11.08.2012

Onion 2035: Blomster-tunika

Tunika sydd etter mønster Onion 2035

Det var så moro å sy kjole av Onion 2035-mønsteret, at eg har sydd meg ein tunika også! Inspirasjon til denne fekk eg via Gekko sin Pinterest-tavle, der ho hadde pinna tunikaen som dama bak "Skapat av mig" hadde laga. Sistnemnte skreiv at det var greitt å ha dobbelt stoff i bystedelen, og då tenkte eg med ein gong at eg skulle prøve dobbelt stoff med forskjellige stoff i dei to laga.

 DSC_0319

DSC_0322k

Om mønsteret: Bortsett frå at lengda på skjørtet er forkorta, er bakstykka like som på "Regnvêrskjolen", skjørtet er altså delt bak vertikalt. Eg gløymde å klippe ekstra lengde på bystedelen, men sydde med så lite saummonn som mogleg, så nokre få millimeter ekstra blei det nok. Ermane er den vide varianten, sjølv om dei ikkje er så vide som eg trudde. Igrunnen akkurat passe. Eg trudde dei var for korte og la til 1 cm på lengda, men dette blei 1-2 cm for langt. Kanskje fint slik dei er nå, hengande litt nede på handa, men litt irriterande, eg blir gåande og heise ermane heile tida, liksom. Den opprinnelege halsutringinga ligg ein stad mellom dei to her. Det vil seie at eg har gjort halsutringina litt smalare i nakken også.

Sying av halsen: Dei to berestykka er klipt likt, bortsett frå halsutringinga. Ved klipping laga eg eit hakk i skuldersaummonnen på det rosa stoffet der blomsterstoffet slutta. Fyrst kanta eg det ytterste stoffet. Deretter tråkla eg dei to stoffa saman i skuldersaummonnane (rette mot vrange). Sydde så høgre  skuldersaumen (rette mot rette med bakstykket). Kanta deretter den innerste halsutringinga heilt rundt, sydde venstre skuldersaum og sydde tunikaen vidare som vanleg.

Neste Onion 2035: Ryggen passar ikkje heilt til min rygg, det ser ein på dei skrå rynkene i korsryggen. Det vil altså seie at stoffstykket er litt for langt i diagonal retning, mellom øverst midt bak og nederst i sida. Skal lure på om det blir betre om eg kuttar litt skrått nedover på toppen av mønstert til skjørtedelen, frå sida mot midten? Veit ikkje heilt korleis dette blir med den vertikale saumen. Det er nå vel berre å klippe og sy og prøve :-) Kanskje nokon har gode tips?

Mønster: Onion 2035

Stoff: Mønstra jersey frå Gekko. Einsfarga jerseyar frå??, hugsar eg ikkje. Ribb frå Stoff og Stil.

5 kommentarer:

  1. Hei!
    Eg er nok ikkje erfaren nok til å koma med nokon tips til deg, men eg vil berre seia at det er kjekt å sjå at du kan laga så ulike klede med utgangspunkt i det same mønsteret. Flott topp!
    God lørdagskveld!

    SvarSlett
  2. Nydelig tunika, og fargene var jo utrolig fine. Har du sjekka at rygglengden passer deg? Jeg tenker det kan hjelpe litt i korsryggen å forkorte ryggen bittelitt.

    SvarSlett
  3. Ååååh likte denne også kjempegodt! Dette var nydelige stoff sammen :-)Skulle ønske at jeg også kunne fråtset i vakre stoffer. Jeg kan vel ikke kalle de 3-4 stoffene jeg har ett lager en gang...

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...