04.11.2013

Enkel rynking ved påsying av ribb / Shirring Easy as Pie!

Kanskje nokon hugsar at eg dreiv og eksperimenterte med å rynke med gjennomsiktig strikk? Det går an, men er tungvint, og blei ikkje nokon slager. Det finst ein atskillig enklare måte å rynke saman barnebuksebein som skal passe inn i ein mykje smalare ribb, og den tenkte eg at eg skulle vise fram. I korte trekk går det ut på å ha ribben øverst mot syfoten på overlocken (for ein må ha overlock for å kunne gjere dette). Når ein syr, løftar ein lett på ribben, slik at fremre del av syfoten også lettar bittelitt. Dermed får transportøren som drar stoffet fram betre tak i buksestoffet enn i ribben, og stoffet rynkast. Ein treng ikkje eingong strekkje veldig mykje i ribben!

Metoden passar godt til jersey og velour, sidan det er mjukt og lar seg lett rynke. Eg er usikker på andre stoff slik som isoli og faste stoff som denim. Om nokon testar det ut på andre stoff, må de gjerne rapportere om det funkar eller ei!

Maybe you have made velour children’s pants with wide legs and wondered how to shirr when the rib isn’t wide enough? Try this on your overlocker/serger: When you stitch the rib to the pant leg, make sure that the rib is placed on top, right under the sewing foot. Pull the rib slightly upwards while you sew, so the front of the sewing foot follows a little bit upwards too. When doing so, the feed dogs will move the velour fabric to a better degree than the rib, and the velour gets shirred. You don’t even need to pull very much in the rib to shirr! I have not tried this method on thick or stiff fabrics (like isoli or denim), if you try it out, you’re welcome to tell if it worked or not :-)

Eg klarte dessverre ikkje å take bilete av meg sjølv under rynkinga, men har teikna ein figur:

 

 

 

Her er litt generell info om korleis eg går fram når eg syr på ribb:

Her er utgangspunktet, begge stoff ligg med vranga ut:

Så klipper eg 3-4 mm djupe hakk i saummonn slik at buksebein og ribb delast i fire delar:

Ribben brettast vrange mot vrange (og pressast med strykejern). Leggast deretter inni det vrengte buksebeinet. Eg brukar å leggje “kl 3-merket” på ribben mot tilsvarande merke på buksebeinet, så slepp eg å starte med å sy over tykk saum. Før eg legg stoffet under syfoten med vranga på buksebeinet nederst mot syplata, drar eg i ribben frå merket og frå meg, for at dei fyrste “påsyings-centimetrane” også skal rynkast. Så syr eg meg såpass innpå at nålene akkurat har fått tak i stoffet, før eg  byrjar å trekkje ribben mot meg. (Sorry, klarte ikkje å take bilete av meg sjølv når eg gjer dette…) Deretter syr eg rundt slik at merka samsvarer. Om buksebeinet (eller ermet) berre er litt vidare enn ribben, strekkjer eg ribben utan å lyste syfoten. Men om buksebeinet/ermet er mykje vidare enn ribben, får ein altså rynka greitt ved å dra ribben bittelitt oppover som omtala ovanfor.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...