Viser innlegg med etiketten Babytunika/-kjole. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Babytunika/-kjole. Vis alle innlegg

07.07.2012

Frå sokkegarn til tunika

Nå har eg akkurat kome heim frå ein vekes-lang tur til eit feriehus utan nett-tilgang! I staden for sying og blogging, har det vore koselege stunder saman med familie og venner. I ledige stunder har det likevel blitt litt skriving om det eg ikkje rakk å blogge om før vi reiste, så nå er det berre å publisere det. Og så har eg fått øve meg bittelitt i Photoshop Elements 10!

For litt sidan blei eg ferdig med denne tunikaen. Eg såg eit nøste “Regia” sokkegarn i ein garnbutikk, og forelska meg heilt i fargane. Dei hadde berre eitt nøste á 100g att (ull + litt syntetisk), og det kjøpte eg, utan å vite kva eg skulle med det. Og bestemte meg etterkvart for at det skulle bli ein tunika, som ein slags “body warmer”.

DSC_0497k copy

DSC_0497b

DSC_0497beskj

Tunika hekla av Regia-garn

Om mønsteret: Eg teikna eit enkelt kjolemønster som om eg skulle sydd tunikaen av stoff, og tok utgangspunkt i dette for å få dimensjonane på plagget. Resten blei til medan eg hekla. Eg starta nederst og hekla meg oppover ring for ring. Nederst er ringane hekla av enten fastmasker, stavar eller dobbeltstavar. Der det er snurpa inn, byrja eg å hekle annankvar stav og luftmaske, for eg var redd det ville bli for lite garn om eg hekla tettare masker. Men maske-talet er det samme i overgangen, det er berre det at maskene blir strammare når ein heklar annankvar stav og luftmaske. Eg blei ikkje klar over kor smalt det blei før eg hadde hekla eit godt stykke på veg, og eg bestemte meg for å fullføre i staden for å rekkje opp att masse. Til slutt blei plagget ein ettersitjande tunika i str. eitt år –eller ein kjole i str. halvt år. Toppen av kjolen er forresten hekla av berre fastmasker.

Fotoredigering: Eg lærte ein fin måte å klippe ut plagget frå bakgrunnen på; Quick selection tool! Eg har berre prøvd på dette biletet ennå, så eg veit ikkje kor godt det fungerer når bakgrunnen er brokete. Men når plagget er fotografert mot einsfarga bakgrunn, gjekk det veldig greitt: Klikke og dra musa over biletet for å merke det ein vil ha med. Halde Alt-knappen nede medan ein klikkar og drar for å take bort det ein ikkje vil ha med. Før eg sette i gang, trykte eg på “Auto-Enhance”. Ikkje veit eg kva det vil seie i praksis, men boka* mi sa at det var lurt, så då gjorde eg det, hehe.

*Boka eg har kjøpt og blar litt i innimellom heiter “The Photoshop Elements 10 book for digital photographers” av Scott Kelby og Matt Kloskowski.

22.01.2012

Babykjole: Eg er så fornøgd!

DSC_0494komprimertbeskjart

Eg har funne ut at eg må sy litt klede til minstejenta, ho brukar str. 68 nå og vi har ikkje særleg med klede i str. 74. Eg klipte fyrst nokre bodyar, men sylysten lot vente på seg. Men så fann eg på at eg skulle sy ein ballongkjole med litt retropreg, etter å ha kjøpt dette prikkete stoffet på salg hjå Stoff og Stil. Og eg blei så glad av å få ferdig denne kjolen at nå har eg lyst til å sy meir! Jippi!

DSC_0502komprimert

Bisebandsfot var noko av det fyrste eg kjøpte til maskina mi, og brukte den ein del i starten. Men så har eg gløymt det bort litt, men fekk inspirasjon til å take den fram att etter å ha sett bloggen til http://groovybabyandmama.blogspot.com/. Ho er veldig god til å bruke biseband til å lage stilige effektar.  I kjolen her er dei raude stripene biseband. Sydd i babycord med skolisse frå Ica supermarked inni.

Då eg teikna mønsteret tenkte eg at eg skulle ha rynking langs heile skjørtet i livet, men etter å ha sydd dette, angra eg og tok det opp att. Det øydela liksom retro-stilen, syntest eg. Eg testa med større faldar, men då blei det kluss med stoff-fordelinga  for ballongeffekten nedst. Så eg endte opp med å samle”stoffoverskotet” i to buntar med små, små faldar. Godt fornøgd.DSC_0504

Likevel blei det ikkje liknande faldar på baksida, for då var tolmodet mitt slutt, hehe. Så her rynka eg det like mykje overalt:

DSC_0508

Som fôr i livet på kjolen er det babycord, medan det er jersey som fôr i skjørtet. Enkelt og greitt; ballongeffekt blei laga ved å strekkje jerseyen då den blei sydd saman med babycorden.

DSC_0506

Mønster:
-Sjølvteikna. Denne gongen hadde eg teikna ulike grunnformer frå Aldrich-boka “oppå kvarandre” på samme papir for å få ein feeling med dei ulike grunnformene, i staden for å velge éi grunnform. Og i staden for å bruke måla frå Aldrich, som brukar andre storleiksintervall enn vi er vant til (56, 64, 72, 80), brukte eg mål på str. 74 frå boka “Søm” av Rimor Haugsand (denne boka viser ikkje konstruksjon av barneklede, men inneheld ein svensk måltabell for barnestorleikar).

Stoff:
-Babycord frå Stoff og Stil. Brun jersey frå Cetho Design.

 

 

DESIGN BY ANNWES liten versjon

03.11.2011

Tunika og bukser til nyfødte

DSC_0825kvit

DSC_0822kvit

Meir nyfødt-tøy! Tunikaen over er i str. 56/62, buksene under er av ein posete variant i str. 56, og buksene nedst i ein smal variant str. 50/56.

DSC_0827

DSC_0831

Mønster: Teikna med hjelp frå Aldrich si bok. Begge buksemodellane er testa ut på eiga dotter, og dei har fungert veldig greitt.

Stoff:
Tunika: Sky-velour frå Citrone. Stripete velour frå Danmark (Stof og Stuff, tru?) Ribb frå Stoff og Stil.
Posete bukser: Jersey frå Citrone og Cetho, ribb frå Stoff og Stil.
Smale bukser: Jersey og ribb frå Stoff og Stil.

17.07.2011

Endå ein tunika til babyen

IMG_0295

IMG_0296

Denne tunikaen er i stor grad lik forrige tunika, men eg testar ut ulike halsopningar. Og denne er eg veldig usikker på om er vellykka eller mislykka. Saka er at venstre skulder-“stropp” roterer lett i knappen, og det blir sjåande slik ut:IMG_0298

Så får vi sjå om den gjer det også når plagget kjem på.

Under: Buksa eg sydde her om dagen, som tunikaen er meint å matche (og eg trur kanskje også at dei to stoffa er designa til å matche kvarandre).

IMG_0299

Stoff og tilbehør:

-Blomstrete stretch-isoli frå Hilco/www.mineti.de
-Kanta med ribb frå Stoff og Stil
-Hjarteknapp frå KAM/fabricbuttonsupplies på Etsy
-Buksa er sydd i stripete jersey frå samme stad som isoli
-Ribb frå Stoff og Stil

Turkis til snart nyfødt jente

IMG_0281

Om eit par veker, om ikkje før,  får vi ein jentebaby i familien, og ho vil trenge tøy. Her om dagen sydde eg nokre enkle bukser i str. 56, og i dag fekk den eine buksa ein matchande tunika i str. 56/62:

IMG_0279

Om mønsteret:

Mønsteret er sjølvteikna etter grunnmønster for overdel, teikna ved hjelp av boka til Winifred Aldrich. På biletet kan ein skimte to horisontale linjer i plagget; den eine er fortsetjinga kanten på sky-stoffet, og litt lenger ned kan anast ein kant i armhole-nivå. For å halde på plass skystoffet, har eg nemleg sydd på/fôra med ein veldig tynn jersey nedanfor skystoffet. Dette fôret går heilt ned og er sydd saman med det turkise stoffet i kanten nedst. Så får vi teste ut korleis dette funkar når tunikaen blir tatt i bruk.

Om kantinga:

Tunikaen er kanta med ein tynn, mjuk bomullsjersey med mykje stretch, eit stoff som passar dårleg til kantebandsapparat. Derfor kanta eg manuelt, kantane sydd før montering av plagget:

1. Eg kutta remser 30 mm breie, som blei i smalaste laget (sjå bilete lenger nede), til kanten nedst auka eg derfor breidda til 32 mm.
2. Saummonnsbreidda på overlocken blei sett på max, 7 mm
3. Strimmel sydd på rette mot rette, med nesten ikkje noko drag
4. Strimmelen pressa vrange mot vrange
5. Til slutt sydde eg kantane frå rettsida med brei coverstitch-saum og fot med senterguide, overlock-saummonnen brukt som “bretteguide”

30 mm brei remse bli for smalt (armutringinga):IMG_0284

Medan 32 mm blei veldig bra (kanten nedst):IMG_0283

 

Og buksa: Også dette mønsteret er teikna ved hjelp av boka til Winifred Aldrich.IMG_0285

 

Stoff:
-Turkis isoli med ru bakside, ein rest kjøpt i Danmark ein stad
-Turkis stretch-frotté med skyer, Cetho Designs
-Blomstrete jersey, Stoff og Stil
-Kvit ribb frå Rainbow Tekstil (liknar Hilco sin, men fastare (og betre, synest eg)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...