Viser innlegg med etiketten Pynt med skråband. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pynt med skråband. Vis alle innlegg

24.10.2011

Bondebluse i glade fargar

Denne blusa blei laga til bruk for ein selekjole (sjå bilete lenger nede) før helgas kombinerte dåps- og treårsdag-feiring. Eg synest stoffet er morosamt (løgleg ;-), men min mann, som eg er takksam for å kunne konsultere om syprosjekta mine, sa “hippie-bluse; passar ikkje til kjolen!” Så då gjekk  eg og kjøpte ei kvit bluse til kjolen…
Her er “hippie-blusa”:
 DSC_0426
DSC_0418
DSC_0423
Og her er kjolen som til slutt fekk kvit bluse (denne kjolen er sydd for ei god stund sidan…)
DSC_0657
DSC_0659
Kjolen er pynta med fiskestoff; ein rund lapp framme og ein rektangulær lapp bak. Båe lappane er kanta med skråband (det turkise laga sjølv med skråbandsbrettar) før dei er sydd på stoffet.
Mønster, bluse: Sjølv-teikna
Materiale, bluse: Trykt bomull frå IKEA (ferdigklipte lengder i barne-sengetøy-avdelinga)
Mønster, selekjole: Utgangspunktet var eit Ottobremønster som eg endra ein god del på i skjørtet, for deretter å pynte kjolen etter eigen stil
Materiale, selekjole: Mørkelilla stretch-fløyel kjøpt hjå Midha Enterprise, Oslo. Skråband frå Stoff og Stil. Trykt bomull med fiskemotiv frå ein lokal butikk. Pingvin-knappar frå ein nå nedlagt butikk.

09.07.2011

Sommarkjole for ei lita frøken!

IMG_0012
For ei lita stund sidan fekk eg lyst til å lage ein kjole av kombinasjonen av desse to stoffa; guloransje fløyel og ein rest av blomstrete viscosejersey. Men eg heldt på å leggje idéen frå meg, før eg kikka innom denne utfordringsbloggen for saum, og fann ut at kjolen ville passe rett inn! Og med inkludering av utfordringas kriterier blei kjolen til:
-Blanding av fast og strechy stoff
-Sommarleg
-Ha med “det lille ekstra” i form av pynteband, sløyfe, blonde etc.
IMG_0017
På brystet har kjolen fått ein "ribb-applikasjon", og i sentrum av denne  bomullsmellomverk (maskinhekla blonde). Vertikalt over går ein liten oransje bit skråband som omfamnast av ein bit vevd pynteband. Stikningen langs berestykket på kjolen innlemmer eit stykke guloransje moulinégarn i saumen (under).
IMG_0021
IMG_0016
IMG_0009
Tusen takk for utfordringa, June!

Om konstruksjonen av kjolen:
Livet: Sjølve kjoledesignet er bygd på eit klassisk selekjole-design. Eg har tidlegare teikna eit grunnmønster  for diverse “overkroppsplagg” med hjelp av boka til Winifred Aldrich, og då er det relativt enkelt å teikne selekjole-liv. Det som ikkje er like lett, er å vite kor stor rørslevidde ein skal ha (kor mange cm ekstra i vidda i høve til barnet si brystvidde). 58 cm til jenta over som er 55 rundt brystet var i trongaste laget. Og kjolen skal jo også forbi baken ved på- og avkledning, det gjekk såvidt.  Livet er fôra med tynt bomullsstoff.
Skjørtemønsteret laga eg i utgangspunktet ved å teikne av det opprinnelege, firkanta mønsteret frå grunnmønsteret, forlenga til ønska lengd litt under knea. Så klipte eg dette opp i strimlar og la utover bordet slik at eg fann passeleg breidde og form på enkeltdelande. Eg bomma litt likevel, med tal på panel, men etter litt triksing gjekk det bra til slutt…
Å sy saman fast stoff og viscosejersey var ei utfordring, fordi viscosejerseyen drog seg medan det faste stoffet ikkje strekte seg. Det næraste eg kom nokon løysing, var å ha viscosejerseyen nedst mot transportørane på overlocken, og å stille diff’en litt opp. Diff’en blei stadig justert opp og ned. (Jo høgare diff, jo meir blir jerseyen trekt saman).
Ribb-applikasjonen: Tidlegare har eg berre laga slike applikasjonar med sirkulær form, denne gongen forsåvidt to halvsirklar i kvar ende, men det viste seg at kurvene bli for krappe til å få sydd det jevnt. Så neste gong: Større kurver.
Moulinégarns-stikninga: Eg har ein eigen syfot med eit smalt spor under, som passar akkurat til moulinégarn. Garnet blei sydd på med smal sikksakk. Det kan sikkert fungere utan ein slik fot også, til dømes med ein open applikasjonsfot, så ein har kontroll på garnet.

Stoff og tilbehør:
-Guloransje fløyel frå Textart
-Blomstrete viscosejersey frå… (har gløymt det)
-Rosa fôrstoff frå Midha Enterprise, stoffbutikk rett ved Oslo Spectrum
-Djup raud ribb frå www.stoffogstil.no
-Mellomverk frå Corona Fargerike
-Vevd pynteband frå www.Farbenmix.de / www.Leanne.no
-Skråband frå Stoff og Stil
-Moulinégarn frå Panduro
-Knappar frå KAM (til dømes hjå www.Lykkedragen.no)

30.06.2011

Ny kjole

IMG_97741
Gravid. Trøytt. Mykje tid til å tenkje, lite ork til å sy. Men mønsterteikning (og nå også blogging) går nokså bra, og for oppunder ein månads tid sidan såg denne kjolen dagens ljos. Målet var å lage ein kjolemodell som var sommarleg, men likevel dekkjer skuldrene for sola, og samtidig så enkel å sy at ein ikkje ein gong treng glidelås.
Bak er det faldar, og inni den eine falden er det skjult ein splitt øvst, og denne er lukka med trykknappar. Men KAM-knappar av plast i ein farge som matchar stoffet blir knappane veldig diskrete. Kjolen er kanta med skråband både oppe og nede og på armane, ein annan ting som gjer den rask å sy. Denne kjolen er sydd av eit litt kraftig bomullsstoff (eigentleg ein duk), og kan derfor klare seg utan belegg, vrangsying o.s.v.
IMG_97761
Det var opprinneleg meininga å ha fire knappar på brystet, to på kvar fald øvst.  Men då kjolen var nesten ferdig, såg den både japansk og litt 60-tals ut, så eg sydde på to kvite striper på tvers for å forsterke den japanske look’en, og eit par store, kvite knappar eg hadde liggande, eg får litt 60-tals-feeling av dei. Dei kvite stripene er heilt enkelt kvitt skråband bretta på langs før påsying.
IMG_97811

Design by Annwes mindre storleik hjørne

Stripete bukse med biseband

IMG_9838
Denne buksa i str. 5 år er pynta med ferdiglaga biseband frå Stoff og Stil) Lommer framme og bak, og lappar på knea er kanta med biseband før dei er sydd på. Dei oransje stripene er skråband som eg har bretta på langs før eg la det halvvegs under knelappane før påsying. Det blei ein stilig detalj, synest eg.
Knelappane kom ein smule langt ned, dette var fordi buksebeina var veldig lange før eg la dei opp, og eg gløymte å take omsyn til dette. Dette stoffet er likt på retta og vranga, derfor har eg lagt opp buksebeina med vranga ut, med biseband i enden av opprinneleg buksebein.
IMG_9839
Baklommer: Desse er laga etter litt liknande prinsipp som  opplegg av buksebeina: Eg sydde horisontalt biseband fyrst, deretter bretta ned rette mot rette, sydde bisebandet fast med ein liten bit oransje skråband i saumen. Deretter kanta eg heile lomma og sydde den på til slutt.
IMG_9842
Ei lita hempe som gutungen kan henge sjølvmåla nøkkelringar i Smilefjes
IMG_9844
Og til slutt: Eg laga fyrst juksesmekk. Eg hadde med vilje teikna mønsteret litt smalt for at det ikkje skulle bli posete i livet, men det blei smalaste laget. Derfor la eg inn smekk, men det hjelpte igrunnen lite, fordi guten på snart 4 1/2 klarer ikkje handtere knappane, og synest det er betre å heller lirke buksa forbi rumpa med knappane att.
IMG_9871
Grunnmønsteret til buksa er teikna med hjelp frå Aldrich si bok “Metric Pattern Cutting for Children's Wear and Babywear: From Birth to 14 Years”

27.06.2011

2009/-10: Klipp og lim i mønster, barneklede

August 049
Denne buksa er sydd med biseband rundt hofta.
Januar 2010 109
Ribb-kantane på desse er sydd manuelt, utan coverstitch-maskin/kantebandsapparat. Sjå eigen tutorial i margen til høgre.

Januar 2010 132
Desse kjolane ser svarte ut, men er eigentleg mørkelilla. På kjolen til høgre er mønsteret klipt opp før stoffklipping.
Januar 2010 139
Skråbandskanta applikasjon; Sy skråband rundt lappen fyrst, sy den deretter på stoffet.
IMG_7345
IMG_7634
Sirkellinjal: Ringane er sydd med sikksakk med sirkellinjal. Den vekslande fargen skuldrast multifarga tråd.P5220286
Ribbkant nedst på kjolar og tunikaer går ikkje alltid så bra, fordi kanten lett rullar seg oppover når stoffet blir snurpa saman.IMG_7607
IMG_7764
IMG_7946
T-skjorta har knepping i skuldra (sjå eigen tutorial i margen til høgre).

IMG_8391
IMG_7924
IMG_8495
IMG_8487
IMG_8488
“Augene” i blomen er KAM-knappar. Elles testa eg ut å kante applikasjonen med mouliné-garn. Eit risikoprosjekt, eigentleg, sidan sikksakken blei så smal at den kan ha vanskeleg for å få med seg stoffet den skal feste. Derfor også rettsaumen litt innanfor. Men det har igrunn gått greitt etter mange månaders bruk og vask. Garnet er sydd på med spesialfot som fører det tynne garnet.

2009/-10: Stoff og Stil-mønster

Stoff og Stil sine mønster med har eg ikkje brukt så veldig mykje. Dels fordi eg ikkje har funne modellar som har passa, dels fordi dei berre kjem i éin storleik pr. mønster. Men ikkje minst fordi mønstera har inkludert saummonn utan at den er teikna på mønsteret, og det er vanskeleg og uoversiktleg å gjere endringar.
Oktober 028
Oktober 030
Ribb-applikasjon à la Annwes
Oktober 035
Denne kjolen er sydd etter samme mønster som øvste kjolen, men ein god del endra. Faldane framme er tekne bort, og front-mønsteret er klipt opp for å kombinere to stoff. Under: Pyntelapp kanta med skråband.
Oktober 038
IMG_7331
Dette mønsteret er mykje klipt opp før stoffklipping. Den lilla kanten er ribb-kant, av skråbandsaktig type. I den øvre saumen i ermet er det biseband, sydd med anorakksnor inni.
IMG_7327
Biletet under: Jakka bak. Mønsteret på dei beige områda er sydd på måfå med rettaum med raud dongeritråd frå Stoff og Stil. Hugs broderinål med stort nålauge om du syr med så tykk tråd.
IMG_7328
Januar 2010 174
Januar 2010 175
Her har eg også sydd med dongeritråd, men fyrst nåla på eit papir ( i dette tilfellet eit matpapir) med teikning på som syguide.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...