14.12.2011

Aktivitetsboks for ein treåring

Då eg var liten, hadde eg ei tøydokke med glidelås, knappar og borrelås på, som ein kunne øve seg på. Eit i utgangspunktet fint konsept, men eg hugsar at dokka ikkje engasjerte meg så veldig.  Men eg har fått lyst til å prøve noko liknande, og etter å ha tenkt litt, forsøker eg meg nå på ein “aktivitetsboks”. Så får tida vise om årets jolegåve blir suksess eller fiasko.


DSC_0285

Konseptet går ut på at ein lagar mange remser av stoff, som pakkast rundt ein boks av eitt eller anna slag, i dette tilfellet den minste “Skubb”-boksen frå IKEA. Remsene faldast annankvar omkring boksen, lag på lag, og kvart lag har ei eller annan form for lukking som barnet kan leike seg med.
Eg fann fram det eg hadde av “lukke-dingsar” i sysakene mine, og sette i gang. Vil du vere med på ein tur gjennom boksen, så heng deg på! (Trykk på bileta for å gjere dei større.)

DSC_0286
DSC_0287
DSC_0288
DSC_0289
DSC_0290
DSC_0291
DSC_0293
DSC_0294
DSC_0295
DSC_0296
DSC_0297
DSC_0298


Om syinga:
Storleiken på remsene er laga på slump, med breidde frå nokre millimeter til ein centimeter eller to breiare enn boksen, dei smalaste innerst. (Men kvar remse har nokonlunde konstant breidde) Lengdene  på dei er også ulike.
DSC_0280
Fyrst sydde eg stoffet saman til ei pølse, pressa, men lukka ikkje remsa i endande. Alle remsene, med unntak av to, blei deretter kutta over omtrent på midten, fordi eg tenkte at det ville bli for tykt under boksen om alle remsene var heile. Før montering, la eg ei heil remse ned, og deretter halve remser annankvar, vinkelrett på kvarandre slik bileta under viser. Nåla og sydde. Eg fordelte remsene på to kryss, som eg sydde saman til eitt tykt eit (det var også så mange lag at det blei litt for tykt å sy alt i ein operasjon).DSC_0281
DSC_0282
Etter at krysset var laga, sette eg boksen i. Så jobba eg meg lag for lag utover, ved fyrst å kutte remse-halvdelane til passe lengde, lukke dei i endane (bretta inn og sydde over) og deretter sette på den type lukking som måtte passe. Eg festa boksen til dei to innerste laga med nokre sting til slutt (ikkje med på bileta).

13.12.2011

Bukse montert med tape

DSC_0001
Ikkje berre tape, altså, men eg har brukt tape i staden for knappenåler før sying :-). Mest for å teste ut ein ny sy-greie kjøpt på Ebay, nemleg “Wonder tape”: Dobbeltsidig tape som forsvinn i vask!. Ein rull med 9 meter kosta oppunder 50 kr inkl. frakt frå USA.
DSC_0008
Tipset til tapen fekk eg på ein eller annan strikkeblogg då eg surfa etter tips om glidelåssying. Tapen gjer det lettvint å sy glidelås med fint resultat, ein berre tapar glidelåsen på slik at den ligg støtt under påsying. Veldig greitt! For å teste ut litt meir, kanta eg monstertruck-interlock-stoffet med Coverproen før eg tapa den svarte remsa på nabo-velourstoffet, og sydde saman (vrange mot rette). Ganske tungvinn måte å sy bukse på, fann eg ut.
DSC_0009 (2)
DSC_0010 (2)
DSC_0003
Buksa er fora med lett ribb med ull.
Mønster:
Teikna med utgangspunkt i “trouser foundation”, str. 6 år. Buksa blei sydd for ei stund sidan, før eg fann ut at eg likar “slack foundation” mykje betre. Denne buksa her blei for djup i skrittsaumen)
Stoff:
-Beige/sandfarga velour frå Stoff og Stil
-Sydilla.no sin interlock med monstertruck
-Blå lett ribb frå Stoff og Stil
-Kanta med svart interlock frå Cetho Designs
-Stripete ribb kjøpt i Danmark

04.12.2011

Sommarlege kjolar; tutorial på variantar av A-form-kjole

Desse to kjolane er sydde i relativt tynn jersey, perfekt for varme sommardagar. Men dei funkar sikkert også på litt kaldare dagar, med genser og strømpebukse under. Om du har lyst på nokre tips til korleis du kan variere eit enkelt kjolemønster, kan du lese meir i dette innlegget.

Nov2011 029Nov2011 030

Om mønstera:

Båe kjolane er basert på eit enklet A-form-mønster som har blitt delt i to horisontalt, og der den nedste delen/”skjørtedelen” har blitt gjort vidare enn originalmønsteret. Jerseykjolane har ikkje glidelås eller knepping nokon stad, i motsetnad til ullkjolane som er sydd av samme mønsteret: 
 DSC_0138

Skisse av mønster-utgangspunktet, halvt mønster som klippast mot brett/on a fold (skissa er berre ein illustrasjon, ikkje eit reelt, forminska mønster):

A_form

Slik er mønsteret omgjort:

I båe kjolane er det teikna inn eit berestykke, både framme og bak:

A_form med berestykke

Kjole 1 er enklast å lage. Etter at mønsteret er delt i to horisontalt, treng ein ikkje gjere fleire endringar i mønsteret. Ein lagar enkelt til ekstra breidde i skjørtedelen både framme og bak ved å leggje “midt framme”(eller ”midt bak”) på mønsterdelen eit stykke inne på det bretta stoffet før klipping:A_form med berestykke_auka breidde

A_form med berestykke_auka breidde_klippeDen ekstra breidda ein då får på stoffdelen, tar ein inn att i form av ein eller annan slags type legg (pleats), eller rynking (gathers), før ein monterer berestykke og skjørt saman.

 

Kjole 2 med tredelt skjørt (både framme og bak) har ei lett vifteform på midt-delen, for å gjere skjørtet litt vidare. Mønsteret er delt opp ved den blå linja:

A_form med berestykke_delt skjort vertikalt

Legg den halve midtdelen på eit nytt papir, rotér utover i øvre “midt framme-punkt” til så vid vifte du ønskjer.

A_form med berestykke_delt skjort vertikalt_rotert_

Teikn inn kurve oppe og nede, oransje strekar viser ferdig mønsterdel (halvt mønster, vel å merke)

A_form med berestykke_delt skjort vertikalt_rotert ferdig

I tillegg til sjølve mønsterendringane, er det sydd inn ei bretta remse ribb mellom berestykke og skjørt på dette skjørtet, a là biseband/tittekant. Denne ribben blei ikkje strekt nemneverdig under sying.

 

Stoff:

Alle fire jerseyar er frå Cetho Designs, ribb frå Stoff og Stil. Kjole 1 har ein liten bit vevd sommarfuglband festa innunder ribben, frå Leanne.no

03.12.2011

Singlettar og singlett-tunikaer

Kanskje ikkje rette årstida for å bruke singlettar nå, men ein kan uansett sy dei nå, medan ein gler seg til neste sommar. Og tunikaene kan jo brukast utanpå ein genser medan ein ventar på varmare tider!

Nov2011 026

Nov2011 028

Om mønsteret:

Teikna med hjelp frå Aldrich si bok, teikna med tanke på interlock, som tøyer seg i breidda og føyer seg etter kroppen. Plagga blir fleksible i storleikane, og eg har derfor slått saman 3 og 4 år, og 5 og 6 år. Tunikaene er samme mønster, men skrådd utover.

Stoff:

-Ulike interlock-stoff frå Cetho Designs (pinnsvin, ugler, køyretøy, bokstavar og “Busbollar”) og Stoff og Stil (bilar på beige bakgrunn)
-Ribb frå Stoff og Stil

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...