
-Basert på Basic block for jersey wear (Aldrich)
Grunnmønsteret er omgjort etter liknande prinsipp som for denne tunikaen.
-Armane frå samme grunnform, men omgjort til bishop sleeves ved hjelp av Armstrong si bok.
 -Kragen er teikna etter instruks på “simple cowl collar”, Aldrich side 78.
Stoff og tilbehør:
-Velour frå Stof2000
-Ribb frå Stoff og Stil
-KAM-knappar frå Lykkedragen eller Ebay

30.06.2011

(Gravid-) og ammetunika, 1. og 2. versjon

Då eg blei gravid seint i haust, fekk eg lyst til å lage ein ny modell gravid-/ammetunika (eg har laga ein annan type før, sjå her.  Prinsippet denne gongen er ein omslagstopp med eit forstykke innanfor som er ope ut mot armane. For at ikkje motsett bryst skal blottleggast når ein ammar, heng omslagsdelande fast, men kan gjerast 8-10 cm lengre ved å løsne eit par knappar i sidene (sjå bilete nr. to).
Eg laga fyrst den lilla velour-tunikaen som test, med ekstra vidde for gravid mage. Omslagsdelande er kanta med ribb, noko som blir litt tykt. Alt i alt er det mykje som kan forbetrast på denne, omslagsdelane blei for tykke, særleg nedanfor bysta, og dei sklir også i høve til kvarandre.
IMG_9012
IMG_9013
Deretter laga eg ny versjon i vinterfrotté. Denne gongen utan ribbkant på nedsida av omslagsdelande. Dette blei også nokså tykt, så ein seinare versjon skal lagast med nokon form for innsnitt, tenkjer eg. Men til jersey, som er mykje tynnare, kan det nok fungere greitt. Denne versjonen vekk smalare mage, sidan eg ikkje hadde så stor mage ennå i vinter.
IMG_9059
IMG_9061

28.06.2011

2009/-10: Gravid- og ammetøy

Eg har spekulert mykje på korleis ein kan få funksjonelle ammeopningar, som også er estetisk fine. Og også prøva ut forskjellig –med varierande hell. Her er nokon av det som har fungert:
September 019
September 020
September 016
IMG_7905
IMG_7907

Denne modellen har eg ikkje prøvd sjølv, men eg har forstått på dei to som fekk dei at dei har fungert. Konseptet går altså ut på å ha berestykke både framme og bak med vide nedre for- og bakstykke, god lengde, og glidelås i båe sidesaumar. Evt. snurping nede, om ein vil hindre at tunikaen blir som eit telt når ein er høggravid. Stoff: Viscosejersey.

Juli 054
Juli 048
Denne var i flittig bruk sommaren for to år sidan. Som over er den basert på glidelås i båe sidesaumar. Denne er i fast stoff, og den ville kanskje ikkje fungert like godt om kjolen hadde vore tettsluttande rundt skulder og armhole.

Funksjonell nok, men ikkje så estetisk vellykka:
Mai 111
Mai 114
Konseptet med deling og overlapp framme er kjent og mykje brukt, men med viscosejersey blei det for slapt. (Toppen er sydd medan eg var nybyrjar bak symaskina).

27.06.2011

2009/-10: Klipp og lim i ulike mønster, dameklede

Mønsterteikning i light-versjon er å take utgangspunkt i eitt eller fleire eksisterande mønster, klippe, lime, kombinere, teikne om. Dette kan det bli mykje moro ut av, og plagga kan bli heilt umogleg å kjenne att frå utgangspunktet!
IMG_7256
Utgangspunktet for denne var ei t-skjorte/topp. Det er lagt inn berestykke framme og bak, med breie nedre for- og bakstykke med rynking. Ein nokså tettsitjande topp på innsida sørger for ballongeffekten.
IMG_7303
IMG_7305IMG_7306
August 062
August 064
Også her tatt utgangspunkt i eit t-skjorte-mønster, lagt inn berestykke og faldar/ekstra breidde og lengde i dei nedre stykka. Halsutringinga er kanta med kantebandsapparat for symaskin (eigentleg meint for fast bomullsstoff, men fungerte med tynn viscosejersey.)
IMG_7775
IMG_7979
IMG_7982
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...