24.07.2011

Leiken kattunge på tunika

IMG_0408

Jentungen på 2,5 år ville ha katt på sin nye tunika. Eg fann eit fotografi på nettet, og gjorde den om til ein silhuett-applikasjon.

Framgangsmåten kan du finne her.

IMG_0391

Trådsnella er har fått ein tråd av mouliné-garn, garnenden forsvinn ned i saumen ved berestykket. Eg har ein eigen fot med ei renne under for å sy på snor med denne tjukkleiken, men det skal gå bra med vanleg fot eller applikasjonsfot også. På baksida stabiliserte eg med ei stripe strykeinnlegg før påsying av tråden.

IMG_0388

 

Mønster:

-Eigenteikna, med hjelp frå boka til Helen Joseph-Armstrong. Denne tunikaen har “bishop sleeves”, som gjev poseform, litt meir poseform på baksida enn framsida av handleddet. Slik ser mønsterdelen ut (fram til venstre):

IMG_0402

Før eg sydde i ribb, rynka eg ermeenden saman med transparent strikk, meir om dette her.

IMG_0403

Eg driv stadig å testar ut ulike innstillingar for sying av nitals-opninga. Hittil synest den å fungere best på plagg av litt tykkleik, til dømes isoli, og endå betre når barnet har på seg eit stabiliserande plagg (t.d. body) under, for at ikkje delane skal skli i høve til kvarandre. Ribb frå Stoff og Stil kan gjere at kanten rullar seg litt innomver nedst i halsutringinga framme, medan interlock ikkje har denne effekten.

 

Stoff og tilbehør:

-Nokså tykk isoli frå www.stofstedet.dk
-Kanta med lilla interlock frå www.cethodesigns.no
-Ribb i armane frå www.stoffogstil.no
-Lilla jersey i applikasjonane frå Cetho
-Lilla moulinégarn frå www.panduro.no
-Vliesofix og strykeinnlegg frå Stoff og Stil

DESIGN BY ANNWES liten versjon

Silhuett-applikasjon

I dette innlegget viser eg korleis eg laga denne jersey-applikasjonen:IMG_0387

Dersom du har lyst til å å take utgangspunkt i eit ferdig bilete når du vil applikere ein silhuett, kan du enten bruke ein ferdig silhuett ved t.d. å google, eller du kan lage silhuetten sjølv frå eit bilete.

Denne kattungen fann eg som fotografi ein eller annan stad på nettet, deretter endra eg den litt og laga eg den om til silhuett i fotoredigerings-/teikneprogrammet Paint.net (gratis-program).

Eg har ikkje kattebiletet lenger, så eg viser på eit bilete eg har teke sjølv (Kristiansand Dyrepark):

Juni 141 (2)

Lage silhuett:

-Biletet opnast i teikneprogrammet. Løva opna eg ukomprimert, katten var allereie komprimert.
-Eg lagar eit nytt lag over biletet til å teikna på (“new layer”), slik at eg har “Background” med biletet og “Layer 2” som eit transparent lag oppå.
-Forstørrar så opp biletet og teiknar rundt med pensel/frihand, i passeleg tjukk strek.

Juni 141løve1

-Når ein teiknar kan ein endre streken som ein vil, til dømes har eg berre med det eine frambeinet for å gjere silhuetten ryddigare. Og når noko manglar (bakbein og hale), får ein teikne det inn så godt ein kan.

-Etter at eg har teikna rundt, klikkar eg bort avkryssinga i “background” i “Layers-oversikten”, og dermed visast berre streken rundt:

Juni 141løve2

I teikneprogrammet kan ein endre storleik, spegelvende osv. til ein får det slik ein vil ha det, og så kan ein printe ut teikninga til slutt.

NB: Lag teikninga spegelvendt av det du vil ha på plagget!

Vidare:

-Eg overfører teikning til Vliesofix/dobbeltsidig lim-strykeinnlegg ved å leggje vliesofixen på med papirsida opp, og teikne over strekane.
-Eg klipper ut teikninga grovt, men ikkje inntil strekane. IMG_0377
-Klipper ut ein bit jersey bittelitt større enn vliesofix-biten. OBS: Vliesofixen skal limast på vranga, pass på at du legg papir og stoff rett veg før du klipper. (På biletet under er vranga på stoffet opp).

IMG_0378

Deretter limar eg på vliesofixen med strykejernet, eg legg eit bakepapir i mellom så det ikkje skal kome blyantstrekar på strykejernet.

IMG_0380

Deretter klipper eg ut silhuetten. Eg brukar vanlegvis ei skarp broderisaks til dette, for å få nøyaktig utklipp (saksa på andre biletet nedanfor) . Deretter stryk eg på applikasjonsstoffet der eg vil ha det.

IMG_0384

Påsying:

For å få fint resultat når ein applikerer (både i fast og elasitisk stoff), treng ein ofte stabilisering under. I elastisk stoff som her vil stoffet strekkast og bølgje seg under påsying om ein ikkje har stabilisering under. Denne gongen var applikasjonen såpass stor, og saumane så langt frå kvarandre, at eg valte å stryke strykeinnlegg på baksida som blir ståande permanent, så katten skal bli mindre strekt under bruk og vask. Andre gonger brukar eg riveinnlegg, som er eit papiraktig “stoff” ein legg på undersida, og som lar seg rive vekk etterpå.

IMG_0385

-Jersey raknar ikkje, og ein treng derfor ikkje sy over kanten. Ein rettsaum klarer seg, forutsett at rettsaumen ligg i eit område der det ikkje er noko særleg drag på saumen.

-Når eg syr, brukar eg open applikasjonsfot, slik at eg ser godt kvar nåla går ned i stoffet (ikkje fortvil om du manglar ein slik fot).
-Eg er nøye med å lyfte foten og vri stoffet ofte i staden for å dytte på stoffet med syfoten nede i svingane. Eg innbillar med i allefall at dette gjev betre resultat.

IMG_0386

-Maskina stiller eg inn på å feste tråden i start og slutt av saumen, og å lyfte foten kvar gong eg slepp pedalen (Dette er finesser som ein klare seg utan, men som  gjer det enklare å få fint resultat).
-Bruk ei stinglengde som er såpass kort at du får god kontroll i svingane, men likvel ikkje så kort at du ikkje blir sprø av tidsforbruket ;-) (På katten brukte eg 2.0, og det er veldig kort, tok lang tid…)

IMG_0391

IMG_0392

På dette biletet er det faktisk ein ljos lilla strek langs innsida av saumen, denne er laga av syfoten når syfoten har pressa stoffet under seg (og vil forsvinne raskt, går eg utifrå).

Lykke til!

Tøff-tunika

IMG_0383

IMG_0382

Dette stoffet frå Hilco heiter Tøff-sweat, og er eit relativt tynt stretch-isoli-stoff med flossa bakside. Deileg stoff. Men eg er litt usikker på om det vil halde fargane i vask, basert på erfaring med “syster-stoff”.

Mønster:

-Eige (om du har lyst til å prøve å sy “nitals-opning” i hals, kan du sjå under “tutorials” her på bloggen). Tunikaen har denne gongen fått rette armar, i motsetnad til forrige og neste utgåve av tunikaen. Dessutan er det lagt inn skuldersaum også på tunikaens venstre side, sidan stoffmotivet er éin-vegs (bilane framom venstre skulder ville blitt opp-ned om dei blei klipt saman med bakstykket, slik eg vanlegvis gjer.)

Stoff:

-Trykt isoli med stretch frå Hilco/www.Sydilla.no
-Ribb i halskanting og ermeavslutningar frå Stoff og Stil.

DESIGN BY ANNWES liten versjon

23.07.2011

Rynking/snurping med “clear elastic tape”

IMG_0416beskjært

Når eg lagar bukser og genserar med posete bein/armar (elsatisk stoff)som avluttast med ribb, har eg seinare tid ofte rynka ved hjelp av gjennomsiktig strikk før eg har sydd på ribben. Éin grunn er at ribben rett og slett ikkje lar seg tøy nok ved veldig vide buksebein, ein annan grunn er at eg har sett for meg at det ikkje blir fint når ribben blir strekt maks ved påsying.

I dag bestemte eg meg for å gjere ei samanlikning, mellom

A: Rynking med clear elastic tape før ribbmontering, og
B: Montering av ribb ved å strekkje ribben til samme breidda som ermestoffet

Utgangspunkt:

IMG_0393

Og det gjennomsiktige strikket frå Stoff og Stil. NB: Eg er usikker på kor mykje varme strikket tåler, i dag verka det som to prikkar på strykejernet gjekk greitt, tidlegare har eg vore i tvil om dette.

IMG_0401

Stoff:
-Realtivt tykk isoli frå Stof2000
-Ribb frå Stoff og Stil

A:
-Eg klipper strikk i omtrent samme lengda som ribben, men lar det vere litt ekstra på kantane sånn at eg har noko å halde fast i når eg drar under start og slutt av påsyinga. OBS: Strikket må ikkje vere kortare enn handledds-/ankelomkrins, helst litt lenger for å få plass til stoff også. Det kan bli for stramt elles.
-Med lengste singlengd eg har (6 mm), syr eg på strikket ytst i vranga på saummonnen av erme-enden, medan eg strekkjer. (Vanlegvis lagar eg nokre pass-merke undervegs med kulepenn på strikk og hakk på tilsvarande stad i stoff) Det blir sjåande slik ut:

IMG_0395

Biletet under: Her har eg sydde på ribb på båe prøvestoffa, øvst  med strekk av ribben, nedst med rynking fyrst, det blei litt strekk av ribben her også. Båe saumane er pressa, øvst er saummonnen pressa oppover/inn i ermet, nedst er den pressa nedover grunna rynkene.

IMG_0397

Etter samansying ser det slik ut (den rynka til venstre):

IMG_0399

Også her den rynka til venstre:

IMG_0400

IMG_0412

Og her eit bilete der eg har lagt ein rund ting (eple) inni for 3D-visning:

IMG_0416

Konklusjon:

Å strekkje ribben maksimalt gav ikkje så galt resultat som eg såg for meg, men eg har likevel ein mistanke om at den ribben som er veldig utstrekt kanskje kan bli slappare i vask. Og eg er også redd metode B med strekking av ribben vil fungere dårlegare med ein lausare ribb, som til dømes Hilco sin. Men elles kjem det mykje an på kva for eit estetisk uttrykk ein vil ha, for kva for ein metode ein vel. Og for ikkje å gløyme at metode B med å strekkje ribben dessutan er mykje raskare og enklare enn rynking.

22.07.2011

Tutorial: Å sy ein genser

Om du har lyst til å sjå korleis eg syr ein barnegenser, så heng deg på!

IMG_0369

Klipping:

-Eg brukar rullekniv og skjerematte. Legg mønsteret nedpå, legg eitt eller anna eg finn i nærleiken oppå, og skjer rundt med éin cm saummonn på augemål.

IMG_0334

-Når mønsteret er halvt: Når  halve mønsterdelen er klipt (skore), markerer eg midten øvst og nedst med eit lite hakk i saummonnen før eg brettar over med midten som brettekant, og skjer andre halvdelen med fyrste halvdel som mal. (Særleg velour sklir om ein brettar i starten og skjer i dobbelt lag).

-Andre merke markerast også med eit lite hakk i sammonnen (til dømes toppen av ermet)

IMG_0335

 

Sying:

Skuldersaumar og halsutringing:

-Høgre skuldersaum fyrst
-Ved sying av skuldersaumer syr eg inn skulderband i saumen for stabilisering, sidan saumen går i samme retning som stretchen. Skulderbandet mitt er kjøpt på Stoff og Stil, men om du kikkar på kjøpeplagg du har, kan du også få andre idéar til skulderband.

IMG_0349

-Saummonnen pressast bakover.
-Eventuelt stikning
-Etter sying av den eine skuldersaumen, kan det vere aktuelt å kante halsutringinga, avhengig av metode. I dette tilfellet syr eg også venstre skuldersaum før eg kantar halsen.
-Kanting av halsen med ribb: Sjå eigen tutorial på dette her.

Ermane:

-Før eg monterer ermane på, syr eg på ribben, etter å ha bretta og pressa den. Eg vel som regel å gjere dette nå, fordi eg synest at den estetiske ulempen med overlocksaum heilt ned (sjå bilete lengre nede) er mindre enn plunderet med å sy på ribben som ein ring.
-Ribben er som regel kortare enn genserstoffet, så ribben må strekkast. Men eg startar å strekkje fyrst når eg har sydd så langt at nålene har fått tak i stoffa.
-Deretter pressar eg saumane (ribbsaummonnen innover i ermet)
-Og syr på ermane mot skuldrene. Skuldersaummonnen bakover. Når eg kjem til den siste svingen som skal bli til armhole ettekvart, rettar eg ut stoffet framom syfoten, samtidig som eg dyttar stoffet lengre bak mot høgre/mot nålene (sjå bilete i avsnittet om sidesaumen lengre nede).
-Saummonn pressast ut i ermane
-Eventuelt stikningar

Sidesaum og langsgåande ermesaum (i eitt):

-Høgre side- og ermesaum fyrst. Før eg syr: I den tykke overgangen til ribben likar eg å klippe av den saummonnen overlocken elles ville klipt av, så overlocken syr jevnare.

IMG_0362
-Når eg har sydd 10-15 cm sjekkar eg om diff’en er greitt innstilt ved å sjå på det eg har sydd: Dersom saumen er bølgete, stiller eg diff’en opp på høgare tal, dersom den snurpar seg, stilleg eg ned.

IMG_0350
Når eg kjem til armhola, rettar eg ut svingen (oransje pil), men for å unngå at maskina kuttar svingen og saummonnen blir for tynn, dyttar eg stoffet mot nålene:

IMG_0363.skulder

-Når eg skal til å sy over ribb-saummonn, dyttar eg den gjerne innunder syfoten bittelitt “før tida”, så ikkje laga skal skli på kvarandre under den skrå syfotfronten (men det sklir gjerne likevel…)

-Så pressar eg saummonnen i høgre sidesaum bakover
-Og i samme seanse pressar eg opp oppleggskanten

-Så syr eg oppleggskanten (fordi då blir trådendane frå coverstitch-maskina festa av overlocken i neste trinn.) Etter 10-15 cm sjekkar eg at saumen er elastisk nok. Dei fyrste centimetrane av overlockremsa frå høgre sidesaum lar eg ligge inni oppleggskanten. Genseren kan naturlegvis også leggast opp heilt til slutt.

-Før venstre sidesaum festar eg lappar:

IMG_0364

Evt. kan også innerlapp festast (dette er fyrste gongs bruk av desse lappane frå www.labelman.no):

IMG_0365

-Så syr eg venstre side- og ermesaum
-Festar trådar med butt stoppenål:

IMG_0355

-Vrenger og pressar saummonnen bakover
(-Pressar saumane generelt, dersom genseren skal vere ei gåve, til dømes)

Genseren er ferdig!

IMG_0369

Slik blir ribben sjåande ut når overlocksaumen går heilt ned gjennom ribben:

IMG_0371

Og slik blir det sjåande ut når overlocksaumen går heilt ned gjennom oppleggskanten:

IMG_0372

 

Stoff og tilbehør:

-Tynn isoli med stretch frå www.stofstedet.dk
-Limegrønn ribb frå www.stoffogstil.no
-Skulderband frå Stoff og Stil
-Raude namnelappar frå www.minanamnband.se
-Satenglappar frå www.labelman.no
-Rullekniv og skjerematte frå Stoff og Stil

21.07.2011

Tutorial: Halsribb

IMG_0370

Ribb-kant i halsen av typen college-genser eller tradisjonell t-skjorte kan klippast og syast på ulike måtar. Dette er min metode:

Mønster:

Eg legg for- og bakstykke på gensermønsteret mot kvarandre i eine skuldra. Halsribben på den grå genseren skal vere to cm brei, noko som svarar til dei blå strekane. I to cm avstand frå mønsterkanten måler eg med måleband på høgkant:

-Avstand frå midten bak til sidesaum (gul linje)
-Avstand frå sidesaum til midten framme (raud linje)

IMG_0338 - ribbmønster

Dette overfører eg til ein rett strimmel som blir sjåande slik ut (dobbel breidde ribb):

skisse mønster

Hugs å merke av skuldersaumane og midt framme på mønsteret.

Dersom genseren allereie er klipt, og med ein cm saummonn, måler eg éin cm frå kanten, slik (og merk at skuldersaummonn er bretta bort):

IMG_0337 -ribbkantmønster

(OJ, SANN, fargane (raud og gul) er visst bytta om i høve til skissa over…)

 

Klipping av ribb:

-Eg legg til 1 cm saummonn på alle kantar
-Og merkar av skuldersaumane og midt framme med eit lite hakk i saummonnen

IMG_0347

 

Montering av ribben:

-Eg syr endane av remsa saman til ein ring
-Eg brukar rettsaum på symaskina til dette, saumen får minimalt med drag i lengderetninga, derfor er eg ikkje redd for å bruke ein ikkje-elastisk saum. Og med rettsaum kan eg stryke saummonnen til kvar side.

IMG_0351

-Den observante lesar vil leggje merke til at eg ikkje er veldig nøye med å bruke tråd i samme fargen som ribben. Litt latskap, men heller ikkje veldig god grunn til å skifte tråd, synest eg, sjå ferdig ribb lengre nede.
-Eg pressar saummonnnen til kvar side, deretter pressar eg ribben rette mot rette på langs:

IMG_0352

-Eg legg genseren med vranga ut og bakstykket ned, deretter legg eg ribb-ringen inni slik biletet under viser. Det er også slik eg legg stoffet i maskina; med genserstoffet ned, og ribben øvst mot syfoten.

IMG_0353

-Det er ikkje så fint å ha skøyten bak i nakken, derfor vel eg å starte ein annan stad. Framme i halsringen er det litt skummelt å starte, fordi draget kan bli ulikt på dei to sidene, med ujevnt resultat. Så eg startar ved/rett framanfor den sidesaumen som er nedst på biletet over.
-Eg legg merket på ribben mot skuldersaumen, og drar ribben både bakover og framover i høve til stoffet i dét eg byrjar å sy (Dette fordi det er avstand mellom kniv og nåler på overlocken, dersom ein syr på  symaskin er det lettare å starte med merka ovanfor kvarandre utan å dra). Ideelt sett byrjar saumen akkurat ved skuldersaumen, og ikkje på bakstykket, sidan ribb-draget på bakstykket skal vere større enn på framstykket (sjå lenger nede). Men det blir som regel fint resultat også når ein ikkje er sååå pirkete, altså ;-) NB: Saummonnen i skuldersaumane ligg bakover.
-Eg syr med ribb kant i kant med stoffkant, ned til midt framme-merka, og vidare til den andre skuldra.
-Så: Når eg skal over på fyrste del av bakstykket, strekkjer eg ekstra mykje i ribben. Dette fordi kurva er ekstra skarp. På figuren under ser ein dette ved at ytterkonturen av den gule sektoren er mykje lengre enn innerkonturen: IMG_0338 -sektorform

-I midtre del av nakken strekkjer eg ikkje så mykje, men så strekkjer eg mykje igjen i siste sving før skuldersaumen.

Når eg har kome rundt med overlocken, kan kniven kome til å klippe opp fyrste del av saumen. For å hindre dette, drar eg fyrste del av saumen litt mot venstre (oransje pil), samtidig som eg dyttar stoffet mot høgre att like bak kniven (blå pil).

IMG_0354avslutte halsribbmontering

Og: Når eg fyrst har kome rundt og er ferdig, snur eg stoffet kontant bort frå nålene og syr vidare ut i lufta i staden for å fortsetje rett fram og sy meg gradvis ut via saummonnen (i sistnemnte tilfelle får ein ein overlocksaum halvvegs i stoffet og halvvegs i lufta).

-Eg festar overlock-kjeden med ei stoppenål:

IMG_0355

-Deretter pressar eg ribben innover, saummonnen utover/nedover:

IMG_0358

-Eg brukar alltid å sy på ein eller annan form for lapp, ein bit mjukt ripsband, til dømes, i nakken, slik at barna skjønar kva som er framme og bak på genseren. Lappen/bandet syr eg inn i saummonnen.

Stikning for å feste saummonnen? 
-Litt opp og ned om eg brukar dette. Eg syr gjerne ein stikning med kjedesaum eller dobbeltsaum på coverstitchmaskina  på genserar av interlock og isoli, men gjer det som regel ikkje på genserar av velour, fordi ein stikning ofte gjev velouren eit “uryddig” preg. Dersom ein ikkje har cover-maskin, kan ein bruke tvillingnål på symskina, eller ein annan saum som er elastisk, til dømes denne: IMG_0026 elastisk

-Tutorialgenseren fekk ei stikning med kjedesaum, sydd med syfot med center guide:

IMG_0359

Ferdig halsribb:

IMG_0370

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...