Viser innlegg med etiketten Barnetunikaer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Barnetunikaer. Vis alle innlegg

31.03.2014

Tilbake i Annwes-sporet

Lite sying i vinter, men når vårsola kjem, og barna er tidleg i seng etter å ha brukt opp alle kreftene på trampolina, håpar eg på mykje lyst og overskot til å sy! Har i allefall byrja bra denne veka, synest eg, med fem t-skjorte-tunikaer heilt etter min stil. Og med mønstra stoff plukka ut av mottakaren, så då blei ho strålande fornøgd også :-)

Design/mønster: Eige. Men denne gongen har eg brukt grunnforma på t-skjorte til Inger Öberg som utgangspunkt.

-Det er ikkje sydd inn nokon stripe i sida, men bakstykket er breiare enn forstykket.
-Jenta hadde overvidde ca 59 cm, som etter tabellen svarar til str. 110/116. Plaggmålet i 110/116 er 67 cm, dvs. 8 cm rørslevidde (eller la oss nynorsk-kapitulere og kalle det “bevegelighetsvidde”, hehe). 8 cm bevegelighetsvidde vil seie at om ein står framom barnet og tar tak i overskytande stoff i kvar side samtidig, så får ein ein to cm brei fald mellom fingrane på kvar side. Eg synest det er litt lettare å sjå for seg bevegelighetsvidda ved å tenkje på denne måten…
-T-skjorta i str. 98/104  har overvidde 63 cm, passar betre med ønska bevegelighetsvidde på mitt plagg (4 cm). Eg sjekka at ermane i 98/104 ikkje blei for smale for jenta, og tok deretter utgangspunkt i str. 98/104 for vidare konstruksjon.
-Om ein brukar så smal overvidde, vil t-skjorta bli for trong over hoftene. Her er dette korrigert ved å skrå rett utover for å lage ein tunika.
-På lengda tok eg utgangspunkt i str. 116, og la til litt for å få meir tunikalengde. Ser i etterkant at grunnmønsteret er nokså kort, så på t-skjorta som bloggast etter dette innlegget har eg lagt til 5 cm på lengda.

Stoff: Diverse bomullsjersey. All ribb er frå Stoff og Stil.

02.02.2014

Ull-tunika med skal av glade fargar

Det finst ikkje så mange ullstoff med motiv på, men kva med å putte eit jerseystoff i glade fargar på utsida? Det har eg gjort på tre plagg siste tida, fyrste plagg ut kjem her :-)

 

Tunikaen er sydd av ullfrotté frå Janus med ytterstoff av bomullsjersey frå Stoff og Stil. Det tok mykje tid og tankearbeid å få fôra denne grunna overlappinga framme, så det blir ikkje fleire slike i fôra utgåve. Men når den fyrst blei ferdig, blei eg veldig fornøgd, sjølv om litt sånn lakserosa-aktig farge ikkje er heilt min farge :-)

Nedst på armane er det sportsull frå Janus (samme stoff som i forrige innlegg.

Mønster: Heilt Spesiell og Jubel, forlenga i lengda og breidda nederst til å bli tunika. Forkorta ermane med 2 cm.

Stoff: Janus (ljoserosa ullfrotté og lilla sportsull til ermeavslutning), Stoff og Stil (mønstra jersey og ribb)

Inspirasjon: Skal lure på om eg ikkje blei inspirert av kjolen Kristin sydde like før eg sydde denne tunikaen? Den er uansett verdt ein titt :-)

 

 

Som vist fram før utan å kommentere det, har eg fått “custom made” lappar. Eg var skuffa i starten, for to av fire fargar var ikkje slik som avtalt, sjølv om eg hadde sendt inn fysiske fargeprøver i posten til leverandøren. Men når eg berre blir vant til dei, synest eg dei er brukande likevel, særleg til lilla plagg, sidan rosafargen har blitt ljoselilla i staden for.

11.10.2013

Om fotografering av sauer på nysydde plagg

Bukse sydd etter mønster frå Heilt Spesiell og Jubel si bok

DSC_0828k

DSC_0830k

Eg gler meg til å kle minstejenta opp i dette , som blei sydd på ein sykveld med mange hyggelege damer tidlegare denne veka :-) Tunikaen er eige design og mønster, buksa er etter mønster frå boka til Heilt Spesiell og Jubel.

Stoff: Lilla velour, hugsar ikkje kvar i frå. Sauestoffet er single jersey frå Jofotex, eit stoff som er nokså fast i fisken og ikkje så mjukt som mange andre jerseyar, men det har likevel stretch. Ribb frå Stoff og Stil.

For dei fotointeresserte: På amatørnivå har eg prøvd meg litt fram for å få fargane rette. Eller skal vi seie “rette”, for det er vel slik dei framstillast i dagsljos eg eigentleg tenkjer på. Alle bileta over er tatt på syrommet mitt utan dagsljos. Ljosegrå fotobakgrunnspapp bak. På øverste og nederste bileta har eg stilt opp ISO slik at eg kunne take bilete utan blitz, og justert kvitbalansen til bileta korresponderte med det eg såg med det blotte auge. Då blei den karrigule ribben mest rett framstilt. Velourfargen blei djup og veldig fin, men djupare i fargen enn slik den viser seg i dagsljos.

Det midterste biletet er tatt med nyinnkjøpt blitz og kvitbalanseinnstilling “blitz” på kameraet (Nikon 5100). Blitzen var retta litt bort frå plagget (som låg på golvet), og reflektert nedover med ein liten bøyeleg reflektor til å henge på blitzen. Her stemmer ikkje gulfargen, men fargeframstllinga av sauestoffet og velouren ligg nærare dei fargane ein ser i dagsljos. Nå skal det leggast til at velour er eit lunefullt stoff fargemessig, det reflekterer ljoset veldig ulikt, det er til dømes berre halde det vertikalt og så snu det opp ned, så endrast fargen heilt!

Om nokon har tankar eller tips om den slags fotografering, så må de gjerne kommentere! Aller helst skulle eg ønskt meg “dagsljos-skinn” i bileta, som om ein står inne og fotograferer ein ting som ligg i vinudet og reflekterer masse, deileg dagsljos (sånn skyfri himmel-dagsljos, vel å merke). Eg blir nemleg i godt humør av slikt ljos! Men er det mørkt ute, så er det mørkt… Kan ein få det til kunstig (på amatørnivå…)?

This turned out to be a post about photography, actually… I’m an amateur, but has recently baught a flash for my Nikon 5100 and a roll of light grey background heavy-duty paper. The first and the third picture are taken in artificial light without flash, with high ISO and white balance adjusted. The second picture is taken with flash light not directed straight on, but reflected down on the garment on the floor with a little, bendable reflector placed on the flash. The curry yellow rib is best shown (according to how it is shown in daylight) on the non-flash pictures, while the sheep fabric and the velour is best shown with flash.

Winter is coming, maybe someone has tips for better photographing in artificial light? My mood always gets better in bright sky daylight, that includes looking at pictures taken in such light. Is there a way to get such light in the photos in an artificial way (and possible for an amateur too ;-)?

16.09.2013

Krage!

Tunika sydd av Fordon-stoff frå JNY Design

Eg likar kragar, og då eg var innom JNY Design sin blogg her om dagen blei eg veldig inspirert! Så eg sydde på eit rektangel med litt overlapp til krage på ein tunika. Det er rom for forbetring, men alt i alt blei eg godt fornøgd. Eg tenkte ikkje på det før etterpå, men  velourstoffet med køyrerøy på kjem faktisk frå JNY :-)

I like collars, and when I saw a very cute tunic made by JNY Design, I got inspired and made this tunic. The collar is made of  a rectangle. There’s room for improvements, but still, I like it! In fact, the lovely fabric actually comes from JNY Design too, I realized after making the tunic!

Stoff: Velour med køyretøy er designa av Johanna Ahlard og det er JNY Design som har fått produsert det. Eg trur eg kjøpte det hjå Fabelblaa.no. Det stripete stoffet er stretch-isoli kjøpt på Jydsk stoflager, og stoffet på baksida av kragen er jersey kjøpt på Tygfabriken i Karlstad. Ribb frå Stoff og Stil.

18.04.2013

RUMS! (?)

I have discovered a german blog that have events called Rums. I’m not sure I have understood the whole concept, something about showing that day something you have made, or something like that. I think that I could give it a try! And to my norwegian/scandinavian blog readers; if you visit the Rums-page, you can find a lot of links to great, inspiring german blogs!

I made this tunic yesterday for my 20 months old daughter. It is based on a pattern from Ottobre Kids 1/2009, design no. 5, but I have changed the neckline to a “No. 9 neckline”. The dots on the skirt is inspired by Sjeroks'lovely pants, I recommend a visit to her blog!

DSC_0317

DSC_0310

I haven’t got the time to show you how I madethese dots, but I have photos to show later if anyone is interested :-)

21.02.2013

Den grønne tunikaen som blei ein rosa tunika

DSC_1184 copy

DSC_1162

DSC_1161

DSC_1183kvit

Brukar du å ha detaljerte planar for kva du skal sy –ein eller annan gong i framtida? Eg brukar ikkje ha særleg mange slike, men denne tunikaen var ein slik plan. Ein grønn tunika i eit Knippie-blad kjøpt inn i 2010, saman med eit grønt stoff, det samme som i bladet. Grønn campan til å kante med, hadde eg også kjøpt, akkurat som i bladet. Nå skulle eg sy bursdagsgåve til eit fadderbarn, og eg  tenkte at “yes, nå skal den endeleg syast!”. Men, kvar var stoffet?? Hmmm, det byrja å demre, jo, stemmer vel det, eg gav opp det prosjektet i fjor ein gong. Stoffet har blitt til andre plagg… Men kanskje like greitt, då kunne eg helle bruke dette rosa stoffet, som er samme stoff berre eit annan fargesdesign. Det låg der og venta på det perfekte prosjektet. Her var det!

Mønster: Knippie. På tysk, ei skikkeleg utfordring, og eg var ikkje så reint lite fornøgd då eg var ferdig!
Stoff: Stretch-isoli, kanta med jersey, begge stoff frå Hilco, kjøpt hjå Mineti.de.

24.06.2012

Rosa, del II og III: T-skjorte-tunikaer

Tunika med nitals-opning, design av Annwes

Tunika med nitals-opning, design av Annwes

Ettersom barna veks og treng større klede, må nye mønster til også. Denne gongen har eg gradert tunikamønsteret i str. 3 år opp til str. 4 år, i praksis 4-5 år, sidan ein kortarma, lang tunika kan brukast lenge.

Då eg sydde desse, var planen å ha sky-armar på den øvste, og gule armar på den nederste. Armane var klare til montering, og eg lurte litt fram og tilbake på om eg skulle bytte. Eg kom til slutt til at nei, eg held meg til den opprinnelege planen. Sydde fyrste armen på, og såg at… hmmm, det blei visst ikkje den opprinnelege planen likevel, hehe. Og er godt fornøgd med at det blei slik det blei!

Baksidene på tunikaene:

DSC_0486 DSC_0489lys

Halsdesign og mønster: Eige

Stoff: Prikkete jersey kjøpt hjå Textart.no. Apejersey av Johanna Ahlard/Mjuka tyger. Astronaut-stoff kjøpt hjå Textart.no (også designa av Johanna Ahlard). Sky-jersey av JNYDesign. Den stripete jerseyen på framsida av sky-tunikaen er kjøpt i Lyngdal, medan den nesten like, stripete jerseyen på ape-tunikaen er Campante frå Hilco. Gul jersey, JNY? Rosa ribb til kanting frå Stoff og Stil.

02.03.2012

Tunika for sommarens Danmarkstur

I går såg treåringen på stoffhylla, plukka ut den raude og kvite hjarte-interlocken og sa “eg vil ha genser av dette stoffet, mamma!" Den kunne eg vere med på, det laga seg med eitt ein genser i hovudet mitt, og i dag blei idéen sett ut i livet. Eg tenkjer på Danmark når eg ser den, mannen min tenkjer på jol ;-)
DSC_0808kompr
DSC_0806
DSC_0810
Tunikaen blei nesten slik eg hadde planlagt. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å bruke nitals-opning, men i dag var det meir freistande å bruke eit mønster som var ferdig enn å teikne eit nytt :-)Av ein eller annan grunn var ermane klipt bittelitt smale øvst, men eg tippar at det ikkje har så mykje å seie når den kjem på.

I det innerste berestykket er det to lag jersey, i armane eitt lag jersey, medan stoffa med store sirklar og hjarte på er interlock. Dei kvite stripene er strimlar av liknande interlock på vranga (ljost rosa trykk som ikkje synst godt gjennom).

Mønster: Eige (registrert halsdesign).
Stoff: Småprikkete jersey frå Textart.no. Interlock frå JNYDesign. Raud jersey også frå JNYDesign, trur eg (Cetho Designs). Ribb frå Stoff og Stil i halsutringing og ermar.

06.02.2012

Tunika til å halde varmen i

For ei vekes tid sidan var husets femåring i bursdagsselskap, og med seg hadde han denne tunikaen pakka inn i gåvepapir. Tanken er at tunikaen kan brukast som ein slags vest utanpå ein tynnare genser, eller rett og slett som eit varmande mellomlag under yttertøyet på kalde dagar. Bursdagsbarnets mamma har kome med positive tilbakemeldingar, og det er stas!

stripete tunika


Mønster/design: Eige
Stoff: Fleece frå Stoff og Stil, kanta med ribb frå Stoff og Stil. T’en som er applikert på er i vinterfrotté frå Hilco.

03.12.2011

Singlettar og singlett-tunikaer

Kanskje ikkje rette årstida for å bruke singlettar nå, men ein kan uansett sy dei nå, medan ein gler seg til neste sommar. Og tunikaene kan jo brukast utanpå ein genser medan ein ventar på varmare tider!

Nov2011 026

Nov2011 028

Om mønsteret:

Teikna med hjelp frå Aldrich si bok, teikna med tanke på interlock, som tøyer seg i breidda og føyer seg etter kroppen. Plagga blir fleksible i storleikane, og eg har derfor slått saman 3 og 4 år, og 5 og 6 år. Tunikaene er samme mønster, men skrådd utover.

Stoff:

-Ulike interlock-stoff frå Cetho Designs (pinnsvin, ugler, køyretøy, bokstavar og “Busbollar”) og Stoff og Stil (bilar på beige bakgrunn)
-Ribb frå Stoff og Stil

28.10.2011

Velourtunika til ein hemmeleg venn!

På syforumet www.sykroken.net har vi innimellom “hemmeleg venn-rundar” der vi får tildelt ein person vi skal sende gåve til. Veldig moro! Denne gongen var eg hemmeleg venn til ei som blant anna har ei tre år gamal dotter. Så eg sydde ein tunika i ulike lillatonar til jenta.

DSC_0762

Eg kosar meg når eg får kombinere mange ulike stoff i plagg, og denne tunikaen var ikkje noko unnatak! Nitalsopning finn du forresten tutorial på i tutorial-lista.DSC_0766

DSC_0765

Mønster: Eige. Armane er forlenga litt, sidan jenta er lang og tynn.

Stoff:
-Sky-velour,  Cetho Designs
-Prikkete og stripete velour, Stofstedet.dk
-Beige velour, Stoff og Stil
-Stropete ribb, Stof2000

24.07.2011

Leiken kattunge på tunika

IMG_0408

Jentungen på 2,5 år ville ha katt på sin nye tunika. Eg fann eit fotografi på nettet, og gjorde den om til ein silhuett-applikasjon.

Framgangsmåten kan du finne her.

IMG_0391

Trådsnella er har fått ein tråd av mouliné-garn, garnenden forsvinn ned i saumen ved berestykket. Eg har ein eigen fot med ei renne under for å sy på snor med denne tjukkleiken, men det skal gå bra med vanleg fot eller applikasjonsfot også. På baksida stabiliserte eg med ei stripe strykeinnlegg før påsying av tråden.

IMG_0388

 

Mønster:

-Eigenteikna, med hjelp frå boka til Helen Joseph-Armstrong. Denne tunikaen har “bishop sleeves”, som gjev poseform, litt meir poseform på baksida enn framsida av handleddet. Slik ser mønsterdelen ut (fram til venstre):

IMG_0402

Før eg sydde i ribb, rynka eg ermeenden saman med transparent strikk, meir om dette her.

IMG_0403

Eg driv stadig å testar ut ulike innstillingar for sying av nitals-opninga. Hittil synest den å fungere best på plagg av litt tykkleik, til dømes isoli, og endå betre når barnet har på seg eit stabiliserande plagg (t.d. body) under, for at ikkje delane skal skli i høve til kvarandre. Ribb frå Stoff og Stil kan gjere at kanten rullar seg litt innomver nedst i halsutringinga framme, medan interlock ikkje har denne effekten.

 

Stoff og tilbehør:

-Nokså tykk isoli frå www.stofstedet.dk
-Kanta med lilla interlock frå www.cethodesigns.no
-Ribb i armane frå www.stoffogstil.no
-Lilla jersey i applikasjonane frå Cetho
-Lilla moulinégarn frå www.panduro.no
-Vliesofix og strykeinnlegg frå Stoff og Stil

DESIGN BY ANNWES liten versjon

Tøff-tunika

IMG_0383

IMG_0382

Dette stoffet frå Hilco heiter Tøff-sweat, og er eit relativt tynt stretch-isoli-stoff med flossa bakside. Deileg stoff. Men eg er litt usikker på om det vil halde fargane i vask, basert på erfaring med “syster-stoff”.

Mønster:

-Eige (om du har lyst til å prøve å sy “nitals-opning” i hals, kan du sjå under “tutorials” her på bloggen). Tunikaen har denne gongen fått rette armar, i motsetnad til forrige og neste utgåve av tunikaen. Dessutan er det lagt inn skuldersaum også på tunikaens venstre side, sidan stoffmotivet er éin-vegs (bilane framom venstre skulder ville blitt opp-ned om dei blei klipt saman med bakstykket, slik eg vanlegvis gjer.)

Stoff:

-Trykt isoli med stretch frå Hilco/www.Sydilla.no
-Ribb i halskanting og ermeavslutningar frå Stoff og Stil.

DESIGN BY ANNWES liten versjon

01.07.2011

Tunika og t-skjorte til glade bursdagsbarn

IMG_9925kompr
IMG_9927
Plutseleg var det fire bursdagar på kort tid! To av barna får plagg som visast her, den tredje  får kjole i eit innlegg som skrivast etterpå, og fjerdemann si gåve har eg ikkje byrja på ennå…
Fyrste plagg er til ei som blir tre år. Ho får ein jersey-tunika med nitals-opning.

Mønster/design: Annwes
Stoff:
-Apejersey, Cetho Designs
-Gul jersey, Cetho
-Stripete jersey, kjøpt i Lyngdal
-Sopp-jersey: Stoff og Stil
-Oransje ribb til kanting, Stoff og Stil
Neste plagg ut er til ein femåring:
Stoff:
-Mikke Mus-jersey: kjøpt i Lyngdal
-Bylgje-jersey, Cetho
-Stripete jersey, Cetho
-einsfarga turkis jersey, Cetho
IMG_9935
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...