11.10.2013

Om fotografering av sauer på nysydde plagg

Bukse sydd etter mønster frå Heilt Spesiell og Jubel si bok

DSC_0828k

DSC_0830k

Eg gler meg til å kle minstejenta opp i dette , som blei sydd på ein sykveld med mange hyggelege damer tidlegare denne veka :-) Tunikaen er eige design og mønster, buksa er etter mønster frå boka til Heilt Spesiell og Jubel.

Stoff: Lilla velour, hugsar ikkje kvar i frå. Sauestoffet er single jersey frå Jofotex, eit stoff som er nokså fast i fisken og ikkje så mjukt som mange andre jerseyar, men det har likevel stretch. Ribb frå Stoff og Stil.

For dei fotointeresserte: På amatørnivå har eg prøvd meg litt fram for å få fargane rette. Eller skal vi seie “rette”, for det er vel slik dei framstillast i dagsljos eg eigentleg tenkjer på. Alle bileta over er tatt på syrommet mitt utan dagsljos. Ljosegrå fotobakgrunnspapp bak. På øverste og nederste bileta har eg stilt opp ISO slik at eg kunne take bilete utan blitz, og justert kvitbalansen til bileta korresponderte med det eg såg med det blotte auge. Då blei den karrigule ribben mest rett framstilt. Velourfargen blei djup og veldig fin, men djupare i fargen enn slik den viser seg i dagsljos.

Det midterste biletet er tatt med nyinnkjøpt blitz og kvitbalanseinnstilling “blitz” på kameraet (Nikon 5100). Blitzen var retta litt bort frå plagget (som låg på golvet), og reflektert nedover med ein liten bøyeleg reflektor til å henge på blitzen. Her stemmer ikkje gulfargen, men fargeframstllinga av sauestoffet og velouren ligg nærare dei fargane ein ser i dagsljos. Nå skal det leggast til at velour er eit lunefullt stoff fargemessig, det reflekterer ljoset veldig ulikt, det er til dømes berre halde det vertikalt og så snu det opp ned, så endrast fargen heilt!

Om nokon har tankar eller tips om den slags fotografering, så må de gjerne kommentere! Aller helst skulle eg ønskt meg “dagsljos-skinn” i bileta, som om ein står inne og fotograferer ein ting som ligg i vinudet og reflekterer masse, deileg dagsljos (sånn skyfri himmel-dagsljos, vel å merke). Eg blir nemleg i godt humør av slikt ljos! Men er det mørkt ute, så er det mørkt… Kan ein få det til kunstig (på amatørnivå…)?

This turned out to be a post about photography, actually… I’m an amateur, but has recently baught a flash for my Nikon 5100 and a roll of light grey background heavy-duty paper. The first and the third picture are taken in artificial light without flash, with high ISO and white balance adjusted. The second picture is taken with flash light not directed straight on, but reflected down on the garment on the floor with a little, bendable reflector placed on the flash. The curry yellow rib is best shown (according to how it is shown in daylight) on the non-flash pictures, while the sheep fabric and the velour is best shown with flash.

Winter is coming, maybe someone has tips for better photographing in artificial light? My mood always gets better in bright sky daylight, that includes looking at pictures taken in such light. Is there a way to get such light in the photos in an artificial way (and possible for an amateur too ;-)?

9 kommentarer:

  1. Synes bildene dine var fine, men skjønner hva du mener.. å ta gode bilder er jo en kunst :) kjempefint sett med tunika og bukse.

    SvarSlett
  2. So sweet!!!! Such a great pattern!

    SvarSlett
  3. Jättefint set! Fin kombination av tyger.

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  5. Hei!
    For et flott sett. Og bildene dine ble veldig fine. Jeg synes det er vanskelig å få til bilder med skikkelig hvit bakgrunn så jeg tar med meg alle tips med takk:-) Når du sier at du har justert hvitbalansen betyr det at du har brukt egendefinert hvitbalanse? Har du redigert bildene i ettertid, eller blir de så bra med en gang? Mange spørsmål her, gitt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har redigert bakgrunnen i Photoshop Elements. Beklager, burde jo sagt det i innlegget :-) Det var tilbud på sånn bakgrunnspapp på FotoVideo her i Oslo, og eg tenkte eg skulle ha ein rull. Men så sa dei i butikken at bileta kan få fargestikk/uriktige fargar om bakgrunnen er kvit, så dei anbefalte grå bakgrunn. Bileta blir litt dystre av den grå bakgrunnen, men den er veldig kjapp å gjerne med magic wand i Photoshop.

      Eg har ikkje våga stille på eigendefinert kvitbalanse, har berre brukt dei 10-12 forskjellige forhåndsinnstilte. Ein god del av desse er på ulike typer kunstig ljos.

      På Photoshop er eg ganske fersk, forresten... Har hatt programmet i 1,5 år, trur eg, men det er ikkje så veldig mange funksjonar eg har greie på. :-)

      Slett
    2. Takk for utfyllende svar:-) Jeg skal helt klart prøve grå bakgrunn. Har brukt hvit og den ender opp grå, gul, rosa eller lyseblå..... ha ha.

      Slett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...