Viser innlegg med etiketten Slitesterke kne. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Slitesterke kne. Vis alle innlegg

23.06.2012

Blått, del I: Gutebukse

 DSC_0429

Eg har sydd bukse. Med smekk og greier. Og sit med samme kjensla som då eg hadde sydd finbukse til guten for eit par-tre år sidan: “Ugh, aldri meir, dette var ikkje verdt slitet…”. Men finbuksa har vi faktisk hatt veldig mykje glede av, så kanskje eg endrar meining om denne buksa også? Og ei trøyst då den var ferdig, var at då eg fortalte i bilen frå barnehagen at eg hadde sydd bukse, var responsen: “Har den smekk?”

DSC_0428

Stikningane er sydd med Mara 70/kraftig sytråd, og nål for stikningar. Eg synest det er veldig fint med stikningar, og synest det er gøy å teikne strekteikningar med kraftig tråd i symaskina. Sidan poenget er at saumen skal vere godt synleg, vil også festing av tråden med “fram og tilbake-metoden” også synast, så derfor har eg festa trådane for hand i staden for. Tips til korleis ein kan gjere det på ein mindre tidkrevjande måte mottakast med takk!

Stikninger med Mara 70

Symaskina mi er framleis på reparasjon, så eg har brukt den kjempe-enkle Janome-maskina mi i tillegg til overlocken. Covermaskina blei ikkje brukt til denne buksa. Eg saknar Pfaffen, men eg kom i mål på eit vis med den enkle maskina også. Men glidelåsfot hadde eg ikkje (fann ikkje tilbehørsskrinet, som uansett ikkje er veldig velutstyrt), så eg såg på det som ei god unnskyldning for å ha knappegylf i staden for glidelås :-)

DSC_0435

Bukseknea er ein utsett stad på gutebuksene her i huset, så eg sette på eit par lappar velour, eg har veldig god erfaring med velour på slitasjeutsette stader. Angrar på at eg ikkje tok blå velour, men hòl skal det i allefall ikkje bli!

Velourlapper for å hindre hull på knærne

Mønsteret: Ein variant av Helen Joseph Armstrong sin “Slack foundation”.

Stoff og tilbehør: Twill frå Stoff og Stil. Turkis velour frå ??, Marthas frisør- og idéstue i Lyngdal, trur eg. Kvit Mara-tråd frå Willy. “Stick-nadel/embroidery Needle” str. 90 frå Stoff og Stil. Blå plastknappar frå KAM. Svart anorakk-knapp frå Prym. 3,5 cm breitt strikk frå Stoff og Stil.

27.06.2011

2009/-10: Optimistjollejakka m/bukse

Denne jakka synest eg fortener eit eige innlegg, sidan den blei så fargeglad og fin. Det er samme settet som det er bilete av til venstre i banneren.
IMG_85871
IMG_8584
Bylgjene er  sydd på som “jersey-applikasjon” (tutorial til høgre på bloggen). Liknande er også velourskyene, men desse er sydd på med sikksakk sidan velour flossar seg litt meir opp i kantane.
seilbåtjakke 005
seilbåtjakke 007
 Seglet på seilbåten er sydd separat og festa i enkelte punkt.  Fiskelappen er sydd på med dongeritråd for å få ein tydeleg saum.
seilbåtjakke 008
Dette var opprinneleg eit anorakkmønster som eg har gjort om til ei utskrådd jakke. Mønsteret er klipt opp både her og der før klipping av stoff…

IMG_8438
Buksa er pynta med KAM-knappar (NB: knappane held seg ikkje blanke lenge om dei blir ståande på ein stad med ikkje altfor mykje friksjon).
IMG_8498

2009/-10: Sy til barn

Neste bok ut som eg sydde av i starten, er Rikke Miscittelli si bok "Sy til barn". Denne boka inneheld også nokså enkle modellar, men med litt større grad av særpreg enn “Sy sejt børnetøj” i innlegget under. I denne boka er det gutebukse-mønsteret og kjolemønsteret eg har bruka mest, med ulike modifikasjonar.

Hovudendring på buksemønsteret: Du vil sjå at det er eigne stoffstykke på knea. Dette er for å snu stretchretninga til langsgåande i staden for tverrgåande (i den grønne buksa i stumt stoff er det lagt inn velour i knea. Formål: Hindre hol på knea når ein dett, sidan draget kjem i lengderetninga. Har det fungert? Eg trur dét!
IMG_8447
Denne og fleire bukser nedover her er pynta med “jersey-applikasjon”, ein veldig enkel måte å pynte eit plagg på.
IMG_8449
Buksa over er også pynta med ein KAM-plastknapp.
IMG_7414
Dette er ei “Klipp opp mønsteret-bukse” (Cordstripene ligg i ulike retningar på dei ulike lappane, men det synst ikkje så godt på bileta). Det er moro å klippe opp mønsteret før ein klipper i stoffet, berre sørg for at det er ein kopi av mønsteret du klipper i! Stikningane er sydd med naturkvit dongeritråd.
IMG_7416
IMG_8398
IMG_8504
IMG_7424
Oktober 003
Fotografering frå sida gjev fort tilsynelatande skeivt plagg…
Mai 234
Juli 2151
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...