Denne buksa er sydd med biseband rundt hofta.
Ribb-kantane på desse er sydd manuelt, utan coverstitch-maskin/kantebandsapparat. Sjå eigen tutorial i margen til høgre.
Desse kjolane ser svarte ut, men er eigentleg mørkelilla. På kjolen til høgre er mønsteret klipt opp før stoffklipping.
Skråbandskanta applikasjon; Sy skråband rundt lappen fyrst, sy den deretter på stoffet.
Sirkellinjal: Ringane er sydd med sikksakk med sirkellinjal. Den vekslande fargen skuldrast multifarga tråd.
Ribbkant nedst på kjolar og tunikaer går ikkje alltid så bra, fordi kanten lett rullar seg oppover når stoffet blir snurpa saman.
T-skjorta har knepping i skuldra (sjå eigen tutorial i margen til høgre).
“Augene” i blomen er KAM-knappar. Elles testa eg ut å kante applikasjonen med mouliné-garn. Eit risikoprosjekt, eigentleg, sidan sikksakken blei så smal at den kan ha vanskeleg for å få med seg stoffet den skal feste. Derfor også rettsaumen litt innanfor. Men det har igrunn gått greitt etter mange månaders bruk og vask. Garnet er sydd på med spesialfot som fører det tynne garnet.