16.02.2013

Raudt og rosa til meg sjølv

Eg diggar denne fargekombinasjonen (sjåast betre på bileta lenger nede)!

DSC_1272kbak DSC_1270kvit

Toppen til venstre er sydd av eit Onion-mønster på ein topp som er heilt enkel i snittet, utan innsnitt. Grunnen til at eg sydde den med berestykke delt på midten var rett og slett at eg ikkje hadde nok stoff til å ha heile framstykket i eitt stykke.

DSC_0014bak DSC_0019bak
DSC_0017 DSC_0020

Knappestolpen på toppen til venstre er ikkje open i toppen, utringinga er allereie stor nok til å kome over hovudet til ein hest… Pyntestolpen på toppen til høgre kjem det forklaring på i neste innlegg.

Mønster:
Toppen til venstre: Onion 5022. Dette mønsteret er utgått, men om ein berre skal ha korte ermar som her, vil eg tru at ein enkelt kan endre frå eit mønster på ein vanleg topp.  Slik, til dømes:

DSC_0019strekar2

Om ein teiknar av dette på både framsida og baksida, kan ein leggje skulderdel på framstykke inntil skulderdel på bakside for å lage éin mønsterdel for skuldra. Etter at eg hadde sydd på ermane, som altså ikkje når heilt ned til armhola, klipte eg ned saummonnen nederst der det mangla erme, før eg kanta med ribb.

Mønsteret på toppen til høgre er eit klassisk mønster på ein jersey-topp, teikna etter boka til Aldrich. Men det er sydd i str. 36 i staden for 40, som eg vanlegvis brukar. Dette vil heilt sikkert fungere fint til interlock, men blei bittelitt smalt til jersey. Str. 38 neste gong… Eg har korta inn ermane litt, tenkte det ville gje liknande stil som raglan-toppen. Men det funka ikkje heilt slik, ermeavslutninga er for vertikal til å få slike skrå ermar som på raglan-toppen.

Konklusjonen er at raglantoppen er finast  når eg skal ha ein topp med korte ermar (til meg i allefall.) Men om eg derimot skal ha lange ermar, passar ikkje raglan-ermar meg så godt (skuldrene blir altfor runde), då vil eg heller ha vanlege ermar (“set-in sleeves”).

Stoff og tilbehør:
Den stripete jerseyen er enten frå Stoff og Stuff, eller så er det Campante frå Hilco. Eple-jerseyen er kjøpt i Danmark, finst hjå mange butikkar der, og i Sverige hjå Jofotex. Er det Jofotex som har fått det trykt opp, tru? Raud ribb frå Stoff og Stil. Knappar frå Textart.

3 kommentarer:

  1. Stilige toppar!
    Minner meg på at eg har eplejerseyen, og kanskje det blir noko til meg sjølv av det!

    SvarSlett
  2. Ja, sy ein topp til deg sjølv! Gler meg til å sjå!

    SvarSlett
  3. Så fine! Og jeg har jo et t-skjortemønster som jeg vet funker, får ta meg sammen og sy noe til meg selv til sydenturen i påska:D

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...