Om ikkje så lenge skal minstejenta døypast. Storebror er døypt i kjole laga av mormor, storesyster i kjole laga av farmor, medan minstejenta nå får ny kjole av mor. Lua er ikkje sydd ennå, eg måtte ha ei pause etter å ha sydd i det glatte stoffet, puh.
Eg gjekk på Stoff og Stil og fann stoff fyrst, og teikna kjolen etterpå. Kjolen innehelt to stoff; ytterst eit gardinstoff med fuglar og kvistar på (her), og som fôr, erme og krage micro-sateng (her). Eg synest det blei veldig fint med dei to stoffa i saman.
Om mønsteret:
Mønsteret er teikna med utgangspunkt i “flat body block, easier fitting shape” frå Aldrich-boka, teikna med mål frå tabell i boka (som tilfeldigvis passar jentungen heilt). Str. 64/3 mndr. Berestykke med halsutringing er identisk med grunnmønsteret framme og bak, bortsett frå at det er lagt inn ein splitt i halsen framme. Denne kan tene til justering av halsutringinga, i tillegg til feste for sløyfe. Skjørtet er litt breiare enn berestykket, og rynka saman, både på underkjolen og stoffet ytterst. Deretter skrår det lett utover. Kragen er flattliggande Peter Pan-krage, også teikna etter instruksjon i Aldrich-boka. Den ville ikkje liggje heilt nedtil, truleg fordi den er splitta bak, så eg festa den inntil nakken med to korte stikningar. Erma har konstant vidde heile vegen ned, for å lage poseeffekt.
Ei utfordring med transparent stoff, er at saumane som vanlegvis er skjult på innsida, synest gjennom stoffet. Heldigvis må ein gå veldig nærme for å sjå dette… (Eg ville nok sydd på ein litt annan måte om eg skulle gjere det på nytt, hehe)
Wow, for en følelse å bære sitt barn til dåpen i en dåpskjole du har laga sjøl! Kjempefin
SvarSlettSå fantastisk flott dåpskjole! Du har alltid så veloverveide ideer og masse omsorg i det du lager!!! Det er helt herlig og utrolig inspirerende Annwes, 1000 takk:)
SvarSlett...og så ønsker jeg dere en minnerik og flott feiring av dåpsbarnet...
Finfin!
SvarSlettHar også sydd dåpskjole, skal få tatt sikkelige bilder å lakt ut på bloggen snart :)