Denne blusa blei laga til bruk for ein selekjole (sjå bilete lenger nede) før helgas kombinerte dåps- og treårsdag-feiring. Eg synest stoffet er morosamt (løgleg ;-), men min mann, som eg er takksam for å kunne konsultere om syprosjekta mine, sa “hippie-bluse; passar ikkje til kjolen!” Så då gjekk eg og kjøpte ei kvit bluse til kjolen…
Her er “hippie-blusa”:
Og her er kjolen som til slutt fekk kvit bluse (denne kjolen er sydd for ei god stund sidan…)
Kjolen er pynta med fiskestoff; ein rund lapp framme og ein rektangulær lapp bak. Båe lappane er kanta med skråband (det turkise laga sjølv med skråbandsbrettar) før dei er sydd på stoffet.
Mønster, bluse: Sjølv-teikna
Materiale, bluse: Trykt bomull frå IKEA (ferdigklipte lengder i barne-sengetøy-avdelinga)
Mønster, selekjole: Utgangspunktet var eit Ottobremønster som eg endra ein god del på i skjørtet, for deretter å pynte kjolen etter eigen stil
Materiale, selekjole: Mørkelilla stretch-fløyel kjøpt hjå Midha Enterprise, Oslo. Skråband frå Stoff og Stil. Trykt bomull med fiskemotiv frå ein lokal butikk. Pingvin-knappar frå ein nå nedlagt butikk.
Må jo ikke høre på mannen sin hver gang... :-)
SvarSlettJeg tror at den kjempefine blusen vil være fin til kjolen. Men hvit bluse var sikkert fint når det var selskap.
Tror jeg må løpe på IKEA selv jeg. Veldig artig stoff.