Viser innlegg med etiketten Redesign. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Redesign. Vis alle innlegg

02.03.2012

Frå far til son

Mannen min har dumpa nokre av sine dongeribukser i stofflageret mitt; bukser som er slitt hol i i seteområdet, men som elles er brukande. Nå har ei av buksene blitt bukse til femåringen! Lynet McQueen-merket er også frå ei utslitt bukse, men den var ikkje pappa’n sin ;-)

DSC_0799

DSC_0797

Ribben i livet er frå Stoff og Stil. 3,5 cm breitt strikk inni.

01.07.2011

Frå guttebukse til jenteshorts

Arving av tøy treng ikkje vere kjedeleg, om ein fiksar litt på plagget, kan det få ein heilt ny stil!
IMG_9891kompr
Storebrors dongeribukse med grasgrønne stikningar, og nå med hòl på knea, har fått kortare bein, pynteband og pynteknappar. Kva blir det?Shorts til veslesyster!
IMG_9885K
IMG_9893K
IMG_9896K
Pynt:
-Tre knappar frå ein knappemix eg kjøpte på www.panduro.no
-Vevd band med mus på sopp frå www.farbenmix.de
-Lilla, hekla bomullsblonde frå www.stoffogstil.no

30.06.2011

Frå bukse til shorts

IMG_9624

Det er fint med nokre enkle prosjekt innimellom. Som å klippe av beina på ei bukse med opprevna kne og sy shorts av den. Nedst på shortsbeina har eg kanta med samme typen ribb som er i livet, blir litt meir spennande enn å berre brette kanten opp og sy. Eg kunne nok sett opp diff’en på overlocken nokre hakk også, så hadde ikkje kantane blitt bylgjete (stretch-cord). Buksa ligg kanskje på bloggen frå før, i allefall er det “jersey-applikasjon” på venstre lomme, ein veldig enkel måte å pynte på (sjå tutorial-meny).

Redesigna ullkjole

Ein høghalsa genser krympar i vask og eigaren legg på seg. Tid for gjenbruk! Grunna nuppar på retta, valte eg å bruke vranga ut i det nye plagget. Den høge halsen blei klipt av horisontalt, tja, ca midt på. Den nedre delen ble rulla ned og festa for hand, den øvre delen delt i to horisontalt og sydd på ermeopningane. Hjartet på brystet er eit stryk-på-merke.

IMG_90501

IMG_9028

IMG_9032
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...