23.06.2012

Blått, del I: Gutebukse

 DSC_0429

Eg har sydd bukse. Med smekk og greier. Og sit med samme kjensla som då eg hadde sydd finbukse til guten for eit par-tre år sidan: “Ugh, aldri meir, dette var ikkje verdt slitet…”. Men finbuksa har vi faktisk hatt veldig mykje glede av, så kanskje eg endrar meining om denne buksa også? Og ei trøyst då den var ferdig, var at då eg fortalte i bilen frå barnehagen at eg hadde sydd bukse, var responsen: “Har den smekk?”

DSC_0428

Stikningane er sydd med Mara 70/kraftig sytråd, og nål for stikningar. Eg synest det er veldig fint med stikningar, og synest det er gøy å teikne strekteikningar med kraftig tråd i symaskina. Sidan poenget er at saumen skal vere godt synleg, vil også festing av tråden med “fram og tilbake-metoden” også synast, så derfor har eg festa trådane for hand i staden for. Tips til korleis ein kan gjere det på ein mindre tidkrevjande måte mottakast med takk!

Stikninger med Mara 70

Symaskina mi er framleis på reparasjon, så eg har brukt den kjempe-enkle Janome-maskina mi i tillegg til overlocken. Covermaskina blei ikkje brukt til denne buksa. Eg saknar Pfaffen, men eg kom i mål på eit vis med den enkle maskina også. Men glidelåsfot hadde eg ikkje (fann ikkje tilbehørsskrinet, som uansett ikkje er veldig velutstyrt), så eg såg på det som ei god unnskyldning for å ha knappegylf i staden for glidelås :-)

DSC_0435

Bukseknea er ein utsett stad på gutebuksene her i huset, så eg sette på eit par lappar velour, eg har veldig god erfaring med velour på slitasjeutsette stader. Angrar på at eg ikkje tok blå velour, men hòl skal det i allefall ikkje bli!

Velourlapper for å hindre hull på knærne

Mønsteret: Ein variant av Helen Joseph Armstrong sin “Slack foundation”.

Stoff og tilbehør: Twill frå Stoff og Stil. Turkis velour frå ??, Marthas frisør- og idéstue i Lyngdal, trur eg. Kvit Mara-tråd frå Willy. “Stick-nadel/embroidery Needle” str. 90 frå Stoff og Stil. Blå plastknappar frå KAM. Svart anorakk-knapp frå Prym. 3,5 cm breitt strikk frå Stoff og Stil.

3 kommentarer:

  1. Så bra! Sydde ei bukse for mange år sidan av ei i dongeri (for lita for far) til sonen fødd i -78. Det var ei snekkerbukse eg sydde da. Spretta av lommer og alt eg kunne finne brukeleg. Da eg skulle kjøpe ny symaskin, spurde han meg om han kunne få kjøpe buksa!!! Hadde sydd gule saumar, hugsar eg. Kvar den blei av, veit eg ikkje-men eg var veldig kry over resultatet den gongen. Du er flink!

    SvarSlett
  2. Kjempe flott bukse! Og litt av et arbeid du har lagt ned i den :) Flinka!

    SvarSlett
  3. Wow!!! Den var veldig fin!!!! Du er jammenmeg god!

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...