09.05.2012

Symaskin-komfort

Symaskina mi er for tida til reparasjon, etter at den blei ramma av akutt, men vedvarande forvirring. Stakkar maskina mi! Den byrja å sy bakover når den skulle fram, og visste ikkje heilt om den skulle sy korte eller lange sting. Og sirklar den skulle sy blei alt anna enn runde.

Det er forresten ei Pfaff Performance 2058 det er snakk om, den er vel eigentleg ei quiltemaskin. Ryktene fortel at den blei kalla “symaskinenes Rolls Royce” då den kom på marknaden i si tid. Sjølv kjøpte eg den då den måtte vike banen for neste symaskin-generasjon. Men trass i at den ikkje er yngst og mest fancy lenger, så har den fungert veldig bra. Så bra at dette innlegget skal handle om det eg likar ved den, og som eg saknar hjå vikaren.

Vikaren er ei Janome JR1012, og det er eigentleg ein veldig urettferdig match, som å samanlikne Rolls Royce med Lada. Eller kanskje heller med ein knøttliten el-bil. For JR1012 er ikkje dårleg, den er berre veldig, veldig enkel, den enklaste innanfor Janome-sortimentet. Du skjønar,  då eg ønskte meg symaskin til jol i 2008, ønskte eg meg nemleg ei heilt enkel maskin, fordi eg visste ikkje om symaskina kom til å bli noko særleg brukt eller ei. Haha, vi skulle berre visst, vi, både gjevaren (mannen min) og eg, korleis kvardagen vår kom til å bli forandra av denne maskina!

I allefall. På tide å kome til poenget. Kva er det så den Rollsen har, då, som ikkje junioren har?

Det som er tydelegast, er alle saumalternativa. “Over 200 beautiful stitches”. Men dei fleste av dei har eg omtrent aldri brukt. Nei, det eg saknar, har mest med sy-komfort å gjere, det at symaskina og eg spelar godt på lag, at den gjer sy-jobben enklare for meg og at den gjer det eg vil den skal:

-Nåla går automatisk opp når eg slepp pedalen. Eller ned, om eg heller vil dét.
-Foten går ned og opp av seg sjølv når eg startar eller sluttar å trø på pedalen
-Nåla kan styrast opp og ned, “halvsting for halvsting” med lette pedaltrykk
-19 forskjellige nålposisjonar sidevegs, brukast i stor grad
-Nålitredar; enkel dings med stor verdi
-Trådkuttaren opererast med éi hand
-Reversknapp like ved syfoten så ein kan trykkje på knappen og styre stoffet samtidig
-Undertransportøren kan enkelt koplast ut. Dette er veldig kjekt dei gongene det er viktig at stoffet eg skal sy er lett å leggje på plass under syfoten, utan at stoffet hektar seg opp i transportørtaggane.
-Maskina stiller seg inn på samme saum kvar gong ein slår den på, så eg slepp å hugse på å sjå etter om eg brukte rettsaum eller sikksakk sist eg sydde.
-Før eg kjøpte Coverstitch-maksin, og sydde med tvillingnål, sette eg svært stor pris på at maskina kunne hjelpe meg å hugse at det stod tvillingnål i. Medan eg med JR1012 fekk eg nokre uheldige kombinasjonar av tvillingnål og sikksakk, var det med Pfaffen færre, eller kanskje ingen, tvillingnåler som knakk mot stingplata
-Knapphol syr den veldig enkelt
-Den er så tung at den ikkje hoppar og dansar eller sklir på bordet
-Den har applikasjonssaum som ser ut som spikermatte sett frå sida. Ikkje noko stor finesse å ha dette, altså, men saumen manglar på JR1012.
-Den innebygde overtransportøren; denne er omtrent alltid på, med mindre eg brukar spesialføtter som ikkje er kompatible med den.
-Maskina seier i frå om at det snart er tomt for undertråd
-Diverse syføtter; av dei eg er mest glad i er den opne applikasjonsfoten og “overlockfoten” (trur eg den heiter), sistnemnte er ein fot som har ein langsgåande kant som gjer at nåla har konstant avstand frå ein stoffkant.

Ei god symaskin er alstå meir enn berre mange pyntesaumar, og om Pfaffen nokon gong takkar for seg for godt, skal eg take fram denne lista før ny maskin blir kjøpt. Maskina har forresten også finesser som moglegheit til å lage sine eigne saumar frå grunnen av, og å setje saman element frå ulike saumar og lagre til ein ny saum. Men dette er funskjonar eg aldri har brukt. “Komfort”-lista kjem derimot til å bli lengre etterkvart som eg kjem på ting.

Kva likar du med di maskin?

2 kommentarer:

  1. Håpar du snart får Rollsen i gjen då :) Hardt liv...:) Eg har ein gammal, ennkel pfaff maskin, utan nokon spesielle finessar. Kjøpt etter konfirmasjon :) Den dagen den pensjonerer seg, blir det ny pfaff :)

    SvarSlett
  2. Den skal eg hugse finna fram den gongen eg skal skaffa meg ei rolls roys :-) lur liste!

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...