Viser innlegg med etiketten Barnebukser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Barnebukser. Vis alle innlegg

22.07.2016

Minecraft-bukse i verdas deilegaste buksestoff

Minecraft ligg høgt i kurs her i huset. Og å treffe rett med dekoren på buksa er viktig, i allefall når det gjeld ting som betyr noko for eldstegut (Vinyl-dekorasjon av Beyblade nokre få månader etter at alle på skulen hadde stua bort Beyblade-utstyret, var ikkje kult…)

Dekorasjonen er laga i Silhouette Studio ved hjelp av eit bilete eg fann på nett, traca ytterkonturen så eg fekk ei strekteikning, laga deretter dei andre linjene på ein svært tungvinn måte før eg etterpå fann ein enklare måte. Men då var tålmodet selvfølgeleg slutt, så det blir nok ei stund til neste figur.

Buksa er sydd av det deilegaste isoli-stoffet eg veit om (“collegegenser-stoff”). God stretch, noko som isoli tradisjonelt sett ikkje har. I tillegg til flossa bakside, har stoffet også litt fløyelsaktig framside, mjuuuukt å take på (går dessverre vekk etter nokre vask.) Eg har kjøpt stoffet i ulike fargar frå butikkar både i Norge og Danmark, men eg har berre kjøpt over disk på bl.a. symessa, der eg har kjent på stoffet før kjøp. Å kjenne på stoff i ein nettbutikk er som kjent  vanskeleg, men kvar gong eg er i ein fysisk stoffbutikk, leitar eg etter dette stoffet. Eg fann det, eller noko som liknar svært, i Danmark nå nettopp, så snart skal eg sjølv få meg ny bukse!

Godt lika, tynn jerseybukse

Ein fordel med å vere seint ute med blogging av plagg eg har sydd (denne sydd i februar i år), er at eg samtidig kan rapportere om plagget har blitt brukt eller ei. Denne buksa har 7-åringen vår brukt mykje. Både ho og eldstemann på 9 er glade i tynne bukser sydd av singel-jersey. Dvs. slikt stoff ein vanlegvis syr t-skjorter av.

Modellen kan likne på ei pysj-bukse, derfor vinyl-dekoren på låret som eit forsøk på å gjere buksa til noko anna. Vinylen er kjøpt hjå Sydilla og styke på med to prikkar på stykejernet (om eg ikkje hugsar feil), men den har løsna litt i kantane. Eg har styke den på igjen, og den har løsna på nytt. Usikker på årsak, enten stryketeknikk, eller at stoffet er for tøyeleg. Evt. at vinylen ikkje er god nok. Eg har forresten ikkje brukt Silhouette-maskina. Det går så myyykje fortare å berre finne nokre restelappar og klippe på måfå for hand enn å skulle finne fram PC, program, teikne, finne fram maskin og kutte.

Ribb nederst på buksene har eg på alle jerseybukser, av fleire grunnar. Blant anna gir dette ein fleksibilitet på storleiken, ein kan lage buksebeina nokså lange utan at dei subbar ned i bakken, og dermed tar det lang tid før barnet veks ut av buksa. Dessutan er det eit tydeleg krav frå niåringen i huset om at buksebeina skal samlast nederst med ribb, for han likar å trekkje sokkane rundt buksebeina.

Om du vil lese meir om bakgrunnen for denne typen bukser, kan du sjå eit eldre innlegg på bloggen her. Om du har lyst til å prøve deg på MØNSTERTEIKNING av ei slik bukse, kan du sjå dette innlegget.

 

Her er ei bukse eg sydde i full fart  seinare i vår. Eg tenkte den blei litt vel mykje pysj, men jenta på 7 har lika den godt, og har ikkje klaga over at ho har fått kommentarar frå andre barn.

19.04.2016

Gutebukser, mjuke og gode å gå med

Den fyrste buksa er i deileg “jeansjersey”.

Lommene har eg sydd etter prinsippa i denne tutorialen. Tut’en er lang, men når ein har lært seg metoden, går det ganske radig.

Den andre buksa er sydd av krinkelull frå Janus, ei bukse tenkt til å ha som mellomlag på kalde dagar. Lommene er samme stoffet med vranga ut, kanta med FOE og sydd på i ein og samme operasjon. Eit forsøk kjappe lommer… Men med tykt, tøyeleg stoff, drar det seg ut og blir bølgete, sjølv med overtransportøren på. 

Symaskina mi har verken differensialmating eller justerbart trykkfotpress. Så det einaste eg kunne kome på å spele på, var å auke stinglenda. Det hjalp  ein god del. Stinglengda på båe lommene er mykje lengre enn det ser ut til, men transportøren klarer ikkje trekkje stoffet nok framover.

29.02.2016

Bukse med lommer nedover beinet, str. 4 år

Denne buksa er sydd i eit mjukt og deileg stretch-isoli. Stripene i sidene var eit spontant, kreativt krumspring, om eg ikkje hugsar heilt feil, har eg sydd ein strimmel inn i sida som ein tittekant, og deretter sydd den ned med cover-maskina. Saumen på tvers har nok med utnytting av restestoff å gjere, om eg ikkje hugsar heilt feil (buksa blei sydd i juli i fjor).

Så var det lommene, då. Eg har ofte vanskeleg for å motivere meg for å sy lommer, og er alltid på leit etter ein raskare, enklare måte å få lommer på buksene på. Her har eg klipt eit par D-forma lappar, kanta med ribb (bretta ein strimmel i to og sydd på rette mot rette). Bretta ned og sydd den øvre kanten. Deretter sydd på lappen/lomma på buksa. Eg er usikker på om eg har sydd lomma på med coverstitch-maskin eller symaskin. eg er generelt ikkje så redd for at rettsaum på symaskin skal ryke i tilfelle som dette av to grunnar; For det fyrste vil det ikkje bli noko særleg drag i langs saumen på lomma. For det andre syr ein gjennom såpass tykt lag med stoff (isoli pluss to lag ribb) at også rettsaumen på symaskina får litt elastisitet. Dobbel saum er nok likevel greitt for sikkerhets skuld (og for designets del også). Då meiner eg ikkje tvillingnål, men å sy to gonger med rettsaum.

Stoffet blei kjøpt hjå Textart medan ho framleis hadd nettbutikk. Ribb frå Hilco, trur eg.

08.06.2015

Konsert-klede til seksåringen

Ho skulle ha kvit overdel og mørk bukse, sistnevnte med lomme til å ha lommelykt i.

Når ein ikkje har nok stoff til ei bukse

Så får ein trikse det til. Her har eg verken hatt lange nok lengder til buksebeina, eller hatt nok av eitt stoff til ei heil bukse. Men ved å kombinere to stoff blei det bukse likevel!

Framside Bakside

Buksekne utan hol (?)

Gutungen i huset slit hol på knea på det meste av bukser. Men eitt tiltak har eg tru på meir enn andre.

Som de ser er knea på buksa i eit anna stoff. Poenget er ikkje utsjånaden, men at stoffet på knea er rotert 90°, slik at stretchen ikkje er i breidda som på buksa elles, men i lengderetninga. Så når det kjem drag når barnet set seg ned på knea, gir buksa etter i staden for å revne. I allefall i teorien, men eg trur ikkje det er så verst i praksis heller :-)

Mønster: Mønsteret eg hadde testa i forrige innlegg.
Stoff: Velour. Den stripete er frå Stof2000.

07.06.2015

Testbukse

Eldstemann har vakse ut av buksene sine, og eg laga nytt buksemønster. Han likar best bukser i joggebukse-stil. Han likar ikkje sagge-bukser, og dermed må sitjehøgda vere passeleg. Dvs høgda mellom skrittet og livet. Å få rett sitjehøgde i buksa er noko av det vanskelegaste når eg teiknar barnebuksemønster, og denne gongen blei det for stort mål. Strikket på den ferdige buksa blei sitjande på nedre del av brystkassa når han hadde trukke buksa så langt opp som han ville ha den. Easy fix:  lage ein horisontal fald på vranga og “sy den av” med overlocken, derfor ein ekstra saum nedanfor linninga i livet.  Funkar så fint, att :-)

01.04.2015

Bukse i stretch-isoli

Litt eksperimentelt denne gongen, med velour i beina, rynka saman i sidene. Den lilla er sydd av ullribb frå Janus, var meint som ein tights men blir i praksis ei smal bukse. Det blomstrete isoli-stoffet er frå Sydilla (Hilco, reknar eg med…). Begge str. 7 år.

18.02.2015

Beyblade-bukse

Velour-bukse med vinyl transfer. Lomme-eksperiment som ikkje blei vellykka. Beyblade-motivet blei eg derimot veldig godt fornøgd med, den er laga delvis ved å trace eit bilete av ein Beyblade (i Silhouette Studio-programmet).

19.01.2015

Bukse med sleng str 4 år, med mønsterforklaring

Dette er eitt av dei siste plagga eg sydde medan eg budde på pendlarhybel i Oslo i haust. (Når er eg tilbake i Kristiansand). Fotografert oppå dyna mi så ser det litt skeivt ut. Men poenget med buksa er ikkje livet, men vidda i beina. Om du ser godt etter, er det ein saum under knea, du kan blant anna sjå det der det er sydd inn ein oransje Løgleg-lapp på det eine buksebeinet.

Kvifor saum under knea? Buksa er sydd utan sidesaum. Om ein har lyst på bittelitt ekstra vidde, kan ein i prinsippet leggje til litt i vidda på kvar side av buksebeinet når ein klipper, men då vil alt det som er ekstra kome på innsida. Eller ein kan sy bukse med sidesaum og leggje til litt både på innsida og utsida, dvs. langs innerbeinssaumen og sidesaumen. Bå blir det jevnare fordelt. Men om du vil ha mykje vidde, og om du vil ha det jevnt fordelt, kan du dele opp buksa på tvers og sy på eit nedre stykke med vifteform. Slik er mønsteret på denne buksa:

På denne buksa teikna eg vifteforma på gefylen, og eg reknar med at eg la til litt i lengda også,  sidan auka vidde nederst tar litt av lenga når det blir snurpa saman. Men prinsippet bak vifteforma er at ein klipper opp mønsterdelen (lag ein kopi av mønsterdelen til å klippe i), og sprer delane nederst men ikkje øverst:

Når du har spreidd delane utover, legg du eit nytt mønsterpapir over og teiknar rundt. Eg har lagt til litt ytterst også, som om den opprinnelege mønsterdelen var eit rektangel (Eg er ikkje interessert i den opprinnelege innsmalinga i beinet).

Mønster i buksa: Eige
Stoff : Stretch isoli/sweat frå Hilco. Ribb frå Stoff og Stil.

22.10.2014

Bursdagsbuksa

(Korleis blei buksa så skeiv på biletet, tru?) Anyway; vi fekk ein aldri så liten change in plans og bursdagsselskapet blei booka om til Leos lekeland. Eg spurte nesten-seksåringen i forrige veke om ho hadde nokon kjole å ha på seg i bursdagen, skulle eg sy ein til henne? -Nei, eg må ha bukse til å leike i, sa ho. Sidan det var bursdagen hennar måtte eg pynte den litt, gjere den litt feminin, tenkte eg. Ikkje sånn retro-velour denne gongen. Delte opp med litt bogar mellom delane, og la inn litt rynking. Godt fornøgd med resultatet! Den grønne blomen er eg redd vil dette av ganske snart, men inntil dét står den der og smiler til oss og dekkjer over at ribben er sydd på bak fram ;-)

Mønster/design: Eige
Stoff: Diverse bomullsvelour. Ribb frå Stoff og Stil.

19.09.2014

Smale bukser og vide bukser

Buksa til venstre er sydd av ein litt stiv isoli, litt eksperimentelt, sidan det ikkje finst så mange smale bukser i denne typen stoff (?). Eg har prøvd den på henne då eg hadde den med heim til Kristiansand forrige helg, og den såg grei ut då. (For dei som ikkje las kveldens fyrste innlegg, så er eg for tida vekependlar med hybel-syrom i Oslo…)

Mønster: Det smale er frå Ottobre, faktisk på “tights”, men Ottobre har (tidlegare) hatt ein tendens til å ha veldig vide snitt, så dette her blei bukse. Og treåringen min er ikkje den spinklaste i barnehagegruppa. Mønsteret på den andre er eige, frå den tida då eg teina ein del buksemønster, blant anna frå boka til Helen Armstrong.  Begge str. 98.

Stoff: Buksa til venstre er isoli frå Jydsk stoflager, Ikast, verdt eit besøk på Jyllands-ferieturen. Buksa til høgre restar av velour (all velouren min er av (hovudsakeleg) bomull, forresten). Ribb frå Stoff og Stil (oransje) og Jydsk stoflager (stripete).  Lomma er av velour kanta med FOE.

Med lommer på knea

På spørsmål om kva slags bukser eldstegut ønskte seg, svarte han at an hadde lyst på lommer på knea, for då kunne han sitje med hendene i lommene når han sat på stol (trur kanskje eg hadde sydd nokre slike allereie mtp forsterking av knea, og så lika han det godt.) På den tredje buksa klipte eg lommene, men gløymte å sy dei på, men det gjekk fint for han dét også :-)

Mønster: Eige, str. 134. Alle tre buksene er sydd av samme mønster. På dongeribuksene er det lagt til oppleggskant, på joggebuksa er det lagt til ribb frå samme lengda (så jogge-buksa er litt lenger totalt sett). Det er litt stretch i dongerien. Eg trur han framleis likar best å ha bukse utan smekk, derfor er det strikk i livet. For at det skal gå an å få den over rumpa, prøvde eg ut fyrst å sy lommer av eit litt tynt isoli-stoff eg hadde, og det funka fint. På den andre dongeribuksa sydde eg inn ein kile av eit tynt isoli-stoff i kvar side. Det funkar fint under bruk, men det var ikkje så lett å sy spissen.

Stoff: Dongeri med stretch frå Fabric.com (kjøpt på salg for, kva var det, 3-4 dollar/yard, fekk i allefall ei stor pakke med mange meter stoff under 200kr-grensa! (2-3 år sidan). Det kongeblå stoffet i joggebuksa er ein middels tykk isoli med stretch, det aldeles mjukaste stoffet av bomull eg har kjent, trur eg. Om Textart har det ennå, kan det anbefalast på det varmaste! (I skrivande stund har eg “tights-bukse” på meg av det samme stoffet, det er ikkje fullt like fløyelsmjukt etter fleire vask, men den er kjempedeileg å ha på likevel!) Kassett-stoffet hugsar eg ikkje kvar er i frå, det andre grå isoli-stoffet er frå Textart.

31.03.2014

Heltebukse

Til sonen i huset…

Mønster: Eige, str. 8 år
Stoff: Melert isoli frå Stoff og Stil. Trykt isoli med deileg, flossa bakside: Frå Textart på Jæren.

23.01.2014

Interludium

Mellomspel, på godt norsk. Innimellom ullplagga fekk eg sydd litt av restane; ein hals til femåringen og ei smal bukse til  toåringen. (Plagget etter desse er allereie sydd, bloggast når eg får tid :-)

Mønster, bukse/leggings: Ottobre 4/2004, str. 98 (vid leggingsmodell)
Stoff/tilbehør: Sportsull frå Janus. Refleks-vinyl frå Sydilla.no

Apropos interludium/musikk: Dei siste dagane har eg hatt filmmusikk i øyrene medan eg har sydd. Eg er veldig glad i filmmusikk, men ein må høyre den med headset for at den skal kome til sin rett, då er det akkurat som ein kjem inn i ei eventyrverd når ein høyrer på filmmusikken! Er du også glad i filmmusikk? Her er link til lista mi på Spotify (evt. om du heller vil ha nettlesar-Spotify). Drama, action, komedie, men ikkje grøssarmusikk.

03.11.2013

Watch Out for Iceberg!

Kva er det på det andre buksebeinet, tru? / Want to see what’s on the other pant leg?

Inspirert av Titanic-utstillinga vi var på i sommar, og at seksåringen har snakka om Titanic i det siste…  Fargane er forresten totalt sett best på det nederste biletet, men “havet” er eigentleg turkis. Derfor fotografert utan blotz på dei to øverste bileta.

Mønster: Samme som Ninjago-buksa i forrige innlegg.
Stoff: Velour, usikkert frå kvar. Applikasjonene er av ribb. Fareskiltet av vinyl-transfer.

Inspired by the Titanic exhibition we went to see this summer, and our six year old boy talking about Titanic lately, I made these pants. The colours are best on the last photo, but the “ocean” is actually turquoise, a little bit better shown on the two first photos.

Pattern: I used the slim fit pants pattern made from this tutorial, but let the waistline be half cm higher up, and added 2,5-3 cm in the width of the legs (from no addition at top of thighs gradually increasing to 2,5-3 cm at the bottom of the legs)
Fabrics: Cotton velour

Ninjago

Mønster str. 7 år: "Guttetights"-mønsteret. Lagt til halv cm i høgda på livet og lagt til 2,5-3 cm i vidda på kvart buksebein (fFrå ikkje noko tillegg øverst på lår, gradvis aukande til 2,5-3 cm tillegg nederst på buksebeinet).

Stoff: Stoffet er eigentleg reint grått, ikkje sånn brungrått som på bileta. Kjøpt hjå Textart, trur eg. Ribb frå Jydsk Stoflager. Vinyl transfer kjøpt av overskotslageret til bloggaren Laralil.

22.10.2013

Frå fritidsbukse-mønster til finbukse

Funbukse Ottobre 4/2009

I februar 2010 sydde eg finbukse til guten vår, som då akkurat hadde fylt tre år. Buksa var sydd etter eit fritidsbukse-mønster frå Ottobre str. 4 år/104, og lagt opp ein heil masse i beina. Skikkeleg vid, var den. Men guten voks, og eg la buksa ned. Fleire gonger. Og etterkvart, eit par-tre år seinare, blei den ordentleg fin, den var nemleg sydd av eit stoff med litt stretch og fint fall. Eg var i grunnen litt lei meg då eg til slutt måtte leggje den vekk fordi beina var for korte (då hadde han brukt den nokre gonger utan opplegg nedst, berre ein enkel overlocksaum i enden av buksebeinet, hehe…).

Eg kjøpte ei ny dressbukse, men den viste seg å vere altfor stor og posete, ingen suksess. Så då guten skulle i bursdag her for litt sidan, fann eg fram det samme mønsteret igjen og teikna av str. 6 år/116 (han har generelt brukt str. 7 år ganske lenge nå), for eg hadde heldigvis meir att av det samme stoffet! Og nå reknar eg med at han kan ha buksa ei lang stund. Den er naturlegvis forlenga i beina i høve til mønsteret, og har i tillegg mange cm oppbrett ;-)

Mønster: Ottobre 4/2009, modell nr. 20. Og altså sydd i 1-2 storleikar mindre enn vanleg, og forlenga i beina
Stoff: Eit nokså tykt fintøystoff, med stretch, sikkert ein del syntetisk i det, kjøpt hjå Marthas frisør- og idéstue i Lyngdal

About 3 1/2 years ago I made suit pants for our son. At that time the pants were very wide, but with possibility to adjust the length quite a lot. So he grew into it. And because it was made of a fabric with a little bit of stretch, the pants were really great last year and even early this year. Until the legs became too short, I was quite sad at that time. When we finally put the pants away, he had used it several times without hem, only a simple overlock seam at the bottom of the legs :-D

A couple of weeks ago, I started to dig in my pattern archive, and managed to find out where the pattern had come from; Ottobre 4/2009 model no 20, and made a new pair of pants. This time size 6 with extra length, he usually uses size 7. (The pattern is actually for leisure pants, not for suit pants).  I expect that he can use these for a year or two…

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...