Viser innlegg med etiketten Baby diverse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Baby diverse. Vis alle innlegg

22.07.2016

To babyteppe av jersey og strech-velour

Neeesten like i stoffutvalet; om du sit og kjedar deg, kan du leite etter det eine stoffmotivet som er forskjellig på dei to.

Fargerik framside, deileg og mjuk stretch-velour på baksida. Sydd til to vennefamiliar som fekk kvar sin gut i vår. Vi har eit slikt teppe i sofaen vår sjølv. Teppet blei sydd lenge etter at det var slutt på babytida vår, men teppet er kjært likevel, eg brukte det til å varme meg på seinast i går!

24.05.2014

Ein kollega blei pappa…

Ein liten gut, fekk han, og dermed fekk eg høve til å sy litt baby-klede :-)

Ein body med nitals-opning, ei siklesmekke, og ein pysjpose. Sistnemnte type plagg hadde vi mykje glede av til minstejenta vår (ikkje at det var noko spesielt med henne i høve til dei to eldre syskena, men med dei to kom eg ikkje på å sy pysj-pose…) Lettvint å skifte bleie om natta, og dyna blei ikkje så lett sparka av (mest relevant haust og vinterstid…). Ingen pysj-bein å “gå seg vill i”.

Mønster: Eige på body og pysjpose, begge str. 3 mndr. Maja sitt sikleskjerf-mønster frå boka “Made by me”.
Stoff: Jersey designa av Johanna Ahlard, kjøpt hjå Textart. Blå og grønn einsfarga jersey kjøpt i Sverige? Brent oransje ribb frå Stoff og Stil. Turkus ribb frå Jydsk stoflager. På baksida av smekka er det eitt lag med den turkise ribben.
Link: Her finn du eit eldre innlegg om pysjpose med bl.a. nokre hint om du har lyst til å sy ein sjølv.

A colleague of mine got a son a couple of weeks ago. And I enjoied the opportunity to make som baby clothes :-) The sleep sack is a garment type we liked very much ourselves when we got our third child (never thought of sewing something like that for the first two children). In fact, she wore body and sleepsack every night the first months of her life. I have made a post about a sleepsack earlier, and if you would like to make one yourself, you get some hints how to do it here (the whole post in english, actually :-)

11.04.2013

Pysj-pose/sleep sack

Home made baby sleep sack

Our youngest daughter almost never used pyjamas, she slept in bodysuit with this sleep sack outside it. It worked very well, the sleep sack was easy to put on and off, which also made it easy to change nappies at nighttime. And I think she would have kicked her comforter (dyne) off a lot more wearing a pyjamas than wearing this. She is too old for this kind of gament now, but now and then I make a sleep sack when friends get a baby.

If you both like to sew, and have a little baby, I recommend you to sew one and try it out! If you have a baby, but are not up to sewing, you can visit Gekkoshop and buy one there (for the newborns). I guess Gekko was the one who introduced this kind of sleep sack/sparkepose here in Scandinavia, you should stop by her inspiring blog, which is well worth a visit!

Making of:

I made several sleep sacks for my daughter, and this one is the result of trying and failing (at this point, she was not a newborn anymore...) I made some observations:

-It’s easy to underestimate how long legs a baby gets when fully stretched
-The more elastic fabric lengthwise (and sidewise too), the better (instead of pulling off the sack, the baby just streatches the fabric). I use the most elastic single jerseys I’ve got. But maybe you will come to a different conclusion regarding fabrics…
-Waistband should be tight enough

If you want to make a sleep sack yourself, you’re welcome to use my measures for the pattern.

Sewing a single jersey baby sleep sack with waistband

Fabric: Single jersey designed by Johanna Ahlard. Bought from Malika og Rosa in Denmark. Rib from Stoff og Stil.

01.06.2012

Erstatningsluer

Det gjekk som det måtte gå, minstejenta kasta frå seg løve-lua si for eit par veker sidan, eg oppdaga det akkkurat litt for seint, og borte var den… Lua var i str. 46, av jersey, og med fôr. Sidan jenta hadde hovudomkrins 47 cm for ei stund sidan, laga eg erstatnings-lua i str. 48, utan fôr, sidan sommaren var like rundt hjørnet. Og ikkje minst: Med knyting. Og her er lua, sydd av velour:
DSC_0176k

Men, hmmm, den blei for stor, særleg i høgda, og ei lue som dett ned i augene heile tida er ikkje stas!
Så eg sydde ei til, denne gongen i str. 46, framleis utan fôr, men i jersey:

DSC_0182k

Denne lua er i allefall ikkje for stor, snarare litt liten. Men så er ho jo også større i hovudet enn 46 cm. Ikkje veit eg kva som skjedde i fyrste omgang, om det var mønsteret, stoffet eller symetoden (kanskje velouren sklei under syfoten slik at eg sydde nærare stoffkanten enn eg skulle?). Får prøve igjen i str. 48 seinare ein dag, med jersey.


Knytebandet er av ein strimmel interlock, klipt parallelt med jarekanten, så det ikkje er særleg stretch i lengderetninga. Strimlane er ikkje sydd nokon ting anna enn i festet til lua. Dei flisar seg bittelitt opp i sidene (men raknar ikkje), så eg hadde nok ikkje gjort det slikt om det var luer for sal. Fyrste lua hadde 1 cm brei strimmel, men dette var litt i smalaste laget, synest eg. Derfor fekk neste lue litt breiare strimmel. Løve-lua med knyting er brukt ein god del siste par vekene, og knytinga fungerer greitt. Eitt alternativet kunne vere å lage øyreflappar, men då er det ein del meir dill å lage lua…

Montering av interlock-strimlane (Dobbel saum akkurat i festet):

DSC_0177

Velourlua passar nok perfekt til hausten. Og etter at eg sydde desse, kom varmen for fullt, og det var tid for solhatt i staden for (forrige innlegg)Smilefjes

Og forresten, tre gule/oransje luer, –har eg ete for mange appelsiner i påska, kanskje, spør ikkje meg kvifor eg har trong til å sy så mykje i oransje og gult…


Mønster: Eige, etter framgangsmåten frå sida som er linka til i toppen av innlegget.


Stoff: Sky-velour frå JNYDesign, interlock og ribb frå Hilco. Løve-jersey frå Darling dearest (Kjøpt hjå Textart.no)

31.05.2012

Baby-solhatt!

DSC_0244

Blogginga mi går i rykk og napp, og nå ligg det ein del i blogge-kø. Noko av det siste eg har sydd, er denne solhatten til minstejenta. Eg fann denne bomullspoplinen frå Hilco i stoffhylla mi, og tenkte at det måtte bli perfekt for ein solhatt. Og det blei veldig bra! Storesystera blei så begeistra, at ho tinga ein slik hatt ho også, og det får ho når ho vaknar i morgon tidleg. Men eg har ikkje fått tatt bilete av hennar hatt ennå.

DSC_0253kompr

DSC_0265k

DSC_0243

DSC_0246

DSC_0247

Mønster, str. 48: Sjølv-konstruert; fram med passar, Pytagoras-setning og kalkulator! Ein del repetisjon av tidlegare matematikk-ferdigheiter måtte til, men det var veldig moro når det blei bra resultat!

Stoff: Poplin frå Hilco. Eitt lag vanleg strykeinnlegg i bremmen. Inni hatten er det 20 mm breitt gjordeband frå Stoff og Stil. Knytebanda er av bendelband frå Stoff og Stil. Kvit tittekant frå Stoff og Stil ytterst på bremmen.

22.05.2012

Med desse lærte eg å hekle

I dag fekk eg omsider  sydd i knappar til desse “booties’ane”, etter at dei har lege ferdighekla i fire månader…

DSC_0184

DSC_0186

Saman med ei lue, var vel desse det fyrste hekleprosjektet eg hadde, etter at eg fekk meg ei hekle-lærebok i jolegåve sist jol. Og med dette prosjektet lærte eg veldig, veldig mykje:

-Heklefastheit/gauge: Eg starta med for tykt garn, og byrja på nytt etter å ha kjøpt nytt garn…
-Sjølve maskene: Ho som har laga oppskrifta har lagt ut videoar på korleis ho heklar, steg for steg. Til uvurderleg hjelp for meg som ikkje visste kva ein stav var for noko!
-Fylgje ei oppskrift: Eg hekla og rekte opp, hekla og rekte opp, telte og telte… Etter kvart byrja eg å skjøne korleis ein skal lese hekleoppskrifter, og det var også med hjelp frå videoane til mønsterforfattaren. Men det var fyrst då eg kjøpte maskemarkørar, små plast-dingsar til å hekte på maskene for å markere til dømes fyrste maske på runden, at eg verkeleg byrja å få det til.
-Hekle tredimensjonale former: Hadde eg ikkje hekla desse skoa, hadde eg ikkje klart å hekle hunden etterpå…

Skoa passar til minstejenta nå framover, typisk nå når sommarvarmen akkurat har kome… Er eg heldig, passar dei litt i haust også. Alt i alt var ikkje dette det beste nybyrjar-prosjektet, kanskje, men det var veldig lærerikt.

Mønster: “Baby Garden Boots” frå The Lovely Crow på Etsy. Eg trur eg hekla i str. 6-12 mndr. Dei passar nå når ho er ca 10 månader, så det ideelle var nok om eg brukte litt tynnare garn (/heklenål).
Garn: Merino-ull frå Stoff og Stil

07.02.2012

Lue og pysj-pose til ein ny verdsborgar

Like før 2011 var ferdig fekk nokre vener av oss ein liten gut. Sidan han arvar mykje tøy, tenkte eg at eg skulle prøve meg på noko anna enn slike klede eg elles brukar å gje til nybakte foreldre. Så det blei ei lue, og i tillegg ein “pysj-pose”, som vi kallar det her i heimen.

DSC_0481

DSC_0482

Veslejenta vår har brukt slik pose saman med body i staden for pysj sidan ho var nyfødt. Idéen er henta frå andre medlemmer på Sykroken.net (eg hugsar dessverre ikkje kven eg skal gje credit’en til), men det er mogleg at dei igjen har henta idéen frå http://gekko-attsyengecko.blogspot.com/, som lagar slike posar i velour.

Mønster: Eige

Stoff:
Lue: Interlock frå JNYdesign (trur eg), kjøpt hjå Cetho Designs. Fôra med micro-fleece frå Stoff og Stil.
Pose: Interlock frå Cetho Designs, ribb frå Stoff og Stil.

24.10.2011

Dåpskjolen i bruk!

I går blei minstejenta døypt! Ein stor og viktig dag for jenta sjølv, og vi andre hadde også ein flott dag saman med familie og vener. Her er eit bilete av meg og jentungen i kyrkja:

DSC_0491beskjært

Eige innlegg om dåpskjolen finn de her. Dåpslua var ikkje sydd då eg posta innlegget om kjolen, men her er eit bilete av lua.

DSC_0532

Lua er sydd etter “prøve-seg fram-metoden”, take mål her og der av barnet, sy ein test, justere og sy ein ny. Stoff-bitane såg omtrent slik ut:

dapslue

Lua blei sydd saman som ei slags “prærievogn”, med rynking øvst i bakkant (raude piler). Før rynkinga såg det sånn cirka slik ut, sett bakanfrå:

bakfra

DSC_0761

Eg sydde i strikk over panna og i nakken for at lua skulle passe greitt, og den blei veldig ok til slutt, sjølv om den er enkel.

05.10.2011

Dåpskjole

Om ikkje så lenge skal minstejenta døypast. Storebror er døypt i kjole laga av mormor, storesyster i kjole laga av farmor, medan minstejenta nå får ny kjole av mor. Lua er ikkje sydd ennå, eg måtte ha ei pause etter å ha sydd i det glatte stoffet, puh.

DSC_0121kompr

DSC_0104

Eg gjekk på Stoff og Stil og fann stoff fyrst, og teikna kjolen etterpå. Kjolen innehelt to stoff; ytterst eit gardinstoff med fuglar og kvistar på (her), og som fôr, erme og krage micro-sateng (her). Eg synest det blei veldig fint med dei to stoffa i saman.

DSC_0120kompr

Om mønsteret:

Mønsteret er teikna med utgangspunkt i “flat body block, easier fitting shape”  frå Aldrich-boka, teikna med mål frå tabell i boka (som tilfeldigvis passar jentungen heilt). Str. 64/3 mndr. Berestykke med halsutringing er identisk med grunnmønsteret framme og bak, bortsett frå at det er lagt inn ein splitt i halsen framme. Denne kan tene til justering av halsutringinga, i tillegg til feste for sløyfe. Skjørtet er litt breiare enn berestykket, og rynka saman, både på underkjolen og stoffet ytterst. Deretter skrår det lett utover. Kragen er flattliggande Peter Pan-krage, også teikna etter instruksjon i Aldrich-boka. Den ville ikkje liggje heilt nedtil, truleg fordi den er splitta bak, så eg festa den inntil nakken med to korte stikningar.  Erma har konstant  vidde heile vegen ned, for å lage poseeffekt.

Ei utfordring med transparent stoff, er at saumane som vanlegvis er skjult på innsida, synest gjennom stoffet. Heldigvis må ein gå veldig nærme for å sjå dette… (Eg ville nok sydd på ein litt annan måte om eg skulle gjere det på nytt, hehe)

DSC_0124

DSC_0122

DSC_0123

19.07.2011

Eksperimentelt yttertøy for nyfødt baby, str. 0-3 mndr.

Og babyen er ikkje født ennå, så inntil vidare er eg svært usikker på om dette plagget blir suksess eller fiasko. IMG_0328

Eg byrja å sy i forrige fødselspermisjon, og har dermed ikkje opplevd å ha både (eigen) nyfødt baby og symaskin under samme tak. Men inspirert av så mange som syr babyposar av ulik slag, tenkte eg å prøve meg på noko slikt noko.

Idé/mål:

-Eit plagg der vi kan “pakke inn” ungen på ein enkel måte når vi skal ut og køyre bil. Og: barnet blir født tidleg i august, ikkje midtvinters.
-Bruk i bilstol krev sele gjennom posen.
-Så, tenkte eg, for å feste selane på innsida, kan ein ha opning i skuldrene. Om det i det heile tatt er smart å feste selane på innsida, veit eg ikkje, det vil vise seg etterkvart…
-Moglegheit til å vekse litt i plagget

Resultat:

-Mønsteret er teikna med utgangspunkt i eit grunnmønster for overdel, laga ved hjelp av boka til Winifred Aldrich.
-Konvoluttopning i skuldrene og “knapphòl” bak for selar.
-Bretting av armar og omslagsfront med knyting for fleksibel storleik
-Sidan dette prosjektet var ein test, tok eg eit stoff eg ikkje lika fargen på, men då det kom saman med lilla, synest eg det blei fint likevel, jippi!
-Dessutan blei eg veldig fornøgd med festinga av knytebandet (sjå lenger nede)

IMG_0326

IMG_0327

Detaljbilete av knyting: Eg sette ei lita malje gjennom interlock-kanten, deretter tredde eg snora gjennom og festa snora med ein stikning like innanfor malja (enden på snora var sikra mot frynsing på førehand).IMG_0322

 

Stoff/materiale:

-Fersken/oransje isoli frå www.stofstedet.dk
-Kanta med lilla interlock frå www.cethodesigns.no
-Tykk og god anorakksnor frå Stof2000 i Aalborg
-Malje frå www.panduro.no, “Tilda” (verktøyet passar til Prymtanga, men eg er redd dei ikkje sel desse maljene lenger)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...