Denne shortsen likar eg kjempegodt (men det er ikkje min, den er sydd i str. 134). Det fiolette stoffet er isoli av den tradisjonelle ikkje-stretchy typen. Eigentleg litt varmt til shorts, men shortsen har blitt brukt mykje likevel (eg sydde den i 2016, ligg ein smule etter med blogginga…). Det mønstrete stoffet er jersey som eg truleg har kjøpt i Danmark ein stad. Den oransje tittekanten er også ein strimmel av jersey bretta dobbelt. Mønster: Buksemønster med avklipte bein, sydd på ein brei kant på kvart bein. Ikkje eigentleg så komplisert, men ein må halde tunga beint i munnen medan ein monterer shortsen (kan du sjå kvar eg har gjort feil?)
22.04.2018
29.07.2013
Sykkelkjole II / Bycycle Dress II
Den fyrste “sykkelkjolen” var såpass stor suksess at eg sydde ein til niesa mi sin 6 årsdag også. Denne er i ein slankare variant, sidan jenta er smal. Det er jo noko av det som er moro med å sy sjølv, at ein kan tilpasse proporsjonane på plagget til den som skal bruke det :-)
The first “bicycle dress” was such a success that I made one for my niece’s sixth birtday too. This dress is a more slim fit version. That’s one of the things that makes sewing fun; you can alter the proportions of the garment according to the person who is going to were it :-)
Oups, eg gløymde å sy i storleikslapp i nakken før eg sydde ned saummonnen med covermaskina… Derfor blei det storleiks-“lapp”/markør for kva som er bak ved hjelp av vinyl strykestoff i staden for. Og då kan ein like godt take med mottakarens initialer også!
Oups, I forgot to attach the size tag before I stitched the top cover seam around the neckline. So I used vinyl iron on for “size tag” (basically for showing what’s back and what’s front of the garment). And when using vinyl transfer, I could put on the child’s initials too!
Forresten, her var det eit bilete av korleis eg har sydd på cap sleeves (nederste del av ermet allereie kanta):
By the way, here’s a photo of how I stitched the cap sleeve on (the lower edge of the sleeve already finished):
Mønster: Eige
Stoff: Jersey med eple frå Kølkær stoffer/stofkarsten.dk, prikkete jersey frå Textart.no. Den einsfarga jerseyen i sykkelbuksa er frå samme produsent som elpestoffet, trur eg, men kjøpt hjå stofstedet.dk.
15.07.2013
Sykkelkjole / Bicycle Dress
Fireåringen (fem til hausten) plukka ut stoff ho ville ha kjole av. Då eg designa den, var eg klar over at det ville bli ein sporty type kjole, men det var fyrst då ho sette seg på sykkelen, at eg såg at det var den perfekte sykkelkjole! Litt som tennis-kjole; ein topp forlenge ned til eit veldig kort, men vidt skjørt. Når ho sit på sykkelen, heng skjørtet ned som ei søt gardin rundt setet, og stoppar ovanfor bakskjermen. Dessverre fekk eg ikkje noko bilete av ho på sykkelen, men eg naut synet av kjolen bakfrå då vi sykla på tur til Slottet (forresten ganske utruleg å tenkje på at vi bur sånn til at vi kan sykle til slottet! Det er så mykje gøyare å sykle på tur i Oslo enn heime i Kristiansand!)
The four-year-old picked the fabrics, and asked me to make her a dress. When I designed it, I was aware that it was going to be a sporty dress, but it was when she got on the bike after the photo shoot, that I realized that it was the perfect bicycle dress!. In fact, it looks like a tennis dress, and they got some of the same features; a top extended down to a tiny, but wide skirt. When she rides the bycycle, the skirt falls neatly like a curtain around the seat and stops just above the rear fender. Unfortunately, I didn’t get a photo of her riding, but I enjoyed the sight of the dress from behind at our bycycle ride to the norwegian royal palace yesterday.
Kjolen er såpass kort at den skal brukast saman med “sykkelbukse”/lårkort tights. Desse er sydd etter tut’en for guttetughts, men i staden for å leggje til bevegelsesvidde, har eg trukke frå 4 cm frå hoftevidda og livvidda, og fire cm frå lår-vidda. Men eg må ha gjort nokre feilmålingar (skummelt å måle medan barnet halvvegs ligg i sofaen…), for lårvidda på buksa blei i praksis lik lårvidda på barnet. Lengda er liv-kne minus 5 cm. Det blei kortare enn eg trudde, men dette kan også ha å gjere med at buksa drar seg opp meir enn den ville gjort om beina var trongare?
The dress is so short that it’s supposed to be used with thigh short tights.
About the dress construction (for those interested):
Block used: “Tee shirt block close fitting” pg. 48 in Winifred Aldrich’s “Metric pattern cutting for children’s wear and baby wear”. I found this block in several sizes in my archive. It is originally constructed with chest measure minus 1,5 cm, but I chose one size up, so the dress is chest + 1 cm. I.e. she is size 110, but I used block size 116.
Modifications: I extended the block down to hip level size 110. At hip level I widened the pattern corresponding to hip measure + 6 cm, rounded off to nearest whole cm above. The skirt is something like a quarter circle in front and a quarter circle at the back. It’s 14 cm long from hip to hem line. The neckline is lowered about a cm before drawing the upper front pieces.
Cap sleeves: The the figure illustrates how I made the cap sleeve patterns. the black pattern is the original, the dark red pattern is on a paper sheet on top. I eyeballed the rotation around the top of the sleeve, the measure “x “ turned out to be 2,5 mm (i.e. the cap of the cap sleeve is at total of 5 mm narrower than the original cap).
Sewing the cap sleeve: I cut the front pieces and back piece with seam allowance 1 cm all around the armhole. After stitching shoulder seams, stitching the front pieces together and finished the edging at the sleeve bottom, I stitched the sleeves to the bodice*. Then pressing the free seam allowances to the wrong side and stitching a coverstitch seam all the way along the bodice.
*NB: The overlocker can eat much of the seam allowances that you need to make a “arm hole hem”, so make sure you set the seam allowance on the overlocker to max. Or, like I did this time, start and end the sleeve seam with zigzag on the sewing machine and use the overlocker in between. (Of course, zigzaging all the way is also possible…)
Stoff/fabrics: Jersey (cotton) frå tidlegare Cetho Designs, hugsar ikkje kvar dei einsfarga kjem frå (samme leverandør?) Apene/monkeys er designa av Johanna Ahlard. Knapp/button: Textart.no
02.06.2012
Posebukse og poseshorts
Fleire plagg som står i blogge-kø: Eg sydde eit par posebukser i str. 4 år for ei vekes tid sidan, og når varmen kom for fullt, tenkte eg at eg skulle prøve å lage ein shorts frå samme mønsteret. Og slik blei den sjåande ut:
Som ein vri, sydde eg inn to legg i kvar side med eit anna stoff, og pynta med hjarte-KAM-knappar. Nedst laga eg løpegang med maljer der snora kjem ut. Og så fekk eg det for meg at snora i løpegangen skulle utgjerast av strikk i store delar av løpegangen. Truleg ikkje noko poeng sidan buksebeinet er så vidt likevel. Men i allefall, det blei nå strikk inni. Eg konsentrerte meg så mykje om dette at eg sydde feil fleire gonger, spretta opp og sydde, spretta og sydde, og på eit tidspunkt hadde eg lyst til å kaste heile greia i søpla! Men eg er glad for at eg ikkje gjorde det, for det blei bra til slutt. Då eg hadde sydd i bandet nesten ferdig i på eine sida, oppdaga eg at det ikkje var nok til båe sider, derfor ulike band. Ikkje snakk om at eg gadd å sprette opp at endå ein gong!!
Og her er ei av posebuksene som blei sydd ein dag eller to i forvegen, (den andre, ikkje fotografert, er ganske lik, men i samme stoff som shortsen):
Mønster: Eige
Stoff: Stripete babycord frå lokal quiltebutikk, rosa hjartestoff kjøpt i ein tysk nettbutikk som selte ut restar. Kvit ribb frå Rainbow tekstil. Hjarteknappar frå butikk på Etsy, Lykkedragen.no har også. Band frå Stoff og Stil. Kvit og grå babycord frå Stofstedet.dk. Stripete ribb frå Stof2000.
15.02.2012
Heia Sverige!
I Sverige designast det masse tøffe stoff! Fyrst og fremst er det designaren Johanna Ahlard som står for dette. I går var mine to eldste barn på fem og tre år i bursdag til ein liten gut, og med seg hadde dei eit sommarsett. Dét at guten sin pappa er svensk, gjorde det ekstra gøy å brukse svenske stoff (sjølv om eg har ein mistanke om at det stripete stoffet i shortsen eigentleg er finsk…)!
Om mønster/design: For å binde saman shortsen og t-skjorta, tok eg med ei dobbeltbretta stripe jersey i kantebandsapparatet nedst på shortsen, med sjø-stoffet frå t-skjorta (ikkje noko snor inni). Det blei fint, synest eg. Brun kant nedst på t-skjorta var eigentleg ikkje planlagt, men då eg byrja å sy, oppdaga eg at eg hadde klipt oppleggskant på framsida, men ikkje på baksida. Derfor kanting med kantebandsapparat i staden for. Eg brukar som hovudregel ikkje ribb nedst, fordi det så godt som alltid snurpar seg (Kan jo bli ein fin effekt om ein vil ha det). Interlock går likevel greitt utan nemneverdig snurping i mitt uoriginale type A-apparat. Eg hadde ikkje brun bomullsinterlock, så eg har brukt rutete bambus-interlock med vranga ut, der er rutene mindre synlege.
Om nitals-opning-designet: I haust fekk eg forresten registrert designet på “nitals-opning” ved det norske Patentstyret. Det var stas, sidan eg er amatør, og ikkje har noko erfaring med slikt frå før. Tusen takk til dei på Sykroken.net som oppfordra meg til å søkje! I praksis tyder registreringa at retten er min til å bruke dette designet i kommersiell samanheng. For meg er det greitt at hobbysyarar brukar designet til sal i liten skala (på Epla, blogg el.l). Ver i såfall vennleg å referere til min blogg. (Tutorial på mønster-teikning i tutorial-menyen.)
Stoff:
-Jersey med sjømotiv: Znokdesign.se (J. Ahlard)
-Jersey med bylgjer og stjerner: JNYdesign.se
-Ribbkantar: Turkis ribb frå Danmark ein stad, brun ribb frå Stoff og Stil. Brun bambus-interlock til kant frå Myllymuksut.
-Gul/turkis-stripete frotte, frå Myllymuksut.com?
01.07.2011
Frå guttebukse til jenteshorts
Storebrors dongeribukse med grasgrønne stikningar, og nå med hòl på knea, har fått kortare bein, pynteband og pynteknappar. Kva blir det?Shorts til veslesyster!
Pynt:
-Tre knappar frå ein knappemix eg kjøpte på www.panduro.no
-Vevd band med mus på sopp frå www.farbenmix.de
-Lilla, hekla bomullsblonde frå www.stoffogstil.no
30.06.2011
Frå bukse til shorts
Det er fint med nokre enkle prosjekt innimellom. Som å klippe av beina på ei bukse med opprevna kne og sy shorts av den. Nedst på shortsbeina har eg kanta med samme typen ribb som er i livet, blir litt meir spennande enn å berre brette kanten opp og sy. Eg kunne nok sett opp diff’en på overlocken nokre hakk også, så hadde ikkje kantane blitt bylgjete (stretch-cord). Buksa ligg kanskje på bloggen frå før, i allefall er det “jersey-applikasjon” på venstre lomme, ein veldig enkel måte å pynte på (sjå tutorial-meny).
27.06.2011
2009/-10: Klipp og lim i mønster, barneklede
Denne buksa er sydd med biseband rundt hofta.
Ribb-kantane på desse er sydd manuelt, utan coverstitch-maskin/kantebandsapparat. Sjå eigen tutorial i margen til høgre.
Desse kjolane ser svarte ut, men er eigentleg mørkelilla. På kjolen til høgre er mønsteret klipt opp før stoffklipping.
Skråbandskanta applikasjon; Sy skråband rundt lappen fyrst, sy den deretter på stoffet.
Sirkellinjal: Ringane er sydd med sikksakk med sirkellinjal. Den vekslande fargen skuldrast multifarga tråd.
Ribbkant nedst på kjolar og tunikaer går ikkje alltid så bra, fordi kanten lett rullar seg oppover når stoffet blir snurpa saman.
T-skjorta har knepping i skuldra (sjå eigen tutorial i margen til høgre).
“Augene” i blomen er KAM-knappar. Elles testa eg ut å kante applikasjonen med mouliné-garn. Eit risikoprosjekt, eigentleg, sidan sikksakken blei så smal at den kan ha vanskeleg for å få med seg stoffet den skal feste. Derfor også rettsaumen litt innanfor. Men det har igrunn gått greitt etter mange månaders bruk og vask. Garnet er sydd på med spesialfot som fører det tynne garnet.
2009; Sy Sejt børnetøj
Ribb-applikasjon à la Annwes
Gjenbruk av fars gamle stretch-dongeri-bukse
Fleecedress: Kroppen på denne pusekatten er vertikaltdelt, og blei sydd på (applikert på) på kvar rygghalvdel før montering. Intensjonen var todelt: Morosam dekor, og ekstra isolasjon i rumpa.
Bukse i breistripa, brun cord: Lommeopningar med ribb-applikasjon à la Annwes. Kaninene er sydd med dongeritråd frå Stoff og Stil; eg teikna kanina på matpapir (tynnare mønstervlies, riveinnlegg o.l. kan også brukast), nåla papiret på stoffet og sydde langs strekane med rettsaum. (Reiv av papiret etterpå.) NB: Ein treng broderinål med stort auge når ein syr med såpass tykk tråd.