11.10.2013

Pysj i velour

Mønster: Når ein sparkar av seg dyna om natta er det greitt å ha ein varm pysj. Tid for å teste pysjmønsteret frå boka til Heilt Spesiell og Jubel på velour! Eg har tidlegare testa det i interlock i ein litt modifisert variant med ribb rundt handledd og anklar, men denne gongen blir den som originalen. Bortsett frå at eg har brukt velour i staden for jersey. (Det er lurt å tenkje seg litt om før ein brukar velour på eit singel jersey-mønster, for velouren er gjerne ikkje like tøyeleg). Pysjen er sydd i str. 92, jenta har omtrent samme høgde. Bileta talar vel igrunnen for seg om passforma, eg er i allefall kjempefornøgd med den!

Detaljar: Kanskje har du allereie lagt merke til at det berre er sju knappar langs innerbein/skritt. Mønsteret tilrår litt fleire, og det er nok lurt (sjå biletet under). Men tar litt lengre tid å skifte bleie… Halsen er litt tettsitjande, meir enn det som eigentleg er meininga, vil eg tru. Dette har nok å gjere med at Stoff og Stil sin ribb er fastare i elastikken enn ribben mønstera er basert på. Om ein lar ribben vere litt smalare, til dømes 2 cm brei (når ferdigsydd), vil det funke betre med Stoff og Stil-ribb. (Ribb-kanten i mønsteret er 2,75 cm brei.)

Eg har forresten høyrd snakk om at Stoff og Stil har bytta produsent på ribben sin nyleg (etter at all min ribb blei kjøpt inn), så den ikkje er like fast lenger, kanskje den nye passar betre til HS&J-mønstera?? 

If you have browsed through my new blog posts recently, you will have got to know that there is a new sewing book on the market in Norway these days! This time I have made a pyjamas in velour, and I think the pattern from the book works excellent! Maybe some more buttons next time, and use a rib that is a little less firm, or use the same type of rib but 2 cm wide instead of  2.75 cm wide. But for now: Good night, sleep well, in velour pyjamas or not!

3 kommentarer:

  1. Så deilig det så ut med velourpysj! og herlige farger, kult å kante det lilla med orange:) Jeg liker også det heldressmønsteret godt, har bare sydd i 56 foreløpig, måtte bare selv om jeg ikke har noen så liten lenger LOL, ble sååå søt. Tenkte jeg skulle prøve 98 til min snart 2åring på 91 cm, liker at det er litt å gå på:)

    SvarSlett
  2. For ei nydelig jente du har! Pysjen ble supersøt og kul. Fikk lyst til å sy sånn i gave til tantebarnet mitt. :)

    SvarSlett
  3. The pyjamas look very comfortable! I hope your daughter slept well! ;)
    Kind regards
    Ena

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...