07.08.2012

Satengbluse: Skikkeleg utfordring…

Pjuhhh… Godt å bli ferdig med denne blusa, å sy i sateng er skikkeleg vanskeleg. Og den krøllar seg berre ein ser på den!! Beklager at eg ikkje tok meg tid til å stryke den før fotografering, eg var berre så veldig klar for å bli ferdig med den.

DSC_0259

Dette er del 1 i mitt prosjekt med å sy finklede til meg sjølv av nokre stoff eg fann på Stoffshop.dk i Århus.

Om designet:

Det var eigentleg meininga å sy ein topp med brei, ståande krage i halsutringinga, etter å ha googla “satin top” og blitt inspirert av denne. Men min krage blei ikkje jevnt avrunda, det blei knekk-danningar her og der, så eg droppa heile kragen. I staden for blei det sydd på to breie “skjerf” som kan bindast opp til ei sløyfe.

Om mønsteret:

Ei venninne hadde eit eldre Alt om Håndarbeide-blad, der det var mønster på ein heilt enkel, ermelaus topp i fast stoff, med innsnitt i sida. Relativt tettsitjande modell, knappestolpe midt framme. Eg endra mønsteret slik:

DSC_0314

Eg fann ut at innsnittet på mønsteret traff litt nedanfor og utanfor mitt brystpunkt, så eg teikna av eit nytt punkt bittelitt lenger opp og inn frå der innsnittet slutta. Teikna så ei linje derifrå og opp i halsutringinga, der eg ville at hovedfolden skulle gå. Klipte langs streken, opna opp så mykje at det gamle innsnittet blei lukka. Klipte opp ei linje nedanfor skuldra også, til ein mindre fold. Opna opp. La nytt mønsterpapir over og teikna inn det nye mønsteret. Det er belegning langs halsutringinga og armane, belegninga er uendra frå det opprinnelege mønsteret.

DSC_0268

I staden for knappestolpe framme, la eg inn knepping i venstre skulder og glidelås i venstre side. Og eg fekk endeleg prøvd meg på å trekkje knappar sjølv, etter at knappane for trekking har lege urørt i eit par-tre år…

DSC_0265

Sidan det ikkje funka med kragen slik eg hadde tenkt, prøva eg på litt forskjellige løysingar med kanting av halsutringinga, men utan at eg fekk det til særleg bra. Så til slutt sydde eg to “skjerf” som kan knytast på forskjellige måtar, og det blei fint, synest.eg.

DSC_0269

DSC_0267

DSC_0261

DSC_0262

Så er eg litt spent på kor mykje eg kjem til å bruke toppen. Eg er verken vant til å sy eller gå med tøy av sateng. Men eg får berre prøve :-)

1 kommentar:

  1. den vart veldig fin da! morro å sjå alt du syr, eg blir inspirert! og onion mønstra hadde eg ikkje høyrt om før, men no er dei googla og 2035 er satt i bestilling:)
    håpar de har ein fortsatt fin sommar!

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...