11.11.2013

Stofflager i katabolsk fase. Og litt om det å sy ein stygg saum.

I kroppsleg samanheng tyder katabolsk “under nedbryting”, dvs. at kroppen tærer på seg sjølv. Slik er det med stofflageret mitt for tida. Eg har hatt kjøpestopp sidan i fjor sommar, med unntak av jersey-innkjøpa denne sommaren. I det siste har det faktisk blitt synleg at lageret blir mindre, og det gjev ei god kjensle. At ikkje stoffa blir liggande ubrukt for alltid… Det motsette av katabolsk er forresten anabolsk, eit ord du sikkert har høyrd…

Det har samla seg opp ein del småbitar av stoff, og jerseybitar kan til dømes brukast til å sy underbukser av!

Raud sikksakk og vinglete, lilla coversaum?? Det var jo ikkje akkurat så fint? Nei, men det går bra likevel! Eg berre brukte dei trådane eg som stod i maskina, eg, sydde i full fart. Hadde ikkje gjort det slik om dei skulle selgast, men desse skal ikkje visast fram for andre enn oss i heimen. Og vi skal nok tåle det.

Eg har nokon gonger i saum-samanheng møtt menneske som krev av seg sjølv at det dei lagar skal vere perfekt, og det fører til at dei ikkje lagar noko i det heile tatt.

Eg sjølv er også nøye av meg, men tenkjer av og til at eg må øve meg i å ikkje gjere ting for nøye. Som å tåle at ein saum er skeiv. Rundt perfeksjonen lurar fleire farar, der manglande gjennomføringsevne er ein av dei meir alvorlege, men nok ikkje så hyppig slik det er omtala i avsnittet ovanfor. Men kva med tidsforbruk for å gjere ting så perfekt ein kan? Blir det misbruk av tid? På den tida eg bruka på å rette opp dei små og eigentleg ubetydelege feila eg gjorde på genseren, kunne eg rukke å sy ein genser til…  (Eller gjort noko heilt anna, lest ei hyggeleg bok med barna, til dømes?)

Balansen mellom godt resultat og tidsforbruk. Eller skal vi seie godt nok resultat. Verdt å tenkje på, synest eg.

Og, om du er blant dei som krev at alt du syr skal sjå perfekt ut på innsida så vel som utsida; kva med å sy deg ei underbukse med skeive saumar og “feil” trådfarge? ;-)

Kom gjerne med synspunkt, forresten :-)

This post is about the balance between the strive after making something perfect and the dangers around the corners. Like spending way too much time on a project. Or being so afraid of not doing perfect that one finds it better not to try at all. Issue worth thinking about, I think. Sometimes I think that I need to practice once in a while on doing things not perfect, just to save time that can be spent in a better and more appropriate way ( like sewing more garments, or spending quality time with my children) and learning to cope with the fact that everything I  make can’t be perfect.

2 kommentarer:

  1. Det er fint å finne en balanse med mellom perfeksjonisme og tidsforbruk:) Synes underbuksene ble flotte jeg!

    SvarSlett
  2. Jeg også tenker det samme som deg. Vil jo helst ha det 100% men av og til bare blir det ikke slik. Unga er like fornøyde uansett, så :Go for it!

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...