Viser innlegg med etiketten Damebukser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Damebukser. Vis alle innlegg

02.02.2014

Vinter-tights

Kva med å sy bukse/tights av den mjuke, stretchy isolien til Textart? Dette måtte eg prøve, og nå er den ferdig: Passar godt og sit inntil slik ein tights gjerne skal gjere, er utruleg god å gå med grunna stretchen, og er overraskande varm!

Stoffet var ikkje kjøpt inn til tights, så eg hadde ikkje nok til heile beinlengda. Men pytt, berre å skøyte på litt, det ;-) Mønsterutgangspunkt er ein mønster på ein heilt enkel bomulltights som eg har laga sidesaum på og lag til litt her og trukke frå litt der. Putta på baklommer, eg har skjøna at det er ein grunn til at “alle” bukser har lommer bak; det verkar rumpe-forminskande :-) (Ikkje akkurat lett å sjå lommene her, då… Kanskje ved å klikke på bileta så dei blir større.)

I have tested stretchy cotton isoli for tights, and it worked surprisingly well! Very comfy, and actually quite warm! So these will be tights for the winter, too hot for summer… Spring I’m not sure.

05.05.2012

Så har eg også fått meg velourbukse

Eg blei så fornøgd med den fyrste trippelfarga buksa at eg hadde lyst til å sy ei til meg sjølv også. Og etter å ha brukt babyens søvnøkter på dag og kveld i eit par dagar har det blitt bukse på meg!

DSC_0958k

Om mønster-konstruksjonen: Eg teikna mønsteret utifrå “The very close fitting trouser/jeans block” i dameboka til Winifred Aldrich. Om nokon har boka “Syboka” av Mari Melilot, er samme “oppskrifta” også å finne der (på norsk), så vidt eg kunne sjå då eg kikka i sistnemnte bok på biblioteket dagen etter å ha teikna mønster. Denne grunnforma har samme eller nokonlunde samme mål på buksa som på kroppen rundt liv/rumpe, og er berekna for stoff med litt stretch, så eg tenkte det var ei passande form. Men velour hadde litt for mykje stretch, eller så har eg teikna feil, for buksa blei i fyrste omgang veldig vid. Og for høg i livet framme også. Etter store justeringar både her og der, blei buksa meir slik eg hadde sett for meg. Om det er andre som har brukt denne grunnforma, så fortél gjerne korleis den fungerte for dykk!

Om designet: Buksa jentungen har på seg var eigentleg feilberekna, for eg hadde tenkt at den raude stripa skulle vere ved kneet, slik den er på vaksenbuksa. Men etter å ha sett desse bileta, lurar eg på om neste bukse skal bli slik barnebuksa er! Buksa mi er dessutan litt for kort, ser eg av desse bileta (foto er ein grei måte å evaluere plagg, ser eg :-) Då eg fekk idéen til desse buksene, såg eg for meg sleng nedst, som på ei 70-talsbukse. Men etter å ha prøvd det ut nå under laginga av denne vaksenbuksa, så blei det liksom ikkje heilt bra, for stoffet er for mjukt til at det står utover slik eg tenkte det skulle.  Så eg snurpa i staden for.

DSC_0982k

I livet er det samme type linning som eg har sydd på  flesteparten av barnebukser mine, ribb med innlagt strikk. (På barnebuksa her er det berre ribb, men breiare). Eg blir litt hjelpelaus av å gå med bukser utan lommer, så lommer blei det her også, men det blei litt klumpete.

Velourstripa over kneet er forresten sydd med stretchen vertikalt i staden for horisontalt, for å fylgje knebøyen. Teoretisk sett veldig lurt (tenkte eg, i allefall, hehe), i praksis veit eg ikkje om det har så mykje å seie…

Alt i alt –eg trur eg kjem til å bli veldig glad i denne buksa Smilefjes

Stoff: Velour og ribb frå Stoff og Stil, med unntak av det nederste raude, som er frå Textart (skikkeleg flott raudfarge!)

27.06.2011

2009/-10: Sjølvlaga mønster eller ingen mønster

IMG_7704
Denne er teikna etter inspirasjon frå eigen bunad.
IMG_7759komprimert
Her er min fyrste, eigenkonstruerte kjole:
Mars 172
Denne kom litt seinare, men er ikkje så veldig original i designet…:
August 056
Januar 2010 096
IMG_7766
Det nedre, grønne forstykket ligg utanpå “jungelstoffet” slik at det dannast ei lomme. Lomma er kanta med ribb.
IMG_85171
IMG_8548
Hausten 2010 sydde eg 115 luer for utdeling til barna som vankar i Vågsbygd kyrkje. “T” for “tøff” og for “supertorsdag”.

August 043
Ei av mine yndlingsbukser! Mønsteret kan ikkje kallast heilt sjølvlaga, for eg fekk god hjelp av ei bukse eg hadde frå før.
August 046
Ribb-applikasjon à la Annwes
IMG_7322IMG_7324
Bukse etter nokonlunde samme grunnform, men med nokre eksperimentelle applikasjonar som blei litt tøffe og nøkså sære på samme tid… Det er brukt mouliné-garn og spesialfot på “strek-teikninga”. Biseband på baklommene (sjølvlaga med anorakksnor inni).
Tredje plagg ut i lilla cord/stretch-fløyel:
IMG_7277
IMG_7283
Også her fekk eg god hjelp av eit plagg eg hadde frå før i klesskåpet. Blomen er laga ved at ei tykk anorakksnor er sydd rundt applikasjonen. Ein må ha eigen fot for å få til dette, sidan snora er såpass tykk.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...