Tid for å blogge litt att. Denne veka byrja eg på jobb att, etter ein lang fødselspermisjon og deretter ferie. Så den siste ferieveka har eg hatt desperat trong til å sy, som om eg aldri skulle få sy att liksom, og blogginga har blitt nedprioritert. Men i kveld orkar eg ikkje sy, men prøvar meg på litt blogging :-) Moro at du kikkar innom, enten du har vore her før eller berre tilfeldig har hamna her!
I danmark kjøpte eg ein kjempe-tøyeleg, tykk og veldig mjuk jersey, i ein eller annan ullblanding. Fyrste plagg er sydd av stoffet, og det blei ein genser til meg sjølv, og eg trur eg kjem til å bu i den utover hausten! Eg er dessverre ikkje i action-bilete modus akkurat nå, så det blir eit bilete av genseren på golvet (orka ikkje rydde bort all legoen på det kvite bordet heller…)

Om å sy i veldig tøyeleg stoff:
Det baud på ein del utfordringar, ja. Eg ville ha rullefald på rysjekanten, og prøva med ein del ulike innstillingar, men gav opp, for stoffet låg ikkje stabilt noko under syfoten. I stadenfor blei det ein tretråds overlock-saum.

Montering med overlock:
Vanlegvis brukar eg 3 4 4 4 i trådspenning på overlocken (9 er max. Huskylock 910). Det er gjerne tråden gjennom nålene (dei to fyrste av dei fire tala) som begrensar tøyelegheiten, så eg senka trådspenninga på desse. I praksis blei det 2 2,8 4 4, og då blei saumen veldig god. Diff’en på max (2,5). Stinglengda var omtrent 3. Eg prøvde både med normalt trykkfotpress og minimums-press, men det var ikkje store forskjellen.
Opplegg med brei coverstitch-saum:
I utgangspunktet stod maskina (Janome Coverpro 1000 CPX) innstilt slik: 4 - 4 3 (“-“ tyder at det ikkje står i nål i midten), diff. 1,0 og stinglengde 4. Trykkfotpress middels.
Dette gav bølgete saum, og eg prøva å rette på dette slik eg brukar å gjere, nemleg å auke diff’en. Bølgeproblemet blei mykje mindre, men elastisiteten i saumen forsvann, undertråden blei for stram med høg diff. Eg fiksa på dette ved å senke trådspenninga på undertråden, overtrådane også, men fornøgd med elastisiteten blei eg ikkje før eg minska stinglengda frå 4 (max) til ca 3. Då var det eg såg at trykkfoten skuva stoffet framom seg. Så eg senka trykkfotpresset det eg kunne (skrudde skruen på toppen så langt opp eg kunne), og problemet blei litt mindre, men ikkje heilt borte. Men nå kom eg ikkje på fleire tiltak, så eg sydde, og pressa bort ein del av små-bølgene med strykejernet etterpå. Eg prøvde forresten med vanleg trådspenning (4-43) på ein prøvelapp i etterkant, og fekk nesten like elastisk saum som med låg trådspenning (2-2 1,5), så lenge stinglengda ikkje var på max.
Mønster: Onion 5017
Stoff: Kølkær stoff og Hobby, Hammerum/Herning på Jylland