Viser innlegg med etiketten Tittekant/biseband. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tittekant/biseband. Vis alle innlegg

20.02.2015

Oppgåve: “Kjole av desse seks stoffa!”

Det var tid for å sy ein kjole att, og denne gongen hadde eg lyst til å gjere litt ut av den! Eg blei kjempefornøgd, juhuuu! Mellomstejenta, som nå er 6 år, var med og tok ut stoff. Det eine etter det andre, og til saman blei det seks stykk. Utanom den lilla ribben til kanting. Moro med mange stoff i eit plagg :-)

Fyrste stoffet er grunnstoffet i kjolen; turkis isoli. Vidare er tre jersey-stoff brukt i ein slags “lommestolpe” med tre lommer nedover. Dei to siste stoffa er sydd på som lappar applikert på kjolen; øverst med knappar på og på ryggen. Knappane er det minstejenta på 3 1/2 år som har kosa seg med å plukke ut til storesyster. Eg hadde lyst til å teste ut å legge inn ein tittekant av jersey i kantebandet ved sying med kantebandsapparatet. Det blei enkelte hoppesting, men resultatet elles blei veldig fint! Då eg hadde kanta halsutringing og ermeutringingar, fekk eg lyst til å ha tittekantar i sidene også. Det er ikkje noko snor inni tittekantane, berre ein strimmel tynn, veldig tøyeleg bomullsjersey bretta dobbelt. Tittekantane går ikkje heilt opp og heilt ned, eg syntest det blei ryddigare å avslutte dei eit par cm frå endane av saumane.

Sånn, og så var det snart vinterferie :-)

08.07.2012

Utprøving av vaffelsaum

Eg har prøva vaffelsaum (rettsaum med tynt strikk som undertråd)  såvidt tidlegare, men det blei ingen slager. Eg synest å hugse at det snurpa seg aldeles for mykje. Men denne gongen tenkte eg at eg skulle prøve igjen, og nå med den enkle symaskina, sidan Pfaff’en er på reparasjon.

DSC_0493

Stilmessig blei eg kjempefornøgd med buksa! Vaffel-teknisk brukande, men ikkje heilt optimal (stramt). Buksa blei testa ut her om dagen, og den fungerer heilt greitt.

Om vaffelsaumen: Eg surra fyrst opp for hand utan å strekkje, men då hengte strikket seg opp i spolehuset under sying. Eg surra det derfor opp på nytt med litt strekk på. Så prøvde eg meg litt fram og tilbake med å justere trådspennings-skruen på spolehuset. Det blei litt for stramt, men neste gong skal eg ha litt lågare trådspenning, så blir det kanskje betre?

DSC_0496

Buksa elles: Biseband mellom dei to delane på buksebeina. Eg ville ha ei anna type snurping nedst i buksebeina, men tenkte det blei for trongt og plundrete med vaffelsaum her. I stadenfor sydde eg på raudt strikk utanpå, med sikksakk-saum. Neste gong skal strikket syast på på vranga, tenkjer eg.

DSC_0494

Mønster: Eige

Stoff og tilbehør: Dei to raude bomullsstoffa er frå Stoff og Stil, trur eg. Ferdig, kvitt biseband og raudt strikk også derifrå.

15.02.2012

Heia Sverige!

DSC_0615kvit

I Sverige designast det masse tøffe stoff! Fyrst og fremst er det designaren Johanna Ahlard som står for dette. I går var mine to eldste barn på fem og tre år i bursdag til ein liten gut, og med seg hadde dei eit sommarsett. Dét at guten sin pappa er svensk, gjorde det ekstra gøy å brukse svenske stoff (sjølv om eg har ein mistanke om at det stripete stoffet i shortsen eigentleg er finsk…)!

DSC_0617kompr

DSC_0618kompr

DSC_0616kompr

Om mønster/design: For å binde saman shortsen og t-skjorta, tok eg med ei dobbeltbretta stripe jersey i kantebandsapparatet nedst på shortsen, med sjø-stoffet frå t-skjorta (ikkje noko snor inni). Det blei fint, synest eg. Brun kant nedst på t-skjorta var eigentleg ikkje planlagt, men då eg byrja å sy, oppdaga eg at eg hadde klipt oppleggskant på framsida, men ikkje på baksida. Derfor kanting med kantebandsapparat i staden for. Eg brukar som hovudregel ikkje ribb nedst, fordi det så godt som alltid snurpar seg (Kan jo bli ein fin effekt om ein vil ha det). Interlock går likevel greitt utan nemneverdig snurping i mitt uoriginale type A-apparat. Eg hadde ikkje brun bomullsinterlock, så eg har brukt rutete bambus-interlock med vranga ut, der er rutene mindre synlege.

Om nitals-opning-designet: I haust fekk eg forresten registrert designet på “nitals-opning” ved det norske Patentstyret. Det var stas, sidan eg er amatør, og ikkje har noko erfaring med slikt frå før. Tusen takk til dei på Sykroken.net som oppfordra meg til å søkje! I praksis tyder registreringa at retten er min til å bruke dette designet i kommersiell samanheng. For meg er det greitt at hobbysyarar brukar designet til sal i liten skala (på Epla, blogg el.l). Ver i såfall vennleg å referere til min blogg. (Tutorial på mønster-teikning i tutorial-menyen.)

Stoff:

-Jersey med sjømotiv: Znokdesign.se (J. Ahlard)
-Jersey med bylgjer og stjerner: JNYdesign.se
-Ribbkantar: Turkis ribb frå Danmark ein stad, brun ribb frå Stoff og Stil. Brun bambus-interlock til kant frå Myllymuksut.
-Gul/turkis-stripete frotte, frå Myllymuksut.com?

22.01.2012

Babykjole: Eg er så fornøgd!

DSC_0494komprimertbeskjart

Eg har funne ut at eg må sy litt klede til minstejenta, ho brukar str. 68 nå og vi har ikkje særleg med klede i str. 74. Eg klipte fyrst nokre bodyar, men sylysten lot vente på seg. Men så fann eg på at eg skulle sy ein ballongkjole med litt retropreg, etter å ha kjøpt dette prikkete stoffet på salg hjå Stoff og Stil. Og eg blei så glad av å få ferdig denne kjolen at nå har eg lyst til å sy meir! Jippi!

DSC_0502komprimert

Bisebandsfot var noko av det fyrste eg kjøpte til maskina mi, og brukte den ein del i starten. Men så har eg gløymt det bort litt, men fekk inspirasjon til å take den fram att etter å ha sett bloggen til http://groovybabyandmama.blogspot.com/. Ho er veldig god til å bruke biseband til å lage stilige effektar.  I kjolen her er dei raude stripene biseband. Sydd i babycord med skolisse frå Ica supermarked inni.

Då eg teikna mønsteret tenkte eg at eg skulle ha rynking langs heile skjørtet i livet, men etter å ha sydd dette, angra eg og tok det opp att. Det øydela liksom retro-stilen, syntest eg. Eg testa med større faldar, men då blei det kluss med stoff-fordelinga  for ballongeffekten nedst. Så eg endte opp med å samle”stoffoverskotet” i to buntar med små, små faldar. Godt fornøgd.DSC_0504

Likevel blei det ikkje liknande faldar på baksida, for då var tolmodet mitt slutt, hehe. Så her rynka eg det like mykje overalt:

DSC_0508

Som fôr i livet på kjolen er det babycord, medan det er jersey som fôr i skjørtet. Enkelt og greitt; ballongeffekt blei laga ved å strekkje jerseyen då den blei sydd saman med babycorden.

DSC_0506

Mønster:
-Sjølvteikna. Denne gongen hadde eg teikna ulike grunnformer frå Aldrich-boka “oppå kvarandre” på samme papir for å få ein feeling med dei ulike grunnformene, i staden for å velge éi grunnform. Og i staden for å bruke måla frå Aldrich, som brukar andre storleiksintervall enn vi er vant til (56, 64, 72, 80), brukte eg mål på str. 74 frå boka “Søm” av Rimor Haugsand (denne boka viser ikkje konstruksjon av barneklede, men inneheld ein svensk måltabell for barnestorleikar).

Stoff:
-Babycord frå Stoff og Stil. Brun jersey frå Cetho Design.

 

 

DESIGN BY ANNWES liten versjon

30.06.2011

Stripete bukse med biseband

IMG_9838
Denne buksa i str. 5 år er pynta med ferdiglaga biseband frå Stoff og Stil) Lommer framme og bak, og lappar på knea er kanta med biseband før dei er sydd på. Dei oransje stripene er skråband som eg har bretta på langs før eg la det halvvegs under knelappane før påsying. Det blei ein stilig detalj, synest eg.
Knelappane kom ein smule langt ned, dette var fordi buksebeina var veldig lange før eg la dei opp, og eg gløymte å take omsyn til dette. Dette stoffet er likt på retta og vranga, derfor har eg lagt opp buksebeina med vranga ut, med biseband i enden av opprinneleg buksebein.
IMG_9839
Baklommer: Desse er laga etter litt liknande prinsipp som  opplegg av buksebeina: Eg sydde horisontalt biseband fyrst, deretter bretta ned rette mot rette, sydde bisebandet fast med ein liten bit oransje skråband i saumen. Deretter kanta eg heile lomma og sydde den på til slutt.
IMG_9842
Ei lita hempe som gutungen kan henge sjølvmåla nøkkelringar i Smilefjes
IMG_9844
Og til slutt: Eg laga fyrst juksesmekk. Eg hadde med vilje teikna mønsteret litt smalt for at det ikkje skulle bli posete i livet, men det blei smalaste laget. Derfor la eg inn smekk, men det hjelpte igrunnen lite, fordi guten på snart 4 1/2 klarer ikkje handtere knappane, og synest det er betre å heller lirke buksa forbi rumpa med knappane att.
IMG_9871
Grunnmønsteret til buksa er teikna med hjelp frå Aldrich si bok “Metric Pattern Cutting for Children's Wear and Babywear: From Birth to 14 Years”

27.06.2011

2009/-10: Sjølvlaga mønster eller ingen mønster

IMG_7704
Denne er teikna etter inspirasjon frå eigen bunad.
IMG_7759komprimert
Her er min fyrste, eigenkonstruerte kjole:
Mars 172
Denne kom litt seinare, men er ikkje så veldig original i designet…:
August 056
Januar 2010 096
IMG_7766
Det nedre, grønne forstykket ligg utanpå “jungelstoffet” slik at det dannast ei lomme. Lomma er kanta med ribb.
IMG_85171
IMG_8548
Hausten 2010 sydde eg 115 luer for utdeling til barna som vankar i Vågsbygd kyrkje. “T” for “tøff” og for “supertorsdag”.

August 043
Ei av mine yndlingsbukser! Mønsteret kan ikkje kallast heilt sjølvlaga, for eg fekk god hjelp av ei bukse eg hadde frå før.
August 046
Ribb-applikasjon à la Annwes
IMG_7322IMG_7324
Bukse etter nokonlunde samme grunnform, men med nokre eksperimentelle applikasjonar som blei litt tøffe og nøkså sære på samme tid… Det er brukt mouliné-garn og spesialfot på “strek-teikninga”. Biseband på baklommene (sjølvlaga med anorakksnor inni).
Tredje plagg ut i lilla cord/stretch-fløyel:
IMG_7277
IMG_7283
Også her fekk eg god hjelp av eit plagg eg hadde frå før i klesskåpet. Blomen er laga ved at ei tykk anorakksnor er sydd rundt applikasjonen. Ein må ha eigen fot for å få til dette, sidan snora er såpass tykk.

2009/-10: Klipp og lim i mønster, barneklede

August 049
Denne buksa er sydd med biseband rundt hofta.
Januar 2010 109
Ribb-kantane på desse er sydd manuelt, utan coverstitch-maskin/kantebandsapparat. Sjå eigen tutorial i margen til høgre.

Januar 2010 132
Desse kjolane ser svarte ut, men er eigentleg mørkelilla. På kjolen til høgre er mønsteret klipt opp før stoffklipping.
Januar 2010 139
Skråbandskanta applikasjon; Sy skråband rundt lappen fyrst, sy den deretter på stoffet.
IMG_7345
IMG_7634
Sirkellinjal: Ringane er sydd med sikksakk med sirkellinjal. Den vekslande fargen skuldrast multifarga tråd.P5220286
Ribbkant nedst på kjolar og tunikaer går ikkje alltid så bra, fordi kanten lett rullar seg oppover når stoffet blir snurpa saman.IMG_7607
IMG_7764
IMG_7946
T-skjorta har knepping i skuldra (sjå eigen tutorial i margen til høgre).

IMG_8391
IMG_7924
IMG_8495
IMG_8487
IMG_8488
“Augene” i blomen er KAM-knappar. Elles testa eg ut å kante applikasjonen med mouliné-garn. Eit risikoprosjekt, eigentleg, sidan sikksakken blei så smal at den kan ha vanskeleg for å få med seg stoffet den skal feste. Derfor også rettsaumen litt innanfor. Men det har igrunn gått greitt etter mange månaders bruk og vask. Garnet er sydd på med spesialfot som fører det tynne garnet.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...