Viser innlegg med etiketten Damekjolar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Damekjolar. Vis alle innlegg

05.04.2014

Grønn og spenstig kjole

Eg kjøpte dette blomstrete stoffet hjå stoffet hjå Textart i haust. Nå nærmar det seg sommar, og eg tenkte eg skulle gje stoffet ei sjanse som kjole, med ei “briste eller bære”-innstilling, ville det bli for heftig? Jo…, men eg trur nok eg kjem til å gå med den  :-)

Kjolen var også ein test på det går å gjere om Omslagstopp-mønsteret mitt om til kjole på ein relativt enkel måte. Vidda på kjolen fylgjer mønsteret til og med det prikkete beltet. Deretter kjem åtte trapesar (altså åtte høge firkantar som alle skrår litt utover på kvar side.) Det funka greitt nok, men kjolen sit ikkje veldig godt i korsryggen sidan eg har ganske svai rygg. Men pytt… Dersom ein skrår ut ein god del meir, slik at vidda over hoftene blir mykje større, vil nok metoden fungere betre enn på ein kjole som ligg nokså inntil (trur det var fire cm bevegelsesvidde rundt hoftene eg berekna på denne kjolen).

Stoff: Jerseyar frå Textart. Ribb frå Stof2000, trur eg. Knappane er heilt vanlege plastknappar som eg har trekt med det prikkete jerseystoffet.

31.03.2014

Maud-kjolen ferdig

Kjolen blei sydd på “syalong” på Sykroken.net, takk til arrangør Nina for motivasjonen til å setje i gang med kjolesying!

Mønster: Tok utgangspunkt i eit tunikamønster frå Ottobre og endra ein heil del.
Stoff: Stoff og Stil, eit fast strikka, tykt, trykt jerseystoff designa av Maud Fredin-Fredholm.
Tightsen, som omtrent ikkje synest, er forresten sydd av denim-farga jersey frå Olivias.no.

04.07.2013

Min klinkekule jerseykjole

Sukkertøykjole à la Klinkekult, mønster frå boka Made by me

Seint, men godt, nå har eg også sydd meg “Sukkertøykjole à la Klinkekult”, som halve hobbysyar-Norge allereie har lang erfaring med å sy. Det er sommar, og eg hadde lyst til å sy meg ein lett jersey-kjole, og nå er det berre å vente på sola så eg kan få brukt den! (Ute er det kaldt, brrrrr….)

A special welcome to my fellow german seamstresses entering from the RUMS blog! In 2011, the book “Made by me – sybloggernes beste oppskrifter (the sewing bloggers best patterns)” came out in Norway. One of the patterns that became a big hit in Norway, was the dress “Sukkertøykjole à la Klinkekult” (Candy dress à la Klinkekult). Google “sukkertøykjole” or “klinkekult”, and you’ll see! At last, I have made my dress too, and because it is summer, and the warm weather is suppused to be here any time now (where is it???), I made a lighter dress in jersey.

Sukkertøykjole à la Klinkekult, mønster frå boka Made by me Sukkertøykjole à la Klinkekult, mønster frå boka Made by me

Sukkertøykjole à la Klinkekult, mønster frå boka Made by me

Mønster/Pattern: Ann Sissel Holthe/boka Made by me
Stoff/fabrics: “Campante”: stripete jersey frå Hilco, prikkete/polka dot jersey frå Textart.no. Ermar/sleeves av jersey frå Stofstedet.dk.

Om kjolen: Det stod at mønsteret var med saummonn, men eg trur ikkje det kan stemme, for då stemmer ikkje kjolemåla som er oppgitt i boka (de andre som har sydd kjolen veit sikkert meir om dette?). Eg er vanlegvis ca str. 40 i overkroppen og valte str. M. La til saummonn stort sett overalt utanom i sidene ovanfor livet. Pluss at eg la til bittelitt vidde i skjørtet så det ikkje skulle bli for trongt over hoftene. Kjolen endte med å bli litt for laus under bysta, så etter at kjolen var ferdig, sydde eg den inn i kvar side med ein saum på overlocken (frå armhola til hofta), og då endte eg opp med at vidda under bysta var ca to cm vidare enn kroppsmålet der.

Skjørtet er klipt på skrå, som de ser. I staden for å leggje mønsteret mot stoffbrett, la eg til saummonn midt framme. Nedst er skjørtet litt kortare enn originalen i sidene og litt lengre enn originalen i midten.

Eg er veldig fornøgd, søt som sukkertøy, og i ein fargekombinasjon eg diggar!

08.08.2012

Onion 2035: Regnvêrskjole

Nå har eg sydd min fyrste 2035-kjole, etter det populære mønsteret Onion 2035! Og som fleire har sagt før meg: Dette mønsteret kjem eg til å sy av igjen (i skrivande stund har eg akkurat avslutta klippinga av ein topp etter mønsteret).

Fargane kjem dessverre ikkje fram godt nok, berestykket på kjolen er i ein intens, djup turkisfarge, men kameraet vil ha det til å bli enten blått eller “vanleg turkis”. Eg har stilt og stilt på kameraet, men ingenting funkar. I allefall, sånn cirka slik ser kjolen ut:

DSC_0271kb

Blåfargen i kjolen er også ein flott, djup nyanse. Under er det eit bilete av dekoren på brystet. Det pøsregnte då eg sydde kjolen, og dekoren blei inspirert av dét, hehe ;-)

DSC_0302

Skyene er ein lapp av frotté-stoff med skyer på, paraplyane kjem frå eit tynt interlock-stoff med trykte paraplyar på, og regndråpane var eg glad for å finne i pyntesaumutvalet på symaskina mi. Rundt lappen er det sydd på anorakksnor.

Endringar på mønsteret:

Mønsteret er kjent for at den horisontale saumen under bysta kjem for høgt opp, så eg forlenga berestykket bittelitt, 6-7 mm, (bortsett frå i sidene), sjølv om eg ikkje er spesielt barmfager av meg. Omtrent slik endra eg berestykket:onion2035bryststykke

Det nedre bakstykket er heilt, utan innsnitt, og vil garantert lage tverrgåande faldar over rumpa på meg, sidan eg har ein del svai i ryggen. Eg delte derfor bakstykket, tok vekk bittelitt frå midten heilt øverst, og la til litt mot midt bak på største delar av skjørtet. Litt faldar fekk eg likevel, men mykje mindre enn det ville blitt.onion2035

DSC_0275

Det eg skulle endra på, men oppdaga fyrst då kjolen var sydd, var at underermane var akkurat litt for tronge. Eg får bruke kjolen litt og sjå om dei er brukande likevel, elles får eg sy dei om på noko vis. Lengda på ermane er eg ikkje heilt sikker på om stemmer med mønsteret eller ei.

Mønster: Onion 2035

Stoff: Blå og turkis velour frå Jydsk stofflager. Sky-frotté frå JNYDesign (Cetho). Paraplystoffet er kjøpt frå USA eller Sør-Korea, enten Etsy eller Ebay. Naturkvit anorakksnor frå Atoff og Stil (den smalaste typen deira).

03.08.2012

Onion 2041 - Kjolen som blei til tunika

Onion-mønstera er danske, og i siste syshopping-liten på Danmarksturen, raska eg med meg nokre Onion-mønster. Det er litt så som så kor bra Onion-mønster har passa til min kropp tidlegare, men eg tenkte eg skulle gje dei ei ny sjanse med mønster for strikka stoff.

'Fyrste plagg ut, blei ein kjole etter mønster nr. 2041. Historia i korte trekk: Då mannen min skulle fotografere den på meg, og eg såg biletet, tenkte eg “oj, den blei rar!”. Og etter å ha tenkt på det ein dag eller to, klipte eg av skjørtet og gjorde det om til ein tunika. Slik blei den:

Tunika av Onion 2041

Men slik var den i fyrste omgang:

DSC_0228kb

Tingen var nemleg den, at eg berre hadde éin meter av den mørkaste velouren, og det var ikkje nok til heile skjørtet. Eg planla derfor å ha ei stripe nedst. Men undervegs gløymde eg dette, så då kanten nedst til slutt skulle på, fann eg ut at eg ikkje hadde nok stoff. Så det blei ei nødløysing med kanten de ser på biletet over. Eg hadde heller ikkje nok stoff til ermane, viste det seg undervegs, dermed blei det to fargar også der.

Om mønsteret og syinga: Eg sydde kjolen med 2 cm saummonn for å kunne justere. Eg brukte justeringsmoglegheitane litt, blant anna  la eg eit legg midt bak på skjørtet fordi det ikkje blei så fint med heilt nedre bakstykke. Eg heisa også det nedre bakstykket på midten, utan at eg veit kor lurt dét var… Neste gong blir det nok heller enten vertikal-delt bakstykke frå starten av, eller eitt innsnitt på kvar side. Armholene på kjolen er nokså djupe, så eg sydde saumen frå armen og ned sida på kjolen ein gong til akkurat i armhola, litt lenger inne på stoffet. Eg synest kjolen blei veldig vid i halsen, så eg laga løpegang med strikk i. Det gjorde nok at det blei litt puff-ermar der det eigentleg ikkje skulle vere det, men pytt. Elles synest eg det var veldig vanskeleg å sy med to cm saummonn i velour, det sklei og det var vanskeleg å halde oversikt over kor brei saummonnen reelt blei. Så beltet, til dømes, er nokså varierande i breidde. Eg har forresten løpegang rundt handledda, men handledda mine er ikkje så glad i strikk rundt seg, så det spørs om eg ikkje må bytte ut med ribb etterkvart.

DSC_0234

Kjem eg til å sy av mønsteret igjen? Njaa, eg trur eigentleg ikkje det.

Eg har kjøpt Onion 2035 også, den store hit’en på Sykroken, så får vi sjå då, om eg får meg ny kjole likevel :-)

Mønster: Onion 2041

Stoff: Mørkelilla (eigentleg litt meir plomme eller aubergine enn det biletet viser) frå Jydsk Stoflager i Ikast, ljos velour frå Stoff og Stil.

30.06.2011

(Gravid-) og ammetunika, 1. og 2. versjon

Då eg blei gravid seint i haust, fekk eg lyst til å lage ein ny modell gravid-/ammetunika (eg har laga ein annan type før, sjå her.  Prinsippet denne gongen er ein omslagstopp med eit forstykke innanfor som er ope ut mot armane. For at ikkje motsett bryst skal blottleggast når ein ammar, heng omslagsdelande fast, men kan gjerast 8-10 cm lengre ved å løsne eit par knappar i sidene (sjå bilete nr. to).
Eg laga fyrst den lilla velour-tunikaen som test, med ekstra vidde for gravid mage. Omslagsdelande er kanta med ribb, noko som blir litt tykt. Alt i alt er det mykje som kan forbetrast på denne, omslagsdelane blei for tykke, særleg nedanfor bysta, og dei sklir også i høve til kvarandre.
IMG_9012
IMG_9013
Deretter laga eg ny versjon i vinterfrotté. Denne gongen utan ribbkant på nedsida av omslagsdelande. Dette blei også nokså tykt, så ein seinare versjon skal lagast med nokon form for innsnitt, tenkjer eg. Men til jersey, som er mykje tynnare, kan det nok fungere greitt. Denne versjonen vekk smalare mage, sidan eg ikkje hadde så stor mage ennå i vinter.
IMG_9059
IMG_9061

28.06.2011

2009/-10: Gravid- og ammetøy

Eg har spekulert mykje på korleis ein kan få funksjonelle ammeopningar, som også er estetisk fine. Og også prøva ut forskjellig –med varierande hell. Her er nokon av det som har fungert:
September 019
September 020
September 016
IMG_7905
IMG_7907

Denne modellen har eg ikkje prøvd sjølv, men eg har forstått på dei to som fekk dei at dei har fungert. Konseptet går altså ut på å ha berestykke både framme og bak med vide nedre for- og bakstykke, god lengde, og glidelås i båe sidesaumar. Evt. snurping nede, om ein vil hindre at tunikaen blir som eit telt når ein er høggravid. Stoff: Viscosejersey.

Juli 054
Juli 048
Denne var i flittig bruk sommaren for to år sidan. Som over er den basert på glidelås i båe sidesaumar. Denne er i fast stoff, og den ville kanskje ikkje fungert like godt om kjolen hadde vore tettsluttande rundt skulder og armhole.

Funksjonell nok, men ikkje så estetisk vellykka:
Mai 111
Mai 114
Konseptet med deling og overlapp framme er kjent og mykje brukt, men med viscosejersey blei det for slapt. (Toppen er sydd medan eg var nybyrjar bak symaskina).

27.06.2011

2009/-10: Klipp og lim i ulike mønster, dameklede

Mønsterteikning i light-versjon er å take utgangspunkt i eitt eller fleire eksisterande mønster, klippe, lime, kombinere, teikne om. Dette kan det bli mykje moro ut av, og plagga kan bli heilt umogleg å kjenne att frå utgangspunktet!
IMG_7256
Utgangspunktet for denne var ei t-skjorte/topp. Det er lagt inn berestykke framme og bak, med breie nedre for- og bakstykke med rynking. Ein nokså tettsitjande topp på innsida sørger for ballongeffekten.
IMG_7303
IMG_7305IMG_7306
August 062
August 064
Også her tatt utgangspunkt i eit t-skjorte-mønster, lagt inn berestykke og faldar/ekstra breidde og lengde i dei nedre stykka. Halsutringinga er kanta med kantebandsapparat for symaskin (eigentleg meint for fast bomullsstoff, men fungerte med tynn viscosejersey.)
IMG_7775
IMG_7979
IMG_7982
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...