På syforumet www.sykroken.net har vi innimellom “hemmeleg venn-rundar” der vi får tildelt ein person vi skal sende gåve til. Veldig moro! Denne gongen var eg hemmeleg venn til ei som blant anna har ei tre år gamal dotter. Så eg sydde ein tunika i ulike lillatonar til jenta.
Eg kosar meg når eg får kombinere mange ulike stoff i plagg, og denne tunikaen var ikkje noko unnatak! Nitalsopning finn du forresten tutorial på i tutorial-lista.
Mønster: Eige. Armane er forlenga litt, sidan jenta er lang og tynn.
Stoff:
-Sky-velour, Cetho Designs
-Prikkete og stripete velour, Stofstedet.dk
-Beige velour, Stoff og Stil
-Stropete ribb, Stof2000
Kjempefin HV-gave!
SvarSlettHei! Her var det masse fint og inspirerande!! Håpar det er greit at eg la meg til som følger!
SvarSlettTakk for koselege kommentarar, og det er absolutt greitt å leggje seg til som fylgjar, berre stas, det :-)
SvarSlettOg mottakeren av denne flotte tunikaen ble kjempeglad :) Denne kommer nok til å bli flittig brukt.
SvarSlettSå flott tunika. Flott gave som sikkert blir mye brukt :)
SvarSlett