Viser innlegg med etiketten Vinyl transfer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vinyl transfer. Vis alle innlegg

22.07.2016

Minecraft-bukse i verdas deilegaste buksestoff

Minecraft ligg høgt i kurs her i huset. Og å treffe rett med dekoren på buksa er viktig, i allefall når det gjeld ting som betyr noko for eldstegut (Vinyl-dekorasjon av Beyblade nokre få månader etter at alle på skulen hadde stua bort Beyblade-utstyret, var ikkje kult…)

Dekorasjonen er laga i Silhouette Studio ved hjelp av eit bilete eg fann på nett, traca ytterkonturen så eg fekk ei strekteikning, laga deretter dei andre linjene på ein svært tungvinn måte før eg etterpå fann ein enklare måte. Men då var tålmodet selvfølgeleg slutt, så det blir nok ei stund til neste figur.

Buksa er sydd av det deilegaste isoli-stoffet eg veit om (“collegegenser-stoff”). God stretch, noko som isoli tradisjonelt sett ikkje har. I tillegg til flossa bakside, har stoffet også litt fløyelsaktig framside, mjuuuukt å take på (går dessverre vekk etter nokre vask.) Eg har kjøpt stoffet i ulike fargar frå butikkar både i Norge og Danmark, men eg har berre kjøpt over disk på bl.a. symessa, der eg har kjent på stoffet før kjøp. Å kjenne på stoff i ein nettbutikk er som kjent  vanskeleg, men kvar gong eg er i ein fysisk stoffbutikk, leitar eg etter dette stoffet. Eg fann det, eller noko som liknar svært, i Danmark nå nettopp, så snart skal eg sjølv få meg ny bukse!

Godt lika, tynn jerseybukse

Ein fordel med å vere seint ute med blogging av plagg eg har sydd (denne sydd i februar i år), er at eg samtidig kan rapportere om plagget har blitt brukt eller ei. Denne buksa har 7-åringen vår brukt mykje. Både ho og eldstemann på 9 er glade i tynne bukser sydd av singel-jersey. Dvs. slikt stoff ein vanlegvis syr t-skjorter av.

Modellen kan likne på ei pysj-bukse, derfor vinyl-dekoren på låret som eit forsøk på å gjere buksa til noko anna. Vinylen er kjøpt hjå Sydilla og styke på med to prikkar på stykejernet (om eg ikkje hugsar feil), men den har løsna litt i kantane. Eg har styke den på igjen, og den har løsna på nytt. Usikker på årsak, enten stryketeknikk, eller at stoffet er for tøyeleg. Evt. at vinylen ikkje er god nok. Eg har forresten ikkje brukt Silhouette-maskina. Det går så myyykje fortare å berre finne nokre restelappar og klippe på måfå for hand enn å skulle finne fram PC, program, teikne, finne fram maskin og kutte.

Ribb nederst på buksene har eg på alle jerseybukser, av fleire grunnar. Blant anna gir dette ein fleksibilitet på storleiken, ein kan lage buksebeina nokså lange utan at dei subbar ned i bakken, og dermed tar det lang tid før barnet veks ut av buksa. Dessutan er det eit tydeleg krav frå niåringen i huset om at buksebeina skal samlast nederst med ribb, for han likar å trekkje sokkane rundt buksebeina.

Om du vil lese meir om bakgrunnen for denne typen bukser, kan du sjå eit eldre innlegg på bloggen her. Om du har lyst til å prøve deg på MØNSTERTEIKNING av ei slik bukse, kan du sjå dette innlegget.

 

Her er ei bukse eg sydde i full fart  seinare i vår. Eg tenkte den blei litt vel mykje pysj, men jenta på 7 har lika den godt, og har ikkje klaga over at ho har fått kommentarar frå andre barn.

08.06.2015

Skjørt til to bursdagsjenter

Dei fekk like skjørt, bortsett frå namnet på vranga. Fint å få bruke Silhouette-maskina av og til, det er ikkje mykje den blir brukt…

Mønstert er det samme som eg sydde dongeri-jersey-skjørt for nokre innlegg sidan. Mikke-stoffet er interlock.

01.04.2015

Musikalske t-skjorter

Eldstemann var i dobbelbursdag til eit par gutar som fylte åtte år. Sidan bursdagsbarna kjem frå musikalske familiar, tenkte eg at eg skulle bruke gitarstoffet eg kjøpte på Symessa i november. Den eine har namn på E og den andre på F, dette gav notevalet på t-skjortene. G-nøkkelen og nota kjøpte eg på Silhouette-nettbutikken. Eg blei veldig godt fornøgd med t-skjortene, og synest det blir veldig fint med den der Silhouette-maskina som klipper ut vinyl-strykemerker!

18.02.2015

Sjørøvarbursdag!

Kortbukse, t-skjorte med tørkle om livet hadde han frå før, det har vore kostymet hans i nesten tre år nå! (Bukse med strikk i livet og lang t-skjorte kan passe lenge) Men sidan det var han sjølv som var bursdagsbarnet denne gongen, hadde han lyst på ein frakk i tillegg. Tid hadde eg lite av, men i grunnen er det å bruke kort tid på eit plagg noko av det morosame med å lage kostyme! Og far pynta etterpå med å stryke på gull-vinyl og sy på knappar. (Og om nokon lurar på kvifor det er viktig å passe på at luven på velour og cord-stoff ligg rett veg, kan sjå på biletet øverst til venstre, der den nederste delen på den eine sida på frakken er snudd opp ned…) Biletet er forresten tatt eit par dagar etter selskapet, og antrekket er på berre for fotograferingas skuld. Dette som forklaring på det ikkje veldig gode humøret på bursdagsbarnet ;-)

Super t-skjorte

Eg håpar han som fylte 8 år blei like fornøgd med t-skjorta som eg blei! (T-skjorta er forresten turkis, men mobilkameraet klarer ikkje gjengi fargane.) Supermann-logoen er laga i Silhouette Studio-programmet ved hjelp av eit bilete eg fann på nett.

Beyblade-bukse

Velour-bukse med vinyl transfer. Lomme-eksperiment som ikkje blei vellykka. Beyblade-motivet blei eg derimot veldig godt fornøgd med, den er laga delvis ved å trace eit bilete av ein Beyblade (i Silhouette Studio-programmet).

19.01.2015

Jolesokkar (med framgangsmåte)

Endeleg har eg kome til jol 2014 sånn bloggmessig, i mitt oppsamlingsheat på bloggfronten!

Eg har gode minne frå morgonane på 24. des frå eg var barn, då hadde mamma kjøpt inn godteri-sokk og gøymt på rommet vårt. Så eg hadde lyst til å lage jolesokkar til barna våre til å putte eitt eller anna etande i som dei kan kose seg med før dei vaksne vaknar morgonen den 24. Her er resultatet, sydd om kvelden den 23. des:
 

Bileta er tekne når sokkane er tomme. Nå medan eg skriv er sokkane pakka bort etter jol, men dei er vel sånn, hmm, tja, rundt 25 cm høge, kanskje. Sokkane er ikkje vrangsydde, men er lukka i toppen ved påsyinga av det kvite stoffet. Det kvite stoffet er deretter bretta over og skjuler sin eigen saum. Dermed er sokkane ganske enkle å sy.

Slik er dei oppbygde:
Stretch-velour ytterst
Bomullstoff i til dømes quiltekvalitet innerst
Eit stivt, tykt mellomlag, i praksis brukte eg “zorb”, som liknar på filt (er eigentleg eit absorberande materiale til å ha i bleier og bind og slikt, men som eg aldri fekk brukt til det…). Zorben er tykk, men litt mjukare enn dei filtplatene eg ser Stoff og Stil sel for tida.

Slik laga eg dei:

1. Klipte ut noko eg syntest likna på ein sånn derre amerikansk henge-på-peisen-christmas-stocking, stor nok til å inkludere saummonn og plass nok til å kunne putte noko oppi den til slutt og også rommeleg nok til å få ei hand nedi.
2. Brukte denne som mal til mellomlag og innerlag.
3. La innerlaga rette mot rett og mellomlag utanpå på kvar side, sydde rundt (unntatt i toppen)
4. Då denne var ferdigsydd, brukte eg den som mal for ytterstoffet, men la til saummonn rundt før eg klipte (i praksis medan eg klipte).
5. Eg lurar på om eg strauk på vinylmerka til slutt, men pynten er vel ideelt å setje på før ein syr ytterlaga saman.
6. Sydde ytterlaga saman rette mot rette unntatt i toppen. Vrengte.
7. Tredde yttersokken over inner-/mellomsokken.
8. Festa på hempe øverst i kanten ( i saummonnen øverst) slik av hempa blei hengande nedover inni sokken
8. Kvitt band øverst: Eg brukte microfleece, hadde vel eigentleg sett for meg å bruke velour men hadde ikkje kvit velour. Rektangel der breidda var dobbel av sokkens ytre breidde, la til saummonn på kvar side. Høgda var cirka dobbelt av det eg såg for meg som ferdig høgde på det kvite på sokken, dette inkluderte saummonn.
9. Sydde rektangelet saman til eit røyr, sydde det deretter på sokken, og her må ein halde tunga beint i munnen fann eg ut: Fleecerøyret la eg inni sokken med retta på fleecen mot retta på innerstoffet. Sydde rundt (fleecen blir litt breiare enn indre diameter på sokken, men det får ein jobbe til og jevne ut medan ein syr). Bretta fleecen ut, bretta nedre kanten innunder. Sidan verken fleece eller velour raknar, treng ein ikkje kante den frie enden.

Så var sokken ferdig! (I allefall ferdig til å fyllast :-) Eg blei riktig så fornøgd med desse sokkane!

Pynten er vinyl kjøpt hjå Sydilla, klipt ut på Silhouette Portrait, og deretter stryke på med strykejern. Motiv kjøpt på Silhouette America.

18.01.2015

Refleksvest med refleksvinyl

Refleksvest frå IKEA, refleksvinyl-bokstavar kutta ut på Silhouette-maskina. Bokstavane blei stryke på ein bit bevernylonstoff før sistnevnte blei sydd på vesten (eg var rett vesten ville smelte om eg strauk vinylen rett på…).

Det blei nokre slike jolegåver sendt ut av dette huset for ein månads tid sidan.

23.11.2014

Teikning i Silhouette Studio: Kran

Intro 1 : Då eg var barn, elska eg å teikne hestar, og av og til teikna eg dei ved å lage masse sirklar og ellipser oppå kvarandre og bygde hesten opp steg for steg. Blei magen litt tynn, var det berre å teikne endå ein sirkel oppå magen, men slik at  magen blei litt utvida. Litt det samme prinsippet ligg bak dette innlegget.

Intro 2: For nokre veker sidan kjøpte eg Silhouette Portrait, veslebror-modellen til Silhouette Cameo. På symessa på Lillestrøm i helga blei eg inspirert til å lære meg å teikne litt i programmet. Så nå har eg sett gjennom ein haug med videoar på Youtube med presentasjon av dei ulike funksjonane i Silhouette Studio-programmet. Som øvingsprosjekt har eg laga ei t-skjorte til mannen min, med ei kran av typen han er med på å lage.

Eg treng ikkje trøytte folk ut med å fortelje alt eg gjorde som ikkje funka så bra, så her er den redigerte versjonen ;-)

Eg fann eit bilete på nettet av den krana eg ville teikna av. Ein moglegheit som er mykje brukt, er å trace biletet; få programmet sjølv til å lage linjer rundt objektet. Kanskje eg lærer meg dette seinare, men nå skulle eg lære meg teikning.

Ikkje bry deg om dei svarte pilene. Dette er eit bilete frå slutten av prosessen. På eit motiv av denne typen, med mange rette linjer er det greitt å bruke polygon-verktøyet (tversoversløyfa som er aktiv på biletet over), dessutan teikna eg sirklar; når ein held inne shift-knappen medan ein teiknar, får ein sirkel i staden for ellipse. Nokon stader er det bua overgangar mellom dei rette linjene, då har eg brukt curve shape/”8-talet” nedanfor polygonverktøyet.

Korleis har eg å gått fram med desse verktøya? Eg teikna oppå biletet. Prinsippet er å lage strekteikningar som ikkje har nokon blindt-endande strekar, det er derfor eg teikna med polygon-verktøyet og ikkje linje-verktøyet. Når ein har to (eller mange) slutta figurar som overlappar kvarande, kan ein “smi” dei saman: Modify-vindauget oppe til høgre > weld. Så teikna eg ein ny del av krana, overlappande med den fyrste delen, smidde saman igjen, gjentok dette til krana voks større og større.

Til slutt teikna eg fisken på frihand, denne teikna eg “ferdig” før eg smidde delane saman. Her har eg berre brukt Curve shape-verktøyet. Ved hjelp av “edit points” (nest øverste verktøy til venstre) flytta eg strekane litt og finjusterte fisken til eg var fornøgd, før eg smidde den saman. Når ein er i select-modus (pila øverst til venstre) kan ein gå over til “edit points” ved å dobbeltklikke på figuren. Fiskesnøret er forresten laga med firkant-verktøy.

Dei svarte pilene er klippelinjer/”klipperamme” for at det skal bli litt lettare å dra av overskytande vinyl. Om ein googlar “weeding lines” finn ein tutorialar på korleis ein kan gjere Silhouette-livet enklare for seg når ein skal fjerne vinylen rundt motivet. Men det er vel fyrst og fremst når ein jobbar med klistremerkevinyl at det er spesielt nyttig.

Merke både bilete og ramme: Select-pil og klikke og dra over begge (evt. klikke på begge medan shift-knappen er inne). Feste dei saman til eitt bilete: “Make” under modify-menyen. Deretter endre storleik på både biletet og klipperamma. Og ikkje minst, til slutt, når motivet skal strykast på: SPEGELVENDE MOTIVET; Object-meny øverst > Miror > Flip horisontally. (Flytt biletet dit du vil ha det på arket.)

Kutte ein til ved sida, etterpå: Eg klipte fyrst ut i øvre, høgre hjørne. Sidan Portrait har variabel breidde mellom hjula som matar inn arket i maskina, vil eg få problem med å bruke opp den biten som er igjen til venstre for motivet. Så eg fann ut at eg like gjerne skulle kutte ut motivet ein gong til. Replicate-meny (blomsteraktig ikon oppe til høgre) > Duplicate left . Sidan biletet til høgre allereie er kutta ut, vil eg ikkje kutte dette ut ein gong til på samme plass. Om eg ikkje vil slette det, kan eg merke det og gå på Silhouette-menyen (øvst til venstre) > Cut settings (Ctrl+F2) > “No cut” (i menyen på høgre side).

Sånn. Eg har lett for å gløyme data-ting om det er lenge mellom kvar gong eg gjer tinga. Så når eg skriv ned kan eg slå opp i bloggen når eg treng ei oppfrisking. Kanskje kan det kome til nytte for andre også?

Materiale: Vinylen er dessverre dårleg vinyl frå Asia, sidan vinylen eg kjøpte hjå Sydilla på symessa ligg på lager hjå broren min (sånn går det når ein handlar for mykje på symessa til å få med seg alt heim på ein gong ;-) T-skjorta er sydd av bomullsjersey. Mønster frå Ottobre.

OG: Om du ser eg har gjort ting på ein tungvinn måte, er du velkommen til å komme med tips til måtar å gjere det betre på!

22.10.2014

Bursdagsbuksa

(Korleis blei buksa så skeiv på biletet, tru?) Anyway; vi fekk ein aldri så liten change in plans og bursdagsselskapet blei booka om til Leos lekeland. Eg spurte nesten-seksåringen i forrige veke om ho hadde nokon kjole å ha på seg i bursdagen, skulle eg sy ein til henne? -Nei, eg må ha bukse til å leike i, sa ho. Sidan det var bursdagen hennar måtte eg pynte den litt, gjere den litt feminin, tenkte eg. Ikkje sånn retro-velour denne gongen. Delte opp med litt bogar mellom delane, og la inn litt rynking. Godt fornøgd med resultatet! Den grønne blomen er eg redd vil dette av ganske snart, men inntil dét står den der og smiler til oss og dekkjer over at ribben er sydd på bak fram ;-)

Mønster/design: Eige
Stoff: Diverse bomullsvelour. Ribb frå Stoff og Stil.

Blomst til ei klassevenninne på 6 år

Denne blei gitt vekk i bursdagsgåve for ikkje så veldig lenge sidan! Designen er eit samarbeidsprosjekt mellom mor og dotter, i praksis eit kompromiss mellom tilgjengeleg stoff/vinyl og design-ønskja til jenta mi. Det er moro at barna engasjerer seg i designen! Her hadde jenta mi, i tillegg fargeønskje for kjolen, ønskje om at dekoren skulle vere ein blomst og forbokstaven til bursdagsbarnet.

Mønster: Eige, str. 6 år
Stoff: Isoli, Jydsk stoflager. Ribb frå Stoff og Stil. Flocked heat transfer fr å Silhouette.

Verdifull-jakke. Verdifull jakke.

Skulle nesten tru at overskrifta høyrer til eit innlegg om orddelingsfeil i det norske språk, hehe! Men om du ser på bileta lenger nede, vil du skjøne kvifor dette er “Verdifull-jakka mi”. Og den kjem til å bli ei verdifull jakke for meg, fordi mønsteret er teikna av ei av yndlingsjakkene mine ;-)

Mønster: Knock-off.
Stoff: Ytterstoff: Lilla singel-jersey i bomull. Krage også av singel-jersey (turkis-prikkete), men den ytterste, lilla stripa er av ribb sidan jersey ikkje er slitesterkt nok for brett. Fôret er bomullsinterlock, eg har aldri heilt likt designet på det stoffet (eitt eller anna med rosa og lilla saman som blir krasj for meg, trur eg…). Men inn mot huden er det deileg, stoffet er mjukt og godt :-) Glidelås frå Stoff og Stil. Vinylen er frå Ebay, eg er redd den kjem til å dette av etter eit par vask,  *iiik*…

Og for å slutte der eg starta: Om du lurar på korleis dei der orddelingsgreiene er, så skal det på norsk ikkje vere mellomrom mellom to ord som uttalast som eitt. Enten skrivast dei i eitt, eller så brukar vi bindestrek. Det var dagens skrivetips. Eller skrive-tips. (Men ikkje skrive tips ;-)

19.10.2014

Tyning av stoffrestar!

Tidlegare har eg samla på velour i ulike fargar, det er moro å kombinere ulike stoff. Då eg byrja å sy i 2009 la eg meg opp eit kjempestofflager, og dette har eg tæra på i over to år nå utan å kjøpe særleg nytt. Men nå går det mot slutten (det er generelt mykje sotff i hyllene ennå volummessig, men det er ikkje så veldig mange store stykke att). Kanskje dette er siste guttegenseren før eg må kjøpe inn nytt. Eg synest den blei veldig fin sjølv om den er laga av restar, så små bitar treng ikkje vere noko hinder for saumen (men det krev litt meir på tankefronten…)

Enten har eg blitt sabla god til å klippe i vinyl til å stryke på, eller så har eg gått til innkjøp av ei kuttemaskin. Og det er det siste som er tilfelle, eg har kjøpt ein Silhouette portrait, kjøpte samtidig eit par rullar flocked vinyl. I skrivande stund er det nesten ein månad sidan eg laga denne genseren, og maskina har ikkje blitt brukt til mykje etterpå. Litt fordi eg har det så trongt på hybelen at eg ikkje har inspirasjon til å dra den fram (når eg er i symodus må eg rydde bort PC’en for å få plass til symaskin). Å kunne ha god plass rundt seg når ein syr er verkeleg eit gode.

Mønster: Eige, str. 134.
Stoff: Diverse. Vinyl (flocked) frå Silhouette/Bikuben. Motivet fann eg på ein blogg eller nettsid som heitte SmartE PartE.

17.07.2014

Softshell-jakke med blomstereng

Ei av niesene mine har akkurat fylt sju år, og eg klarte å rydde tid til å sy ei jakke til henne. Den er sydd av eit softshell-stoff eg kjøpte sommaren for to år sidan, og nå var det på tide å sy av stoffet! Jakka er dekorert med siste rest av blomster-fotoprint-stoffet som har blitt kjærare og kjærare her i huset.

Mønster: Kåpe frå boka til Heilt Spesiell og Jubel, str. 122. Forkorta fordi eg ikkje hadde lang nok glidelås. Tok vekk litt på ermane også, etter å ha prøvd jakka på eigne barn undervegs. Trur eg tok vekk mellom to og tre cm av ermane. Eldstemann i huset er modell på bileta her, han er ca 130 cm lang, kanskje litt meir også, så får ein eit inntrykk av 122-storleiken. Og så er forresten spissen på hetta fjerna.

Stoff og detaljar: Softshell-stoff frå Jydsk stoflager midt på Jylland. Lilla ribb frå Hilco/Sydilla rundt hette og nedst, lilla ribb frå Stoff og Stil (trur eg) langs glidelås. Fotoprint-stoff frå Stoff og Stil. Refleks-vinyltransfer frå Sydilla.

Lomma er ein lapp som er sydd utanpå jakka, lommeposen er sydd fast i nedre del av glidelåsen før påsying på jakka.

“Detta va et løgleg prosjekt!”

I have made a jacket of softshell-fabric for my niese for her 7 years birthday! The fabric was bought two years ago on our holiday trip to Jylland/Denmark, and now it was time to make something out of it –at last. As somebody might have notices, I rarely use dark grey or black fabrics, so I wanted to add some colour. The last piece of photoprint-flower-fabric did the trick! Reflective vinyl transfer on all “four sides”, since this is a jacket suitable for windy autumn days and evenings, that in Norway tend to be relatively dark. The pocket is a simple piece of fabric that is first stitched to the zipper, then the pocket is stitched to the jacket. The pattern is from a norwegian book written by the sewing bloggers “Heilt Spesiell” og “Jubel”, and according to their style, I have used the coverstitch binder to finish the center front edges before stitching the zipper on.

20.03.2014

Endeleg eit prosjekt for det deilege stoffet

Joda, eg syr. Sånn bittelitt innimellom. Her om dagen blei det sydd t-skjorte som bursdagsgåve til ein klassekamerat som fylte sju :-)

DSC_0253kvit

Mønster: Eige
Materiale: Interlock som er “fast i fisken” og veldig godt å take i, synest eg. Fekk det i gåve av ei venninne (Tøydama, for dei som måtte kjenne henne på Sykroken ;-) Kanta med ribb frå Stoff og Stil (t-skjorta er kanta, ikkje venninna, altså, hehe). Initialane til mottakaren, “FI” er laga av refleks-venyltransfer, kjøpt av Sydilla.

21.01.2014

Ein skikkeleg vinterkjole!

Deileg ull frå Janus, tykk og god, mmmmm! Kjolen låg under treet hjå niesa mi til jol.

Mønster: Boka til Heilt Spesiell og Jubel: “Brun hettekjole”. Fjerna glidelås-splitten og lommene, og gjorde om hetta f rå spiss til rund.
Stoff: Sportsull frå Janus. Bomullsribb til kantar og bomullsjersey i hetta.
Detaljar: Linjene er sydd med oppned-dobbel-coversaum med ein “metallisk” (plast) tråd som undertråd. Fargen er ujevn fordi tråden skifter mellom sylvfarge og  koppar-farge. Lue, skjerf og vottar er vinyl-transfer frå E-bay.

This dress was made for Christmas present for my six year old niese. It is made of wool from the norwegian company “Janus”, who has made wool clothes for decades, and recently also started to sell wool fabrics!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...